OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Villingsholmen og anna i same sjøen

"Håløygminne" 1-2011

 

Av Finn Myrvang

Det var lenge vanleg, her nord, å herme etter samar som hadde vanskar med å skilje ustemte lydar som p, k og dei tilsvarande stemte b, g når dei snakka norsk, som når granplanke vart «kranblank». Eller som i eit herme etter tenestejenta som skulle servere presten kaffi og oppdaga at ho hadde skjenkt i ei skòrkopp: «Unnskyld brest, der e prest i koppen»! - Det norske folkefleirtalet slapp av innlysande årsaker å få høyre korleis det let i samiske øyre når dei prøvde seg på dårleg samisk.

Vi kunne vente at det var tilsvarande vanskeleg med f og v, men det er ikkje utan vidare slik. Ved rask blading i Qvigstads «Nordische Lehnwörter im Lappischen» finn vi kan hende ei handfull ord der nordisk framlyd f er blitt til v i samisk, t.d. váiggas «fæg, dødsens». Elles held samisk oppe ikkje berre framlyd f i nordiske lånord som fjall, fjara, fjǫrðr, f-en kjem inn også i låneforma av varp, vǫllr o.a. så vel som i ei rad lån frå urnordisk eller gammalnorsk som hadde framlyd hv, t.d. fális «kval».

Det er tilmed slik at ein del nordsamiske termar som opptrer i stadnamn, har framlyd f der vi ut frå sørlegare samiske former og ut frå tilsvarande ord i finsk ville forvente v: Her kan nemnast fávli «djupet i hav, innsjø eller elv», fielbmá «stiltflytande elv», fieratak/fierahat «halling, utrap», fierram «bratt sandmel», fearatak «telgjeplass, vedhøgg» (Qv 1944 o. a.). Det som nyss er sagt, er ei forenkling, men poenget er i grunnen berre at det blant samiske ord med framlyd v- er nokså lett å oppdage eit evt. nordisk opphav medan samiske ord med framlyd f- er meir mangearta.

Mindre veit vi, især i sør, om kva som skjer ved innlån i norsk av samiske ord og namn med framlyd v- (evt. f-). T.d. er namna Vulufiellet (Fron i Oppland) og Fulufjället aust for Trysil tolka heilt ulikt i Norsk stadnamnleksikon, respektive Svenskt ortnamnslexikon. Vi må nok vere opne for at eit felles samisk namne-element kan ligge til grunn for begge namna og at vi ikkje skal legge brett på framlydsskilnaden v/f i eit slikt tilfelle. Det er eit emne for seg.

I det flg. skal vi heller sjå på ei anna forledd der det det visst også kan veksle med f og v: På Hinnøy-sida av Risøysundet i Andøy stikk det ut ei smal stein-øyr med ein bergholme ytst, Villingsholmen kalla. Det vil seie, slik har eg fått namnet, men karta har Villingsskjæret, som eigentleg passar vel så godt. Øyra går på skrå ut frå land og er derfor i aller seinaste tid blitt ein naturleg del av moloen kring ei småbåthamn. Kva som ligg i førsteleddet Villings- er svært usikkert. Staden ligg innasunds og er ikkje særskilt utsett for vind eller ver. Ordet villing i tydinga «galning, villstyring» gir inga rimeleg meining, og det er usannsynleg at staden har spela nokon rolle i samband med innfanging av balstyrige husdyr. Beite for slike individ kan det heller ikkje vere tale om, for holmen er som nemnt berre berg.

I fastlands-områda kring Ofotfjorden og Vågsfjorden blir det no tala ein dialekt av Torne-samisk (Sammallahti 1998: 19). Prøvene Qvigstad skreiv ned av gammal vesterålssamisk og ordtilfanget i spreidde samiske stadnamn frå Vesterålen og Lofoten peikar vel i hovudsak i nordsamisk (sjøsamisk) lei, men i stadnamna finst det innimellom ord som berre er kjent frå sørsamisk. Det inneber truleg at dei siste er eldgamle og er frå ei tid då ordtilfanget i større grad enn no var «samsamisk». Eit sørsamisk villinjes- adj «sned» (skrå, skeiv, på snei) er nemnt i boka «Kristoffer Sjulssons minnen», og i flg. Louise Bäckmans ordliste i same boka kjem det av eldre villjines- . I sørsamiske ordbøker finn vi vilnjie «skråning», vilnjedh «gå skeivt» mm. At førsteleddet Villings- i Villingsholmen er ei lett tilpassa form av villinjes- er høgst sannsynleg, jfr. foto.

Villinjesluokt (rettare Vilnjies-loekte) i vatnet Vijrisjaevrie i Storuman tett aust for Rana er sjølvsagt eit samisk namn og må nødvendigvis ha med noko skakt, evt. knekt å gjere. Dei «mangfaldige» oddane i vika eller aller helst den tverrkrokute «Vilnestjärnen» tett innafor kan vere forklaringa. Men den same forsvenska namneforma Vilnestjämen får meg også til å undrast over det skakke Fillneset ved Fillan på Hitra, om her og ligg eit eldre Filling(s)- til grunn, jfr. omtalen av Fillingsneset på Frøya om litt.

 

 Villingsholmen - Klikk for stort bilde

  

 

Villingsholmen i Andøy går som sagt for Villingsskjæret på kart, og det høver å samanlikne med Villingsskjæran i Mandal, som etter flyfoto å døme er skakke på anna vis, for dei er slakt avgåande og fell bratt av på eine sida. - Men fornorska eller forsvenska former av det same ordet for «skrå, skeiv, skakk» er ikkje alltid lette å greie ut: Villing kan sjølvsagt på visse stader ha noko med vill «utamd» å gjere, medan Filling- iblant kan vere ei avleiing til gno. fell «fjell». Det kan høve for Fillingen, ein ås i Haram på Sunnmøre, medan den vestre enden av Fillingsneset på Frøya er klart krokut eller skeiv, mot Kjerringvågen, jfr. også det krøkte neset ved Villlinge i Värmdö, Stockholms len. Skakk eller «knekt» er likeins Villing-myra i Eidskog (Hedmark) og i Jevnaker (Oppland), så vel som myra ved tjønna Villinga i Øvre Eiker (Buskerud). Det same gjeld for Fillingmyrane i Evje og Hornnes (Aust-Agder) og dessutan for Fillingstjønni, Lesja i Oppland. Ho har to «usymmetriske» oddar som gjer henne særs vridd eller skeiv, så tjønna gav nok namn til elva Fillingi, ikkje omvendt.

Oppland ja - Hadeland var ein del av Oppland, og soga om Halvdan Svarte fortel at «frå Hadeland sender kong Halvdan bod på ein finn, som altså ikkje er særleg langt borte. Denne forteljinga går ut på at julematen vart borte frå bordet hjå kong Halvdan utan at nokon ser eller forstår kva som skjer. Det er i denne situasjonen at kongen får tak i ein finn som han piner for å få han til å avsløre kva som skjer». - Likeins fortel Snorre, først i Den særskilde Olavssoga og seinare nesten ordrett kopiert i Heimskringla: «Det var ein mann frå Oppland som heitte Finn, og nokre seier at han var finne av ætt. Han var svært liten og raskare til beins enn nokon, slik at det var ingen hest som tok han på spranget. Han var ein meister på ski og med boge. Han hadde lenge vore i teneste hjå kong Rørek, og ofte gjort ærend for han når det trongst ein påliteleg mann. Han kjende vegane over heile Oppland, og han var kjend med mange av stormennene» (Mundal 2003).

I kommentarane til desse historiske kjeldene som vedkjem sørsamar er det m.a. sagt: «Det som er spesielt interessant her, bortsett frå at han er sagd å vere frå Oppland, er at denne samen frå Oppland så avgjort lever i nærkontakt med det norske samfunnet. Han har gått i teneste hjå kong Rørek, som er presentert som konge over Heidmark i perioden før Olav den heilage tok makta over området».

Mundal kommenterer også to andre kjelder, eldre Borgartingslov og eldre Eidsivatingslov. I desse «finn vi forbod mot at kristne oppsøkjer finnane for å la seg spå eller for å søkje lækjedom. Desse lovtekstane plasserer altså samar i lovområda for desse kristenrettane. Ein treng kanskje ikkje tolke dette slik at samar har halde til å langt sør som i lovområdet for Borgartingslova, dvs i området rundt Oslofjorden. Men konteksten i lovene tyder på at dei har halde til så langt sør at det har vore overkomeleg - til og med for sjuke menneske - å reise til samane frå Borgartings lovdøme».

Som vi ser, det er heva over all tvil at samane var til stades på Oppland, varsamt tolka også i nærleiken av Borgartingslova sitt område Vestfold, Vingulmǫrk og Ranrike. Då er vi lengst søraust i landet eller vel så det. Når det var slik i historisk tid, skulle det vel vere sannsynleg at det i førhistorisk tid også fanst samar lenger mot sørvest enn Oppland? Det var å vente at norsk stadnamngransking hadde interesse av desse historiske føringane, men det har faktisk ikkje vore så. Etablert stadnamngransking avviser at det finst samiske innslag i stadnamna lenger sør enn nordaustre Hedmark eller til at det er råd å påvise noko meir enn det. Slik er den fagleg trygge oppfatninga, som i lys av dei omtalte kjeldene snarare er noko fundamentalistisk.

I alle tilfelle må det av geografiske grunnar vere ukontroversielt å avrunde dette oversynet med eit namn frå Tynset på Hedmark. Det før nemnde sørsamiske vilnjedh «gå skeivt» og vilnjie «skråning» er nærskyldt med vælnjedh «gli» og vælnjah, vælnjoeh «skeiv, skrå»: Falninga, meir uttalerett Fælninga eller «Færninga», er ei elv som kjem frå Falningssjøen. Særmerkt for første del av Falninga er at der er fleire vinkelrette «knekk» med beine strekningar imellom, mest utprega ved Falningkroken og like før. Avleiingsendinga -ing- treng heller ikkje i dette tilfellet vere nordisk, det kan hende at heile elvenamnet vart lånt inn i nordisk før eit ursamisk -iŋge hadde gått over til sørsamisk -ege.

Litteratur:

  • Bergsland, K. og Magga, L. M. 1993: Åarjelsaernien-daaroen baakoegærja.
  • Bäckman, L. og Kjellström, R. 1979: Kristoffer Sjulssons minnen. Stockholm.
  • Hasselbrink, G. 1981-: Südlappisches Wörterbuch. Uppsala.
  • Mundal, E. 2003: Foredrag på seminar om sørsamisk historie. Trondheim.
  • Qvigstad, J. 1894: Nordische Lehnwörter im Lappischen. Christiania.
  • Qvigstad, J. 1944: De lappiske appellative stedsnavn. Oslo.
  • Sammallahti, P. 1998: The Saami languages. An introduction. Karasjok.
  • Sandnes, J. og Stemshaug, O. 1997: Norsk stadnamnleksikon. Oslo.
  • Wahlberg, M. 2003: Svenskt ortnamnslexikon. Uppsala.