OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Silda – litt til

"Håløygminne" 4-2015

Av Finn Myrvang

«Øynamnet Silda» i Hm. h. 2-2015 bygger på opplysningar Qvigstad gav i «Nordische Lehnwörter» om samiske former av namnet. Han viste òg til sam. salled «sild», som er eige oppslagsord i boka, så han ville tydelegvis ikkje innestå for at øynamnet har noko med fisken å gjere.

Eg burde ha tenkt meg meir om og slått opp i stadnamnsamlinga hans for Finnmark og Nordland frå 1938, s. 68-69, der vi finn fleire interessante tilleggsopplysningar, så som at Sildsporden i sør òg har vore kalla både Sildspolen og Spelen, på land- og sjøkart, i samisk Gal'vegæčče, og at Sildmylingen alias Sildnebben i nord tilsvarande både var kalla Sil'degæčče og Dii'na, men tilføydd at Sildnebben også «kalles av Isak Olsen Zieuia.»

På kvart sitt vis er alle desse namneformene svært interessante, og på dagens kart har faktisk Diidna som samisk namn på Sildnebben kome med, men kva sjølve øynamnet gjeld er det større grunn til å fokusere på opplysninga om at Ivervær, «alm. kalt Silla», på samisk heiter Stuora-Sil'da «storsilda», i dag skrive Stuorsildi. Mellom Hǫll-æv'ro Holøra og Ut'ter-værra Yttervær er ført opp Sildagad'de «Sillalandet». Namn frå austsida av øya er opprekna frå sør mot nord, så det er vel strandstrekninga mellom desse to væra det er snakk om, neppe heile austerlandet på Silda, frå Larsvær eller meir, og det skal vi merke oss, den aktuelle strand-biten ligg i all hovudsak rett ut av Sildadalen.

Ivervær er ingen naturformasjon, så det er og blir urimeleg å tenke seg at Stuorsildi, kortform Sildi / Silda, har noko med kroppsforma på sild å gjere. Derimot var kanskje Ivervær og Yttervær kalla for Silda eller Silda samnemnt, presisert Stuorsildi når det var snakk om Ivervær åleine, av di Yttervær var mindre? Om desse ting veit eg ikkje meir enn det sjølve namna lar meg ane. Eg bit meg merke i at av dei to dalsøkka som før er nemnt, Sildadalen (Sirddavággi!) og Ytterværdalen, er førstnemnde det største (vidaste). Dersom tolkinga av øynamnet Silda frå seild, seld «(inn)søkk, deld» stemmer, blir *Storseildi eit naturleg opphavsnamn på Sildadalen samanlikna med den mindre Ytterværdalen.

Frå gammalt av kan det ha gjort liten skilnad om du sa Ivervær eller *Storseildi, men då nynamnet Sildadalen tok til å feste seg, vart dei to første namneformene nesten synonyme. Stafettpinnen lar vi gå vidare til dei som har den lokalkunnskap som trengst. Det gjeld i grunnen òg teorien om at Silda har namn av selveide i gammal tid: Det burde det vere råd å ettervise i gamle rekneskapsbøker eller via andre stadnamn mynta på sel eller kobbe, vel å merke dersom det er substans i teorien.

Sist nemnte eg også eit par merkelege fjellnamn på Silda- frå Rogaland og jamførte Sildfjellet alias Silldevárre inst i Skjerstad. Her oversåg eg at Qvigstad faktisk korrigerer desse kartnamna og skriv Sil'davārrē. Det styrker jamføringa med Rogaland og gjer det i neste omgang endå meir sannsynleg at vi bør tenke i tilsvarande banar når det gjeld øynamnet i nord, trass i at formbruken der framstår som meir skiftande, med Sil'da og Sil'de, Silda-gad'de men Sil'de-gæčče, alt i Qvigstads ortografi. I tillegg må nemnast det på karta seinare innkomne Sirddavággi for Sildadalen.