Gnr. 26 i Hadsel kommune ber namnet Sløvra |''ṣḷøvra|, med tostavings tonem (men ikkje heilt støtt). Namnet har rimelegvis norsk opphav. Merknadene i NG lyder: «Ligger ved en Aas Udløb i Sløverfjorden. Sandsynlig egentlig et Elvenavn *Slufr, som ogsaa har efterladt sig Spor i nogle sammensatte Stedsnavne». Det blir òg vist til Norske Elvenavne s. 234 «hvor det formodes, at Elvenavnet betyder «den slubrende» (NG 16:359). Spora Rygh er inne på, går i første rekke på Slørdalen i Hemne (Orkland) og på Slørstad i Akershus, med mellomnorske skriveformer af Slafradale, Slauerdal, i Slaufrastaudum: Eit primært elvenamn Slǫfr el. *Slufr er fullt tenkeleg i desse tilfella, men kva er det konkrete innhald i «den slubrende»?
Det er lett å bli tvilande i møte med Ryghs systematiske søk etter elvenamn når han vil tyde gardsnamn i Vesterålen og Lofoten, men i Sløvra sitt tilfelle er nok skepsisen ugrunna: Elva i Sløvra renn ut frå ei urd i fjellsida (eit gammalt ras) og breier seg ut over eit skrånande flog. Ein kan seie at ho «slørrar» utover, eit ord som iblant blir nytta om slike situasjonar. Sikkert er iallfall at ho gir lyd frå seg, eit sterkt sus, så helst var namnet lydhermande (onomatopoetisk). Ein klar parallell er elvenamnet Sluf'sa, gen. Sluvsa, av Qvigstad registrert som samisk namn på bruket Maken i Tromsøsund hd. (Qv 1935: 69), men der med sørlegare ånamn-parallellar som Slufsa i Tafjord, Slufsa lik Slufså i Norddal og Slufsedøla i Årdal: Det lydhermande å slufse |''ṣḷofse| «plaske; slurpe» vil mange kjenne att.
I Sløvra sitt tilfelle ymsar skriveformene litt: Sluffrenn (og Shiffrenn[1]??) 1567, men Slubøen 1610, Sluberøenn(!) 1614, Sloberen 1647 og 1661, Sluboren 1698 (introd.), Slobren 1723, Sløvern 1754 (dåp), Sløvern 1813 (konf.) og 1815-16 (dåp), derimot Sløveren 1817 (koppevaks.). Interessant på litt anna vis er også meldingar i «Vesterålens Avis» år 1910 om tvangsauksjon over same gard, som 26. juni er kalla Sløvra, 1. juli Sløvren, men 30. des. atter Sløvra. Vi aner at det er i ferd med å vekse fram større aksept for målførerett norsk namneform. Meir påfallande er overgangen frå Sluffrenn 1567 til Slub-, Slob- på 1600-talet og så omsnu frå Slobren 1723 til Sløvern 1754. Lydproporsjonen minner tydeleg nok om den vi har i gno. lifr (organet «lever») kontra samisk låneform lib're, leb're, for berre å ta eitt døme.
Kunne noko anna enn elva ha gitt namn til garden Sløvra? Det var sterk straum i Årnøysundet før, der var aldri islagt. På Sløverfjorden lå isen vanlegvis ut til Sløvra, men då vegvesenet bygde Sløvertunnelen, stengte dei mest heile sundet då dei bygde brua over til Årnøya. Straumen i sundet er sterkt redusert, fjorden
er langt mindre rein, og både Årnøystraumen og Sløverfjorden no islagt i frost-periodar, ofte heilt ut til Floktsundet. Det fortel Oddmund Vilhelm Rasmussen, ca. 80 år gl. fiskar frå Sløvra, som likevel meiner at garden har namn av elva.
Opplysningane om straumen fell det naturleg å samanlikne med nords. šluppar (šlubbar, akkusativ šlubbara) om «sted i elv, hvor strømhvirvler fra forskjellige kanter møtes», i fleirtal «uregelmessige bølgeskvulp som oppstår ved at strøm-hvirvler fra forskjellige kanter møtes». – Såleis etter Konrad Nielsen, «Lappisk (samisk) ordbok» b. 3: 657. Interessant er også verbet šluppardit "boble, putre" (om grautgryte)», men også: det å prate tull (jf. Bø-mål: «det va berre bubbel»). Det slår ein at der NG har ei lauseleg namnetolking, framstår den nordsamiske meir presis. Ho kan truleg også vere relevant for elva som sprutar utover floget.
Sløvra med tonelag 2 kunne vel vere fornorsking av ei eldre samisk namneform knytt til elva, evt. straumen – studer 1600-talsformene! Det talar neppe imot at sjølve gardsnamnet i nyare tid er notert med samisk uttaleform Slurvē, flt. (Qv 1938: 201): Merk at gno. hafr «bukk» fanst i var. habra og habres i sørsamisk, hábres i lulesamisk og hábris i Tysfjorden og Hamarøy, men i Ofoten og lenger nord også harves (Lehnw. 190). Vi kan også ta med eit anna stadnamnelement, gno. gafl «gavl», i sam. låneform gab'lē, men omkasta i Gal'vē som samisk namn på Gavlen = Andgavlen (Lehnw. 158, Qv 1938: 202).
Rygh sette som nemnt gardsnamnet Sløvra i bås med Slørdalen m.fl., kan hende med rette. Merk at garden er kalla Sluffrenn [2] i 1567, det kan innebere at namnet også i dette tilfellet er norsk, men når vi ser på skriveformene av gardsnamnet Sløvra frå 1600-åra (Sluberøen o.l.), får vi samstundes grunn til å nemne dalen eller snarare kløfta Šluppargorsa i Porsanger (med Nielsens ortografi Šlubbar-), tett ved bratte fall i ei lita elv som lenger ned tar opp bekken Saltánjohka.
Når alt kjem til alt, er det germanske språk og ikkje samiske som har ordformer som skrensar innpå dei gamle skriftlege formene av gardsnamnet. Her kan bl.a. nemnast eng. slobber «slevje» (både nomen og verb), nederl. slobberen «sikle» og nederty. slubbern «slurpe i seg, slikke opp». I tillegg finst eit arsenal av ord med liknande tydingar (Torp, slubba). Orda slurpe og slufse har ei lydleg side!
Sam. suolu blir normalt omsett med «øy», men ofte blir «holme» like dekkande (Qv 829): Tett utanfor garden Sløvra ligg Sløverholman, éin ganske liten og den andre stor. Gardsnamn-formene Slubøen år 1610 og Sluberøen 1614 kunne vere meir enn slump, for i sms. namn med sisteledd -øya skjer iblant uttalereduksjon slik at berre hokjønnsartikkelen -a står att, men lokalt er der ingen tradisjon om busetnad på desse holmane. Derimot er der på fjordsida av den største noko dei kalla Kavlhella, og der brukte dei å legge åt med båt.
Takk til Ragnhild Sandøy og Oddmund Vilhelm Rasmussen for hjelp med denne utgreiinga.
Garden Sløvra (med markør) og Sløverholman ligg ved Sløverfjorden. Om lag midt i biletet den vinkelforma Årnøya med sundet stengt av vegfyllinga. Oppe i venstre hjørne Fiskebøl i Hadsel kommune
Finn Myrvang
[1]Håløygminne 1939 s. 394.
[2] Jf. kanskje også Slufferøya, ein låg holme i Nærøysund med ei trong renne i nordenden.