OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Sve – kva er det?

"Håløygminne" 1-2005

Av Finn Myrvang

Då eg før 1976 arbeidde med mi hovudoppgåve om stadnamn knytte til sjø og fiske i Andøy kommune, fann eg ingen opplagt samanheng mellom stadnamnet Svebøen på Andeneshavet og namn på -sva, t.d. Moholmsva som også heiter Moholmsba. Namna på ba(d) framstod litt etter litt som ein kategori for seg, men typen sve i namn frå sjø og land tedde seg uklårt så lenge eg berre la Andøy-materiale til grunn.

Sve i havet

Min gode Andenes-informant Oskar Berg-Olsen gav fin rettleiing: eit sve er eit grunnområde som nokså brått går over i djupare farvatn, just slik tilfellet er med Svebøen mot vest og nord. Likeins opplyser Trygve Klæbo i "Stadnamn frå Bjarkøy" (s. 107) at sve er "grunne område mellom djupare fjordar": Sveet heiter eit relativt grunt område (31 m og meir) som strekker seg frå Hyseskjæret ved Tranøya og over mot Skipbåtsneset på Senja. Utafor er det mykje djupare, mens det innafor – vi kjem då på Tranøybotn – er litt djupare. Vi skal og nemne eit sund på sørsida av Knapplundsøya i Salten: Svefjorden austafor er relativt djup, men så kjem det grunnare Sveet, like før hovudstraumen tar av i nordvestleg retning og Sundan mot vest-sørvest.

Eit tilfelle for seg er å finne i Rana, der dei har ein fjord som heiter eller iallfall må ha heitt Straumen. Inst ligg fjordarmen Straumbotn (med garden av same namn), som via den ikkje særleg tronge Mestraumen går over i den breie Øverstraumen: Sistnemnde smalnar ytst, i sørvest, og blir mesta stengd av grunnområdet Auran. Utom Auran utvidar fjorden seg igjen til ein rund og etter kartet å dømme rein poll, Sveet. Men ytterenden av Sveet er endå trongare enn innerenden. Så kjem atter ei viss utviding av fjorden, med nokre skjer, før han på ny smalnar og fell ut i Ranfjorden gjennom den tronge Straumkjeften: Rekna derifrå kan vi samanlikne Straumen med "matkanalen", og Sveet blir då magesekken.

Til fjord å vere er altså Straumen særmerkt, men mest spesielt er at ein fjordlomme el. poll blir kalla Sveet. Skal tru om sveet frå først av var enten Auran eller også den trongare passasjen på motsett kant? At eit namn med tida kjem på glid så det sistpå gjeld ein annan, nærliggande lokalitet er iallfall eit velkjent fenomen (denotasjonsendring).

Svad og Svæd

Hos Ivar Aasen er det uventa lite å finne om ordet sve: Han har frå Nordmøre svad i tydinga "et Stykke aaben Sø, et Bassin som er omgivet af Øer og Skjær", og nemner elles berre svæd som avvikande uttaleform av svad (i allmenn tyding "svaberg") frå Sunnmøre. I "Skjergardsnamn frå Sunnmøre" (s. 146) seier Arnfred Slyngstad derimot uttrykkeleg at sva og svæ også kan tyde "ei vid grynne", og at "svæ" (den vanlegaste forma) dertil kan stå for "ei vidsveimd, slett, jamn grynnmark i skjergarden". Under oppslag Svenningen i Norsk Stadnamnleksikon nemner Jørn Sandnes at sve i Ytre Namdalen er brukt om opne fiskegrunnar. Det er forresten merkeleg å finne sve (han og inkjekjønns-ord) oppført i Tanums store rettskrivningsordbok i tyding "grunne" når den store Nynorskordboka berre har sve som jordbruksord (sjå seinare).

Det bør elles føyast til, at under svad med sideform svæd viser Aasen til gno. svæði n "aaben Plads", som er den allmenne tydinga også i islandsk: "ope rom på land el. sjø". Fritzner seier det litt meir avgrensa, nemleg "vindbart, vindhaardt Sted", mens Norrøn Ordbok (1975) har svæði i to tydingar, "open verhard stad" og "ope sjøstykke med øyar og skjer omkring". Det siste skulle etter mi forståing bli synonymt med flag, eit ord som blir brukt om litt andre lokalitetar enn dei som vanlegvis blir kalla sve, og det er vel Ivar Aasen som slår inn her? Den første tydinga – "open verhard stad" – får meg til å tenke på fiskarord som forland og strokland og uland. Det harmonerer ikkje heilt med sve slik eg kjenner det frå sjøens namn i Nordland der poenget er at sveet er grunt eller i det minste grunnare enn nærområdet elles.

Hos de Vriis er svæði litt for enkelt utlagt som "Meerbusen" (havvik, fjord), medan Íslensk Orðsífjabók forklarer ordet med "bersvæði, berangur; afmarkað svið" så vel som "opið, óvarið sjáfarsvæði" (ope, uskjerma havområde), nokså likt det som er sitert i avsnittet framfor.

Sve på landjorda

Best kjend er den tydinga sve har så lenge vi held oss til landjorda, det å svi av skog eller anna utmark og ta det avsvidde området i bruk som slåtte eller åker: nepesve, rugsve (Norsk Ordbok, notatkort frå Nordmøre og Trøndelag). Her har vi å gjere med ei sve lik ei svede (norrønt sviða f). Som stadnamn er likevel inkjekjønnsforma Sveet kjent frå store delar av landet. Såleis har Norsk Ordbok flg. frå Frosta, med stadnamndøme:"småbruk under ein gard - some tider eit nedlagt småbruk". Eit notat frå Leksvik går eit grann djupare i materien: «sve n. 1) kvistrask og anna tørt av småvokstrar (lyng o.l.) 2) rabbar og anna sekunda jord på/til innmarka?» Det er tydelegvis eit samandrag, for signaturen KK føyer til: "[uklåre notat, men det er eit levande ord]".

Sve om nedlagt småbruk eller om småbruk under ein (større) gard trur eg nok vi her nord stort sett assosierer med Austlandet. Mi eiga opplisting viser at Nordland har få bruksnamn av dette slaget, og det same vil eg tru gjeld Troms. Også der reknar eg med at oppkalling eller etterlikning gjer seg gjeldande innimellom.

Derimot er det tydeleg nok at sve har vore brukt som naturlandskapsterm mange stader i Nordland. Sveet er foten av ei aksel på gnr. 64 i Ballangen, og bruket Sveet på gnr. 66 i Hamarøy er lett platåforma. Sveet på gnr. 37 i Grane er ein flat, tungeforma avsats medan Sveet på gnr. 41 i same kommune er ein liten hals, mellom små dalar. Rokksveet er den avsmalka, flate enden av ein haug på gnr. 145 i Hemnes. Svean på gnr. 96 i Vefsn synest å vere låge pallar, Svean på gnr. 38 i Grane er små moflater, medan Svean eit par stader på gnr. 1 i Hattfjelldal er tungeforma platå og avsatsar. Svean på gnr. 47 i Lurøy er sandlende (og buplass); bruksnamnet Svean på gnr. 38 i Vestvågøy vedkjem frå først ein tilnærma tungeforma, flat rygg som strekker seg frå Oppdøl sørover til Gammryggelva.

Samansette namn der sve er nytta som utmerking er det vanskelegare å drage sikre slutningar av, jfr. Svelia (bratt, skogkledd) på gnr. 3 i Gildeskål og Sveliskogen gnr. 47 i Nesna så vel som Sveahaugen (med Sveahola sørom) på gnr. 37 i Bø. Vi kan merke oss at toppen av Svehaugen nordom Lattervika i Lyngen er lang, smal og flat.

Svean

Det ser ut til fleirtalsforma Svean her nord allstad har tonelag 2, og det inneber at ei tostavings form må ligge til grunn. På gnr. 34 i Dønna finn vi Nordsvean, ei framskytande hei, og Sørsvean, som er framskytande hyller visstnok med myr (men dette er samansette namn der vi ikkje kan slutte noko av tonelaget.) Tonelag 2 har i alle tilfelle Sveen, eit myrplatå på gnr. 12 i Saltdal så vel som fjellsida Sveen med rundvorne benkar på gnr. 30 i same bygd, likeins Sveen husmannsplass har vore (gnr. 97 i Steigen), som ligg like framfor lifoten og går slakt ned mot elva som gjer ein sving akkurat der. Omkring denne Sveen er enkelte knausar. Meir usikker er eg på Storsvea og Litlsvea på gnr. 77 i Fauske, kva landskapstypen gjeld.– Elles bør vi nok, som alt nemnt, rekne med at bruksnamn ikkje alltid fortel noko om landskapet på staden, men har sine førebilete: Det gjeld iallfall bruket Sveum (ikkje daglegnamn) på gnr. 19 i Steigen.

Fleirtalsform Svean med tonelag 2 skulle etter vanleg språkkjensle komme av eit han eller hokjønnsord, og tilbakeslutning på slump gir like lett hankjønn Sveen som hokjønn Svea. – At sve eigentleg er kortform av inkjekjønnsordet sve(d)e <svæði har sin parallell i «-kle-» kjent frå handkle, tørkle, åkle o.l.: Merk at fleirtal av klede <klæði har ub. f. klea, b.f. klean, begge med tonelag 2.

Svenamn i Grane

Ei klart avgrensa gruppe blant svenamna er desse frå innlandsbygda Grane: I tillegg til dei før nemnde svenamna som ikkje har med havet å gjere kan vi ta med Brattsveet, ein tungeforma bratt åbakke på gnr. 40 som er flat oppå, vidare Høgsveet, ein platåforma skogås på gnr. 49, dertil Litlsveet, ein skråning eller brink på same gnr. og Storsveet, eit nedlagt bruk på gnr. 54. Johansveet på gnr. 37 er ein flatvoren nase, Perokssveet er ein mo på gnr. 48 der Per sin okse(!) beita, Stormyrsveet på gnr. 49 er ein tungeforma pall, Litlmyrsvean er ei slette ved elva på gnr. 43, og endeleg kan nemnast Mølnhussvean på gnr. 36, ein tørr bakke som var utmarkslåtte. Individrelaterte namn som Johansveet og Perokssveet må tyde at sve har vore produktivt i namnelaginga i Grane fram mot vår eiga tid, og i det heile er svenamna langt meir talrike i Grane enn i noka anna bygd i Nordland, det eg veit. Litt forenkla står visst sve i dei fleste tilfella for tungeforma benk (avsats, pall, platå) ned mot eller nedpå undlenda, tungeforma ende på haug eller ås eller fjell.

Det er lite sannsynleg at desse namna kjem av svæði i tydinga "område", for alle teigar er då område? Sve som jordbruksterm (jfr. å svi av) gir betre meining, og det er uproblematisk at ordet smått om senn også er blitt nytta i "uegentlig" meining: Det same er tilfelle med stadnamnet Brenna, som praktisk talt ingen stad har konkret tradisjon om brann knytt til seg, og det same kan ein visst seie om det tilsvarande og mykje vanlege samiske roavvi, råevie. Så mykje om sve på tørt land.

Sve og flag

Det fortonar seg i alle fall som ein brå overgang når Hans Eidnes, på eitt av arkivkorta til Norsk Ordbok, opplyser at sve står for «ope havstykke mellom holmar og øyar. Såleis: Lyngøysve, Krøttøysve, Melløysve (alle Bjarkøy)». Han nemner døme som «han e tong utpå Sve'e i dag!» og «vi hadde to klør over Melløysve'e».

Stadnamnserien "Namn frå innmark og utmark" i Håløygminne år seinare viser at det kan vere tale om ein og same lokalitet Sve (Lyngøysve) – «havet mellom Bjarkøy og Lyngøy», omtalt med litt vilkårleg samansette namn (Håløygminne 1962: 21). Dette sveet, som ikkje er grunt, kan tilmed heite Leirvågsve (opplyser Vidkunn Eidnes), og det passar med plasseringa av namnet på kartblad 42 i "Det store Norgesatlas" (1992), ettersom alle dei øyane som parallellnamna nemner, er med på å avgrense sveet. Hans Eidnes, som er merksam på kva Ivar Aasen nemner under sva, reknar i sin ordboknotis sve som synonym til flag, sjå tidlegare, og har altså full dekning for det.

Eg noterer meg at Hans Eidnes nesten konsekvent skriv desse namna i ubunden form. På dei fleste kart er det omvendt så at bunden form (-)sveet er det mest vanlege. Men tenker vi etter, har vi i kvardagstalen heller ikkje alltid klart uttalt forlenging av e-en i bunden form av fe, kne el. tre. Sveholmen tett nordvest av Krøttøya (nemnd i namneserien) er litt meir tvitydig: Han utgjer saman med Spannsliholmen og holmegruppen Valan vestre avgrensing av eit lite flag – mot aust avgrensa av Russøya og norde neset på Krøttøya. Men forklaringa er helst at når du passerer Sveholmen austanfrå, kjem du straks på det store Sveet eller flaget mellom Flatøya – Gåsholman - Froholman i sør og vest og Svinøya - Svellingsdragan mm. i nord. Det kan vere Hans Eidnes' Krøttøysve, og då spørst det om Mel(l)øysveet finst på innersida av øyane.

Kor som er, det finst fleire lokalitetar i Troms der sve vil seie det same som eit flag:

Sveet er sjøområdet mellom Hillesøya og Edøya, ytst i Malangen: Det er ikkje heilt naturleg å kalle det eit sund, for rett nok er farvatnet nokså ope midt på, og her finn vi Mefjordbøen. Men både i nordvest og i søraust, der vi m.a. har Sveskjæran, er det fullt av skjer og grunnar. Ingen tvil om at dette sveet etter gjengs reknemåte er eit typisk flag, vel å merke ureint, men namnet Mefjordbøen fortel at også "fjord" kan svive i tanken.

Spensveet heiter etter tilgjengelege kart det korte, opne og nokså djupe sundet mellom Skorøya og Spena i Karlsøy. Eit mykje vidare havområde (eit svært så typisk flag) er Fugløysveet i same kommune, avgrensa av Fugløya i (nord)aust og Burøya Skorøya i (sør)vest. Heller ikkje dette er grunt, sjølv om det finst eit nokså stort grunnområde nærmare Burøya (Rundskjæret mm).

Men svenamn er også nytta om område der tilhøva er meir som ved Svebøen på Andeneshavet:

Skrovsveet eller berre Sveet er etter vanlege landkart å dømme eit sund, mellom øya Skrova og dei små øyane tett sørsørvest av Litlemola i Vågan. Men her er det ingen tvil om at namnet eigentleg har med grunnområdet like nordvestom å gjere, der vi finn Sveskjæran og fleire andre grunnar og bøar. Så bøyer då også leiene av, til kvar side av dette grunnsveet.

Svebøen i Karlsøy er ein 12 meter grunn båe, i nordvestre ende av eit større grunnområde. Litt austom ligg den såkalte Godthaldsklakken (les: «klakken som er eit godt hald»).

I reinare farvatn og djupare (22 m) ligg Svegrunnen litt nordom Lille Vinna (UnnaSkiččol) ved Hammerfest. Han står på overgangen til til sve namn av ein annan type:

Sveet i Bø er eit undersjøiske «nes» eller snag lengst sørvest på Innhavet. På sidene blir det mykje djupare, og slik sett finst ei slags avgrensing, men ingen holmar eller skjer gjer denne synleg (jfr. flag). Skatsveet i Flakstad er eit flatt stykke havbotn ut og vest av Kvalvika i Flakstad som er grunnare enn sjøområdet omkring, og likeins er Sveet eit vidt grynne synst på den lange ryggen Setan på yttersida av Moskenesøya. Heller ikkje her er det rimeleg å bruke flag som synonym.

Sør for Vestfjorden kjenner vi lettare igjen namnebruken slik han er i Troms:

Øyensveet er ein grunne eller undersjøisk topp i Husøyvær i Steigen (uvisst korleis utmerkinga Øyen- er å forklare).

Sveet heiter eit flag med fleire skjer og grunnar under gnr. 4 Brynnøya, Helligværet i Bodø kommune.

Svean er eit avgrensa lite skjer- og bøeområde midt på Landegodfjorden, mellom Landegode og Vågøya ved Bodø. Det er mykje djupare på nord- og sørsida.

Sveet heiter òg eit grunnområde vestom Pallvika under gnr. 76 Flatøya i Rødøy.

Kibakksveet (med ein skolt på 17 m), Nordsveet, Skallsveet og Moholmsveet er alle grunnområde under gnr. 19 20 i Herøy.

Baksveet, Kastsveet, Kvaløybaksveet, Skarvflessveet, Falkflessveet og Moklakksveet frå gnr. 101 i Vega er fall og havgrunnar og har iallfall delvis vore fiskeplassar.

Det ser ut til at dette namneelementet frå sjøsida blir meir og meir utbreidd dess lenger sør i Nordland vi forflyttar oss.

Vi kunne tenke at helgelendaren liksom sunnmøringen har visst å tilpasse seg: Ikkje nok med at han drog jordbruks-ord som "pall" og "tø(d)" ut på havet og brukte dei om det undersjøiske landskapet, men òg "bekk" og "veit", "skog" og "buske" – og kanskje like godt ein jordbruksterm "sve" i same slengen?

Ei tankekopling: eit sve på tørt land er grunnlendt og uslett, med lite produktiv vegetasjon – det gir sekunda avling – og eit sve på havet er kanskje også for grunt og uproduktivt? Tenkt slik kunne sjøens svenamn bli meir forståelege. Men tilnærmingsmåten er tvilsam, for med unnatak av nybyggarbygda Grane ser jordbrukstermen sve ut til å ha vore lite brukt i nordnorske bygder, og i inga kystbygd er dei friare namnelagingane på «sve» så vanlege at tydingsinnhaldet gir seg sjølv. Altså kan "sve" i sjøens namn ikkje ha stort med jordbrukstermen å gjere.

Dessutan kjem vi ikkje unna at Aasen som parallellform til svad n har svæd om "ogsaa en Klipperyg i Søen. Nordland. Sjeldnere om Klippegrund i Jorden.Valdres". Men merkeleg nok, eg har så å seie ingenting merka til dette sva(d) i dei sjøens namn eg har lagt inn i databasane frå Nordland, derfor vil eg påstå at avstanden mellom sva i gjengs meining «naken berg- og fjellflate» og svenamna frå sjøsida held seg stor.

I Ross' ordbok (som heile tida bygger på Aasens oppslagsord og utfyller desse) finn vi elles – under hokjønnsordet svæa f "jævnt skraanende nøgen og glat (blank) Fjeldside" osv. – ei tilleggsopplysning som det er lett å misforstå, nemleg «Svæe. 2) Bassin osv. = Svad 3). Senja: Svæ, Svæe (n.?)». Og mistydd er det blitt, for hos Torp kan vi under oppslaget svæa f 1. lese at i Senja (les Troms) vil ei svæa seie "sjøbasseng", dvs. flag, men «Svæe» hos Ross er neppe anna enn b. form av sve – altså det frekvente stadnamnet Sveet – som slett ikkje opptrer i usamansett hokjønnsform i sjøens namn, det eg veit.

Langt meir truverdig er det nyislandske svæði

n. i den særlege tydinga «blautt storr- (gras)enge eller om vått sandlende»: Det ligg bert i dagen, bokstavleg talt, at det er tale om grunt våtlende eller område der noko stikk opp. Her heiter det vel å merke også svæða f, som især i fleirtalsform svæður er nytta om "votlendt sandsvæði þar sem vatn vætlar [vessar, piplar] víða upp" (Á. Blöndal Magnússon). Magnússon nemner rett nok også at det finst ein samanheng med nynorsk svæe f «eyjum eða skerjum girt sjávarsvæði», altså flag, men ser ordslektskapen annleis enn Torp.

Slik eg ser det, gjer desse siste islandske termane på svæð- at tankespranget frå svad "bergflate" til sve nytta om grunnar og ureine sjøområde blir mykje kortare. Sve og sva er nok språkhistorisk i slekt, og til dømes er fronten eller havsida av Svebøen på Andenes både bratt og slett nok til å bli kalla eit sva. Kan hende er også fleire av havgrunnane kalt -sveet i Vega og Herøy bratte og slette nok til at same merkelappen kan høve, eg har ikkje greidd å få fram klåre nok opplysningar i så måte. Men endå om det skulle vere tilfellet, sit vi igjen med ein stor gruppe svenamn der aspektet svad(berg) er fjernt og der avstanden svad/svæd må vere større enn kva oppslaget hos Aasen kan få oss til å tru. – Tar vi i staden utgangspunkt i dei nyss nemnde islandske orda og tenker på "grunn våtmark", "urein bløyte" eller noko i den lei, er det lettare å forstå at orda også kunne komme til å stå for grunne sjøområde, jf. «blåmyra».

Eit sve på havet kunne vi med sideblikk til islandsk altså skrive svæ(d), men det har ikkje mykje for seg: Det norrøne ordet for ær(fugl) er æðr, men ein ekte nordlending seier ikkje anna enn ei e, og dei fleste ville nok finne det utidig dersom stadnamn på E- vart strengt normaliserte til Æd- Velkjent frå stadnamn er også krea "bekkekjøe", hos Aasen kræda, men no modernisert til krede.

Eit sve på landjorda er derimot opphavleg eit sved, eit avsvidd og dyrka område, sekundært også om landskapsformasjonar med ei naturleg avgrensing som minte om dei områda som folk såg seg ut når dei ville svi seg eit nyland, så som pall og platå, tungeforma benkar og avsatsar, fot eller ende på haug eller ås eller fjell (potensielle sve om vi vil). Ja, i ettertid er det like vanskeleg å seie om nokre av lokalitetane har vore avsvidde som der stadnamnet Brenna er ute og går. – Uttalen sve (norr. svið) kan vi i alle tilfelle samanlikne med den i brystsve (svie for brystet), vidare "eg fekk sånn svena over ryggen" (normert: svinad m), for ikkje å gløyme det utrykksfulle sveskolt (dumrian, tosk), eigentleg (svidd) smalahove?