OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Klo

"Håløygminne" 4-2018

 

Av Finn Myrvang

Tidt kan ein undre seg over korleis namna på gardar og grender oppstod. Hundreåra går, og språket endrar seg. Ord og nemningar går i gløymeboka, og det som eingong var innlysande enkelt, kan bli gåtefullt. Det er ikkje vrient å kople Nyksund med Nyken, eller Nord- og Sørmela med sandmelar, men i andre tilfelle har den primære lokaliteteten fått nytt namn i mellomtida, som når Sjøhusaksla (korfor ikkje *naustaksla?) må vere den nøsa (nǫs) som Nøss fekk sitt namn av, eller når gardparten Døsja truleg må vere den bløyta som gav Saura namn. Rart er det òg at den rundingen som Skjolda fekk namn av, no heiter berre Kollen. I mange tilfelle er det som om primærlokaliteten seinare fekk eit namn meir «i tidens smak»: Fjorden som eingong gav namn til Føre heiter no Pollen (Førpollen), og knausen som gav namn til Steine og Steinsvika er blitt heitande Klubben. Vi kan med kvart lure på om slike namneskifte verkeleg har skjedd, eller om gardsnamnet med kvart har oppstått «ideelt», uavhengig av at primærlokaliteten alt bar eit anna namn?

 

 

 

Klo er eit gardsnamn som forundrar mange. Andværingane ser den spisse Klotinden og lurar på om han har noko med saka å gjere, men avstanden mellom garden og tinden er altfor stor til at dette kan passe. Busetnaden var på Øya, der den nordaustre delen er relativt høg og klart avgrensa, men landheving gjorde at øya utvida seg. I dag heng ho i hop med og har vegsamband med Landet nordafor, fastlandet å kalle.

I framkant av Øya, mot fjorden, stikk Kloneset eller Klonesan ut, med parallelle rekker med splitta berg (skjer, dranglar), Kjuklingan kalla. Høgast blant desse er «Kjuklingsmora», sjøsteinane utanfor går for «Kjuklingsungan». Dersom vi ser for oss ei samanlikning med høns eller rype blir særleg det siste namnet ulogisk! Det eldste og mest pålitelege namnet er nok Kjuklingan åleina, det er òg namn på skjer ved Steinesjøen i Bø, i nordenden av Raftsundet i Hadsel og ved Nordskot i Steigen. Kjuklingen heiter også eit skjer i Helligvær, og på tørt land i Buksnes har dei den «steinrike» Kjuklingdalen. Over måte stein- eller bergfull er også Kyllingmark i Hamarøy, der namnet som vi ser er blitt – modernisert.

Alle desse namna minner sterkt om eit sørsamisk ord, tjuegkele «steinet lende», noko Klonesan har nok av. Vesterålsamisk må ha hatt ei ordform med liknande innhald. Vil vi så meine at også Klo er samisk? Trur ikkje det. Saktens er eit flyfoto av Kloneset slåande likt ein labb, med Kjuklingan el. rettare sagt Tjuklingan som klør i framkant av neset, og vel har landhevinga letta desse klørne meir opp av sjøen etter som århundra har gått, men du kan vere trygg, dei som ferdast i båt nær land visste vél å halde seg unna dei same klørne den tid dei endå var meir overflødde og lumske.

Men om no desse Tjuklingan eingong også hadde norsk namn *Klørne, korleis kunne då garden på Øya bli heitande berre Klo? Tja, det kan vere like så enkelt som at dei fleste av oss har ti tær (ter), og dyr har klør, men i ny sms. er det eintal som gjeld, t.d. klosaks. Så Klo kunne nok oppstå som eit enkelt redukt av namnet Kloneset. La det vere usagt om Øya frå først av heitte Kloøya, det namnet blir iallfall no brukt om ei anna øy lenger bort, side om side med Strengelvågøya.

Aller enklast er likevel å godta namnet Tjuklingan slik det er, gje slepp på tanken om eit parallellnamn *Klørne og berre fokusere på den eine og lengste (heilt landfaste) kloa aller ytst på Kloneset, nærast Klobukta og Kloålen. Det var nok den og nærområdet innafor som var den opphavlege Klo. Då Klo noko seinare var etablert som gardsnamn, samisk låneform Kluovva, var bakgrunnen for namnet glidd ut av minne, og så kom «Kloneset» til som nytt namn på den same kloforma odden.