OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Møysalen på Hinnøya

"Hofdasegl" 1971

Av Finn Myrvang

Det høgaste fjellet i Vesterålen er Møysalen på Hinnøya (1266 m). Namnet på fjellet har det vore delte meiningar om, og ikkje alt kan vere like rett. Enkelte har hevda at den nærmast salforma breen på toppen er opphav til namnet, og prost Sigvard Nielsen gir i «Eventyr og legender» (1935) ein lyrisk og inspirert omtale av Møysalen «med salkledet som flommer i sol og vind og om natten med en himmelens stjerne på salknappen». Det er tydeleg at han ser på Møysalen som «dame-sadelen» 1.

 

Forklaringa verkar ikkje urimeleg, men overser at dei spisse toppane like sørom ber namnet Møyan frå gamle dagar. Tar vi dette med i reknestykket, er det lett å merke at her er eitkvart som ikkje stemmer. - Dessutan har vi då heilt sett bort ifrå at «møysal» i tydinga «ridesal før damer» er eit heilt ukjent ord elles. Ivar Aasen har derimot ordet møysal eller møyesal i ei anna tyding i ordboka si, nemleg «Kvinne-stue, Fruerstue», henta frå folkevisene (Landstad). I «Gamle Norske Folke-viser» (Sophus Bugge) finn vi same ordet i ordlista, med vising til «moyar-» eller «moysalur» i færøyske kvæde; moyggjarsalur er skrivemåten der. I islandsk er ordet ukjent.

Ordet er samansett av norrønt mey (opphavlegare mær) og salr «hus med eitt rom, stort rom». «Mey» kunne tyde både gjentebarn, dotter; møy, ugift kvinne; også kone; møy, rein jomfru. Truleg har då gammalnorsk hatt ordet *meyjarsalr eller *meysalr i ei tyding nær opp til den Aasen fører opp. Eit kjent ord med nærslekta tyding er i alle tilfelle norrønt meyjarstofa «jomfrubur, møysal».

Det er då særskilt interessant at i den nest eldste folkevise-oppskrifta her til lands, nemleg amtmann Hans Lillienskiold si i «Speculum Boreale eller den Finmarchiske Beschriffuelse 1698» om kongsdottera frå Kjølnes, der heiter det i vers 4 og 5:

«Hør du, Røsten Bendixen, saa taler ieg til dig:
Du sofver saa lenge i møsalen, at det vil koste dit lif».
Det vaar Røsten Bendixen, saa tog hand oppaa:
«Ieg skal sofve i møsalen, oc du skal see derpaa!»

Men «Røsten Bendixen», det er jo raustan Bendik[son]. Dette er visa om Bendik og Årolilja! Det norske opphavet er ikkje til å ta feil av, trass i sterkt fordanska språkform. I visa om Bendik og Årolilja slik vi kjenner ho frå ei seinare oppskrift heiter det då og:

«Han var 'kje i konungs garde meir hell ei liti stund, han vitja i møyesalen - så brå er belelund» (friarlyndet).

Den same møysalen eller kvinnestova er også nemnd i folkevisa «Hugaball», i vers 5:

«Ho sat att'e på møyesalen vel i månane nie, til ho åtte sonen den, han va' både stor og fri'e» 2 .

Fjellet Møysalen er både kjenneleg og kjært, især for hadselværingane, men også for folk kring Vesterålsfjorden. Du ser fjellet svært godt frå Sortland òg, men det er meir avbregda frå den kanten. Kvar vesteråling med interesse for det heimlege må iallfall gle seg over det fagre fjellet med så vakkert eit namn: Blidt og romantisk - vesterålsk og heilnorsk. I eit samfunn der det ekte heimlege ofte har tronge kår er det dess større grunn til å gle seg over at Hadsel gjer ære på fjellet med det særmerkte namnet: Ei ferje fekk namnet «Møysalen», det same ein ikkje ukjend samlingsstad på Melbu.

Møysalen er eit eineståande namn – nesten. Nesset kommune i Møre og Romsdal har nemleg ein gard som offisielt heiter Meisal, men i flg. Norske Gaardnavne er tradisjonell uttale Mesalen. I Aslak Bolts jordbok står «af Møyiasall», men seinare går det mykje på Meisal (1723 Meisalen). Rygh er ikkje i tvil om at dette er same namn som Møysalen i Vesterålen, som han då også viser til. Det kan vere mykje tenkeleg at namnet også i dette tilfellet har med ein formasjon i Meisalfjellet å gjere: Innafor ligg Salfjellet med Jutulvatnet under, noko som klart viser at det trolske var i tankane også då det namnet kom opp.

 

Fotnoter:

  1. Merkeleg er at Norsk Stadnamnleksikon langt på veg går god for denne tolkinga av namnet.
  2. vakker, staut