OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Pundsvika, Punsvik eller Ponsvikja?

Bergnabbane i Punsvika.   - Klikk for stort bildeBergnabbane i Punsvika. Statkart

 Av Finn Myrvang

På forsommaren 2021 har det vore eit ordskifte kring vegskiltet «Pundsvika» i Ballangen. Det kan vere på sin plass å sjå nærmare på korleis det har seg med dette gardsnamnet.

Pundsvik sagt |'pånnsvīka| er i flg. «Norske Gaardnavne» (trykt 1905) gnr. 66 i det gamle Evenes hd. Har òg notert |'pånnsvīᶄa|, endå eit hakk meir alderdommeleg. At folk før i tida hadde denne uttalen, er vitnefast.

Punsvika har feit jord, kornet fraus ikkje, så der var reine Kanaans land. På vestsida av garden er jorda skrinnare, der veks det fora. – Ein kunne derfor pga. dagens uttale |'puᶇᶇsvīka| tenke at gardsnamnet må gå på ei jordveg-verdi pund, og at skrivemåten Pundsvik i «Norske Gaardnavne» er korrekt. Ei slik forståing er opplagt den rette for Pundsleiga i Gildeskål og i Skjerstad, der sagt |'puᶇᶇslǣg| (gno. pundsleiga), likeins for Ponsteigneset i Voss o.fl., men ho skurrar sterkt i sms. med  -vika, for her flyttar ein fokus bort frå innmarka (teigane), og det var i alle tilfelle heile garden som heitte Ponsvika/Punsvika. Skyldsetjing av jord var uløyseleg knytt til norsk jordbrukskultur og samfunnsorden, så det har derfor ikkje så stor interesse at den samisk låneforma av pund var pudd(e), budde (Lehnw. 119).

Det var som sagt god jord i Ponsvika/Punsvika, så ein kunne også komme i tankar om sam. boantas, pontas "velståande, velhalden, rik" (Lehnw. 112), i pitesamisk punntes. Det heng alt i hop med ponnte, punnte, boannde, buonda, båanta "bonde". Å tenke på den måten blir likevel for langhenta, for i fall den gode kornjorda var hovudpoenget, ville eit namn på Åker- vere naturlegast, men det var jo vika som gav garden namn.

Bergnabbane i Punsvika.   - Klikk for stort bildeBergnabbane i Punsvika. Statkart

  

 

Vi må sjå etter kva som kan vere spesielt ved denne: Midt i vika ligg ein utstikkande bergnabb, og langs heile søre landet bortetter er det fleire slike. I Polmak ville bunci brukt som stadnamn-term seie «liten bergnabb» (Qv 110), men eigentleg var det tale om spuns lik «tapp, tropp, propp», også "nagle". Bortfallet av s- kan vi kalle regelrett, men brukt i eigentleg meining spuns = propp heldt ordet s- ved lag i sjøsamebygdene heile vegen frå Hammarfest til Vesterålen (Lehnwörter 119), og det er då heller ikkje opphavleg samisk, like lite som det er norsk: Det lydde spons i sein gno.-isl. og skal komme frå italiensk spunto «stikk» (Falk 700). I sørleg sørsamisk var forma sponse (uttalt med trong o), lenger nord buntse med bortfall av s- (Lexicon Lapponicum).

I samisk er det ikkje så nøye med b og p i framlyd, slik som det er i norsk: «Unnskyld brest, der e prest i koppen», herma dei etter jenta som kom med kaffi til presten. Men sjølv om ein ser bort frå framlydsskilnaden b-p, blir der framleis klar avstand mellom ein seiemåte bonts- (dvs. = bunci «bergnabb») og påns- i den tradisjonelle uttalen av gardsnamnet. Eller – kanskje ikkje så stor likevel, for Ofot-samisk uttale av bonster = (senge)bolster var «bånster», jamfør også «gånnsta» (Hamarøy) = kunst = gno. konstr (Lehnw. 114, 174). Tolka slik, med fokus på bergnabbane langs stranda, er Ponsvika/ Punsvika tydelegvis eit namn det er naturleg å samanlikne med Tappstad i Skjerstad.

 

Tappstad med sin tappforma odde.   - Klikk for stort bildeTappstad med sin tappforma odde. Statkart

 

 

I daglegtalen fekk gno. spons med tida meir moderne form spus med palatal n, men i gardsnamnet sitt tilfelle pus med samisk bortfall av framlyd s-, som nok rettare sagt skjedde i den eldre forma, dvs. spons > pons. Gamle skrivemåtar er Ponsuigenn 1567 og Ponnsuigen 1610 og 1614, men Pundtzvigh og Pundsuigh 1647, Pundtzuigh 1661.

Når forma Ponsvika framleis lever i folkeminnet, må uttalevariantane ha levd side om side i lang tid, men det er dei eldste skriveformene som vitnar om bunden form -vika. Tendensen til å skjule denne viser seg her som elles noko seinare på 1600-talet.

Forklaringa er likevel meir samansett: Vi kan tenke oss at det i Punsvika var ein mann som i daglegtalen heitte Ol'Olsa og som i skrift gjekk for Ole Olsen, men like gjerne  Ole Punsvik dersom Ballangen hadde fleire Ole Olsen. – Bygdefolket òg kunne seie «han Ol'Punsvik», men her var alternativet «han Ola i Punsvika», utenkeleg i skrift. Derimot kunne seiemåten «han Ol'Punsvik» lik skrivarens Ole Punsvik utan motstand festne og bli slektsnamn. 

Det var levde på folketunga ein lite ordspel som dukka opp innimellom og som viste at folk reflekterte over skilnaden på gammel og ny uttale av gardsnamnet: Dei hadde klårt for seg kva for namneform som hadde høgast prestisje, det ser vi av dei fire små orda «han Punsvik i Pånsvika». Eit lite stykke fortetta namnehistorikk!

Ikkje alle har fått med seg den fine nyansen, så dei meiner at dersom dei har Punsvik som slektsnamn, har dei papir på at Punsvik er rett form av gardsnamnet. Misforstått, ja, men ikkje fullt så komisk som når enkelte rundt om i vårt vidstrekte land insisterer på at når dei sjølve skriv seg Wik, Wiig eller Wiigh, må ingen komme og fortelje dei at det er rett å skrive Vika på kart og vegskilt. – I andre tilfelle står det om c, q og z.

Overskrifta inneheld eit spørsmål, og svaret må bli: Pons- er godt nok, historisk, men er foraldra. Det er ingen ting i vegen med Punsvik som slektsnamn, men rett namn på garden er Punsvika. Skrivemåten Pundsvika er dårlegare underbygd, men alle som vil må gjerne bruke det som etternamn, evt. Pundsvik – eller Pundtzwigh for den del!

Ankenes og Vågan har kvar sin matrikkelgard Pundssletta. Også der kan det vere tvil  om korleis namnet er å forstå, men iallfall i Vågan sitt tilfelle er like rimeleg å skrive Punssletta, jf. svensk puns «(vass)pytt» og dansk punse, pundse «sumpmark». Dette høver i alle fall bra for Ponsen som gardsnamn i Lindesnes, likeins for Ponseknuten ein annan stad i same kommune der sør.

 

Punshovudet i Askvoll.  - Klikk for stort bildePunshovudet i Askvoll. Statkart

 

 

Forsommaren 2021 er barns leik med rumpetroll blitt eit tema i massemedia. Det må i den samanheng kallast overraskande at svensk punshuvud tyder just «rumpetroll» og at dei sør i Askvoll har eit tydeleg rumpetroll-forma skjer som heiter Punshovudet.

 

Litteratur:

Oluf Rygh, «Norske Gaardnavne» b. 16.

Just Qvigstad, «Nordische Lehnwörter in Lappischen» og «De lappiske appellative stedsnavn».

Alf Torp, «Nynorsk etymologisk ordbok».