OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Kon(g)svika – kongeleg byrd eller kongeleg byll?

"Håløygminne" 1-2016

Av Finn Myrvang

Nokså vanleg landet rundt er at totoppa åsar eller andre høgder blir kalla «Kongen og Dronninga», namnet Dronninga åleine er òg litt brukt, så heiter bl.a. ein fjelltopp i Rauma. Historisk sett mindre seriøst er «Den sovende dronning» som turistnamn på Skjomtinden. At toppar heiter berre Kongen er mindre vanleg, er det likt til, iallfall er fjellnamnet Kongan mellom Lenvik og Berg eineståande. Dei er tre i talet, og aller mest særmerkt er Inner-Kongen med ein imponerande monolitt på toppen. Majestetisk er han, og det burde ikkje vere nokon tvil om kva namnet tyder, men det er merkverdig at nordsam. goaŋki vil seie «ein som er framoverbøygd» medan det i flg. Friis vil det seie "en høi og rank en, En, som kneiser". Samisk for konge er gonagas, du får velje tolkinga du likar best!

Kongsvika |'kåŋsvīka|i Tjeldsund heiter Kaumsvik i Aslak Bolts jordbok frå 1430-åra. Det gjer Oluf Rygh skeptisk: «Formen i AB. kan ihvertfald vist ikke være ganske rigtig. Den kunde være feilagtig for *Kaunsvík, af kaun n., Byld, som i Stedsnavne vel maa forstaaes som en rund Forhøining. ... Stedsforholdene ligesom de senere Skriftformer taler for, at dette er Navnets oprindelige Form, og at det ikke er en af de almindelige Sammensætninger med Kongs- (Konungs-). Strax udenfor Gaarden ved Mundingen af Viken er der nemlig en isoleret, rund, 150 m. høi Fjeldhaug».

Her tenker han tydelegvis på Ballstadåsen, men å dra inn ein passande lokalitet med anna namn frå grannegarden for å få kabalen til å gå opp er ganske dristig. At Kongsvik-namnet blir uttalt med g mellom n og s legg Rygh mindre brett på: «at den ikke findes i nogen af Skriftformerne, er et sterkt Bevis for, at den ikke hører hjemme i Navnet».

Det er rett at ingen av dei skriveformene som NG her siterer, inneheld g. Vi kan likevel samanlikne med eit nokså likt namn i Lurøy, Konsvika |'kånsvīka|, |-vīᶄa|. I Olav Engelbrektsons jordbok frå ca. 1530 står Konungzwiick, seinare blir skrivemåten den same som for garden i Tjeldsund med Konns- og Kons- i ei rekke tilfelle, til Kongs- dukkar opp så seint som år 1723. Rygh har likevel anna syn i dette tilfellet: Av skrivemåten Konungz- i OE sluttar han at «ligesom i de mange andre med samme Forled sms. Navne maa dette betegne, at Gaarden engang har været Kongens Eiendom».

Det er lite som skil desse to namna, og Rygh påpeikar sjølv at vi ikkje bør legge mykje i det faktum at det i Tjeldsund sitt tilfelle har utvikla seg ein g mellom n og s. Ser vi bort frå dette, blir det berre tre avvikande skriveformer: i Tjeldsund sitt tilfelle Kaumsuik i AB og «Kønsvig med Elfven» 1723, for Lurøy sin del Konungz- i OE. Merk også at gardsnamnet i Tjeldsund både i OE og fleire gonger seinare har bunden form Konswiikenn o.l., men i dagleg uttale gjeld dette for begge, slik NG sjølv påviser. Rart skal det vere om det ikkje finst skriveformer i bunden form av Konsvik-namnet med.

Byll-hypotesen knytt til namnet Kongsvika synest etter Rygh si tid å ha smitta over på gardsnamnet i Lurøy: «I Konsvik er det mange kauner eller "konger" i landet og utover jordene. Rygh vil sette navnet i forbindelse med kongsgard eller kongelig eiendom, men det må være et mistak ialfall for Konsvik i Lurøy» (Hm. 1934: 248f og 1950: 202).

Same tolking er nemnt i Lurøyboka -86 s. 35, og den neste årboka fortel frå nedre Kongsvik: «I den eldste fortegnelsen som kan finnes over 'gammel skyld' er brukt namnet Kunjasvig, grno. 53, brno. 1 i Lurø sogn i Rødø prestegjeld. Om dette var det offisielle namnet, om det var resultatet av dårlig skrivekyndighet, eller rett og slett en misforståelse, er ikke godt å si. I alle senere dokumenter er brukt den samme namneformen som i dag". I flg. opplysningar som ligg ute på nett, er Kunjasvik ei parentesform for Konsvik i matrikkelen frå 1838 som det ikkje gjort nærare greie for

Leitar vi etter fellestrekk for Kongsvika og Konsvika, må vi især for Kongsvika sitt vedkommande «presse landskapet» for å få dette med kaunar = kongar til å høve. Konsvika er nok meir småkupert, men heilt avrunda humpar av same art som t.d. den runde haugen Kongen på Øverås i Hamarøy og Kongshågen i Tranøy og Vevelstad er det få av. Unnataka er helst Glashågen (sørsam. glaasa, klaasa 'holme i elv') nedmed Konsvikosen og Staulhågan i Øver-Konsvika, men dei siste ligg litt for langt frå sjøkanten. Altså blir vi ikkje heilt overtydde om kaun-teorien i Konsvika sitt tilfelle, like så lite som når det gjeld Kongsvika.

Å samanlikne elvane på dei to stadene kan ha meir for seg: Kongsvika har Storelva med Striforsen. I Osen i Konsvika fell det ut 2 elvar: I vest kjem Ytterelva (nyare Skolvasselva) frå Skolvatnet, og i aust Innerelva med fleire greiner og tilrenn. I Innerelva er det på to stader nokså store stryk, det eine i Ytterelva er mindre; nede på flatlandet renn begge elvane stilt nok. Men så var det forklaringa då.

Kaumsuik og Kønsvig – Konungzwiick og Kunjasvig, skulle du sett makan til avvik! Det finst visst berre eitt ord det kan ha vore så vanskeleg for norsktalande å skriftfeste, nemleg nordsam. geavŋŋis, -vgŋá- «stort stryk» (Qv 1944 nr 378). Så langt vi veit er det eit utprega nordleg ord, aller enklast å skrive kevnes som i austsamisk, men også notert käuŋes, keeyŋis, kēwŋis, keuŋes, käunjás, keunjės, kiewŋes, kēvnjes, i nordsamisk, enare- og skoltesamisk m.m.

Finske målføre kjenner köngäs «bratt foss»: I Altaelva er det eit elvedele med Gøngæsholmen midt i, med lonene Gønges og Øvre Gønges, på nordsida er elvegreina smalare. Namneformene synest å ligge mellom samisk og finsk, men fossar er det ikkje tale om. Også lenger sør merkar vi, på stader der det er grunn til å tru at det same ordet er ute og går, at det alt oftare er tale om elveforgreiningar og stryk av skiftande storleik enn om høge fossar. I Tjeldsund og Lurøy sitt tilfelle er det i alle fall så, etter skriveformene å dømme, at norsktalande høyrde noko slikt som «kaunjas-», «køng(j)æs-» eller meir forkorta «kauns-» eller «køn(g)s-», med skriveforma Kaums- som eit ørlite feilskjer. Og det er grunn til å nemne at der er fint liten forskjell på skriveforma Kunjasvik og formene käunjás, keunjės og kēvnjes!.

Det er naturlegvis skilnad på elvar ute i øyane og på fastlandet. Rundt om er det lokal topografi som legg føringa for kor store stryk det er tale om, men Kongselva i Hemnes som fell ut i Røssvassbukta så vel som Kongselva i Hadsel oppfyller «krava» godt nok. Kongselva i Vågan gjer mindre av seg i så måte. Ho renn frå det store til det litle Kongsvatnet, begge med nøgda runde «kaunar» i framkant, og attom ruver formasjonar som Kongstindan og Dronningtinden, så her ligg tvilen meir på lur.

Finn vi liknande namn lenger sør enn Lurøy? På Høylandet (Foldereid) har dei iallfall Kongsmoen alias Kong(s)nes, som ligg nedanfor der den forgreina Kongsmoelva fell ut i Saghola og så endar i ein vid os som liknar den i Lurøy. – Audna i Audnedal har smalare, meir forgreina far på Konsmo i Audnedal enn ovan- og nedanfor. Det namnet finst i eit par interessante gamle skriveformer jamført med dei frå Lurøy, nemleg Konasmo 1390 og Konongxmo 1435.

Merkverdig er Kongane som namn på nokre små haugar tett ved ein stad i Ørsta der Videtjørnelva forgreinar seg og har godt fall. Litt lenger ned ligg ein lokalitet Elvebyksa! – Nedst i elva Simoa på Modum finn vi Kongsfoss; vi kan òg undre oss over namnet Kongsbekkfossen i Trysil, det vil seie, kva *konge gav eigentleg namn til Kongsbekken – var det fossen sjølv?

Forma Kunjas- frå Lurøy reiser også spørsmålet om det fanst endå fleire variantar av dette spesielle grunnordet? Her skal nemnast den bratte Gunnesdalelva i Godfjorden i Sortland, og gardsnamnet Gunnes i Rennebu, nær stryk i ei mindre elv. I så fall har vi på norsk territorium ei vid forgreining av samiske og norske målførevariantar av ordet der skilnadene med tida er blitt ovstore.

Formene så langt framstår som mest fornorska. Nærare samisk geavŋá- kjem Gauna som namn på ei elv i Snåsa som renn med mange kvisler gjennom den tronge Gaundalen |gauᶇᶇ-|, men vidare og stillare frami Stormyra, før ho gjer svenske av seg og blir heitande Gaunan eller Gånälven. Lenger opp ligg elveutvidinga Gaunsela: Her vart vel samisk-norsk *Geavήá-sela evt. *Geavήes- forenkla til Gaunsela, merk Gaunselklumpen like ved, og forenklinga gjorde seg òg gjeldande i elvenamnet sjølv (opprinneleg *Geavήá- eller *Geavήesjohke?), så mykje meir som det etter fornorskinga må ha falle naturleg å oppfatte og bruke Gauna som eit hokjønnsord, i samsvar med lokal namneskikk.

Det er grunn til å presisere at det som er sagt om Konsvika i Lurøy og Kongsvika i Tjeldsund ikkje utan vidare lar seg overføre til Kongsvika, Kongsdalen o.l. andre stader i landet. Kjennemerke eller fellestrekk for fleirtalet av desse synest heller å vere flog og hengebratt berg, kva no enn forklaringa på det kan vere.