OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Šuoššjohka, Šuoššjávri - og Sjusjøen?

"Håløygminne" 2-2014

Av Finn Myrvang

Elvar er frå gammalt oppfatta som noko ”levande” i landskapet og har derfor fått lydskildrande namn som Belja, Skvaldra, Tura o.l. Samiske elvenamn kan ha liknande opphav, synest det som: Lebesby har Šuoššjohka, som lenger ned skiftar namn til Sørelva og fell i Storfjorden. Det same heiter ei elv i Tana som osar i Vestertana.

Rett skal vere rett, på dagens kart står i begge tilfelle Šuošš-, men hos Qvigstad står Šuoršjokkâ. Han tar for Tana sin del med ei eldre kartform Suor’čejokkâ, dessutan ei skriveform Zhiursjok frå 1822 og viser både til šuor’šâ ”stokkand” og suor’če, šuor’če ”gaffelgrein”, utan å seie kva han sjølv meiner. Namnet på eit vatn i skilet mellom Karasjok og Kautokeino er derimot stava Šuoš-jaw’re, av Thor Frette modernisert til Šuoššjávri i Norsk Stadnamnleksikon med kort vising til šuošša ”samtalesurr, skravl”, framleis utan nærmare grunngjeving.

Her stussar vi, for ”samtalesurr, skravl” gir saktens meining når det er tale om ei elv som lagar skvalder, men ein innsjø? Er det kanskje meint sjorret av store fugleflokkar, evt. av insekt? Dette "samtalesurret" er så kryptisk at vi nok med fordel kan gjere eit streif sørover, på begge sider av riksgrensa, om så var at vi skulle oppdage liknande namn der.

Sjusjøen i Ringsaker er ganske stor og ligg ope til, med slakt hallande strender. Det har også Sjusjøen i Tolga, som elles er mykje mindre. Meir i skjul mellom åsar ligg Sjusjøen i Sigdal, nokså jamstor med Sjusjøen i Tolga.

Namn som Sju- eller Sjuan(de)-, Sjuen(de)vatnet her og der i landet heng jamt saman med ”nummerering” av vatna i vedkommande vassfar, men slike namn er neppe gamle, vi kan lett få mistanke om at kartstudium ligg bak. Eit unnatak kan Sjuvasstjerna i Flesberg vere, med sekundære namn Sjuvasstjernbekken og kanskje mest interessant Sjuvasslia, ikkje *Sjuvasstjernlia. Her kunne –tjerna vere eit forklarande tillegg til eldre *sjuvatnet, eller er Sjuvass- kun omtolking av eit eldre namneledd som slett ikkje inneheldt ordet 'vatn'? Tjønna ligg i ope fjellmyrlende i lag med fleire tjønner som ikkje er nummererte på tilsvarande måte, likså lite som dei tre Sjusjø-ane er det i høve til andre vassamlingar i sine nærområde.

Tilfredsstillande tolking av Sjusjø-namnet gir korkje Norsk Stadnamnleksikon eller andre kjelder. Derimot har Björn Collinder i «Ordbok till Sveriges lapska ortnamn» eit oppslag sjuves, gen. sju(v)á, jfr. sjuvái, genitiv sjuvvaha ”något som är färskt och varmt, ej har hunnit frysa eller torka eller hårdna" (dessutan sjuvái-láhttú "skidspår som ännu ej hunnit frysa eller hårdna"; merk òg verbet sjuváituvvat "bli färsk (om spår i snön); säges, när spåret blir allt färskare, alltefter som man närmar sig t.ex. jaktbytet eller renanarna").

I Grundströms lulesamiske ordbok o.a. finst fleire utfyllande former, men berre Collinder legg fram stadnamn-døme, som Sjuvá-jáu’re frå Arjeplog og Sju(v)ápuouta frå Jokkmokk, med det nyleg nemnde sjuves, sju(v)á i tydinga «villig». Truleg er det tale om lokalitetar som gir av det dei har og ikkje lar fiskaren eller jegeren fare tomhendt heim?

Vi kan forresten skrive namna slik dei no står på karta: Sjønamnet Sjuvá-jávrre finst som sagt både i Arjeplog og Jokkmokk, og Sjuvájåhkå (”Sjuvabäcken”) fell inn i sistnemnde, medan fjellet Sjuovábuovdda ligg på motsett side av sjøen. Eit fjell i Arjeplog har endå kortare namn: det totoppa Sjuva med småvatna Paggejauratj tett sørom.

Med skrivemåten Sju(v)á-puouta for Sjuvábuovdda markerer Björn Collinder at v-lyden i stadnamn på Sju(v)á- kan forsvinne i uttalen. Då er det lett å fatte mistanke om at liknande stadnamn på norsk side lenger sør kan vere endå meir avkorta. Kva ville norsktalande få ut av eit namneledd Sjuvá->Sjuá-, anna enn at det må ha med talet 7 å gjere? Sjusjø-namna treng altså ikkje vere numerale, sannsynlegvis gir dei litt meir matnyttig informasjon.

No er det, som vi har sett, ikkje eintydig kva den informasjonen går ut på. Det kan bli tale om innsjø eller bekk eller beiteland som ikkje frys til eller tørkar ut. Tydinga ”villig (att göra något)” gjeld jo primært sinnelag hos menneske eller tamdyr, men det er nærliggande å tru at gjevmilde bekkar, elvar eller vatn vart personifiserte på same vis. Heller ikkje bør vi hoppe over verbet šuvvet i tyding ”give Plads, gjøre Plads for” (Friis), ettersom det kan høve for lokalitetar som har kapasitet, som kan rømme mykje, er romslege (jfr. tydinga ”villig”).

I nordsamisk er namneleddet tilsynelatande ukjent, kan hende med eitt unnatak, då Šuovoš- eller Šūvuš- eller Šūveš-luok’ta er samisk namn på Kvænvika i Alta (Qv 1938: 131). På dagens kart står det Kvenvika, og Kvenvik om busetnaden. Like sørom grenda ligg Kvenvikvannet, samisk Čuvošjávri, med ukjent tyding. Čuvoš- stikk av mot Qvigstads namneformer, dei liknar meir på det før omtalte sjuves. No er Kvenvika vid, med sandstrand i botnen.Var det tenleg ved setting av båt, eller var det gode fiskeressursar utanfor?

Då er vi tilbake ved Qvigstads Šuošjaw're: Er det eit avkorta Šuo(vo)š- på line med namneformene Qvigstad nemner frå Kvenvika? Går ikkje vassnamnet på lydfenomen, men noko meir konkret og matnyttig?