OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Und i namn på fjell og dal, skog og flatland

"Håløygminne" 3 og 4-2007, nyredigert

 

Av Finn Myrvang

Borgund

Borgund er eit namn vi lett assosierer med Ålesund k., men det er meir utbreidd enn som så, i uttaleformer som børgån, bårgån, bårgon. Merk her særskilt bårgonna, som er øygruppa Borgann i Vikna: Namnet blir forklart med "øya som har mykje av (det som ligg i førsteleddet)" – så òg under oppslag Borgund (NoSt) – men kva seier vel det? Der rår nemleg tvil om borg som namneelement: Sam. buorká, buärká (sørsam. genitiv: buorkán) kunne i flg. Collinder "tänkas avspegla det nordiska borg i en äldre betydelse; jamfør gotlandsk burg bergkulle", men han syner han har motførestillingar ved at han prøver ei anna tolking òg. Fleire har innvendingar mot å knyte "borgund" til kulturordet "borg" (Nes 1985: 9). Interessant nok er at borg i ei gammal Telemark-ordsamling tyder "Steenmur" (Svenungsen, "Det norske Fjeldsprog"), men vi reknar vel også ein mur for å vere menneskeskapt?

Derimot er samisk poar’hka (poat’ka, poð’ko, potko, bor’kë, bor’kwë, botkwë oa.) naturformasjonar med tydingar som:

  1. "ställe där nogot blivit bräckt eller til hälften avnött" [slite av],
  2. "smal stråka mellan breda sel" [still-elvar],
  3. "smal landsträckning mellan två sjöar, ed",
  4. "djup sänka i en berg- eller fjällrygg (delar ryggen nästan i två delar)",
  5. "djup, trång dal", jfr. pórhkit "bryta av, slita av" (Collinder).

Frå Røros kjem forma buorke, nominativ fleirtal buorkh ”Gebirgsrücken, der in der Mitte von einem Quertal durchbrochen ist” (Hasselbrink). Men denne nemninga er langt vidare kjend: I fleng kan nemnast Borken (tonelag 1) med Borkelva mellom Ryggedalsvatnet og Kråkhaugvatnet i Bø, og berget Borken i Hattfjelldal (sørsam. Båarhke) – der heiter sjølve skardet Larsskardet – jf. Borkdalen i Nærøy og likeins Borkfjellet i Hasvik, med ei djup nedskjering – vidare Borklia i Leksvik, det djupe Borkskardet i Rissa og utan tvil endå fleire, sjølv om vi truleg også finn heilnorske namn som har med bork- og neverhenting å gjere.

Frå Nordland kan, i samband med Bork-namna, også nemnast ei rad med namn på Purk-, uttalt pohr(s)k- eller pøhr(s)k-, der ”diskontinuitet” eller eit avbrekk av ymse slag gir mest tilfredsstillande namneforståing. Kor nær samanheng der eigentleg er mellom namna på Bork- og Purk- er elles eit ope spørsmål.

At det for utanforståande fell vanskeleg å skjelne samisk rk frå rg, viser "svenske" kartformer som Saxaborga, Bårgo og Buorgoktjåkko men Borkafjället, Barkantjakk (namn som alle blir sette i samband med buork "borg"). Liknande variasjonar rg/rk viser dei fornorska formene av sam. suorgi "(elve)forgreining" stava Sorga, Sorka, Sørkje-, Sørgje- osv. Såleis td. Sørkjevatn i Rollag: elva som fell inn i austerenden av vatnet og kjem frå Fyriset-området, er sterkt forgreina, og Sørkedalselva lengst nord i Sørkedalen (Oslo) blir til der Langlielva og Heggelielva og einskilde bekkar renn i hop frå ymse sider.

 

 

 

Borgund som ei opphavleg samisk namnelaging av bork- + suffiks (etterfeste) har i alle tilfelle kontrollerbart topografisk grunnlag i desse tilfella:

Borgann gnr. 69 i Vikna (i Nærøysund k.) ligg oppunder ei lang åssrekke, frå Våg­skardfjellet i nordaust til Trollskardtindan i sørvest, med 10-12 markerte skard (sjå òg Nyman: 231), men tett opp til garden ligg Buskardet og Brastaskardet. Åsdraget står i kontrast til lågare omland, det kjem sannsynlegvis til uttrykk i sjølve namnet.

Borgund (bårgånn, børgånn) i Ålesund er frå naturen si side ei halvøy, så vidt fast i landet innafor ved eit smalt eid. Halvøya har to-tre breivorne, bratte skard mot vest. 

Borgund (bårgånda) er ein gard i Selje (no Stad k.) Frå Borgundvågen fører ei djup nedskjering (vegskard) over til Setrevågen i nord.

Borgund (bårgond) kyrkje i Lærdal ligg i nordkant av høgda Klanten, ved rota av ei markert nestunge, skapt av Lærdalselvi. Eit til dels nokså bratt vegskard fører over til Rimskjold i vest.

Borgundaberget i Skövde i Västra Götalands len er eit fjell med beine kantar i aust og vest og to-tre humpar, og dessutan ei innskjering på vestsida (Lantmäteriet).

Borgundkollen er ei fjellhøgd k. Sykkylven med eit par djupe utskjeringar eller gjel i den bratte sida, mot nord [1].

Borgundøya i Kvinnherad med Borgundnuten har talrike nedskjeringar i den bratte vest- og nordvest-delen.

Borgøyna i Tysvær har ein fjellkam i retning nord-sør med 4-5 nedskjeringar i, frå Litlenuten i sør til Stornuten i nord, så truleg gir dette Borgøya ein profil som kan minne om Borgundøya (foto hos Nyman: 239).

Borgenlia og Borgenheia (ein liten avsats) er namn som knyter seg til ei djup, men avrunda djup kløft med fleire mindre på sidene, i den ovbratte Måtinden i Høyvika på Andøya, sml. omtalen av Borgundkollen og Borgundøya framfor. Desse norske lokalitetane er noko meir enn berre «djup sänka i en berg- eller fjällrygg».

Så finst det fleire namn der g har fått svekka uttale og har falle bort (jfr. Bårni som uttaleform av Borgny og Bærni som uttaleform av Bergny). Det er berre at i stadnamn kan ei heil staving falle bort:

Bårn (1079 m) og Sørbårn (993 m) heiter to fjelltoppar på austsida av Sølensjøen, i Rendalen. Imellom dei er det eit breitt skard.

Bornevik i Tysvær ligg i nordkant av ein lang fjellrygg, som akkurat oppfor vika er gjennomskoren av Boren- eller Bornevikskardet, som fører over til Vik synnafjells.

Bornevik i Bokn er nærmast ei lita grend. Den breie vika i vest heiter Breivika no, men frå botnen av vika går det på kvar side av Bornevik eit breivore skard innover, så det er likt til at nettopp Bornevika må vere det opphavlege namnet på Breivika.

Bornøya i Bjarkøy er frå naturen si side klaveforma pga. den noko djupt inngåande Hanna Meyer-hola i nordaust. Frå botnen av hola går eit lågt skard over til sørsida av øya, som på det viset blir endå meir klaveforma. Frå ytste fjordkjeften i Sundsvoll­sundet kjem ei anna kløft til synes mellom høgaste klubbane i sørvest, men ho er grunnare. Austre halvparten av Bornøya òg delt på langs, av ei myrgjot.

Bornö i Båhuslän er to øyar, Store og Lilla (Lille) Bornö, og den store og vestre er delt i to av ei senkning, Mitten kalt. Den austre er delt i tre, av eit eid og eit skard.

Bornholm heiter den store danske øya i Østersjøen. Gamle skriveformer er grundig drøfta av Eva Nyman (242ff). Blant illustrasjonane fell den innskorne bergstranda ved Hammershus ”strax söder om Hammeren, Bornholms nordvästra hörn” lesaren i auga. Unemnd er derimot den ca. 60 m breie Ekkodalen med bratte veggar (kalla Styrtebakkerne før) som omtrent ved Gudhjem på nordaustsida av Bornholm skjer seg heile 1000 - 1200 m inn, eit naturfenomen som er ein viktig turistattraksjon i dag, men som må ha vore ei endå større bisn for reisande folk i framfarne tider. 

På det store oversiktskartet "Ortnamnen berättar om Sverige" er sagt, orienterande, at "de allra flesta ortnamn i Sverige er nordiska till sitt ursprung. I Lappland finns dock mängder av samiska ortnamn... " Litt lenger ned blir blant dei mest utbreidde hovud­ledd m.a. presentert -bor(n), -ed(et), med orda: "Namnlederna syftar huvud-sakligen på landområde mellan två farbara vatten, där man fått dra eller bära båten (t ex vid det bekanta Sundborn). Till denna grupp hör också många av namnen på –drag". Her rår det tydelegvis ingen tvil om at namneelementet -born er opphavleg nordisk, men som oversynet framfor viser, dei norske Borgund- og Born(e)-namna så vel som desse på Bork- gir god grunn til tvil.

 

 

Løysmund

Løysmund-namn finn vi i fjellstroka nord i Trøndelag, ofte i sentralt sørsameland. Løysmundhatten er i Skjækerfjella: «Som vi veit, er mund eit gammalt ord for tid eller bel. Løysmund var tida da ein skulle løysa, sleppa ut, krøttera om morgonen, og det synte sola over hatten. Frå Snåsa kjenner eg fleire namn av dette slaget. Ei anna sak er det at mund der etter kvart har gått over til å bli brukt ikkje om eit tidspunkt, men om ei økt. Berre om gjeting blir brukt oft, elles talar ein om mund» (J. Sandnes 1968: 46).

Den namnetolkinga er plausibel, vel å merke dersom løysmund som dagtid-nemne er heva over tvil, men så er neppe tilfelle. Vi må heller undersøke om høgdenamna på Løysmund- er fornorsking av noko samisk, og då kan vi vise til lisj'me i tydingane «skogklädd bergsida under kal brant», «kant över tvärbrant på fjäll», «ihålighet under en bäck eller sjöstrand», frå lulesamisk område, men også i forma lis'me (Tornedal). Lenger sør har vi stadnamnet Lismú-Vuopme frå Arjeplog, i overgangen pite-/umesamisk (app. 520, oslo 26,118). Det siste om lag like lang nord som Grane.

Ei lydutvikling *lismunč > løsmund (fortolka «løysmund») verkar sannsynleg nok. Rundinga av i til ø kan vi samanlikne med det utbreidde trøndske bøsmar < bismar. Deminutiv av lisj'me er lisjmásj (oslo 26), jamfør det brattkanta strandområdet Løsmannsholet i Åfjord.

Fjellnamn på Lø(y)smund- er talrike i trøndsk: Løsmundhaugen i Namsskogan, Løys­mundhatten i Snåsa, Løysmundhaugen og Løysmundheia i Steinkjer, Løysmund­høgda i Verdal, Løysmundhaugen og Løysmundklumpen (på to stader) i Lierne, og Løysmundlia i Flatanger. For den som måtte tvile på at namna har noko med bratte fjell- og åskantar å gjere, er eit sjølvstudium på dagens kart tilrådeleg.

Ormund?

Ormunder skog (skrive Ormwndher skogh ca 1450, Ormundher skoff o.l. 1555 og Ormunge skogh 1630) var eit område mellom Landvetters sokn i Västergötland og Lindome sokn i Halland, på den gamle riksgrensen mellom Sverige og Danmark. – Eit mannsnamn *Ormunder er tenkeleg, «man ställer sig dock tveksam till tanken att en ensam man skulle vara ägare till en hel skog på utmarken», skriv Eva Nyman (Nyman: 246). Tvilen gjeld òg for nordsam. urbmi «vantriveleg indidid», eller med Friis: «en liden, forkuet En (om levende Væsener og Træer». Det siste er ikkje heilt av vegen når det gjeld ein skog, men tvilsamt nok er at det eineståande namnet og ordet har noko med kvarandre å gjere.

Då annleis med det uvanlege heinamnet Ormen i Nome i Telemark, sekundærnamn Ormtjønnene, Ormtjønnliane, Ormegården o.fl. Isolert sett kan Ormen vere utalere­dusert form av Ormund, men det forvirrar at det på sørnorsk område dessutan finst 6-8 Ormefjell, Ormeheia'r, Orm(e)lia'r og bustader Ormerud, og ikkje mindre enn 9 Ormdal'ar og Orm(e)stad! For bustader kan vi saktens bruke velvilje og drage inn annsnamnet Orm, eller evt. krypdyret, og i samband med Ormegården kan nemnast gno. ormagarðr «inngjerding for ormar», men for naturnamna (desse på -dal, -fjell og -li) buttar det meir imot at dei alle var ormebøle!

Lokale namnegranskarar og historikarar så vel som arkeologar får tenke gjennom flg.: Det sørsamiske ordet for tilhald er årrome-sijje m.m. (på malåsamisk urròma-sijjee, Schlachter), lulesam. årrom-sadje. Begge delar gir lett eit norsk Orm(e)stad ved halvvegs omsetting. I nordsamisk normal er ordet orrunsadji, sml. Orrunvárri i Alta, men på Seiland har dei Orrum-vággi (Qv 19838:62).

Kor mange av dei sørnorske lokalitetane med namn på Orm(e)- var tilhald for folk som dreiv med ein eller annan aktivitet ei viss tid? Kan så eit evt. *ormunč forståast som eit område der det var fleire slike (potensielle) tilhaldsstader?

Ramund, Romund, Råmund

Mannsnamnet Rómundr (opphavleg Hrómundr) er tidt førsteledd i bustadnamn med sisteledd -gard, -set og -stad (PN: 208). Klart meir usikkert som førsteledd i gards­namn synest Råmund (*Ráðmundr?) å vere, jf. Råmunddalen i Kviteseid (PN:198), då dette i utgangspunkt ikkje formelt er eit bustadnamn: Inst (lengst nord) i dalsøkket er det ein lang og temmeleg bratt avfallande fjellkant. Vel kunne det her òg vere tale om eit mannsnamn på -mundr, men tvilen melder seg snart når vi jamfører med Romundhaugen i Midtre Gauldal (Sør-Trøndelag), som òg har ein utprega bratt og bein fjellkant mot nord-nordvest, og med Romundhaugan i Meldal i skilet mot Rindal som er brattkanta mot sørvest, sistpå Romundhaugen i Rana som likeins har ein bratt fjellkant mot sørvest. Dette er naturnamn som må høyre til und-kategorien på eitkvart vis, men det er svært vanskeleg å finne norske topografiske termar ram- el. råm-. Heilt annleis då med sørsam. raame «lite flog» (på 1-2 m), «tvärbrant klippa» (Vilhelmina), i lulesamisk rāpma «mindre gräsbevuxen backe eller sluttning under fjällbrant» eller «tvär avsats i sluttning» (Jokkmokk, Grundström 829 > oslo 173). Nordsam. rápma (diminutiv rāmaš) vil seie brun (bakkekant, fjellkant) så vel som fjellside med skog.

rápma, raame (app. 863) er eit lånord, jf. gno. þrǫm «tram, kant, rand». På hi sida lånte norsk tilbake frå samisk namn i -unč-avleiing med u-omlyd, kan det sjå ut til. Lokalitetar med fjell- og bakkekantar eller avfall er Råmundsmyra (Froland), Romund­tjørnin (Valle), Råmundkilen (Tokke) og Råmundtjønnene nær ved den bratte Råmund­tjønnuten (Kviteseid). U-omlyden gjer seg som kjent mindre av seg i aust, jf. at myra Ramundsmosen i Halden har ein lang og bein fjellkant på søraustsida.

Torvund

Torvund i Høyanger er eigentleg to matrikkelgardar, Indre og Ytre Torvund, som ligg ved kvar si vik på nordsida av Sognefjorden. Torvmyrar finst der knapt nok, og bygdeboka for Lavik fortel då heller ikkje om torving, derimot om skog til brensel. Om Indre Torvund er uttrykkeleg sagt at garden "hadde brensel og furuskog til husbehov": Så seint som 1868 er det av skog på bruk 1 og 4 selt "8 famner bjørkeved, 6 famner furuved og 5 tylfter tømmer og bjelkar", mot 12 famner ved og 3 tylfter tømmer frå bruk 2 og 3 (O. Torvund 1983).

Det er sparsamt med stoff om arbeidslivet i den same boka, men stadnamna fortel no sitt: Ovom Indre Torvund ligg kollen Tjørefjellet, og tett opp for Ytre Torvund finst det ein pall som heiter Tjørehellen [2]) Samanlagt viser dette at begge gardane har hatt furuskog, og namna vitnar om at folket frå gammal tid må ha meistra den teknologien som skulle til for å utnytte slike ressursar.

 

Germ. *terwón ”tjære” burde med u-bryting lydrett gje *tjǫrva, men underforma *tjǫru med bortfall av w framfor u gav *tjǫru, som systemrett førte til ei nylaging tjara f ”tjære” (Iversen 1961:90). Eit ursamisk innlån av *terwón ”tjære” i eit w-omlydd tǫrwunč [3]) er det (særleg pga. stadnamna) lettare å tru på, enn at ”torv” i urnordisk form turf- med tilføydd suffiks –und skulle gje ei namneform Torvund.

Torvund heiter også eit gardsbruk i Stryn, men om dette er eit gammalt eller ungt namn (evt. oppkallingsnamn) skal vere usagt.

Ulvund

Ulvund i Voss (tidl. Vossestrand) ser etter skriveformene frå 1600-talet mest ut til å vere eit vin-namn, men skriveforma Ulvund er i samsvar med uttalen Olvond. Jorda på garden ligg på ein pall 350-400 m over Myrkdalsvatnet, under det framspring­ande Ulvundsberget (500-550 m). Ulvundshaugane er endå høgare (kring 725 m).

Litt austom garden er eit flog som snur vestsørvest nedfor Ulvundsholene, og under sistnemnde ligg Ulvundslii. Meir påfallande langt ifrå, fremst i Myrkedalsvatnet på øyra som Øyasetelva lagar i Myrkedalsvatnet, ligg garden Ulvundsøyni. Det er tett ved utfallsosen i Myrkedalsvatnet, og her på vestsida av utfallselva viser kartet eit par bogeforma, ganske markerte fjellkantar, men på austsida elva er der endå fleire, og den høgaste er Øyaberget mellom Ulvundsøyni og Ulvundslii. Det kan mest sjå ut til at det er heile området fremst i Myrkedalsvatnetvatnet som er det eigentlege Ulvund?

Stadnamn med førsteledd Ulv- opptrer slåande ofte på stader der vi kan påvise ein formasjon av det slaget vi på norsk kallar egg, rø(y)r mm i sms. som Ul(v)vika o.l. Ulvika gnr. 6 i Tysfjord heiter på samisk Ulpē-gieddē (Qv 1893:337): Der er det ei røyr i fjellet, og like markert er fjellegga på nordsida av Ulvika i Tjeldsund, opp til Sætertinden; det gardsnamnet blir skrive Vlffuewig 1520.

Ulvanes i Kvinnherad ligg i sørkant av ein heller markert bogeforma bratt fjellkant, og Ulvanes i Vindafjord ligg på austsida av den brattkanta Kåtanuten, men begge er lite å nemne, samanlikna med Ulvastad inst i Vetlefjorden i Sogndal der det på rad ligg tre mektige fjellkantar, på austsida. Særmerkt for Ulvestad i Volda er fjellkanten oppfor Ulvestadvikane, synberre er òg Ulvedalseggene i Masfjorden-Høyanger.

Ved Ølve i Kvinnherad har Ølveshovda i vest-sørvest ein bratt kant, men elles gjer Tråvikåsen og Eggjane meir av seg, i nord seg.

Like typisk for Hadseløya i Vesterålen, historisk namn Ylfi (i Ylfue), er den svært markerte skrå egga eller rø(y)ra ved Rørvika, Hadseløya. At ho er eit skilsettande landemerke, framgår av at straks matrikkelen har gjort unna gardane på Austvågøya blir Rørvika nemnd som første gard på Hadseløya alias Ulvøya. Det gamle namnet Ylfi, seinare skrive Ulvøen, går att i Olviholman og Olviværan (holmegruppe). Det var utpå 1800-talet at sjølve Ulvøya vart heitande Hadseløya, etter prestegarden.

Mest sannsynleg er at sam. ulbe (ulpe, olpe), sørsam. ulpie "bord, brem" (på klede) i overført meining yter den beste topografiske rettleiinga, jf. også lulesam. (h)ålpé "vidfogat kandband på klädesplagg (av samma färg som plagget); kant på kläder" etc. Ingen stad er den topografiske bruken av ordet meir slåande enn når det gjeld Ulveraet 'olvera:(e)/, ein minst 1200 m lang snorrett, smal morene langs austsida av Sellevollvatnet på Andøya.

Ulvund-namnet i Voss må frå først av gjelde fjellområdet, der vi har Ulvundsberget, Ulvundsholena, Ulvundshaugane, Øvste og Nedste Ulvundstølen. – Særmerkt for fjellet under eitt er terrasseform, med langsgåande bratte belte i fleire nivå, merk òg namnet Brunane i Ulvundsberget. 

Ålvund (også skrive Ulvund) i Møre og Romsdal, med Ålvundeid som overgang til Sunndalsfjorden mykje lenger inn, er ei bygd inst i Ålvundfjorden, som i nordaust er skild frå Stangvikfjorden med det langsmale Røkkemneset/Rykkjemsneset, ytst for­lenga av Nesøya. Neset er det fremste særmerket ved landskapet i fjordarmane og ligg som ei list eller kanting mellom dei.

 

 

 

Ulstein i Møre og Romsdal er skriftfesta «af Ulfsteine» og ”Ulfsteins sokn» (AB): Fokuserer vi på fjellkanten langs Vartdalsfjorden, frå Hjørungnes og sørvestover til Eiksund, aner vi at Ulfstein opphavleg kan ha vore eit eldre namn på Hareidlandet, det siste tydeleg nok av ein yngre type (NoSt).

På same vis ligg Ålvangsøya og tangen tett innafor som ei ovsmal kanting mellom Meisfjorden og fjorden/garden Ålvangen (Ulvangen) i Leirfjord i Nordland. Langs austkysten av den elles nokså myrlendte øya Ålvingen (Ulvingen) i Vega er det ein markert, langsmal åsrygg, men langsmal er òg sjølve øya.– På liknande måte utgjer den minste Ulvøya i Hadsel (med Brakøya som forlenging) ei langsgåande avbolking som deler den breie sørdelen av Raftsundet i to farvatn.

Bak uttaleskilnaden Olvond kontra Ålvund, Ålvingen, Ålvangen ser vi framlyds­variasjonen frå grunnordet sjølv, nemleg samisk ulpe, ulbe, olbe, (h)ålpe, jfr. sørsam. diminutiv ålpetje. (Den norsk-svenske lyden u finst i sørsamisk òg.) Samisk p/b i posisjonar som denne låg tydeligvis så nær urnordisk bilabial f/v i innlyd, at ulbe (ulpi) som innlånt stadnamnelement kunne slå lag med urnordiske ord med lb som sistpå fekk lf, jf. gno. elfr, kalfr, kolfr.

Ulvungo heiter ei sæter i Luster. Ho ligg ca 500 m austom ein markert fjellkant som i heile si utstrekning fell bratt av mot vest og no visstnok heiter Raudgòta. Er der en samanheng desse to namna imellom?

Vemundstad, Vemundvika

Typisk for dei to Væmestad-gardane i Kvås i Lyngdal i Vest-Agder er at begge ligg i bråe utvidingar av det elles tronge Lygna-dalføret, på aursletter langs elva: Namnet er skrive Vemme-, Vemestad o.l. frå 1594 av, men òg Wæmunstad i Stavanger stifts jordbok ca. 1620, venteleg etter eit eldre førelegg. - Væmestad-gardane ligg s sentralt og er rike på faste fornminne.

Vemundstad gnr. 5 i Rissa ligg på nordsida av Trondheimsfjorden, i Flakkfjorden meir presist. Der er ei strime flatland langs fjorden, med ei lommeforma innkuving især i austkant av det sterkt framstikkande Høgfjellet, men òg på vestsida av dette, ikkje minst i skilet mot grannegardane Trongan og Vålan.

Vemundvik er ein gard og ei sokn i Namsos bykommune. Vemundvika er grunn, og dalføret innafor er litt ihopknept aller ytst, men utvidar seg like innafor til ein ca. 1 km lang dal-lomme. I så måte er det ein klar likskap med Væmestad-gardane.

NG viser til skriveform Vemynwick frå 1520; genuin uttale både |"vemonvi:ka| og |"omonvi:ka|. Førsteleddet er i begge tilfelle oppfatta som eit mannsnamn, nemleg gno. Ǫgmundr vsa. *Vémundr. Det står likevel att å forklare korleis to så ulike former av personnamnet kan opptre ikkje berre innafor same bygd, men i namnet på same lokalitet! Vi må gå ut frå at eit sentralt gardsnamn som dette har høg alder.

Sørsam. vuomie, vuømie, vuæmie vil i utgangspunktet seie "stor, vid, skogbevuxen dal", og det er vanleg tyding over alt samisk språkvald. Men avvik finst, slik at det også kan tyde berre "dal" eller "skog" eller "skoggrense". Jemtland har wuæmie i tydinga "skog, barskog" (Halász) - jamfør derimot malåsam. vüebmee i den særlige tydinga "stor myr" (Schlachter 1958), då likt med finsk vuoma. Grunnordet vuopmi greinar seg altså ut i såpass mange og vide tydingar at det nære på blir like upresist som t.d. norsk "mark".

Sørsam. voemesje, ”skogkledd dal, dal mellom skogkledde berg” (Bergsland 1993), finst også i skriveformene vuomesje, vuumesje om "dalstrøk", ”fjelldal" og "deld" (Nilsson-Mankok): *vuemunč ?"dalliknande utviding" høver for begge Væmestad-gardane i Vest-Agder og for i Vemundvika, merk især skriveforma Wæmunstad for Væmestad i Lyngdal. Held vi fokus på vuomie «en vid dal med skog» (app. 910 frå Hattfjelldal, Vefsn og Trøndelag), er deminutiv form svært høveleg for dal-lommen innafor Vemundvik i snever meining.

Det finst ei rad naturnamn på Vemund- som har med skogmark og –botnar å gjere: Vemundsberget heiter ei lita høgd mellom små myrar framfor Mydlandsheia i Hægebostad, Vemundsbotnen er ein botn søraustom Vemundsvatna i overgangen mellom Modalen og Lindås, og Vemundshøgda ligg i ei krå ved det øvste av dei vatna. Vemunddalen i Røros er ei lita fjellkrå, medan Vemundhommen i Valle i Setesdal er ein botn i nordkant av Oddeskog. Vemundsåsen i Sande i Vestfold ligg i sørkant av ei myrlendt fjellkrå. – I alle desse tilfella kunne notidsforma Vemund– reflektere sam. *vuemunč, *vuæmunč?. Ei nordlegare form *vuomunč- (jf. den trøndske forma vuomie) måtte i norrøn uttale misse framlyden v- (R. Iversen 1961: 60 §52.3a). Då er Omundvika regelrett nok.

Ødynda

Ødynda |''ødyᶇᶇ|, også||''ødyᶇᶇa|, dat. |-dyᶇᶇ| ) er gnr 194 i Orkdal, Sør-Trøndelag. Gamle skriveformer er af Eidund AB, Ydøn NRJ, Eidem OE, Øyum, Øuditt, Edenn 1590, Øden 1624, Ødenn 1626, Øddenn, Øddensetter 1631, Øuden 1664, Ødduen 1723. 

Namnet synest ut frå AB å vere eit gammalt eiðund, laga til eið n. Kva lydutvikling gjeld, viser Eva Nyman til Ola Stemshaug, som uttalte at det er ”som i tilgrensande område når ein gammal –u> -y [kjem] etter dental og framom nn/nd, som i sund n. -- og mange andre døme” (Nyman: 565).

Nyman peikar på at ordet eið både kan stå for ”veg over land mellom to vatn, veg attmed ein foss, tverrdal mellom to bygder”, så vel som ”smal landtange”, men ho finn det ”svårt att förstå vad namnets sakliga bakgrund kan vara ...... Gården Ødyn ligger på en bred och mäktig framspringande terrass av sand och grus ett stycke frå Orklas flodbädd ... och det ter sig inte rimligt att t.ex. anta at det någonsin funnits en fors vid Ødyn”.

ØK plasserer namnet Ødyn på bnr. 4 mens sjølve namnemarkøren i Norgesglasset står på bnr. 1 Framgarden, som ligg nettopp lenger fram, på eit lågt ”nes” i lendet, men å kalle det ein smal landtange ville vere å presse topografien.

Hovudproblemet med uttalen av namnet nemner Nyman ikkje, nemleg halden innlyd d, som talar imot ei opphavleg namneform *eiðund. Namnet liknar snaare Øde |'ø:de| gnr. 70 bnr. 7 i Meløy, eit sandjordområde der det før var skole og sist museum. Det namnet er enklast å forklare som eit tilbakelånt sørsam. avdie < gno. eyði. Nettopp frå Trøndelag har vi sms. giette-awdie ”forlatt reinhage” (app. 42b), ja i næraste nabolag til Ødynd er både Bakkgjerdet og Kalvhåggåbekken å finne. Namna vitnar altså om at området er «forsynt med» to av den slags lokalitetar, og då er det saktens tenkeleg at der finst fleire av same slag. Skriveformene Øuditt 1590 mot Øuden 1664 +viser ustø genusmarkering, men er elles ikkje til å ta feil av. I Vestre Slidre har dei bruket Øde, som ligg høgt og fritt på ein pall, så ei liknande forklaring kan ha noko for seg der òg.

Sluttmerknad

At der er historisk samanheng mellom norske stadnamn nord og sør i landet tvers over våre dialektgrenser er noko vi ikkje stiller spørsmålsteikn ved. Pussig nok blir dette meir problematisk straks vi i staden for ”norske stadnamn” set inn ”samiske” og reknar med at også samane eingong var til stades over heile landet. Men når så mykje er sagt, bør òg seiast at tolking av eineståande namn som Eikund, Torvund og Olvond av naturlege årsaker er sårbare for innvendingar. Når der er fleire namn av same slag å bygge på, blir underlaget sikrare.

 

Fornotar:

[1]Borgundskallen heiter ein djupgrunne på 36 m rett vest av Spjøten ved Sandvika i Bø, avsett på sjøkartet. Ingen veit å fortelje noko om médene eller evt. hendingar knytt til namnet. Det kan sjå ut til at namnet er kjent berre av dei som har sjøkart! At det anno 2020 er i seinaste laget å få tak i informasjon er ikkje å undrast, men eg kom ingen veg med saka på 1960-talet heller.

[2]) Det synonyme *tyrihjell er omtalt hos Kåre Hoel 1994:181.

[3]) Nord- og lulesam. darvi, darvve ”tjære” og sørsam. dervie ”tjære” peikar tilbake til urnord. *terwia ”tyri”, finsk terva. Sørsamisk ord for torv er derhvie.