OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Slønda, Slønga

Av Finn Myrvang

Sløynnemyra |"sløᶇemy:rå| ved Knyk i Sømna var ei diger blautmyr, med pøyler og sumpar. Delar av ho er tørrlagt og dyrka. Jf. sørsam. sluntje (sjlunjdje, sjlünjdje): vassdam, pytt, i anna dialektform slååntje (sjloondje): skikkeleg blaut myr, vidare slïntje: større og mindre vasspyttar her og der – og slïntje-pluevie: blaut, slett starrmyr med få tuver (Bergsland og Magga), òg stava sjl'lïndse-bluövie “ebenes, nasses, mit Riedgras [= storr] bewachsenes Moor', “nasses, wenig höckeriges Moor' (Hasselbrink).

I Sløynnemyra(n) sitt tilfelle har tydinga «myr» halde seg, men ofte nok er samanhengen fordunkla: Sløynna som namn på ein ås ved Geiterøyvågen i Rødøy kan vere opphavleg namn på myra attmed. Og når Sløynna eller Slønga blir oppfatta som eit anna namn på Rangsundtuva i same kommune, er det kanskje eigentleg namn på alle myrpyttane i området tett aust og nord for tuva.

På vestsida av Meøya i Røst er Sløynnpurka anna namn på Løynkeila, ein tang-grodd fløval så vidt roande på full flo, men tørr med berre enkelte pyttar på stiv fjære; -purka er visst norsktilpassa frå dialalektisk sam. buorka «smalt, kort sund». I Myken i Rødøy har dei det ureine området Nord- og Sør-Sløynna der det no er bygd molo over. Sundet Sløynna i sørkant Oterholmen i Rødøy er også ureint og trongt. «Grumsut» og grunt er det òg kring skjera Nord- og Sør-Sløynna ved Moholmen, Skjærvær i Meløy, og Sløynna tett sørom Skjærvær i Vega er ikkje det slag likare, etter det flyfoto avslører. Uklart er det evt. sambandet mellom sørsamisk sluntje og slïntje og sjlieŋú, sjlienjú «langgrunn, utgrunn, lite djup» (OSLO 196, jf. slenjo, Lindahl og Öhrling 418), men den siste tydinga er dekkande for både sunda, skjera og holmane som nyss er nemnde.

Uttalen i Bolga i Meløy av lokalitetsnamna Nord- og Sør-Slynda held på ein uttale med y, i Åsværet i Dønna er det likeins ei øy som heiter Slynda, dativ Slynden, men ein uttale med ø dukkar også opp hos enkelte. Kanskje er det berre eit generasjonsspørsmål før denne blir vanlegast.

Norsk skriveform for fleirtalet av desse namna treffer ikkje ganske, enten du skriv Sløynna, Slønda eller Sløngja: Den første fungerer nok best for så vidt at han gir assosiasjonar med dialektisk tjøynn (med palatal n) for tjønn, tjørn. Iblant har uttalen gått over til Sløng- med «hard g», så som når det gjeld Slønga på Rangsundøya i Rødøy, dessutan kan nok Sløngli-tjønna og -heia i Bjugn nemnast.

Elles ser det ut til at den samiske forma slïntje gjer seg gjeldande i sør, t.d. Slengslåttlia i Levanger og Slengflolia i Lierne, på Austlandet dertil Slengtjenn og Slengtjennmyra i Eidskog, myra Slenga i Aurskog-Høland og Slengfemosen i Oslo kommune – les *Slengfenmosen.