OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Lovøya, Løvøya, Lau(v)øya

 "Håløygminne" 4-2007, nyredigert

Av Finn Myrvang

Ved søk på Kartverket sine sider kjem det opp eit par dusin ekspl. av «Lauvholmen», og på liknande måte vis namnet Lauvøya. Fritzner har som eige oppslagsord laufey «Ø som er bevoxet med Løvtræer», visstnok berre kjent frå stadnamn, og ei liknande sms er laufhaugr : haug med lauvskog der laufhøgg eller -høgstr gjekk for seg. Ved sida av den slags kvardagsarbeid fortel ordbøkene også om laufkyrtill og andre slag prydklede og utsmykking som overklassen såg seg råd til, og som minte om lauv.

I alle fall for Lauv- og Løvholmane i vatn og innsjøar fell det naturleg å tru at namnet har med lauvtekja å gjere, lat så vere at desse lauvholmane tidt ligg side om side med andre like skogkledde holmar! Skal meir seiast om det, må vi kjenne målførerett utt. av vedkommande namn vsa. bergartar, vegetasjon, verlag og tradisjonell ressursbruk. Eit så stort prosjekt lokkar ikkje.

Om vi i staden tolkar utmerkinga i alle Lauv- og Løvøy-namn som «lauvskog», er så det i samsvar med vegetasjonen? Nokre av øyane har såpass skog at tolkinga gir noko meining, så som for Lauvøya og Flatøya i Alstahaug, landfaste med den langt snauare Rødøya nordafor. Den fullt oppdyrka Lauvøya |''låvvøya| i Åfjord kan nok òg ha vore skogkledd, men er så låglendt at store delar av ho blir overflødd ved eit grann høgare havnivå. Lovøya |''låvv-| i Dønna (før Herøy) er tilplanta med barskog, men hadde vel også før den tid meir skog enn den større øya Skorpa tett nordom.

Der imot passar Lauv- i tydinga «skog» dårleg for øymylderet (arkipelet) Lauvøya – Høgøya – Måsøya – Husøya – Sandøya etc. sørvest for Torghatten i Brønnøy. Dette gjeld også for Lauvøya'ne i Vikna og Flatanger, Smøla, Karmøy og Austrheim. Det er tvilsamt at alle Lauvøy'ane var skogkledde noka tid, men i våre dagar (kring 2020) er havnivå og klima i så rask endring at ein klokeleg bør avstå frå kategoriske utsegner om kor stabile desse faktorane var i ei fjern fortid.

 

Nyttigare kan det vere å sortere Lauvøy'ane etter topografiske kjennemerke: Desse i Brønnøy, Vikna (Nærøysund), Flatanger, Smøla og i Karmøy, Austrheim, Alver og i tillegg den i Øyangen på Ringerike har alle fullt av «drabantholmar» kring seg. For ordens skyld bør også Lisl-Lovøya i Steigen nemnast her.

Kategorien på motsett ende av skalaen er Lauvøya i Porsgrunn, Bømlo og den store Lauvøya i Steigen, før |''låvvøya|, no |''løuøya|,|''løvvøya|: Desse er splitta i varierande grad, men har utstikk og vedheng, eller er vedheng sjølve: sml. Løvøya i Fredrikstad med ho i Horten. Løvøyan i Lødingen nord i Nordland er kun ein delt holme med ein overflødd bergrygg imellom. Stor- og Litl-Lauvøya |''låvv-| i Averøy (før: Kornstad) syner eit avvik i namnebruken: Litl-Lauvøya er den oppdelte, tilføyinga Stor- for øya like utafor er «hyperkorrekt». Annleis då med Lovøya og Lisl-Lovøya i Dønna.

Midt mellom dei to ytterpunkta finst ein slump Lauvøy'ar med kløyving og drabantar halvt om halvt, såleis i Flatanger, Åfjord, Austrheim og Alver, dertil eit par i innsjøen Vegår på Vegårshei.

Eit anna hyppig kjennemerke er at det frå vedkommande Lauvøy/Løvøy går grynne over til naboøy eller fastland. Såleis med Litl-Lovøya i Averøy så vel som Lauvøya i Steigen, Dønna, Brønnøy, Åfjord, Alver og Bømlo. Slike grynne kan i fleire tilfelle kallast «såvidt overflødde eid»: Såleis med holmen Løvøya i Fjærangen i Namsos og grynnet mellom Løvøya og Meøya i Ålesund. Lauvøya i Alver viser noko liknande.

Løvøya 1 i Brønnøy er i nord skild frå Torghatten ved eit veldig lågt eid, ikkje namna på karta, men Valneset som namn på nordenden av øya røper at eidet var *Valen: Han fører over til Sørfjæra i vest og skilde eingong Lauvøya frå «Hattlandet». – Lauvøya (òg kalla Trolandet) i Alstahaug er i nordenden så vidt fast i Rødøya pga. av eit smalt eid mellom Rødøyvågen i vest og Rødøyosen i aust.

Lovøya i Dønna (før Herøy) har mange mindre øyar, holmar og skjer i sørvest, bl.a. Lisl-Lovøya og Lovøygalten, og der går eit grynne eller grunnras mellom Lovøya og Lisl-Lovøya. I tillegg kan nemnast at den såkalla Øyvollen på søraustsida av Lovøya er ein tidlegare val: Den tid floa gjekk høgare var bergryggen på sørsida av valen kun ein skalk laust vedhefta resten av øya, slik Øyvollskjeret på sørsida av den same bergryggen er det i vår tid.

Lauvøya i Steigen har ein endå lengre oppgrynt val, i dag ei lang myr som er lågast i sør, eingong eit sund med eit lite oppgrynt parti (eid) lengst nord. Sør for dette kjem den langsmale Lauvøy-Burøya, som med sin parallellstruktur er nesten like lang som hovudøya. Notids-valen mellom desse to er også grunnast i nord. M.a.o. var øya eingong tredelt på langs! Dessutan har øya i sørvest eit lite vedheng, holmen Vallerhågen knytt til hovudøya ved ei stilkforma, graskledd landtunge.

 

 

Samnemnar for Lauvøy'ane er vedheng av ein eller annan art, for dei er praktisk talt alle «kleint arronderte» frå naturen si side, kløyvde av tronge sund og valar, eller òg fulle av utstikk og vedheng, og dei har gjerne eit kobbel små øyar og holmar tett ved. Etter kva svenske kart viser, gjeld dette også for Lavön i Morlanda sokn i Båhuslen, skrive Laføy 1388 (Nyman: 379).

Gno. lafa -fði v. er primært ”hænge fast ved» (Torp), «hænge fast ved en Gjenstand» (Fritzner 391). Isl. lafa á vil seie ” hanga i eller etter eitkvart», det tilsvarande lafa í tyder «hanga ved eller atti» (Vígl.- Lehm. 151), nokså likt no. lava ”hænge, dingle, hænge ved i nogen Mængde eller i Klynger” (Aasen 429). Det siste er illustrerande nok for mylderet av småøyar og halvøyar kring fleirtalet av desse lokalitetane.

Det same lav n. står i moderne norsk for «hængende Mos paa Træer, Furelav, Granlav &c. Ogsaa ellers om tørre eller haarde Mosvæxter» (Aasen 429). I shetlandsnorn var tydinga «løs og hængende klynge, nedhængende flik», det siste lik isl. laf «flak, flik» på frakk eller jakke.

Litt meir opphavleg tyding viser sv. dial. lav brukt om «støv, vedhængende smuds» (Torp 367), jf. lav «spindelvev» (Ross 1028, Sunnhordland o.a.st.) Grunntydinga er elles ikkje til å misforstå i Ivar Aasens oppføring laving f. «Vedhængen».

Vi har då eit kollektivt gno. laf n ”vedheng” (neppe i ny flt.-form *lǫf). Uttaleformer låvv-, løvv-, lau(v)- og med eldre skriveformer –ff– minner ikkje lite om ordformer som klauv, kløvv, klåvv, eller om gov utt. gauv, gøvv, gåvv, gåff (NO4: 637).

Vi har hittil fokusert på lav < laf i tydinga ”vedheng”. At lava v. i nyare norsk gjerne tyder «henge (sidt) ned» er ei anna sak. Islandsk har laf n. i meir allmenne tydingar som ”fald, hjørne, skaut, snipp, flik”. Det bør vi fokusere på, av di geografien syner stor variasjon: Lauvøya i Steigen har som nemnt vedheng, likeins Lauvøya i Dønna. Lauvøya i Alstahaug er eit vedheng til Rødøya. – Lauvøya i Brønnøy er vedheng til Torghatten, som sjølv er ein del av øyklasen Torga («Torget»). – Lauvøya i Karmøy, skrive Lavøya med, har òg eit utstikk i sør, men har samstundes fleire vedhengande halvøyar. Ut-tanga og oppslitta einingar er vidare Lauvøya i Vikna, Flatanger og den ved Jøa på sørsida av Smøla. Lauvøya på søraustsida av Smøla er derimot langsmal og velarrondert liksom naboøyane, men skil seg ut ved å ha eit vedheng i sørenden.

Torp knyter lauv, gno. lauf n «til en germ. rot *lub «hænge slapt ned», egtl. «flække av». Både de Vries og Blöndal Magnússon noko tvilande til dette og har sikkert sine grunnar, men varsamt sagt: Ut frå namnematerialet framfor er det naturleg å nemne, at ikkje berre tydinga «vedheng» verkar relevant, men òg «flekke av», evt. «losne».

I gjennomgåinga av namna er det veksla mellom Lauv- og Løv- nokolunde i samsvar med namnepraksis i kartverket: Uttalen |løvv-| med kort ø synest å vere eit hakk meir vanleg enn denne med diftong, i andre tilfelle tilseier tradisjonell uttale ei skriveform Lovøya. Det siste er litt oppsiktsvekkande, då ordet lauv ikkje blir uttalt |låvv| i noko målføre! Vi kan ha som ein mistanke om at den uttalen kan ha vore endå meir vanleg før og må rekne med at normeringspresset frå Løv-, Lauv- har hatt sterke verknader, t.d. når det gjeld Lovøya i Steigen.

 

Fotnoter:

  1. At ØK kallar norddelen av den same Løvøya for ”Hattøya” og Valneset for «Hattodden» skal ikkje vere tradisjonsrett. På søraustsida ligg Løvøyskjeret, meir misvisande ”Hattskjeret”.