OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Narvik-namnet

"Håløygminne" 3-1990

Av Finn Myrvang

Narvik - tidlegare ein matrikkelgard i Ankenes og i dette hundreåret ein (etter våre mål) nokså stor by - kan vi godt seie har eit namn i "særklasse": Om bysoga er kort, har likevel det som skjedde i og kring Narvik under 2. verdskrig for lange tider gitt byen ry over store delar av Europa, og i slik samanheng er det knapt nokon som har falle på den tanken at det er noko i vegen med namnet.

I ettertid må vi derfor kunne kalle det ei ganske sær vinkling når "Vesteraalens Avis" på Stokmarknes ser slik på saka 16. desember i 1898: "Narvik er det officielle Navn paa det tidligere Viktoriahavn i Ofoten. Et uheldigere Navn kunne neppe findes". - At staden faktisk heitte så med rette, og at dette slett ikkje var noko ein eller annan hadde funne på, var tydeligvis ikkje noko poeng. - Vi kan nok likevel gå ut frå at det tilvante i høg grad var tungtvegande for alle i nærmiljøet. Sikkert var det berre tale om å la ei elles svært levande namneform få full offisiell status.

Men kva tyder så bynamnet Narvik? "Norske Gaardnavne" seier: "Med fuld Sikkerhed kan Navnet neppe forklares. Det synes ikke rimeligt, at det er samme Navn som det paa flere Steder forekommende Narrevik eller Narvik med kort Vokal i 1ste Stavelse, som er opr. *Knarravík, af knǫrr m, et Slags Handelsfartøi". – Det interessante er at denne avvisinga bygger på ei rang uttaleopplysning, nemlig at Nar- har lang vokal. Rygh festar elles ikkje meir lit til dei alternative tolkingane han drøftar etterpå.

Den tanken at det kunne vere lønt å søke etter ei eventuell samisk forklaring på førsteleddet synest like fjern for dette eine matrikkelnamnet som for dei fleste andre gardsnamn, iallfall kva Nordlands-bindet av NG gjeld. Men Narvik - eller Narvika med opphavlegare uttale - er eigentlig ei vik på sørsida av ytste snaget mellom Beisfjorden og Rombaken. I dag veit vi at begge dei to fjordnamna mest rimeleg blir å forklare ved hjelp av samiske grunnord. Så og med Narvik: Nar- i dette tilfellet er nok ikkje annleis enn det njárga "nes" som også opptrer med avkorta form i Njar-gæčče "nesodden" i Finnmark, norsk Angsnes og Njar-gadde "neslandet" i Tysfjord i Nordland, norsk Fagernes. (Dertil Njar-gatte-varre "neslandsfjell".) Merk at her er rettskrivinga i namna ikkje modernisert. Framlyden Nj- står for ein palatal n, noko vi i norsk stort sett berre kjenner frå inn- og utlyd.

Truleg finst det fleire samiske stadnamn der samisk Njárga- kan ha avkorta form Njar- også i førsteleddet. Det var nok tradisjonsrett samisk uttale som gjorde at lyden a i Nar- var det fremste sjibbolett for innfødde narvikværingar iallfall fram til 1940. Treng ikkje forklare at sisteleddet -vika er norsk, men i stadnamn var -viika lånord i samisk med.

Som midtledd i treleddsnamn er samisk -njar- for -njarga- systremrett og vanleg nok, så som i Akšo-njar-gæčče og Garbe-njar-goppe (Finnmark): Her fell stavinga -ga- (i -njarga-) særs lett bort av di det er ein g- også i sisteleddet.