OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Skjøre dalar og lier?

 Av Finn Myrvang

På Moldjord i Beiarn har dei eit område som heiter Skjørdalen |''sjørr-| eller eigentleg Skjørdalan: Før snakka dei om å «gang' Skjørdalan», det var i tider før der kom veg. Det er eit utprega erodert strekning der små bekkefar har etterlate seg dalkrokar over eit relativt stort lokalområde. Skjørdal heiter også ein gard i Sande, Vestfold, likeins med erodert terreng. Det same gjeld for Skjørdalen i Verdal, då ikkje å forveksle med Stjørdal(en).

Ser vi nærmare etter, finn vi at erosjon òg pregar terrenget kring Skjøråsen i Dønna, så vel som området inst i Skjøråsvika i Leirfjorden, for ikkje å snakke om Skjørlian i Rekdalen i Vestvågøy og den mest like eroderte Skjørlia nordom Skar i Skjerstad.

Kva fortel så namneleddet Skjør(r)-? I våre dagar har folk på grunn av masseturismen tatt til å diskutere slitasje på landskapet, men 'skjøre' dalar og lier og åsar lyder nokså uvant.

 

Frå strøket Jæren – Agder har Norsk Ordbok fleire glosar som kjem oss til hjelp her: ei skjøre er ei ripe, eit langt sår, vi kunne og seie langt klor, lang rift, skråme, og det å skjøra er å lage ei slik. Ein stad der dei grev eller skrapar etter grus eller sand kan òg bli kalla eit skjør.

Dette får brikkar til å falle på plass, for erosjon pregar òg lendet på gardane Skjørberg i Eidskog og Skjørlia i Nordre Land og endå klarare Skjørtorp i Rakkestad. – Namnet Skjørbekken finst fleire stader frå Trøndelag og sørover, og nemnde forklaring høver framifrå og er særskilt treffande for det «såret» i landskapet Skjørbekken i Surnadal lagar. I Trøndelag finst ein fjord Skjørin: Fjellet på tverrlandet inst i fjorden, mellom armane Nord- og Sunnskjørin, er fullt av sår eller «kutt». Stort sett det same gjeld for berggrunnen på mesteparten av Skjørøya i Bjugn.

I Nordland med har vi fleire Skjør-lokalitetar enn dei vi hittil har vore innom. I Vefsn har dei ein nedlagd buplass Skjørlægda attmed ei smal innskjering i berggrunnen, og til Skjørpallen i Rana sluttar det seg ein djupt nedskoren bekkedal. På Hadseløya har dei Ongstadskjørdalen som er liten og trong (lokalkartet er lite detaljert) og går over i Ånnstadskjørdalen på hi sida, berre med ei lita høgd imellom. Dessutan burde fleire andre lokalitetar i Nordland med namn på Skjør- få ein liten omtale, men kartfestinga manglar både for Skjørbostmyra i Nordfold, Skjørlihågen i Fauske, og Skjørhuken el. -buken som skal vere eit bratt platå i Melfjorden i Rødøy.

Kartfesta er derimot Skjørsteinen i Borge, brukt til méd. Han ligg på undlenda nedst i fjellfoten nord i Steirapollen: Frå Setesdal er opplyst at ei skjøre også kan vere flekk eller lys stripe i stein, så kanskje er vi på rett spor i det tilfellet med.

Kor dei språklege slektningane til skjøre (med kort vokal) finst, er uvisst, men vi kan nok komme i tankar om bl.a. skòr (skårr). Lågtysk schore, schöre «sprekk, rivne» har vore nemnt, men kan iallfall ikkje beinveges vere opphav til Skjør-namna. Lat det også vere nemnt at gardane med namnet Sky(r)rud fleire stader på Austlandet ligg i erodert landskap.