OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Ankenes - OŊ'KÁ

Av Finn Myrvang

Ankenes er i dag tettbygd område innafor Narvik og kyrkjestad, gnr. 45 i det gamle gamle Ankenes hd. Dette oppstod  ved oppdelinga av Ofoten i 1884 og eksisterte i 80 år.

 I «Norske Gaardnavne» reknar O. Rygh med at Anke- er gno. Anki som kjælenamn for Arnkell, eller også Arngrim, Arngeirr el. liknande mannsnamn. Den måten å tolke gardsnamn på skriv seg frå ein epoke i utforskinga av stadnamn som vektla kva som kunne ha vore namnet til rydningsmannen på ein gard, og som tok det for gitt at folk i fortida fokuserte like mykje på individet som det er naturleg for oss å gjere. Men i dag vil namneforskarar og historikarar heller seie: «Javel, men hadde ikkje neset (lia, vika, øya) noko namn før det kom folk og busette seg der?» 

Eit like godt utgangspunkt kunne vere å knyte namnet Ankenes til anka, eitt av fleire nordlandske namn på fuglen havella, men det kan òg  vere eit ganske tilfeldig lån av svensk anka (tam) «and», og der er i alle tilfelle ingen haldepunkt for at havella sågst oftare på Ankenes enn andre stader i Ofoten. Like gjerne kunne Anke- vere forkorta form av gno. arnkell som namn på ørna. 

Viktig er at samisk namn på kyrkjestaden og garden Ankenes er Oŋ'ká |ånka| (Qvigstad 1938: 204), les ånka, og i flg. Björn Collinders «Ordbok till Sveriges lapska ortnamn» vil ón'ká eller ånka seie "djupt hål i myror, hvarifrån små bäckar rinna": Kart over Ankenes viser ei rekke slike små bekkar som kjem i dagen og så 'dukkar under' igjen innpå Ankenesfjellet. 

Kart over Ankenes ved Narvik - Klikk for stort bildeMyrholområdet er nedslagsområde for både underjordiske vassårer og synlege bekkar, t.d. Mølnbekken, Vedbergelva og Sandgropelva like austafor Ankenes og mange fleire. Vanskelegare er det i dag å få inntrykk av bekkane som eingong rann på begge sider av kyrkja. Kartverket

Ei interessant opplysning knytt til bekkane i området og plassering av den første kyrkja (korshuset) på 1500-talet og kyrkjegarden attmed skal i alle tilfelle nemnast: [at] "... kirkegården ble anlagt på et nes i overkant en kilometer vest for Lyngnes. Som for både Millerjordnes og Lyngnes lå den avgrenset av to bekker som møtte havet på hver side av kirkegården. I dag finner man det som defineres som Ankenes sentrum på stedet. Kirkegården ligger i dag under det som er et offentlig parkområde, et aldershjem og en bygning som inneholder veterinærkontor. Hvorvidt kirkegården har en bruksperiode forut for dens kristne tilhørighet forteller ikke kildene noe om." 

(«Landskapet, døden og etterlivet. – Ting å fortelle om gravene langs Beisfjord». Torgeir Nordkild, Master-oppgave i arkeologi ARK-3900 Juni 2020, s. 45).