OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Tru av tro

"Håløygminne" 2-2019

Av Finn Myrvang

«Man har hittil gått ut fra at ethvert svin er salig i sin tro, og bare der. Dette er galt. Senere under­søkelser viser at svinet blir like salig om man flytter det over i en annens tro, forutsatt at det er mat i troa. Herav kan man slutte at det er maten som er det viktigste for svinet, ikke troa som før antatt. Man kan beklage det, men slik er det».

Det er berre folk litt til års som ler over sitat frå Dusteforbundet, les: Darwin P. Erlandsen, og det får så vere. Vi kunne tolke sitatet som crazyironi over kvasireligiøs språkbruk, der folk som vanlegvis trur eller har trua på at ting vil gå så eller så, brått slår over til tro straks livssyn kjem på tale. Men når «språkutviklingen» går sin gang, kan utilsikta komikk legge seg oppå: I sør vil mange naturleg finne på å seie t.d. at dei har «troa på at broa vil komme», og sanneleg min hatt, til bladet «Vårt Land» 22. sept. 2018 seier den nye bispen i Tunsberg: "Jeg tenker på troa mi som en tur hjem". Tenkte vi det ikkje! Personar av hokjøn dukka opp i presteyrket for mange år sidan, no går det likeins med «troen» i Kanaans sprog. Ja, og kva så? spør du kanskje. Svaret ligg sikkert heilt på sida av det du forventar.

Trua heiter nemleg ein grunne utanfor Bleik på Andøya, utom Tåga som heng saman med Bleiksøya. På begge sider av Trua er det lange renner i sjøbotnen, men den på yttersida, mot Ytterfallan og Breistavgrunnen, er veldig lang og så å seie gjennomgåande.

Truskallen nordvest av Refsvika i Moskenes er ein lokalitet som liknar Trua. Der er renner til begge sider, lange begge, men aller smalast er den på innersida (sørsida).

Trusteinen ligg i fjæra inne i den same Refsvika, med ei djup innskjering på eine sida, men han er likevel ikkje kliven, etter flyfoto å dømme.

Truvalen like sør for Kunnhamna – i sør på øya Kunna i Flakstad – er på kartet avsett som namn på eit skjer, men leddet «-valen» fortel tydeleg nok at namnet på den smale renna på innersida har glidd over til skjeret.

Truskjeran er ei skjerrekke i Sandvær i Lurøy. På yttersida er det, akkurat som ved Trua på Bleik, ei gjennomgåande lang renne på yttersida.

Namneelementet viser seg på tørt land med: Truskarddalen er ein lang og trong bekkedal på austsida av Langvatnet i Rana, og Truaskår i Suldal er av liknande type. Men av alle døme vi kan påvise ser det ut til at Trubervika og Truberodden (les Truberg-) langt ute på Østerøya søraust for Sandefjord demonstrerer den topografiske samanhengen aller best: Dei jamsmale lange rennene i berggrunnen er påfallande der. Rennene er meir grovkalibra i fjellet Truberg i Ullensvang.

Døme på kva, forresten? Jau, på at gno. þró f «tro, brye, kar (til vatn) har blitt til «tru». Du stussar kan hende, men vasstro = vassrenne er eit velkjent ord, og ganske så opplysande er at Mølntrohammaren i Gildeskål er blitt til Mølntruhammaren i ei skolebarnoppskrift frå 1936, og eldre folk som i sin barndom hjelptest til med å drage slipesteinen, vil ha som eit minne om vasstroa lik vassrenna som ofte høyrde til.

Gåtefullt er at så mange Tro-namn endte som Tru- når tro (gno. þró) flt. trør som eit vanleg talemålsord finst i mange målføreformer, berre ikkje tru. I stadnamn ser det i alle fall ut til at tro- «renne» er blitt feilkopla til det kyrkjelege «tro» og av den grunn fornorska til Tru- ved såkalla hypernorvagisme, men snarare var det såleis at þró slo lag med ord som trú og brú i vokalendringar som gjekk føre seg alt på 1200-1300-talet, samtidig som þ vart til vanleg t.

Ganske gåtefullt er det at både gardsnamnet Tro på Trolandet i Alstahaug så vel som Tro på Leines i Steigen har sloppe unna slik forvansking. Sambandet mellom namnet og terrenget er særskilt tydeleg i det siste tilfellet, for nabogarden har nokså lik topografi og heiter Skår. Kontinuitet i skrivetradisjonen for gardsnamna heldt vel oppe rett form Tro i desse tilfella.