OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Mann - ekte eller uekte?

Ordet mann er noko av det mest kvardagslege vi kan tenke oss. Vi er fortrulege med at det inngår i ei rekke samansette ord, som t.d. sjømann, styrmann, båtsmann og jungmann osv. Men no er jo dagens nordmenn i stor utstrekning blitt “landmenn”, det vere seg i yrke som postmann eller rådmann el.a. 

"Håløygminne " 3-2013, nyredigert

Av Finn Myrvang

Ordet mann er noko av det mest kvardagslege vi kan tenke oss. Vi er fortrulege med at det inngår i ei rekke samansette ord, som t.d. sjømann, styrmann, båtsmann og jungmann osv. Men no er jo dagens nordmenn i stor utstrekning blitt “landmenn”, det vere seg i yrke som postmann eller rådmann el.a. Det finst og ein del friare bruk av ordet, som når ein gardbrukar blir omtala som gardmann eller ein matglad kar blir kalla matmann, osv. Variasjonsrikdommen på dette feltet var endå større i norrønt mål, dervi vil finne nærsagt tallause variasjonar over temaet -maðr, -manns-.

Så langt er det liten grunn til å problematisere ordet mann på noko som helst vis, men i stadnamn er det litt annleis. At husmannen, lensmannen og styrmannen er sterkt representert her overraskar lite, det måtte då snarare vere at Daudmanns-namna er så over all måte talrike! Større grunn er det jo til å stusse over dei elles fullstendig ukjende “yrkesnemningane” som dukkar opp blant stadnamna, slike som Furmann- eller Murmann-, Bekkmann- eller Sekkjemann-. Stadnamn på Tremann-, Firemann-, Seksmann-, Sjumann- må vel på ein eller annan måte ha med små og store grupper å gjere? Rarare lyder Tellemann-, som sannsynlegvis går tilbake på slektsnamnet Telemann. Namn på Timann- er temmeleg utbreidde, og her er det helst tale om ei forkorting av Tidemann-, brukt som fornamn, men kva så med Tolvmann-, som også finst? I det minste er det klinkande klart at ikkje alle desse kan vere “ekte menn”.

Ordsamanføyingar

I og med at mann er eit ord alle kjenner, er nok dette automatisk blitt putta inn i mindre vanlege ordsamanføyingar som var så dunkle at utskiftinga (iallfall tilsynelatande) gav litt meir meining. I nokre tilfelle er det eit samisk ledd som er blitt omlaga, men den aller største feilkjelda er ordet man = mån (gno. mǫn), eigentleg eit hokjønnord brukt om hestenakken (der fakset er festa) som i stor utstrekning har gått over til å få hankjønnsform.

Omtolkinga

frå man til mann slår ut for fullt når ordet blir brukt overført om lende: ”Bjørkmann-“ for Bjørk(e)man- er eitt døme, ,,Langmann-“ for Langman- eit anna, og slik enkel forklaring fungerer nesten som eit stort aha! i samband med namn som Mannra (Andøy), Mannlia (Flakstad), Nordmannan (Træna), og sjølvsagt Nakje(n)mannshågen 1 (Lurøy) og Raudmannlia (Rødøy). Fjellnamnet Blåmannen i Flakstad viser liknande uttaleovergang som Blåmannen i Bergen, men betre kjent i nord er Dønnmannen og sjølvsagt Hestmanen. Eitt av fleire norrøne ord for hest var hross: Haug-namn som Røssmannskulten i Flakstad og Rossmannshaugen i Vefsn har såleis helst med gno. *hrossmǫn ,,hest(e)man“ å gjere, mindre sannsynleg verkar gno. hrosssamaðr ,,hestekar“.

No er ikkje samanblandinga man-mann komplett, for på karta står det i ein del tilfelle enten Manen eller og Månen, og ein haug i Vefsn går for begge delar. Det er korrekt nok at det høgaste partiet av Senjehesten skrivst som Manen - det heiter og ei skarp egg ved Rekvika på Nordkvaløya, men bør i så fall fjellkanten Rossmålen austafor rettare heite Rossmånen? ,,Mannha1sneset“ litt lenger nord på same fjellgard tyder på det.2 Tidt og ofte har Rismåls-, Durmåls- og Nattmåls-namn fått ein ny uttale ,,Resmanns-“, ,,Durmanns-“, ,,Nattmanns-“. Ordet ,,mann“ kan øve så sterk tiltrekning at også ordet mål går med i dragsuget, i enkelte tilfelle kanskje også mòl ,,steinsamling“ (gno. mǫl)?

Fjæramannen

heiter ein åkerkant mot fjæra på gnr. 187 Sjonbotn i Rana, det minner mykje om Hagamannen som namn på eit innmarkstykke på Myrbekken gnr. 232 i Vefsn, så vel som dette at to ekrer (attlagte åkrar) på Hongset i Vega blir kalla Mannan. I ein arkeologisk rapport frå Harstad i 1874 høyrer vi likeins at det ,,paa Seljestad ved Stranden af Gansaasbotn, paa ,,Mandaakeren“ [er] flere smaa, ganske lave Røser, dels paa Fjeldet, dels paa en liden Græsvold; neppe norske forhistoriske Grave, mulig Russegrave“.

Fjellmann- og Felmann-

som førsteledd i ein del stadnamn kan forvirre. Vi skulle tru at slike namn fortel om fjellvandring eller evt. om fjellman = fjellkant, men i mange tilfelle har dei snarare med myrar og vassfar å gjere, så her er nok eit fielbmá-n- ute og går, i dag ei typisk nordsamisk form. I andre namn møter vi Villmanns-, Vilmans- som peikar i retning av sørleg vielma-n, vealma-n-, også dét om å eller elv som heilt eller delvis renn renn stilt og djupt 3 , men den geografisk utbreiinga likså lite som bøyinga samsvarar med dette vi finn i normerte samiske ordbøker.

Håmannstien

eller ,,Hovmannstien“ på Elgsnes i Harstad går for Hovmandsteigen år 1824. Namnet harmonerer med andre teignamn i onrrådet: Håmannen sjølv er klart nok manen el. ryggen i skil mot Indre Elgsnes 4 , ikkje å forgløyme Elgmannen i det same (nær)området 5 . - Håmannsberget i Ingelsfjorden i Hadsel, det ligg fremst på ein mektig man under tindane. Vi vil heller ikkje utelate Håmannsvika og Homannsvika, eit namn som finst fleire stader i landsdelen og visst alle stader heng saman med manliknande former: Håmannsvika i Kvænangen er lita og ligg i enden av ein *håman, ein lang og bratt fjellkant som (NB) i aust har opningar (skard) ovanfor Mannskarvika. - Håmannen i Berg er ein høg man, kort og godt, og Håmannsvika i Torsken, ho ligg under ei lang fjellside der det er mange slike manar.

Uventa nok, blant alle desse tvilsame ,,håmenn“ dukkar det opp nokre som det kan vere litt «substans» i. Saka er at Ivar Aasen fører opp eit hovmann (gno. hofmaðr), med vising til at håmann er vanleg form nordafjells. I folkeviser finst hommann, hos Petter Dass hommand, ein glose som er mildt sagt fleirtydig: ,,l. Tjenestemand hos en Høvding; Ledsager, Følgesvend. 2. Fuldmægtig, Skriverkarl; En som udfører Forretninger for en Foged eller Sorenskriver. 3. En Reisende, en fremmed Person“. Det er lite overraskande at ordet også kan bli brukt om folk som «sjefar» og er herskesjuke, om ustyrlege individ osv. (NO 5:635f). Ikkje nok med det, ordet vart òg i nordsamisk nytta om skrivarfullmektig i forma skrivarhoamma, jfr. homma om ,,gut, glunt“ i Hamarøy (Qv 1893:193), då tett opp til Aasens merknad om at ordet i ei segn frå Helgeland også tyder ,,ungkar“. At ordet i tillegg tyder ,,balderbrå“ eller også strå som vart ståande att når dei slo nær opp til steinar er ei sak for seg, men nordpå er det ikkje registrert i akkurat den tyding.

Håmannsberget

i Godfjorden i Sortland og i Levang i Leirfjord er namn som kan gå på manform, det gjaldt kanskje også den no bortskotne Håmannsteinen i Punsvika, Ballangen. Kanskje trøydde framvekstingar tida der, eller så gjekk folk dit i sine eigne ærend (,,forretningar“)? Berre lokalkjent folk kan seie for sikkert kva slag *håmann som passar best i desse tilfella.

Jomannen

heiter ein fjellrygg tett nord for Bøstad i Vestvågøy. Han kan ikkje kallast særmerkt på nokon måte. Skråninga mot vest er snau, mot aust fell han bratt av, med urdar i kanten og nedunder. Forklaringa er då beintfram den, at Jo- (tonelag l) er avkorting av sam. juovva ,,urd“, og at -mannen også her er er eit utslag av den etter kvart så velkjende omtolking av -manen.

Kumannsskallen

i Røsthavet har sjølvsagt ingenting med kugjetarar å gjere, ei ganske anna sak er om han kan kallast ein kuvman = kuven man, eller om vi skal tenke på sam. gubmam ,,dump lyd“ ? Det siste skal passe godt med låta frå skallen når han bryt. Kvalmanneset på Silda i Loppa er òg eit merkeleg namn. Der går ein smal bergrygg opp frå sjøen, så kanskje er det meint kvalman lik det vanlegare kvalbak ,,kvalrygg“? Tett vestom neset er det ei trong vik, ei gammal kvalvik kanskje.

Lappmann(s)vika

under gnr. 63 Skjelvika i Gildeskål er eit namn som lyder upåfallande, men i røynda er litt merkeleg, for andre stader heiter det berre Lappvika eller også Finnvika, sms. ,,lappmann“ kjenner eg berre frå ein bansull eg skreiv ned i Barkestad kring 1965, etter ei som var ,,barnefødd“ i Raftsundet. Der heiter det m.a.:

Fem geiter og fem lam,
de dansa i Jamtland.
En liten lappmann der borti bakkland
iblant simler og rene,
iblant klipper og stene.

Ordet lappmann står ikkje i Norsk Ordbok, derimot i Svenska Akademiens Ordbok, der med vising til ein variant av plent same bansullen: ,,Jag fattig lappmann, som bor uti Lapplann, mellan berg och stenar betar jag mina renar“.

Frå stadnamn i Jokkmokk rett over på andre sida av grensa kjenner vi ordet lábmá, då også skrive lápmá, som med eit tilføydd ,,kanske“ blir stilla saman med labma ,,jevnt land med megen skog“ – det siste etter Qvigstad og heimfesta til Arjeplog. Eit avleidd Lápmakis er namn på en ,,hed“ i Jokkmokk 6 men frå Tysfjord har Lagercrantz registrert siste ordet i tydinga ,,niedrig (Gebirgslandschaft)“, altså ,,lågt (fjellandskap)“, noko som peikar i anna lei og som forklarer bruken av dette tvilfulle ,,kanske“. Saka er at området kring Lappmann(s)- vika er påfallande ,,avflekt“ til eit lågland nedved fjorden å vere, med myrpyttar og spreidde skogrøst i bergsprungene. Dalføret innafor sjølve Skjelvika like attmed er langt meir skogkledd og frodig. Det ser då ut til at lápmá, genitiv lápmá-n (i tyding som lápmakis frå Tysfjord) her er blitt til Lappmann-: Det er interessant at namnet skiftesvis er skrive Lappmannog Lappmannsvik, altså med ustø genitiv.

Luttmannen

er namn på bergformasjonar to stader på yttersida av Hadseløya. Den eine er ein stor knaus med ei kliva i, og den andre ein slags piksteinformasjon attmed ei kløft. Men ein ,,luttmann“, er det ein mann som spelar på lutt ?? Det er ikkje finare å få det, seier folk ofte, men her er det nok blitt altfor fint, ettersom luttmann- mest truleg er ei omkasting av sam. luoddanam- ,,klivning-, rivning-“. Slike aktioformer på -am- som del av eit førsteled blir ofte til -an- også i heilsamiske ord og namn.

Saumannsvika

i Saltdal er òg eit uvanleg namn. Gno. sauðamaðr hadde tydinga ,,mann som steller med sauene, sauegjetar“, men kor godt det passar med lokale forhold aller inst i Saltdalsfjorden skal vere usagt, jfr. Saumannsviksletta. 1990 kom det og til ein skrivemåte Somannvika (ikkje godkjend). Med store atterhald kan seiast, at dersom Somann- er mest uttalerett, skal vi merke oss at den ovlange Tang(e)odden på andre sida av fjorden på ein måte ligg som eit ,,lokk“ framfor Saumanns- alias Somannvika. Er Soman- genitiv av ei nordleg form av sørsamisk soeme-gïete ,,peikefinger“, brukt om den langsmale tangen? Det er dristig å lansere ein slik teori, sjølvsagt, men forma Saumann- er iallfall like eineståande som det før omtalte Kumann-.

Skipmannsvika

under gnr. 47 Dverset i Saltdal bør også få eit ord eller to. I skilet mellom denne garden og gnr. 48, ,,Skipmannvikfjell“, ligg den bratte og lange fjellkanten Rabben, som i høg grad kan kallast ein man eller ei mån. Så er då og namnet skrive Schibmondsuig 1661, men Skibmandtzuig 1614, Schibmandsvig 1723 (NG l6:232f). Meir sannsynleg enn at namnet kjem av gno. skipmaðr ,,sjømann“ er det nok at fjellkanten var naturgitt *skiptimǫn ,,dele-, byte-mån“ og gav namn til *Skiptimanvík, i dag |''sjeppmaᶇᶇvika|. Då gno. skipti ,,deling“ osv. gjekk over til sjefte i talemålet var for lenge sidan Skiptiman- i gardsnamnet blitt forkorta til Skipmann-, og vart heitande så. På Agder har dei forresten i tillegg til åsen Skibmannen i Birkenes også Skibmannsheia fleire stader, eit namn som kan vere tvitydig ved at lokalitetetane i seg sjølve er delte, samstundes som dei ligg på eller tett ved grensene mellom gardar i området.

Det som her er nemnt, hindrar ikkje at det langs leia finst Skipmanns-lokalitetar der det fell lettare å tru på eit samband med gno. skipmaðr.

Toskmannen

heiter ein 755 m høg fjelltopp i Mørkdalen inst i Vatnfjorden, Vågan. Namnet blir til dels også uttala ,,Toskmajen“, utan at det gir meir meining, for det er ein spiss tind. Men på vestsida av Toskmannen, mot Litltinden, ligg det ei urd som fornuftig folk bør sky, for der er berre småstein som uavlateleg sklir unna foten når du går 7 . Samanlikn at nord for Sandvika i Bø, i retning Nykvågen, finst det ei strandstrekning som det er tryggast å ikkje rote seg bort i, og denne heiter Håkfjæra.

Urmannen

- det lyder både primitivt og spennande! Så heiter nemleg tre lokalitetar på vestsida av Andøya: to stader på søre Bø og ein gong på Nøss. Den eine, i sørkant av Møllerubben på Bø, er ,,tilslørt“ av skogplanting, den andre er ein langvoren bergrygg nedover i urda litt lenger nord i Sørgårdsfjellet, framleis lett å påvise. Den tredje, lengst sør på Nøss, er ein litt større rygg i urdane i vest av Ron(e)kollen (ikkje Rogn-), den einaste av ,,urmennene“ som har fått namnet med på ØK. Men som vi forstår, er det i alle tre tilfella tale om ein urdman, ei bergrast i tilslutning til urd.

Veidmannen

i Torsken er ein gard attom Veidmannsfjellet, som fell av i ein lang og skrånande kant både mot aust og vest. Sant nok tyder nordsam. veadji først og fremst ,,elvedal, lita elv, skråning ved elv“, men også ,,skråning med svak halling“, meir generelt, noko som i dette tilfellet treffer svært godt. Eit samisk namneelement påhengt ei norsk forklaring er i alle tilfelle eit velkjent fenomen.

Som vi ser, orda mån og især man har ein "fjellsterk" posisjon i det norske ,namneverket. Vi skal då ikkje undre oss stort over at eit 1573 m høgt fjell i Lesja med bratt austside heiter ,,Brattmannshøi“ eller at ein holme i Lurøy med ein bratt bergkant vart heitande ,,Brattmangvarden“. På Strokkenes i Salangen ser vi motstykket, nemleg Slagmannshola i kanten av ein slad (lett hallande) man under Hamran: Her nord er det nærmast regelen at sla(d)- i slik tyding blir til slag- jfr. slagbotn i havet.

Fotnoter:

  1. Jfr. Nakjenbakken mellom Vaskinn og Hallevika på Gryta. Det kan elles vere vanskeleg å vurdere realitetane knytte til namn av dette slaget, for i vår tid er som kjent skoggrensa i stadig endring.
  2. Uttalen «Rossmålen» i staden for Rossmånen går stikk motsett veg av at mange før sa «Monselva» for Målselva.
  3. Bjelma som elve- og bekkenamn i Lenvik, Målselv og Sørreisa er vel helst fornorska form av eit eldre *Vielmá?
  4. Opplyst 2009 av Tore Ruud, Elgsnes.
  5. I Håløygminne 1924 hefte 2-3 s. 39 fortel Edvard Ruud segna om Elgemannen, eit skrømt inne på Hestesteinshøgda om lag midt mellom Ytteraun og Elgsnes som kasta stein og stubb nedover fjellet.
  6. Björn Collinder 1964, «Ordbok til Sveriges lapska Ortnamn» (= OSLO) s. 113.
  7. Opplyst av Astrid Iversen, Strandsletta.