OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Survika og Sjurvika

«Bøfjerding 2006, nyredigert

Av Finn Myrvang

Survika heiter ein gammal buplass under garden Sund i Malnes, gnr. 59, bnr. 4 i Bø. Om dette namnet seier «Norske Gaardnavne»: «Det kunde mulig være sms. med Adj. sur, barsk, ublid, om Luft og Vejr (Aasen): saaledes maaske en Modsætning til God­vik, der ligger længere ude i Malnesfjorden».

Der nordaveret får godt tak er det i utgangspunktet ein naturleg tanke. Vanskelegare å forstå er at livet i Survika var mykje verre enn på stader som Skatjorda, Heststranda, Selvågen, Jennøya osv. – Noko har heller skjedd med sjølve namnet, for i kyrkjeboka står Siurvigen tre gonger på siste delen av 1700-talet, t.d. i 1771: «Jordet finnen Elias Paulsen, Siurvigen, 45 aar» (Rolv Straume, Bø Bygdebok 3:174).

 

Geografien eller sjølve namnebruken er litt spesiell: Buplassen er ei lita vik ytst i den grunne og tronge men utanfor vidopne Survikstraumen, det vil seie på austsida, men på vestsida av straumen ligg Survikøra, aller inst. Rett nok også kalla Heststrandøra, men det første må vere rettare, for Survika ligg mykje nærmare (skrått over straumen) enn Heststranda gjer. Og denne øyra er godt vaska og reingjort av sjøen, med grus og skjeler og kuplstein.

 

Her må straks nemnast at der er ei anna vik i Bø som heiter Sjurvika, då vel å merke alltid med j, og det er vis-á-vis Skorvågen, på Søberg-sida. Her dominerer innslag av fast og laus stein av alle slag, men grus og kalksand er fråverande. Dette er ikkje ein gammal buplass, sjølv om det er lett nok å påvise spor etter menneskeleg aktivitet av fleire slag, også her kring Søbergshamn.

 

Lokalitetane med namn på Sjur- er særs talrike, og nokså snart tvingar den forståinga seg fram at dette er karrige lokalitetar der det har lite for seg å tenke på mannsnamnet Sjur = Sigurd for di dei er særs «steinrike», det er ikkje ikkje slåtteland, skoglier eller anna som matnyttig kan ha vore.

Ganske relevant er derimot den nordsamiske terrengtermen čiev'ra «grus, grov sand, aur». Qvigstad har ordet i tydingane «grov grus, kottmoll, kottmollfjære (Qv 161), el. og «(banke av) småstein», jf. skoltesam. čiur «grov grus». Annleis i kolasam. tšívvr, tšívr «rullestein»: tšívvr rynnt «strand dekt med rullestein», til skilnad frå mērr tšívr «sjø-rullestein». Med andre ord mòl både oppe på stranda og i eller utanfor flomålet.

Sjur-namna er talrike, vi får gå inn på nokre: I Sjurdalen i Ersfjorddalen på Senja ryr det ned mykje stein, ser det ut til, altså ikkje urd der steinane ligg heilt i ro. Litt av det same gjeld for Sjurdalen i Kaltdalen, Harstad, medan den lausmasse som Sjurfjellet i Kasfjorden måtte by på synest å vere oppå flataste heia. Der ryr òg ned mykje stein i sørkant av Sjurtinden i Øksnes.

På kart over Skotsætet i Ullsfjorden står namnet Sjurberget noko opp i fjellsida mens Čiev'ra om nokolunde same lokalitet er plassert nede på stranda, ved ei steinut fjære. Her kjem vi då inn på noko som går igjen, at langs strender der det finst kortare eller lengre strekningar med čiev'ra, der er det gjerne også bygd veg, så det er vanskeleg å få inntrykk av korleis naturtilstanden var. Såleis i osen av Sjurelva i Kaldfjorden, der det både er elveaur og noko rullestein. Sjurnesøya i Kulfjorden i Hamarøy er urørt av vegbygging, og der det er saktens steingrunn, men mest aur og grus.

Termen čiev'ra (tjieura) omfattar nokså mykje, som vi ser, og ein av definisjonane er «stenigt, grusigt land». Attpå til finst det talrike Sjur-lokalitetar som først og fremst er prega av meir og mindre oppsprukke eller iallfall uslett berggrunn, men ordbok-feste for ei så utvida tyding har vi ikkje.