OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Sjutomstjenna

Av Finn Myrvang

Sjutomstjenna i Åsnes ligg i eit stort våtmarksområde mellom Järpliden i Sverige og Possåsen på norsk side, knapt 600 m frå grensen. Namnet vekker undring. At Sjutomfortel noko om storleiken på tjønna er usannsynleg, dessutan var ikkje sjutoms spikar ein kurant dimensjon på line med tretoms, firtoms og femtoms. Namnet på tjønna er nok langt eldre enn standardiserte dimensjonar.

Kring tjønna er det tømmerskog, men boniteten er under middels og gir ikkje tømmer av grov dimensjon. Dette sagt med tanke på sjutom som ev. gammal skogbruksterm: «Der du nå har vane for å finna ein sjutom, kunne du hogge tri stokker tå tree å enda få toppstokker på atten tommer» (Norsk Ordbok, jfr. Årbok for Glåmdalen 1964: 50). Den avvikande skriveforma Skydomtj. på rektangelkartet 1895 gir dessutan tydeleg vink om at Sjutom- må vere omlegging av ei eldre, uforståeleg namneform: «Ein kan vidare undre seg på om det kanskje er finsk utmerkingsledd i namnet» (Venås 1987: 432).

Den sørsamiske endinga -me (sml. -mie) lagar verbalsubstantiv eller preteritum partisippformer som blir nytta substantivisk. Dei verbalsubstantiviske formene blir iblant brukt som sjølvstendige substantiv, t.d. jaam'eme «daude, død» av jaam'edh «døy», jiel'eme «liv» av jiel'edh «leve», jijt'eme «soloppgang» av jijt'edh «vise seg» (Hass. b.1:171). Ei tilsvarande pret. part.-form er sjïddeme, til sjïddedh «werden, geschehen, gemacht werden; bleiben, sein; wachsen, sich entwickeln, entstehen»: Frostviken har også uttaleformer på sjo-, sju- (Hasselbrink 3: 1145f). Som eit samansett døme vil vi ta med sjadteme- eller sjïdtemesijjie «oppvekststad». I utgangspunkt kunne vi tenke på ein vassplante, eller eventuelt molteplanter, sml. den sørlege sms. sjïdtielaadtege «moltekart» (Bergsland og Magga 1993), og «Latenåsen» nordom Tørberget i Trysil. Søraust for Sjutomstjenna ligg Blomtjenna, som klart nok har med planteliv å gjere.

Frå ein lokalkjent informant kjem opplysningar som likevel kan peike i anna lei: «Jeg vet ikke hva navnet kommer av, men tjernet er fullt av abbor, og det går også gjedde der. Jeg synes at abboren der er av størrelsen "tusenbrødre" og litt større. Det blir jo 17,5 cm (7 tommer), og det [navnet] kan være oppstått på grunn av fiskestørrelsen».

Her trengst utfyllande opplysningar om åboren: «Hannfisken vert sjeldan over 200 g, medan hofisken kan verte over 2 kg. Vokster og storleik skifter elles mykje frå stad til stad. I sume vatn kan det kry av liten og ikkje matnyttig åbor («tusenbrør»). Dei øydelegg egg og yngel og et opp maten for meir verdifull fisk». På same vis:: «I vatn der åboren når ein rimeleg storleik, er han ein framifrå matfisk. Men i vatn fulle av «tusenbrør» ... er fisken verdlaus, og ein prøver da å rydja ut åboren for å skapa livsvilkår for auren» (Norsk Alkunnebok 10: 1318 og 4: 298).

Merkverdig nok, dette same tusenbror- (evt. eit forkorta *Tusen-) er ikkje utmerking i vassdragsnamn nokon stad, er det likt til, og heller ikkje tjønn-namn med utmerkingar som Femtoms-, Sekstoms- eller for den del Åtte-, Ni- eller Titoms- gir treff hos Kartverket, så Sjutomstjenna alias Skydomtjenna er og blir ei einstaka namnelaging, og vi finn heller ikkje noko sørsamisk ord som med same tyding som «tusenbrør».

Kva er grunnen til at namnet ikkje vart Abbortjenna eller evt. noko på sørsam. sïhtege «abbor»? Årsaka kan vere så enkel som at det ikkje er tale om matsøkande fisk, berre om jamstor småfisk som ofte kan gå i stim i ei og same tjønn, for ein ho-fisk på 1 kg kan legge opptil 200000 egg. Tjønna blir då ikkje berre eit oppvekstområde for abbor, men er del av eit område som har stor artsrikdom med bl.a. fugleslag som trane, hugs også dette med molte. Namneleddet sjydem-, sjudem- (vilkårleg omtolka til sjutom-) «oppvekst-, vekse-» fortel kanskje nettopp det.