OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Ylfi frå fleire sider

"Håløygminne" 1-2014

Av Finn Myrvang

Å sjå over og rette kva andre har skrive har det tidt vore høve til, i og utanfor læraryrket. Det har slått meg at mens rettskrivingsfeilar, keiveleg ordval, oppattakingar og ulogiske slutningar hos andre er lette å få auga på, kan det ta lengre tid å oppdage tilsvarande i det eg sjølv har forfatta, og den observasjonen manar til ettertanke.

Oddmund Utskarpen har kritiske synspunkt på eitt og anna som er skrive om landnåms-mennene Ávald og Ottar frå Ylfi og har full rett til å framføre desse. Hans hovudærend er at ein skal ta historiske primærkjelder på ordet, også i dei små detaljane, noko det i utgangspunkt er lett å slutte seg til. Nokre av desse detaljane skal vi elles kome tilbake til.

Det er med meg som med andre som har skrive ein del i sitt liv: I ettertid ser ein at noko av det kunne ha lege ei stund lenger i skrivebordskuffa. Eit godt døme på det er nettopp “Bygdene i Ylfi” frå Hofdasegl 1973, framhaldet av ein artikkel med same namn i same årbok så tidleg som 1965. Den første var eit reint amatørarbeid, der eg med Aslak Bolts jordbok som basis forsøkte å underbygge at det opphavleg var den store Langøya som heitte Ylfi. Det tok likevel ikkje lange tida før tvilen gjorde seg gjeldande, i så måte, og konklusjonen på artikkelen frå 1973 vart tvert imot: “Hadseløya heitte altså opphavleg *Ylfir, ser det ut til. Kva namn hadde då “Langøya”? Det veit vi ikkje – enno iallfall”.

Her er det berre å føye til at det nok også heftar uvisse ved denne rekonstruerte gammalnorske namneforma *Ylfir, ettersom ting tyder på at øynamnet er samisk av opphav og ikkje norrønt. Om dette, så vel som om Ulvøya i Raftsundet, Ulvingen på Helgeland og nokre fleire stadnamn har eg skrive fyldigare i Hofdasegl 2012 og ser ikkje grunn til å gå nærmare inn på det her i Håløygminne no så kort tid etter, iallfall ikkje i si fulle breidd.

Etter Utskarpen si oppfatning er Finn Myrvang “tydelegvis medviten om problemet med å ønskja seg at gutane frå Ýlfi skulle vera frå Hofdasegl” når han godtek teksten med det atterhald at uttrykket “nordan ór Vágum” var eit mistak. Ja ja, han får no berre leite etter skjulte ønske, men takk vere Aslak Bolts jordbok (AB) veit vi med full visse at Hadseløya heitte Ylfi. Å ignorere øynamnet og plassere Ávald og Ottar sin heimstad lenger sør i leia for å få ein annan detalj i sogetekstane til å harmonere måtte vel vere ei langt verre omskriving av historia?

Her vil eg straks arrestere ein påstand hos Utskarpen og Alf Ragnar Nielssen, nemleg at Hçfdasegl var namn på Hadseløya. Dette har ingen ting for seg, Hçfdasegl var namn på prestegarden – merk overskrifta “J Ylfue syslo oc Hofdasegls profastdøme” i AB. Sjølve øya må i lange tider ha heitt Ulfi, Ulvi (uttala Olvi utan i-omlyd), noko vi kan lese ut av dei sms. namna Olviværan og Olviholmen nytta om lokalitetar vest for øya.

Fordanskinga “Ulvøen” var i bruk til langt ut på siste halvdelen av 1800-talet, då segla “Hadseløen” med utgangspunkt i prestegards- og soknenamnet Hadsel opp for fullt. At soknenamn i lengda er meir slitesterke enn parallelle verdslege administrasjonsnamn er eit kjent fenomen, jamfør Bø sokn kontra Vinje fjerding, Øksnes sokn kontra Barkestad fjerding og meir slikt.

Oddmund Utskarpen “kan ikkje sjå at Myrvang drøftar kva indisium som skulle tala for at det var Hçfdasegl som var Ylfi, i staden for den Ulvøya i Vesterålen som framleis heiter Ulvøya”. Her rotar han litt med namna, men ein detalj som har med eldspåsetjinga av Ingjald sin gard å gjere kan skape tvil: Ingjald fekk sønene sine ut gjennom “leyndyrr nokkurn” – om eg minnest uttrykket rett. Var husa på garden så mange at fienden ikkje hadde fullt oversyn, eller var løyndøra snarare ein del av landskapet? Dersom det siste var tilfelle, kunne den særmerkte innskjeringa Tjovbotn (Tjobåten) på Ulvøya i Raftsundet komme på tale, iallfall veit eg ikkje av noka liknande “løyndør” i lendet nokon stad på Hadseløya. På grunn av denne eine detaljen er det likevel altfor vågalt å slutte at Ingjalds heimstad var Ulvøya sør i Raftsundet. Dessutan, kva då med geografikunnskapen til dei som skreiv “a Halogalandi i ey þeirri er Ylfui hæitir” som om det ikkje var til å misforstå, og kva med Ul’bē som samisk namn på nettopp Hadseløya (Nord. Lehnw.) ?

Eg har merka meg at gamle folk frå Værøya i Bø (Gaukværøy) uttala namn som Nakling og Vågsberget (ved garden Vågen) med “tysk” ch-lyd, altså Nachling, Våchsberget. Vil ikkje uttale meg for sikkert om korleis dette kan ha seg, men eg hallar til at det snarare er eit gammalt sjøsamisk målmerke enn eit norsk. Då er det høgst tankevekkande at AB etter å ha omtalt Gimsøy og deretter plassert Aurisnæs (Ørnes) j Wagesokn, nemner Delp og Grunnfør a Foxstrandh, og deretter kjem dei gardane som framleis høyrer Hadsel til og ligg i det området som heiter Strandlandet. Alt kjem i geografisk rekkefølgje, og då blir det nærliggande å oppfatte Foxstrandh som *Vågsstrand, på normalisert gammalnorsk *Vágsstrçnd. Området ligg vel å merke aller lengst nord i Vågan og utgjer saman med Strandlandet i Hadsel norde landet av Austvågøya. Det kunne peike i retning av eit gammalt *Strçnd som samnamn for området.

Liknanande framlydsovergang v > f har samisk m.a. i ord som fāmbas “storvomma” (av gno. vçmb), faddal <gno. vçndull, og ikkje minst interessant er dobbelforma fāhkan = vāhkan “staurvagn”, gno. vçgn (Nordische Lehnwörter). Andre veit meir om dette, men samisk påverknad er altså nærliggande å tenke på i fall framlyden i Vágser blitt til Fox-. Derimot er skrivemåten x for ks og gs vanleg nok i unormalisert gammal- og mellomnorsk, såleis Norex konung i kongebrev o.a.

Preposisjonsbruken i norsk kviler i stor utstrekning på sedvane, utan klare reglar, og kan vere vanskeleg især for utlendingar, men såmenn også for oss andre. Det er vanskeleg å få inn at det heiter på Bø om gardar i Andøy og Sortland, men i Bø om Bø prestegard i Bø, likeins i Føre (Bø k.) men på Grunnfør (Hadsel), på Bukkskinn men i Bjørnskinn. På Holmstad i Eidsfjorden ordla dei seg såleis: utpå Lekang (det er på Hadseløya), uti Vik (på strandstrekninga Langøya), men bortpå Jennestad, bortpå Sortland. Tilsvarande borti Vik om det nærliggande Vik i Sortland, eit såvidt stort område at dei måtte legge nærmare presisering til. – På Andøya heitte det om finnane som er sagt å ha skote den siste skabjørnen der ute, at dei heldt til inni Sortland, ein uttrykksmåte som fortalde at dei var frå Hinnøy-delen av Sortland.

I norsk har adverbet og preposisjonen nordan fleire tydingar: nordanfrå; frå ein stad nordanfor; nordpå; på nordsida av, nordanfor (Norsk ordbok 8: 465), jamfør også vårt nordnorske nordan-av: frå nord (i, på); nordanfrå. Det er liten grunn til å tru at det var særleg annleis med gno.-isl. norðan. Oddmund Utskarpen les norðan ór Vágum på fråstand og unyansert, slik eg sjølv også gjorde (jfr. hans sitat). Like rimeleg er lesemåten “frå nord i Vågan”, “frå norde del av Vågan”, uttrykket føresetter slett ikkje så vidløftig ei reiserute som den han skisserer (s. 109). Sildferja kan ha fare rake vegen frå Foxstrand austover til nordenden av Raftsundet og så sørover, det er ikkje tale om først å fare nordover. Frå Foxstrand til Ylfi er det berre ein svipptur, men det har mindre interesse her.

Som alt nemnt oppfattar eg Utskarpen positivt når han vil ha respekt også for detaljane i gamle handskrifter, og meiningsbryting er oftast utviklande, men det etterlet undring at han skyt sporv med kanon: “Myrvang har så store innvendingar mot teksten at han slett ikkje kan godta han, men skriv han om og legg si eiga omskriving til grunn som tekst”. Dette er sterke ord med så syltynn substans at det kallar på smilet.

Utskarpen saumfer andres tekstar grundig, påpeikar det mangelfulle og er skeptisk til at Ávald og Ottar hadde sin heimstamn på Hadseløya. Det gir høve til å sjå over motargumenta og er berre nyttig, men at han henger utanom-saklege karakteristikkar på dei som har ei anna meining og kallar dei “Hadseløy-entuasiastane” slår tilbake og svekker hans eigen argumentasjon for ei sørlegare heimfesting, som iallfall eg finn noko springande.

Utskarpen har òg mykje å seie om manglar og lyte når det norrøn typografi. Det kunne vere enklast å gjere som politikarane og “legge seg langflat” i vona om at kritikken skal stilne! Times New Roman er nok den fonten som er aller mest brukt, men han manglar norrøn “o med kvist”: Her har eg sjølv i mange år brukt naudløysingar som langt frå er korrekte, med Q og med ç. Det er ikkje så bra, men alternativet med at trykkeria hentar inn typar frå heilt andre fontar blir også ei naudløysing. Tidkrevande er det òg, men hans kritikk fører kanskje til forbetring? Så mykje må likevel seiast: Med unnatak for o med kvist har dagens manusforfattarar betre kontroll med typebruken enn kva tilfellet var før dataalderen, noko mine to artiklar frå 1960- og 1970-talet i Hofdasegl gir altfor mange irriterande døme på.