OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Tunstad på Skogsøya.

Av Finn Myrvang. Trykt i Nytt om namn 2019.

Tunstad sett fra en båt utenfor bygda. - Klikk for stort bildeTunstad: Fleire lokale humpar og høgder er nummererte, men identifikasjon er berre oppnådd for 1. Godbonhaugen, 6. Rabben, 7. Holten, 9. Skredtinden og 10. Steindalstinden. Johan Borgos

På 1970-talet vart dei store øyane i Vesterålen bundne saman med bruer, før var kvar øy eit "rike" for seg. Vel er det er ikkje lenger såleis i Vesterålen at folk tenker båt når dei skal reise til ein nabokommune, men eit unnatak er alle dei mange små, men før i tida ganske så folkerike øyane i Barkestad fjerding (= Øksnes sokn): Kommunen og soknet har namn av kyrkjestaden Øksnes, som etter gammal tenkemåte ligg "sentralt" plassert i sundet på sørsida av Skogsøya, den suverent største blant mange små øyar, men heller ikkje dit kom brubygging på tale, til det var avfolkinga for langt komen.

Litt lenger vest, på sørvestsnippen av Skogøya og ved overgangen frå sund til opnare farvatn, ligg garden Tunstad. Ut frå uttalen |''tuᶇᶇsta| (Norske Gaardnavne 16: 386) skulle det vere rettare å skrive Tunnstad, som vi då og til dels vil finne på nyare kart.

Kven var uttale-informantane?

Karl Rygh, som redigerte Nordlands-bindet av NG, seier i forordet bl.a.: "Paa Grund av de geografiske Forhold har O. Rygh ikke her kunnet komme til hver enkelt Bygd, og der manglede ogsaa her Adgang til, saaledes som længere sydpaa, paa Exercer­pladse at indhente Opgaver af indfødte Mænd fra alle Bygder. Derfor er Opplysning­erne ofte erhvervede hos Folk, som hørte hjemme i Nabobygder". For Nordland sitt vedkomande er då heller ikkje nokon av hjelparane nemnde ved namn.

Same framgangsmåten var brukt for Rødøy, men her har Rygh tydelegvis etterpå fått hjelp av multitalentet Edvard Havnø frå sjølve Rødøya, då vi finn tilleggsopplysning­ar om dativformer m.m. tekne med i skarp klammer. Heller ikkje han er namngjeven.

Kven som gav uttaleopplysningar om gardsnamn frå Lofoten og Vesterålen kjenner vi slett ikkje til, men seks år seinare kom Troms-bindet av NG, og her takkar K. Rygh i  forordet for hjelp især frå statsråd Qvigstad, så vel som fleire andre, blant desse også konservator Olaus Nicolaissen i Tromsø. Han var vel å merke oppvaksen i Nærøya i Øksnes, og vi kan lite på at han var stø i uttalen av gardsnamna i Vesterålen, langt på veg Lofoten med. Viktig var mobiliteten knytt til lofotfisket, i tillegg kom hans eigen reiseaktivitet som konservator.

Frå 1930-åra er Hallfrid Christiansens notat om stadnamn i Øksnes: Hovudinformant var Edmund Pedersen i Skipnes, frå Tindsøya som ligg tett nordom Nærøya. Uttalen av Tunstad-namnet er den same der som i NG. Det bør nemnast at ho i motsetning til NG har rett tonem (tostavings) i gardsnamna Vottestad, Smines, Frivågen, Nordsand,  Breistrand, men ho fanga ikkje opp at sistnemnde eigentleg har uttalen |''breᶊᶊtraᶇᶇ|,

heller ikkje at Sørsand, Navarsbora og Øvergarden (i dag  -gården) òg har tostavings tonelag. Elles viser no forordet til Nordlands-bindet av NG at Oluf og Karl Rygh var fullt merksame på vanskane søringar har med å meistre tonemskilnadene i nordnorsk.

Det gjeld sannsynlegvis også motsett veg.

Vurdering av uttalesprik

Vi skal no sjå nærmare på det vi starta med, gardsnamnet Tunstad. Sjølv har eg aldri tvilt på at uttaleopplysninga i NG var korrekt, og det butta imot då bygdebokforfattar Johan Borgos, oppvaksen på nabogarden Hjellsand, peika på at genuin lokal uttale er |''tunnsta|. Først gjekk eg ut frå at Tunstad som postadresse måtte ha slått inn for fullt i ny tid og påverka tradisjonell uttale, men at dette ikkje kunne stemme, vart klart når også Bergljot Kristensen, 4. generasjons tunstadværing, slutta seg til den same uttalen |''tunnsta|. NB: ikkje |''tūnsta| som var å vente i fall påverknad frå postadressa låg bak.

Uttalesprik av same slag er kjent frå ein annan kant av Vesterålen, nemleg frå gnr. 4 i Hadsel, Kaljorda, i flg. NG sagt kaᶅᶅ´jóra - då med feil tonelag. Bortsett frå det siste er slik uttale velkjent blant vesterålingar flest, men av folk frå garden langt yngre enn eg sjølv er høyrt |''kaḷḷjōra| med kakuminal eller vel rettare lett retrofleks l. Historiske skriveformer sprikar veldig: Kaldiordt 1611 (leiglendingar), Koliordt 1620 (leigl.), Kalb Jord 1633 (leigl.), Kaal­jord 1647, Kaljord, Kaldjord 1647-1648 (husm., leigl., fullottesdrengar), og Kaaljord 1649-50 (skattemanntalet).

Enten no namnet var *Kalvjorda[1] (jf. 1633-forma) eller ikkje, er det neppe tvil om at  genuin lokal uttale vart "omringa" av ein meir uniform. Frå Bø kommune kjenner vi tre tilfelle med v-bortfall i namnet Kal(v)dalen, og likeins Kal(v)bakken og -garden a.st.. Slike smånamn er vanlegvis berre nytta inna­for grenda og blir der haldne oppe i tradisjonell form, men betre kjent er jo Kaljorda som grend og som trafikknutepunkt har vore. Hos folk med overflatisk kjennskap til namnet har "kall" med palatal l nok sklidd inn etter at forenklinga Kalv- > Kal- var eit faktum.

Eit namn med uttale som avvik frå ein hovudtendens kan forbli uendra i eit lokalmiljø der namnet er brukt ofte nok, men utanfor den indre sirkelen får dei «uniformerande» kreftene overtak. Såleis må det også ha seg med tunn- kontra tuᶇᶇ-: Ord som gruᶇᶇ, huᶇᶇ, luᶇᶇ, muᶇᶇ osv. lagar føring for at u + palatal n er det som gjeld. Vi skal leite lenge for å finne unnatak, til og med bokmålsordet "bunn" for botn får palatal uttale! Kor ofte slike uniformerande fenomen er omtala i namnelitteraturen er eg uviss på.

Ryghs tolking av namnet

Til grunn for si tyding av namnet legg Oluf  Rygh den palatale uttalen |''tuᶇᶇsta| pluss nokre få skriveformer på Thund- og Tundstad tidleg i 1600-åra, endå liknande former  faktisk er overveldande talrike frå den tida, bl.a. Tunnstadt og Thunnstad (Thondstad, Thonnstadt 1611), eller også ganske enkelt Tunn- og Tundstad 1618. Seinare blir rett nok skrivemåten meir "vaklevoren": Tunstad 1621, Tunnestad 1623, Thunestad 1624-25, Thunstad 1626(?). Likevel Tundstad 1661, men atter Tunstad 1723.

Rygh fokuserte tydeleg nok på formene med -nn-, -nd- frå første del av 1600-talet og sa: "1ste Led er maaaske et Elve­navn, enten Tunna eller det gamle *Þund; se Elve­n. S 278".  Til dette er berre å seie at gardsnamntolkingar baserte på elvenamn kan vi sjå bort frå, dei aller fleste stader i øyriket Lofoten - Vesterålen, det gjeld òg for bekken Tunstadelva. Rygh kan ikkje ha kjent innføringa "af Thuna­stadhom i Skosøy" i Aslak Bolts jordbok, for ho manglar i Munchs utg. av AB[2]. I Troms-bindet av NG er namne­former frå lensrekneskapen 1567 sett i hakeparentes for å vise at dei ikkje høyrer til i det namnematerialet som først var med. I Nordlands-bindet er det ikkje markert slik, men må vere tilsvarande å forstå, for elles blir det gåtefullt at ingen ting blir sagt om formene Thunistad, Tunistad, Thiustad [rettare Thiunstad?] frå lensrekneskapen 1567 (trykt først 1940). For oss er det klart at dei kan oppfattast som skrive­variantar av eit uttalesvekt Tune-, jf. atter mellomnorsk Thuna- hos AB.

Aller først, kor sannsynleg er at den i dag vanlege skrivemåten Tunstad gir meining? Interessant her er O. Ryghs merknad om Tonnerud (no Tonerud) i Hovin i Spydeberg, sagt tó`nneru el. tónru, men skrive Tunaruð ca 1400 (seinare Thunerødt 1600, Tune­rød 1640, Thunnerøed 1667, Tunderud 1723). Han seier, med tanke på tún n "heime­mark, gardsplass": "Formen Tuna- ...... synes ikke at kunne være rigtig. Om end den nuværende Form kan forklares af opr. Túnaruð (som Tún­eimr nu paa fl. St. udtales Tønnøm o. lign.), vilde en Sammensætning som denne være lidet rimelig fra Menin­gens Side" (NG 1: 64). Det siste kan vel langt på veg seiast om tún+staðir med.

Ikkje vassdrag, men rundvorne høgder?

Vi får då prøve ei anna vinkling og gå inn på eit sms. ord mange vil kjenne, igeltuve f "tust med stritt gras", "sylvbunketuve" (NO 5:1081). Det slaget kallar andværingar og langenes- og øksnesfjerdingar til lengst sør på Skogsøya ei iltua, men eit hakk lenger vest, i Hovden i Malnes, blir uttalen iggeltuv'. (Sml.. gno. igull m: kari­bolle, sjøpigg­svin). Ein frapperande skilnad i og for seg, men tilsvarande gjeld for sisteleddet tuve isolert: ei tuv' i Malnes og Bø, men ei tua nord- og austafor: Det gjeld for Andøya og Langenes og Sortland, men òg for Øksnes, der uttalen tua er godt kontrollert[3]. Johan Borgos nemner også "han Abel på Tua", stamfar til Abelsen-slekta i Øksnes: Her kan det kallast merkeleg at NG har "gnr. 56.3 Tuen" i Øksnes med uttalen tú`va. Hallfrid Christiansen har for sin del både Tua og Tuva, men kun Tuaelva. Stadnamnprosjektet sine notat viser konsekvent Tua, Tuabukta, Tuaelva. Sms.måten Tua- har uviss alder, men slik juxtaposisjon(?) finst òg i nokre namn frå Vågan, Ballangen og Hamarøy.

Vi tør derimot, pga. det humpute landskapet så typisk for Tunstad, gå ut frå at dette gardsnamnet i si opphavlege form kan ha vore *þúfnastaðir, dvs. þúfna- som gen. flt.  av ordet þúfa. Det "dialektrette" bortfallet av v i tua f (og iltua) må då vere gammalt.

Namnet Tunstad tolka som skissert blir då ein parallell til at grannegarden Hjellsand gjekk for Hjelte-, Jeltesand og delvis Gieldtesand store delar av 1600-talet, parallelt med tostavingsformer Hiellsand (1610), Hielsand (1614) osv. Temmeleg sikkert frå eit opphavleg *Hjelltuvsand, av di det då var tale om berre éi "tuve", den noverande Storhaugen (nærmare drøfta i Øksnes historielags årbok "Leddiken" 2018).

Namnet Tunstad i vidare samanheng.

Kor gjengs slik gen. pl. av linne hokjønnord er i stadnamn veit vi lite om. Nordnorske namnelagingar på Tretten- (-bergan, -dalen, -enget, -slåtta, -skjeran) kan vi tolke som gen. pl.  *þrætna-,  til þræta "trette, krangel". Namnet Tekndalen midt på Andøya ser eg som sms. med gen.pl. av gno. tekja f "innkome, inntekt, -tak". Stadnamnrelevant og alderdommeleg er iallfall gno. gatna-mót n "gatekryss", kjent også som stadnamn frå Ytre Li i Aurland –  jamlikt med Gatneskil i Sirdal. Botolv Helleland[4] har for sin del peika på at Helnaberg i Ullensvang vel inneheld gen.pl. av hella f. Sml. også gno. dúfna­saurr m dueskit, og isl. dúfnabúr og -hús og det svært så moderne þúfna-bani m "tuvedrepar", dvs. jordfresar!  – At ú-en i *þúfnastaðir etter kvart vart forkorta er som venta, det gav Tunstad med kort u.

G. Indrebø er inne på at perioden 1350-1390 kan kallast overgangstida frå gammal-norsk til mellomnorsk. Såleis kom overgangen frå gno. þ til mno. t ganske tidleg: "I den tid då þ og t heldt på å glida saman, misbruka dei ikkje sjeldan skriftteikni, so at dei sette þ i ord som hadde t frå gamalt, t.d. þil for til.  þ stod i framljod, og det var mange ord som soleis fekk ein annan framljod med overgangen þ til t". Han seier òg:

"Skriftteiknet þ gjekk for ålvor ut or bruk frå ikr. 1420, er sjeldsynt etter 1450, men finst i einstaka høve til ned ikr. 1490. Det vart bytt med th - som alt tidleg hadde teke til å tevla med þ og t - " (Målsoga s. 229-230)."

I dette ligg, at om Tunstad skulle ha med tún "heimemark" å gjere (eit veldig uvanleg ord i nordnorske stadnamn), er "af Thunastadhom" med Th- urett skrivemåte, medan ein lesemåte "af Þúfnastadom" (til þúfa) med Th- og bortfallen f >v ) viser aller beste samsvar med topografien. Tallause inkonsekvensar frå overgangen gammal->mellom­- norsk viser som før nemnt at slumpen rådde m.o.t. þ og t. Så kan det ha vore også her.

Ein mellomnorsk overgang *Þùfna- > Tuna- er lite påfallande samanlikna med anna som er skriftfesta i den same overgangsperioden, m.a. i eit brev frå erkebiskop Aslak Bolt (Målsoga 216-217). Som Indrebø sa det: "Sjølve sansen for ei fylgjerett og fyre-seg-gjord skriftform, sjølve skriftkulturen, hadde kome lågt ned. Det er eit djupt fall i det stykket frå kongs­kanselliet og erkebis­kop­kanselliet ikr. 1350 til skrivarstov­one ikr. 1450". – Samanlikningsvis kan nemnast at anno 2019 varslar enkelte verdamer på TV "sjølig vær", og kropps­kroppsfikserte tenåringar kan t.d. skrive: "Synest ikke du at jeg er litt for skjukk?" Språkleg forfall høyrer ikkje berre fortida til.

"Skosøy" alias Skogsøya er eit påfallande namn, når øya er full av snaue, høge fjell, mange så bratte at det nærmar seg hamrar i hav. Derimot skal vi leite lenge etter skog verd å nemne, men akkurat kring Tunstad og Hjellsand strekker seg eit lågland med haugar, humpar og rabbar, rett nok skoglaust det òg, men i torvmyrane fanst rikelege restar av eldgammal fòraskog, så eingong heitte låglandet med god grunn Skogsøya, i motsetnad til fjellandet elles. Her høver det godt å vise til kva Oluf Rygh seier om øy i innleiinga (s.88) til «Norske Gaardnavne»: "Har i det gamle Sprog, ligesom endnu i enkelte Bygdemaal, været brugt om flade Strækninger med frodig Plantevæxt, som ligge langs Vand uden at være omflydte; til denne betyd­ning er en stor Del af de fra Ordet stammende Steds­navne at henføre".

[1] Kalvjorda som namn på små lokalitetar i Skjerstad og Nord-Rana er i Stadnamnprosjektet registrerte med full forstaving Kalv-.

[2] Takk til Johan Borgos for denne påvisinga og for anna hjelp.

[3] På Senja derimot hūva og tūva (R. Iversen, "Senjen-maalet" s. 77). Kor langt inn på Hinnøya dei v-lause formene hua og tua rekk er eit ope spørsmål, men også i Tysfjord heiter det ei iggeltua, ei (topp)hua osv., då med unnatak for huva i Grunnfjorden.

[4] Botolv Helleland: Helnaberg, Vivheller og Salthella. To stølsnamn og eit plassnamn. I: Spår av odling. Festskrift til Hugo Karlsson. På uppdrag av Meijerbergs institut för svensk etymologisk forskning vid Göteborgs universitet. Sammanställd av Birgitta Ernby. Ingår som del 19 i Meijerbergs arkiv för svensk ordforskning. Göteborg 1994, s. 116–125.