OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Vevelstad, Velsvåg og Velfjord 

 Av Finn Myrvang.

I 1916 vart Vevelstad skilt ut frå Tjøtta. Som forklart i Norske Gaardnavne, «Sognets Navn er egentlig Gaardnavn», nemleg gnr. 12 Vevelstad |''vævvełsta|, eldre uttale |''vøvełsta|». – Namnet er skrive Veffuelstad 1567, Veffuelstad 1610, Weuel- 1614 og Weffuel- 1661, eldre former enn desse kjenner vi ikkje.

Førsteleddet Vevel- er i flg. NG mannsnamnet Vifill, men i førhistorisk tid tenkte folk neppe mykje på individet når dei gav garden namn, og i dag ser namneforskinga med klar skepsis på personamnbaserte gardsnamntolkingar, så vi bør heller undersøke om gardsnamnet på -stad fortel noko om sjølve landskapet. Garden ligg ved det lange og rette Vevelstadsundet. Ei ikkje heilt utenkeleg tolking er at det inneber samanlikning med gno. vifl f. «vevl, banketre (ved vasking)», sml. omtalen av namn som Gand og Gjende og Stokksund i Norsk Stadnamnleksikon. Elles skal vi no merke oss at vevl m «banketre» også er kjent i uttalen vøvvel, frå Fauske og Skjerstad (NO 12: 1016).

 

Større vekt må vi legge på det faktum at same gardsnamnet også finst ein annan stad i landet, nemleg Vevelstad  |''vauełsta| i Ski i Akershus, som har gått inn i Nordre Follo kommune. Her er det gamle gardsvaldet mykje nedbygd, men kartet viser like fullt at Vevelstadåsen og området ikring er veldig kupert. Eit namn tilskore over nesten same lest er Vevlingstad i Stange på Hedmark, der det er påfallande småkupert med humpar og søkk i mengder. Når også vårt helgelandske Vevelstad er til dels nokså kupert, kan vi komme i tankar om visse uttrykk nordlendingar flest kjenner godt til, om folk som vevlar i tale eller framferd, lagar vevl n «tøys og tull» (rot og ugreie). Det kunne vere at dette, eller ei ordform som liknar, har vore brukt om landskap der det er tungvint å ta seg fram eller rydde seg åker- og beitemark? Den vinklinga overtyder likevel ikkje, så lenge ho ikkje fører fram til eit mykje meir konkret terrengord.

 

Dette forandrar seg radikalt dersom vi vektlegg at Vevelstad i Ski blir uttalt Vauel- og at eldre uttale av gardsnamnet Vevelstad på Helgeland var Vøvel-. Det var nemleg slik at gno. vaðal m «val» (jf. vaða v.) hadde sideformene veðill og vǫðull. Nordlendingar dreg neppe kjensel på dei to siste formene, spontant, men i Rogaland har dei heile fire gardar med namnet Vaule, og for tre av desse etterlet dei eldste skriveformene ingen tvil om at gno. *vǫðli dat. sg. ligg til grunn og at ein lydovergang ð > v må ha skjedd, dvs. Vǫðli >Vøvle > Vaule. Desse tre gardsnamna er skrivne både Wøffle og Wauffle på 1600-talet, samanlikn formene frå Vevelstad på Helgeland! Merk òg at Vaulen som terrengord finst ei mengd stader på vestnorsk område, men diftongen au er i aust blitt til ø, så vi har fått Vølen i Aremark og Stokke og vel fleire stader. I Agder - Telemark har det derimot skjedd ein lydovergang vǫðull > vøjel > vøyl.

Det ein nordlending lettast kjenner igjen, er som sagt gn. vaðall > val, men i Sømna har dei ekrenamnet Vaulkrakjet like aust av Vadhågan: Der i bygda vil eit krake seie eit uproduktivt stykke jord, og Vaulkrakjet er berre blåleir med eit tynt jordlag oppå.

Ein parallell til overgangen vaðall > val ser vi truleg i gardsnamna Velsvåg i Leirfjord (og Velsvik i Volda) med stavingsbortfall gno. veðill->vel-, så *Veðilsvík gav Velsvik og *Veðilsvágr vart til *Velsvåg. Det same skjedde i eit anna nordnorsk bygdenamn, Velfjorden, skrive Wellfiordenn 1567 (av dei to andre namna har vi ikkje eldre skrive-former enn frå tidleg 1600-tal). Gardsnamnet frå Volda er elles skrive både Wals- og Wels- då; slike variantar har ikkje namna frå Nordland. For Velsvik og Velsvåg har vi altså ikkje skrive- eller uttaleformer som viser lydovergang *veðill-> vevel- i tida før stavingsbortfallet skjedde. Men om slik overgang fanst, ville lydsekvensen v-v-v i dei to første namna, i ei mellomform *Vevelsvik og *Vevelsvåg, «ubønnhørlig» føre til ei forenkling Vels-. Like eins ville lydsekvensen v-v-f i eit evt. *Vevelfjord bli forenkla til Vel-. 

Relevant i samband med Vevelstad-namna er holmenamnet Veveløya frå Nærøysund kommune: Lokaliteten er slett ikkje slik på form at vevl «banketre» el.l. gir meining. Derimot er det ovgrunne farvatnet kring holmen av det slag at gno. vaðall- lik veðill- i lydleg overgang til vevel- passar framifrå.

 

 

No kan val ha fleire valørar, som i i Rana og Rødøy: «grunn vik el bukt som ligg turr ved ved lågvatn» (NO 12: 529). Det høver klart for Vevelstad, Velsvåg og Velfjorden,  men i Trøndelag og Møre kan val også vere «sandbanke, grunne i vatn» likså vel som «trongt farvatn, hol» (sml. Veveløya). På atter andre stader er val dss. eit vad over elv eller bekk. Slår vi saman alle gards- og naturnamn med opphav i gn. vaðall, veðill og vǫðull, utvidar tydings-spekteret seg sannsynlegvis endå meir.