OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Har du vore frami ho Siri?

Av Finn Myrvang. Trykt i Bøfjerding 2023, redigert

Dette var då ei merkeleg spørsmål, ja ei snodig overskrift. Kva for ei Siri er det snakk om? Det skal du  få lure på, ei lita sund.

Det nordiske kvinnenamnet Sigrid var allment utbreidd i mellomalderen, både i Noreg og på Island. Den norrøne forma Sigríðr er samansett av sig- 'siger', dansk 'seier', og fríðr 'vakker'. Her har eigentleg ein f forsvunne frå dagleg tale, men uttaleslitasjen skulle med tida bli endå større, for namnet i forenkla form vart populært og iallfall veldig vanleg på 1700-talet, med eit kjerneområde i Rogaland, dessutan utbreidd på Agder og i Sør-Trøndelag, fortel Norsk Person¬namnleksikon. Frå 1890-åra og til ca 1930 var det lite i vinden, men så kom det eit nytt oppsving kring 1970.

Satellittfoto av myrlandskap med spredt lauvskog i fjellsidene. - Klikk for stort bildeHøgmyran nordom Straume eller rettare sagt nord for Hesthagan og Kringelvatnet vil dei fleste bøfjerdingar ha peiling på. Det var eit grenseland mellom Bø og Malnes fjerding frå gammalt. I fjellet aust for dette Kringelvatnet stikk Skredtinden opp, med den lite gjestmilde Trolldalen tett oppunder. Her ifrå renn ein bekk til Trolldalstjønna og så vidare til Siridalen, som lite synleg frå vegfaret over myrane nedanfor og som det er rettare å kalle eit isolert myrplatå i bjørkeskogen enn eit dalføre med vanleg opning. Norgeskart

 

I den forenkla forma Siri vart namnet såmenn populært nok, og det på meir enn éin måte. Først har vi den romantiske, folkelege visa som startar såleis:
"Eg fekk i hug å gå te Siri, Siri og fretta om ho ville bli mi, bli mi". Der er kjærleiken både stor og varm idet paret får auga på kvarandre ute i naturen.
Langt mindre spontant er møtet mellom hovudpersonane i visa der mora er rådgivar for dottera si, med klåre økonomiske baktankar:

"Høyr du, Siri, dotter mi! Per i Li vil til deg fri udi disse dage. Kan din hug til honom stå, vil eg, at du han skal få til din ægtemake". I den visa handlar det nemleg om pengar på eine sida og stor aldersforskjell på hi. Visa lar det vere eit ope spørsmål kor godt den alliansen vil fungere i lengda.

Her er det tematisk ein tynn tråd over til eit notat frå Grong i Trøndelag der siri var eit slags kjælenamn på ringfingeren, og etter det igjen kan vi merke ein glidande overgang til stendig meir prosaisk bruk av ordet, ettersom dei andre stader i landet kalla både kaffikverna og hokatta (kjetta) for "ho siri", det siste i motsetning til "han mons"! Men det stoppar ikkje der, for ho siri var i fleire bygder, bl.a. på Helgeland, kjælenamnet på ho møkkerdungsiri, linerla.

Kartutsnitt med holmer og skjær, hvor dypdeforholdene under vann vises med ulike blå-valører, - Klikk for stort bildeSiribøen ligg heilt for seg mellom Braken, Utflesa og Fyllingan. Ein bøe eller båe er ein grunne som bòdar ("bebuder") av seg sjølv kor han ligg. Kva har det med ho siri å gjere? Norgeskart

 

Det sluttar ikkje der heller, for som den eldre garde blant bøfjerdingane godt vil kjenne til, var ho siri også "kjælenamnet" på ei bøtte med tau i hanken dei hadde til do om bord i båtane når dei måtte gå i sine eigne ærend, i norrønt  ganga sér i stað (på ein særskild stad, for seg sjølv). Ordet siri nytta i slik meining er velkjent langs så seie langs heile norske¬kysten, ser det ut til, og den av mann¬skapet som hadde den tvilsame æra å tømme og gjere rein den same pøsa gjekk under lite respektfulle namnet "sirihalar". Det var oftast ein av dei yngste om bord.

I dag har ein del av dagens unge, og kanskje eldre med som tidt sit framfor ein dataskjerm, i staden fått det ikkje altfor ærefulle tilnamnet 'nerd'. Det er no så, men ein nerd må òg med kvart forlate sine papirlause gjeremål og på naturens vegner tre av for å utføre litt 'papirarbeid'. Då er der lita hjelp å få av "den hjelpsomme virtuelle assistenten – jeg er Siri, men jeg liker ikke å snakke om meg selv". Kva meir den virtuelle Siri ikkje likar, lyt stå usagt, det får vi overlate til den kunstige intelligensen.

Kart over bratt liten dal i ei fjellside mot havet. - Klikk for stort bildeI Langenes har dei Sirivika, ein del av Strengelvågfjorden (Breifjorden), då med Sirimyra og Sirihågen nordafor. Best kjend blant sjøfarande var likevel den store Siridalen på Skogsøya, for det kunne vanke bråe fallvindrosser når dei "kom på Siridalen". Norgeskart


Kor som er, så sprikar siri-temaet til dei grader! Det gjer ikkje saka enklare at det langs kysten ligg ei mengd lokalitetar som atter og atter "kvitrar" om den same dama, ser det ut til. Sirihola har dei i Hamarøya au, og i Sømna, men på Helgeland går det nok oftare i Siriholet, for ikkje å snakke om alle dei teigane og plassane som heiter Sirijorda. Merkverdig meir enn noko er at talet på Siriholm'ar, Sir(i)øy'ar, Siriskjer og Siristein'ar samanlagt er så høgt. Her er det tale om lokalitetar som enten ligg heilt for seg sjølve, med god avstand til andre av same slaget, eller også heng dei i hop med landet innafor via ein særs tynn tråd i form av ei smal øyr el.l. Dei er topografiske isolantar å kalle.

Norrøn form av det refleksive pronomenet "seg" og "sin" var sik og sín, då med ei særleg dativform sér som har gått av bruk og som vi derfor må om¬-setje med "seg" for å få fram rett meining. Men som ordbøkene seier, "ofte blir sér brukt nesten som adverb: for seg sjølv, særskilt", og det går igjen i nord- og lulesamisk bruk av same ordet, sierra "särskilt, för, sig, avsides". Forma siri kan likevel ikkje koplast direkte til nord- og lulesamisk, ser det ut til, ho må vere temmeleg gammal og snarare stå i samband med sørsam. sjïere (særskilt, for seg), men elles er no meininga ganske lik, og ordet er tydelegvis lånt frå norrønt.

Prøver vi den tilnærmingsmåten på namna Siribøen, Siridalen, Sirihola, får vi såpass konkrete svar på våre Siri-spørsmål at vi trygt kan parkere både romantikk og kvardag i form av kjæresteri, giftarmål, kaffikoking, kattekos og 'papirarbeid'. Er det OK, eller vil du heller ha ein forenkla turistversjon? Merk deg i så fall at det sørsamiske sirrie vil seie blåbær, men dersom du trur at det kan forklare alle Siri-namna, er du nok litt på – bærtur.