OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Tomsjelbakkan - Tungesjøbakkan

av Finn Myrvang. Trykt i Bøfjerding 2023

Er du bøfjerding, då veit du kor Fjærvollsanden er. Å ja, i dag er det langt fleire enn berre bøfjerdingar som veit det. Færre er det naturlegvis som kjenner alle smånamna i området.

Eitt av desse er sandbanken som blir kalla Tomsjelbakkan, for å skrive namnet på litt nøytral måte. Han strekker seg frå Vårrakhola og nordover eit lite stykke, før han bokstavleg talt stoppar tvert, på grunn av masseuttak over lang tid, men det var meir igjen av han midt på 1950-talet, då eg første gong kom til Fjærvoll. Då var det fengslande å sjå alle sandsvalene som flaug ut og inn av sine reirhol i den bråbratte, høge banken. Det var den gongen, ja.

Eit namn er eit namn, enten det er knytt til personar eller stader, men få bryr seg om å spekulere mykje på kva namnet kjem eller eingong kom av – men enkelte kan ikkje la det vere. Så kva fortel eigentleg namnet? Den vanlege oppfatninga er at der er så mange tomme skjeler i sanden. Har ikkje sett det sjølv, kan ikkje innestå for at det er sant, men kanskje kanskje. Ei spak innvending ville vere at om det no skulle vere sant, så melder seg eit utidig spørsmål: Brukar det å vere fylte skjeler i ein slik banke? Det eg har fått meg med, sa folk berre "skjelsand", enten det var til bruk i hønsehuset eller anna, og skjelene var jamnast både små og pulveriserte.

Strand område med gresskledte voller mot bebyggelsen i bakgrunnen. - Klikk for stort bildeTomsjelbakkan - Tungesjøbakkan Finn Myrvang

 

Har lystra litt etter, og det viser seg at ikkje alle sa Tomsjelbakkan, det kunne vere nok å seie Tomsjebakkan. Her kan det godt vere at ein såkalla vellyds-l har sklidd inn, men kva hjelper det, når Tomsje- gir endå mindre meining, eller hur?

Forbi Jarberget litt lenger nord i lendet renn Jarbergelva nokså rett sørvestover. Ho råka eingong Tomsje(l)bakkan om lag midt på, men no som før nesten brå-svingar ho mot nordvest og renn ut aller nordst på sanden (sandsenden). På den måten blir det skapt ei smal landtunge, og i sin opphavlege tilstand strekte sandbanken seg langsetter så å seie heile denne landtunga. Konklusjonen er då, forbløffande nok, at denne strandbanken var *tungu-sjóbakkinn, -bakkann lik Tunge-sjøbakkan, men bøfjerdingane spanderte ikkje e-ar i utide, så det vart *tung'sjøbakkan, som altså ikkje fortel om tung sjø på ei langgrunn sandstrand, men rett og slett er sjøbakken nedpå landtunga. Uttaleslitasje eller skal vi seie uttaleslurv la seg oppå, så Tungsjybakkan vart til Tomsje(l)bakkan – voilà!

Kartutstnitt over strandområdet. - Klikk for stort bildePå kartet ser du restane av Tomsje(l)bakkan (med pil-markør), og korleis Jarbergelva renn frammed stranda. Kartverket / Finn Myrvang