OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Senja - ho som strekker seg?

"Håløygminne" 2-2012 

 

Av Finn Myrvang

Dei samiske øynamna langs leia og utmed havet er, “om enn av forskjellig alder, alle lånt fra norsk”, opplyser J. Qvigstad i innleiinga til si samiske stadnamnsamling for Troms fylke, trykt 1935. Men norsk eller ikkje, øynamnet Senja er framleis utolka. Ei oppsummering i Norsk Stadnamnleksikon fortel at den eldste skriveforma vi kjenner til, er det diplomatariske Senionne (les Senjunni) år 1367, og så akkusativforma Sennien frå 1490, dessutan at namnet språkleg kan høyre i hop med gno. sundr adj. “sund, ifrå einannan”. Vi får også vite at At Oddvar Nes har avvist Sophus Bugge og Ragnvald Iversen si tolking Senja = “beiteøya” som språkleg umogleg.

Ragnvald Iversen var fødd i Tromsø 1882 og skriv i innleiinga til “Senjen-maalet” (1913) noko om sjølve øynamnet som ved første gongs gjennomlesing får enkelte til å stusse: “Nu heter øen Sæn´ja (eller i visse tilfælde Sæn`ja, hvorom senere)”. Her seier han med andre ord at øynamnet vanlegvis har einstavings tonelag, men tostavings i visse tilfelle [med mindre aksentane skulle vere bytta om under trykkinga?] Som andværing ville eg i utgangspunktet seie at tostavings tonelag er det einaste vanlege, men Iversen visste tvillaust kva han hadde høyrt. Det rår elles ei viss usemje om kva som er rettast av Senja- eller Senjehopen, det skal vi ikkje gå inn på her.

Iversens “hvorom senere” viser til s. 23 i «Senjen-maalet» der han tenker seg at når gno. *Háey(in) “høgøya” i sterkt samandregen form lyder Håja og “nu har enstavelsestone, maa det komme av at det er blit opfattet som et enstavelses hunkjønsord i bestemt form ental”, som bo´ka. I fotnote seier han også at einstavings tonelag i namn som Senja og Ørja m.fl. vel bør forklarast tilsvarande. Det må innebere at tostavings tonelag er det opphavlege, men at einstavings er det vanlege? At det kan vere meir enn ei meining om det siste, kva begge namna gjeld, får så vere. - Iversen har fleire merknader om avvik i tonelag, men kjem ikkje inn på potensiell samisk påverknad.

Det er ikkje lett å finne namn eller ord som minner om øynamnet Senja. Det måtte då vere Fenja og Menja, dei ovsterke jøtul-trælkvinnene som mól ulukker på trollkverna Grotte og gol trollsongar til! Fleire har prøvd å tyde desse mytiske kvinnenamna, men utan hell, og det har kanskje ikkje stort for seg å nemne at sørsamisk mænnja tyder “svigerdotter” (brukt i vid meining), nordsam. mannji. Å ha i bakhovudet at samiske motiv iblant dukkar opp i segn og soge er ikkje unyttig, ei anna sak er om det er til noka hjelp i dette tilfellet.

Kor som er, samisk namn på Senja er i flg. Friis ordbok Sažža,, og korrekt nordsamisk skrivemåte i dag er Sážža. Men øya kunne i flg. Friis også heite Sažžasuolo med forklarande etterledd -suolu, svarande til -øen i det diplomatariske Senneøen frå året 1541. - 1935 nemner også Qvigstad Sažža, med eit tenkt urnord. *Sanja som utgangsform (etter K. B. Wiklund). I eit privatbrev frå 1982 til meg sluttar Thor Frette seg til det resonnementet at eit nordisk *Sanja regelrett gir sam. Sážža, men føyer til at ein nordist må vurdere om ei slik nordisk namneformn er tenkeleg.

 

 

 

Eit slikt nordisk *Sanja ligg den noverande forma Senja nær nok, men ei sannsynleg tolking av forma *Sanja er det verre med. I mellomtida – det vil seie medan nordistane leitar - noterer vi oss at Friis” ordbok og fører opp verbet sažžeset (frå svensksamiske dialektar) i tydinga “strekke seg”: Med den føresetnaden at øynamnet og verbet er i slekt(?) er det no rett påfallande kor godt dette passar for den sundskorne Senja, som tøyer sine oddar og halvøyar på rad og rekke langt ut i havet. Ingen stad er det meir utprega enn ute ved Malangskjeften, og det er no eingong så, at meir enn eitt utgammalt øynamn synest ha sitt utspring i det inntrykket du får av vedkommande øy ute frå opne havet.

Vel nok er det så at det lett blir misvisande å legge fugleperspektiv til grunn for tolkinga av namna på store øyar, men dei lange, smale halvøyane lengst nord på Senja kunne ingen oversjå når dei kom seglande, same kva synsvinkel. Men om vi så ser bort frå alt som kan kallast fugleperspektiv, er det også på denne kanten av øya nøgda med tindar som strekker seg bratte til vers. Ingen av dei fell meir i auga enn dei ville Okshornan – jamfør Berg kommunes logo – og tett innafor ligg Senjahopen.

Tradisjonell oppfatning synest vere at i den perioden nasale lydsamband var vanlege i (ur)samisk, vart namnet *Sanja lånt frå urnordisk. Seinare kom den samiske denasaleringa til, som endra det nordiske innlånet til Sážža, medan *Sanja vart til Senja på norrøn tunge. – Men kan det tvert imot vere så at urnordisk lånte frå ursamisk ei namneform med nasal og heldt denne ved lag, medan seinare denasalering i samisk endra den opphavlege namneforma til Sážža der?

Det spørst framfor alt om likskapen mellom øynamnet og sažžeset “strekke seg” (jfr. sam. saddit “spenne, strekke ut”?) er rein slump eller ikkje? Det ville vere hyggeleg om ein kjennar av finsk-ugriske språk ville seie noko om den sak.

På europeiske kart over nordområda frå 1500-talet heiter øya både Sanyam, Saniam, Sanyan og Sanya. Slike former fortel lite om norsk uttale, dei går på uttale- og skriveskikk så vel som kasusbøying på vedkommande nasjonalspråk eller i sein latin.