OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Vismunda, Vesma og Fisma

"Håløygminne" 4-2012, nyredigert

 

Av Finn Myrvang

Vesma |''væsma| i Sør-Aurdal og Vismunda |''vīsmuᶇᶇa| i Gjøvik er elvenamn som har gitt namnegranskarar mykje å bryne seg på. Den første er i storparten av sitt far ikkje meir enn enn ein bekk, etter austnorske mål. Ho oppstår i kanten av Bjødalsfjellet, ei hei med tallause fjellknattar og tjønner innpå fjellmyrane. Både der og seinare tar ho opp eit utal spreidde små bekkar og får tilrenn frå eit veldig vidt område, men det tar slutt nedmed Vesmevollen. Derifrå blir ho meir ei elv og grev seg ned i ein djup ådal, men då har ho også gjort sitt, ho fell ut i elva Reina like etter.

Det har vore ugreie med namnet Vesma. O. Rygh fører i «Norske Elvenavne» opp ei gl. kartform «Vesmundelven», til forveksling likt Vismunda, sjå seinare. Om dette sa G. Indrebø: «Elvenamnet i Reinli er uttala væ`sma, dativ -unn, og «Vesmundelven» er ei mislukka skriveform utleidd frå dativen»[1].

Vesmevollen eller -vøllen ligg på ei lita høgd nær elva. Der var vår- og haustbeite, og lenger ut, i Vesmelie, var det skogbruk i nyare tid. Det finst fisk i Vesma, men elles er ho perifer og uviktig, og det er lite sannsynleg at der noka tid var fløytt tømmer, men kva kan så elles ligge i namnet?

Nordsam. vasmalit er «å snø litt», men også «å strø utover». Det tilhøyrande nomenet vasmi blir no berre brukt om «nyfalden, ganske tynd Sne» (Friis), men er etymologisk forklart med «scatterings», dvs. noko som er strødd tynt utover, noko veldig spreidd. Dette synest å karakterisere framveksten av vassfaret Vesma veldig treffande. Ordet vasmi, berre kjent frå nordsamisk no, skal ha hatt ei protosamisk form *vesmē (uheil lyskrift), på fennosamisk višma[2].

Alternativt kunne vi gjette at Vesmevollen er det primære namnet og at førsteleddet er det sørsamiske verbalsustantivet veasome (veäsume) «buplass», også veasome-sijjie «bustad, heimstad». Låg eit gammalt buplassnamn attom dei andre namnelagingane, var det vel å vente at elva opphavleg heitte *Veasome-johke, seinare *Vesmeelva, og ikkje berre Vesma, men i flg. Qvigstad er det vél kjent (han har mange norske og især svenske døme) at samiske stadnamn ofte har sideformer, «idet det enkle navn utvides med et efterledd, som tydeliggjør navnet ved å angi lokalitetens art .... Men navngiv­ningen kan også gå den motsatte vei, idet der av et sammensatt toleddsnavn dannes et avkortet navn ved at utelate det siste ledd. Det er alminnelig vanskelig å avgjøre hvad som er det oprinnelige, det enkle eller det sammensatte navn“.[3] Ei samandregen, for­norska form Vesma med vokalforkorting var då tenkeleg, men namn som Vesmelie og Vesmevøllen tyder unekteleg på at elvenamnet er det primære, noko som også er mest sannsynleg: Dei som streifa i området, gjorde seg vel kjent med elva og gav ho namn lenge før nokon fann på å slå seg til der, for kortare eller lengre tid. 

Vismunda, kalla |''vīsmuᶇᶇsæłva|med, har også eit namn vanskeleg å bli klok på. Ho kjem frå Vismundsvatnet som gjennomgåande er berre 2-3 m djupt og ikkje meir enn 12-15 m på det meste[4]. Elva «legg på seg» idet ho tar opp Lunkebekken frå den noko større tjønna Lunken vestafor. Før elva vart retta ut fanst der stryk og kulpar, ho var ei rein og fin elv, om enn med lita vassføring i nedbørfattige tider. I 1700-1800-1900-åra var ho ei god fløyteelv (rekna frå Storlondammen). Elles er no Vismunda ei isolert elv på den måten at ho berre har små tilrenn, men ingen store sideelvar. Ho fell ikkje som Vesma ut i ei anna elv, ho fell ut i Mjøsa ved Biri. Høgdeskilnaden frå kjeldeområdet og dit ned er nesten 800 m.

 

Bekk renner ut i elv og vannet bruker litt tid før det  blander seg, Enn så lenge renner det side ved side - Klikk for stort bilde

  

 

Gustav Indrebø seier om vokallengda i første staving i namnet: «Er den uttale eg har fått uppgjeve (i Torpa og Biri, ogso notert frå Fåberg) rett, so har stomnen Vis- gamall lang i, og det kann vera same namnestomnen som ein har i elvenamnet Visa i Bøver­dal i Lom, uttala vī`sa, og ikkje ei avljodsform til dette elvenamnet (det siste meiner Bugge, NE, 343). Derimot er korkje stomn eller suffiks i elvenamnet Vismunda det same som i «Vesmundelven» i Reinli i Sør-Aurdal...» Her protesterer Indrebø mot at Rygh[5] fører opp ein uttale |''vésmunna| og uttrykkeleg nemner ei rotform med kort i. 

S. Bugges måte å tolke elvenamnet Vismunda på var å stille det i hop med ein stomn Vis- som i ty. Wiese «eng» (S. Bugge), i avlydshøve til gno. veisa f «dike, søyledam» lik nyno. veisa, i stadnamn oa. G. Indrebø rekna med[6] ei avleiingsending -mund, men J. Sverdrup[7] derimot berre -und, heilt på line med O. Rygh: «Udentvivl en Afledning med Endelsen -und af en Stamme vism-». Dette siste synet, at m i Vism- høyrer rota til, er blitt ståande. Det fører ikkje fram å vise til ty. Wiese og gno. veisa slik Indrebø gjer i «Norske Innsjønamn», så den diskusjonen må kallast tilbakelagt. 

I staden kan vi, forsøksvis iallfall, velje å sjå på Vismund som utgammalt nordisk lån frå samisk og gå ut frå at det ligg noko anna i namnet enn kva nordisk tolking tilseier. Hadde her festa meg ved det sørsamiske verbet veesmedh v., eigentleg nytta om noko så lite relevant som å «sortere, leite i matrestar etter noko etande», dessutan i tydinga «stelle, fli, rydde»: Den sørsamiske diftongiske ee kan både ha ein trong og lys[8] uttale nærmare i, så vel som ein uttale ææ, men for ord som får uttale av siste slaget blir det nemnt særskilt, i Knut Bergslands ordbok, og blant dei er ikkje veesmed[9].

Det er i den samanhengen grunn til å feste seg ved at Vismunda var ei rein og fin elv, så namnet kunne heilt enkelt gå på det. Men ei anna side av same sak er at ho kunne ha temmeleg lita vassføring i nedbørsfattige periodar, noko som sikkert var tydeleg i deltaet nedmed Biri, og det minner påfallande om kolasam. vīssmušš (вӣссмушш) el. vīssmuž (вӣссмуж) «tretthet, utslitthet, utmattelse, avkreftelse», jf. verbet wiessetet «tröttna»[10]. Vismunda fekk i så fall namn etter sin «livstrøytte» tilstand i utfallsosen i Mjøsa, vel å merke før kanaliseringa? Sml. her elvenamnet Geispa i Nord-Aurdal!

Fisma som elvenamn bør nemnast, iallfall i samband med Vismunda: Ei elv utan eige namn kjem frå Fismavatnet i Askvoll i Sunnfjord og renn ut i Eidsfjorden ved Fisma gard: «På høveleg fråstand kan ein sjå elva hange som eit slør nedover den graskled­de fjellsida når vassføringa er slik at sløret kjem godt til syne, og det vil skje rett ofte i dette området der det ofte regnar»[11]. Tolkinga av namnet tar utgangspunkt i Aasens fisma f «tyndt Tøi, el. noget som er alt for fiint», og fismen adj «meget myg eller fiin» (frå Hallingdal), sitert i NG i drøftinga av gardsnamnet, gnr. 17 i Askvoll. Historiske skriveformer er Fißmenn 1667 og Fisme 1723, og uttalen er |''fisma|, dat. -minje. [12]

Fisma heiter òg ei elv i Aremark og Halden. Ho kjem frå Holevannet og går vestover gjennom Holvannsdammen og Skålbrutjern og Kroktjern med Kroktjerndammen. Ho tar i tillegg opp Rødvassbekken, men oppnår likevel litt skral vassføring og er til dels usynleg (tørrlagd) lenger ned, like før ho møter Veggesdalsbekken: Etter det heiter ho Rødselva. Garden Fismedal ligg ved sistnemnde, litt lenger vest.

 

 

 

 

Ut frå det som tidlegare er nemnt fell det naturleg å samanlikne situasjonen for denne Fisma med korleis det synest å ha seg med Vismunda, og stoda for Fisma i Askvoll er lite annleis, vassrik er heller ikkje ho. Det har lite med realitetane å gjere når «Norske Elvenavne» postulerer: «Elvenavnet kan være en Afledning med -m af Fissa, altsaa: den fossende».

Ei fisma vil seie noko som er altfor tynt eller fint, jf. òg shetl. fismel «grann, smule». Ordet har visst ikkje noko motstykke i andre nordiske språk. Brukt som elvenamn er det spesielt, men det framstår jo like fullt ganske norsk, med tonelag 2 og med ending -a, typisk for talrike norske elvenamn. På hi sida er det òg sannsynleg at her kan vere ei norsk tilpassing av eit samisk *vīsm- med innhald som tidlegare nemnt. I så fall har det, som var å vente, skjedd norsk forkorting av rotvokalen i det overlange *vīsm-. 

Det ville venteleg ha vore til god hjelp om dei svenske innsjønamna Vismen, Väsman og Väsmern – sjøane er alle avbolka av lange oddar ser det ut som – var sikkert tolka, men så synest ikkje vere tilfelle.

Fjesme i Steinkjer kommune, var gnr. 131 i Sparbu. NG har uttalen |"fjésemman|[13], og to gamle skriveformer er Fessmee 1668, Fesme 1723. Kartet viser at Fjesme ligg avsides, oppunder ei fjellside med vide hei- og myrområde attom. Det ligg svært nær å kople den genuine dialektuttalen Fjessemman med sørsam. veasome- "liv; levnad, vandel", av veasodh (veäsudh) "leve; halde til, bu", særskilt pga. malåsam. viessòma „liv“ (Schlachter), for utmarkområda kring garden har vore mykje nytta til saubeite. Meir konkret kan vi jf. lulesam. viessōm i tydingar som "uppehälle (för människor), bete, föda (för renar)", likeins viessōmpeula "så pass barmark at renarna kunna leva" (Grundström). Fjesme synest ikkje å utgå frå noko elvenamn, så det skulle vere litt mindre tvilsamt at Fjesme heng saman med veasodh enn kva tilfellet er med Vesma, Vesmevollen osv.

Fotnotar:

[1] Gustav Indrebø, «Norske Innsjønamn» I: 219.

[2] Pekka Sammallahti, «The Saami Languages»: 6, 90.

[3] Just Qvigstad 1938: 266.

[4] Kristian Bostad, Gjøvik, i brev 2. juli 1991.

[5] Oluf Rygh, «Norske Elvenavne»: 299, 343.

[6] Gustav Indrebø, «Norske Innsjønamn» 1 (s. 219).

[7] Jakob Sverdrup, «Våre Innsjønamn» (s. 130).

[8] Knut Bergsland, «Sydsamisk grammatikk» s. 18.

[9] Ein forenkla, svensktilpass skrivemåte vissmet forklart som «städa» finst i Louise Bäckmans si ordliste bak i boka «Kristoffer Sjulssons minnen»: 217.

[10] «Lexicon Lapponicum» s. 544).

[11] Kåre Flokenes, «Stadnamn i Askvoll»: 66.

[12] Vel den same garden som i Bjørgynjar Kalfskinn frå 1300-talet er kalla «i Fiskmaghastrond»: Det burde vere tale om *Fiskmagi-, men Rygh har inga forklaring (NG 12: 248), han ytrar tvil om at namnet Fisma har med fisk å gjere i det heile. Er Fiskmagha- eigentleg *Fism-aga-, med -aga- i den same tyding som Tysfjord-samisk oagge «en ganske liten innbøining i strandbredden, 'avhald' for båt» (app. 674)? Det gir òg god meining for Aga i Ullensvang og i Bømlo.

[13] Gåtefullt - eller heilt tilfeldig? – er at namnet i uttaleform |''fjésemman| minner ikkje lite om veasodh i gerundium-variantar som veäsuomen'e, veäsaamen'e, veäsaaminie: Vel nok fungerer slike substantivisk, men er ikkje nytta i sms. ord- og namnelagingar.