OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Hestmona – Kassmona – Teksmona.

  "Håløygminne" 4-2017.

 

Av Finn Myrvang

Maritimt interesserte nordmenn vil kjenne til Vesteraalskes legendariske dampskip «Hestmanden», som berga seg gjennom to krigar og er blitt eit nasjonal-klenodium. Skipet er naturlegvis oppkalla etter fjellet Hestmannen, ved sida av Torghatten eit turist-ikon i Nordlands-leia. Derimot spør berre spesielt interesserte etter kva denne hestmannen og «hest-Mona»(!) har med kvarandre å gjere.

Uvanleg er det slett ikkje at namneformer som er utan rot i folketradisjonen på vedkommande stad og tolkingar som er litterære og uhistoriske, blir mest populære og lever sitt eige liv i namnesegner og poesi og ikkje minst massemedia! Det er såleis neppe tilfeldig at Johannes Hestman, som drøftar Hestman(n)-problematikken i Håløygminne 1938 s.189f og nyttar mange sitat, rundar av med Vetle Vislies «hyldest til rytteren på Hestmannen»:

«Til evige tider jutulen rider hver stormnatt igjen over brusende sjø.
Kappen flagrer for nattens blæst. Atter han pisker sin ravnsorte hest til hevn over hjerteløs mø». 

Den hjertelause var Lekamøya som ikkje var han til viljes, og biletbruken inneber at høgaste toppen på fjellet, Kallen, er hovudet på «rytteren» eller «hestmannen». Johannes H. er samd med kvart ord i Amund Helland si skildring av fjellet, her i original rettskriving:

«Fjeldet ligner fra sydøst en gigantisk rytter tilhest. Man ser hestens hoved, øren, hals og bryst – og selve rytteren en ældre mand med langt skjæg og med et energisk ansigt, hvis udtryk veksler efter­som solen falder. Over skuldrene har han en svær rytterkappe, der bagtil dækker hestens ryg. Rytter­ens hånd, der fører tøilen, sees .... Færden går mod syd. Størst lighed med en rytter har fjeldet fra Bukkøen eller længere sydøst».

Ikkje alle har sett fjellet med Helland sine auge. Anna Haug ytra seg så: «Kor ofte stod eg ikkje på dekket når båten for framom der og fundera på dette namnet; aldri såg eg liknament korkje til hest eller mann. Og turistflokken som stima framåt rekkja så båten heldt på å leggja seg på sida vart visst ikkje klokare dei heller» (Hm. 1937:43). I dette fekk ho seinare følgje av Hallfrid Christiansen, som ikkje spara på krutet: «Hellands heimelsmann må sannelig ha sett syner» («Maal og Minne» 1952). Det siste kan minne litt om han som skreiv i margen ein stad i manuset til ein tale: «Svakt argument, hev stemmen!» Frå hurtigruteleia får du nemleg fort auge på ein mannsfigur, men verre er å få klårt bilete av hesten, for Hestmannen har jo på seg ei ovlang, flagrande ryttarkappe! Slikt gjer seg i dikt, men er like overklasseprega og anakronistisk som når andre vil ha fjellet Møysalen i Vesterålen til å vere ein tom damesâdel, dei overser glatt at fjelltoppane Møyan står like ved møysalen (huset) sitt.

Usikkert er om Hestman har sin eigen agenda[1] når han skriv Hestmankallen, ikkje Hestmonkallen: «Almindelig uttale er Hæssmon – Hæssmana, Hæssmankallen; sør i Hestmonen» sier de vel ennu på Storseløya»[2]. Det avvik delvis frå det Jørgen Karlsen fortel: «Hestmona med sitt høie kjente fjell Hestmonkallen i Lurøy har gjerne fått den litterære form Hestmandøen med Hestmanden ... Gamle folk i Lurøy sier Hestmona om øya, og Kallen om fjellet» [dei ror innunder Kallen og brukar han til méd, men øya heiter Hestmona, og 'tilhenget' Ambota var den rytterkappa dei fremmende meinte å sjå bak 'den svømmende rytter']: «I min barndom brukte vi Ambota til mé ute på sjøen» (Hm.1934: 249f, Hm.1939: 369). 

man, mån, món

Om fjellet og mana seier J. Karlsen: «Kallen har en skarp, skrånende kant, næsten ubestigelig øvst på mana. Og denne fjellrand ligner sjelden godt på ei hestman. Nu er màn et kjent navn på karakter­istiske fjellrygger mange steder i vårt land, og fjellets likhet med ei hestman må vel kunne erkjennes i dette tilfelle. Øya måtte naturlig få navnet Hestmana efter en så karakteristisk fjellform, ..... intet i veien for å tenke oss at denne fjellkallen kan ha ei fjellman som minner om ei typisk hestman». Litt  synsing, ser vi, Kallen kan likne ei man ..... Vesterålingen Anna Haug formulerer seg meir generelt:  «Folk frå landsida – og likeins frå leida – hev då merkt seg korleis stormen piskar snøen opp so han 'står i lur' langsmed heile fjellkanten, og so hev dei likna han med ein hestehals med fakset (mona) bylgjande i vinden» (Hm.1937:44).  - Korkje Jørgen K. eller Anna H. seier stort om synsvinkelen.

Kor samde er dei eigentleg? Fakset flagrar frå hestehovudet, mana er den meir avrunda, skrånande nakken. Det eine biletet slår vel det andre i hel, dersom vi skal sjå på Kallen både som hestmannen og som hestmana? Om dette seier Johannes Hestman kort og kontant: «Jeg er født på Hestmana, og har levet der til mit fyllte 21 år – men mana har jeg ikke sett»!

Dette kunne vere eit tungt argument, men same kva øy du er oppvaksen på, vil di oppfatning av kva som er særmerkt for heimstaden din vere «nærsynt», vere annleis enn kva dei festa seg ved som i ei fjern fortid såg øya frå havet og gav ho namn. Det gjeld enten ho heiter Ǫmð eller Ylfi, Senja eller Sømna. Nordmenn flest har lenge vore landkrabbar, ein kategori som visst også Johannes Hestman høyrde til. Frå havet ser vi nemleg både ryttaren, hestehovudet, øyra og mana. Altså er eit fjellnamn *Hesten fullt tenkeleg, eller kan hende eit dobbelnamn *Hesten og Kallen. At sjølve Kallen ville bli ignorert under namnsettinga er i alle fall utenkeleg, han er jo det store blikkfanget. Dei lokale seier eigentleg Kallen eller Hestmonkallen, det siste viser at også øynamnet krev sin rett. Alternativt ville vi vente *Hestkallen, men ingen seier så. Folk elles i landet kjenner berre namneforma Hestmannen, om heile fjellformasjonen vel å merke, og det blir også sagt lokalt, i tillegg til Kallen.

Jørgen K. slår fast at øya heiter Hestmona tradisjonelt, og når Johannes H. nemner Hæssmon, er det  tale om garden på øya. Men medan Jørgen K. skriv Hestmana jamsides Hestmona som utlegging, jf. Hm. 5: 368, ordlegg Johannes H. seg som om Hæssmana og Hæssmankallen er uttaleformer, ja med Hestmana som overskrift. For å komme vidare, treng vi nok å definere man f. alias mòn, uttalt mån: «1 (naturleg) lange, stride hår langs overside av hals på hest;faks. 2 stripe på hesterygg mellom man (i tyd. 1) og hale. 3 øvste (ås)kam som er synleg frå eit dalføre (med skog på, som liknar man (i tyd­ing 1)); høgdedrag, rygg» (Norsk Ordbok b. 7: 1046).

Til grunn ligg gno. mǫn f, eigentleg 'hals, nakke', og når det i samband med lende (punkt 3) blir vist til den avgrensa tydinga hestehår, faks (punkt 1), fortonar dette seg snevert: Vel kunne definisjonen passe for noko rufsute formasjonar som åsen Måna i Bremanger, for ås- og gardsnamnet Monå i Hå, for fjellkanten Måni i Lom og den langsmale, humpute Djupedalsmåni i Seljord, men den plent like langsmale Djupedalsmåni i Kviteseid er nokså slett og har avrunda konturar, ho er representativ for storparten av ås- og fjellnamn som går på man, mån: Det er langt oftare tale om avrunda nakkar, til dels langvorne, enn om smale og uryddige fjellkantar som kan få oss til å tenke på faks. Men så det er sagt, i Norsk Ordbok er den snevre definisjonen av man utvida like etter, under same oppslag.

No har rett nok Hestmona eit parti som ein kunne samanlikne med eit faks, det er den fleirtoppa og bråbratte fjellkanten på havsida, frå Hestmonkallen og vidare nordover til grotta Hestmonhøla, men usikkert er om nokon av debattantane har den i tankane, sjølv om J. Hestman oppfattar Kallen som hovudet på «hestmannen» og fjellpartiet vidare nordvestover som hestehovudet. Det er om just den delen av øya Amund Helland sa: «Også seet fra syd og sydvest er fjeldet imposant; det stiger steilt op fra havet og er øverst stupbrat».

 

 

 

Oluf Ryghs og Hallfrid Christiansens syn

Problematikken knytt til man, mån som talemålsord og som stadnamn-term er drøfta grundigare av Hallfrid Christiansen i ein artikkel om Hestmona og Teksmona i «Maal og Minne» 1952, og seinare (1956) om Kasmona, der ho slår fast: «I Nord-Norge har jeg overhodet ikke støtt på ordet mån som appellativ, hverken i den ene eller den andre betydningen. Men det fins som 2. sammensetningsledd i en del fjellnavn på Helgeland, nemlig Hestmona, Teksmona og Kasmona. Etterleddet uttales med helt trang o... Hva det fonetiske angår, så er overgangen mǫn>mon helt i orden, og det en kan vente, da vokalen står mellom to nasaler. I Valdres[3] går vokalen helt opp til u.» – Som vi ser, brukar ho dei tre namna og ingen fleire som prov for at mòn har trong o i dette området, men stadnamn-varianten i dei tre Helgelands-namna er likevel unemnd under man f. i Norsk Ordbok (b. 7).

Uavhengig av Hallfrid er å seie at appellativet lyder mān i Vefsn og Beiarn[4]. Her vil òg dei som bur endå lenger nord vedkjenne seg b.f. mānen, merk òg fjellnamnet Manen ved Mørkvatnet i Elsfjord (ranværingsmål), på Senjahesten og på Nordkvaløya i Karlsøy. Hallfrid har frå nordnorsk tale berre «faks» og «manke» – men er inne på forvanskinga til «mann» i fjellnamna Blåman og Rundeman i Bergen (1952) og psykologien bak endringa -man- >-maᶇᶇ- (1956). Slik overgang ser vi mest utan unnatak i nordlandske stadnamn: Eit fjell på Nordkvaløya i Karlsøy går for Manen på sjøkarta, men Mannen elles. Merk dessutan Mannen med Mannhamran i Vestvågøy, Hestmannflogan ved Festvåg i Bodø; legg til Nakje(n)mannshågen, Nordmannen og Mannen i Konsvika i Lurøy, og Sørmannan, Nordmannan og Litlmannen på Sanna i Træna, og sistpå «Skogen og Mannen» på Ålvora vestafor. 

I Norske Gaardnavne fører O. Rygh opp iallfall sju gardsnamn der hokjønnsordet har uttalen mån, dessutan eit par på møn frå Hallingdal. Takk vere Ivar Aasen kjente han utan tvil òg varianten mun, som han likevel utelet i innleiingsbindet til NG og styrte unna i samband med Hest- og Teksmona – der han i staden under tvil lanserte eit suffiks -mund. Forklaringa kan vere at «bordet fanga» då han tolka det trøndske gardsnamnet Mona |'mōna| (Snåsa, Stjørdal o.fl.st.) som gno. dativ sg. mónum av mo m, basert på historiske skriveformer. Er det formasteleg å tru at dei historiske skrivemåtane var påverka av at berre mo var i tankane, slett ikkje món = man? Det burde ein helst vere velkvalifisert trønder for å avgjere! Iallfall er forma mån f (kort å) registrert frå både Oppdal, Selbu og Sparbu.

Bruket Mona i Snåsa ligg på ein åsrygg, og det eine av to bruk i Stjørdal med same namnet ligg sør for den markerte åsryggen Monabergan og det andre slik at både «høgdedrag, rygg» og «jordstykke mellom to dalar» (tyding frå Sparbu) høver godt. Det bør nemnast at det finst fjellkantar og -ryggar Mona i både Askvoll og Kvam, og av same art er Moni i Ullensvang. Monavika i Jondal ligg utom ein lang åsrygg, og endå fleire tilfelle kunne nemnast.

Til skilnad frå Oluf  Rygh seier Hallfrid Christiansen, i første artikkel om saka, kategorisk og heile tre gonger (og dessutan i stykket om Kasmona) at etterleddet i Hestmona og Teksmona med trong o er gno. mǫn, utan heilt å gjere greie for premissane. Sjå slutten på denne min artikkel.

Manåga |''mănå:ga| på sørsida av Gjervalen i Rødøy kjem frå Mangågvatnan[5], som er oppspalta av langsgåande bergryggar: Der meiner Hallfrid at fjellet har heitt Måna uttalt |'mōna| og tenker likeins om Manntinden i Lofoten (ho skriv Man-). For Manntinden i Moskenes og i Lofot-delen av Hadsel kan det passe reint topografisk, men uttalen begge stadene er |''maᶇᶇ-|, så dette verkar dristig når ho vedgår at ho ikkje kjenner mån f. frå nordnorsk og ikkje gir andre grunnar[6] for resonnementet.

Det er derimot sikkert at vi finn Mana |'măna| som namn på fjell- og åsformasjonar i Bindal og ikkje reint få stader i Rødøy, då medrekna sms. namn på -mana. Ein tange i Spjeltfjelldalsbukta like ved svenskegrensa i Hemnes heiter Mana, så i stadnamn finst măn f. eit godt stykke oppover Helgeland, endå talemålsordet (appellativet) for manke nordpå no vanlegvis er mān m., b.f. mānen.

Det er elles ovstore hol i kunnskapen vår, men Hagamannen i Vefsn, Åkermannlia[7] i Hattfjelldal og Fjæramannen i Rana er gode døme på overgangen măn > maᶇᶇ, kva stadnamn gjeld, og når Hallfrid nemner Manåga i Rødøy, kan vi samanlikne med Mannåga |maᶇᶇ-| på nordsida av Holandsfjorden i Meløy, som kjem frå den manforma Kjølen = Mannågdalsfjellet. Vi føyer til: Tradisjonell uttale for Manen på Senjahesten hadde ikkje palatal n, men er blitt «Mannen», ja i enkeltes munn «Mannan», i begge tilfelle[8] med palatal n – og same overgangen pågår kanskje fleire stader. Den siste varianten fortener merksemd, for i bunden hokjønnsform -măna les |-manna| ligg alt til rette for omtolking og uttaleendring til |-maᶇᶇa(n)|, framfor alt i sms. namneformer der tonemskilnaden blir borte.

«Besynderlige» ord

I ordskiftet om øynamnet Hestmona finst det eit Rygh-sitat som går att: «Fjeldnavnet Hestmanden (som i sig selv er et besynderligt Ord) og Ønavnet Hestmandøen er udentvivl af forholdsvis nyere Oprindelse og ligesom Gaardnavnet Hestmoen opstaaet ved Forvanskning af et opr. Navn paa Øen. Det synes mig muligt, at dette kan have været *Hestmund f., hvoraf den nuværende Udtaleform af Ønavnet vilde være en Nominativform og Gaardnavnet en Dativ, som altsaa ikke har noget med Ordet Mo at gjøre. Nutidsformen med den lange Vokal maatte da forklares i Analogi med, at Strand i Helgeland er blevet til Stran og Sand tildels til San. Om 1ste Led virkelig er Hest-, som i Tilfælde maa være det opr. Navn paa Fjeldet, er maaske mindre sikkert, skjønt det vel er sandsynligt». – Ein tilsvarande teori om sisteleddet blir gjort gjeldande for Teksmona, der Sophus Bugge «formoder, at Ønavnet *Þexmund er opstaaet af *Þexlmund og hører til þexla, Bødtkerøx... » Rygh sjølv hallar til at Teks- går tilbake på gno. *þǫx m. «grevling», ei teori han tyr til ved fleire andre gardsnamn, men han finn det vanskeleg å forklare den omlydde forma Teks- i akkurat dette tilfellet.

Som vi ser, Rygh er ikkje heilt sikker på at førsteleddet i Hestmona |''hæssmōna| verkeleg er hest m.  At han kallar namnet Hestmanden «et besynderligt Ord» har ikkje gått deltakarane i ordskiftet forbi. Hallfrid Chr. yter velformulert støtteerklæring: «Det representerer en umulig norsk språkbruk. Men dette navnet er så vel innarbeidd gjennom nordlandsromantisk turistpropaganda, at det kan ta tid før det viker plassen for det virkelige navnet i folks bevissthet. 'Hestmannen' og 'Hestmannøya' står det fremdeles i reisebrosjyrer og på prospektkort».

At «Hestmannøya» er nylaga er klart, men kor «besynderlig» er eigentleg ordet Hestmannen? Er eit ord umulig når vi kan dokumentere det? Gno. hestamaðr tyder «Person som har hesta-geymsla, har at tage Vare på ens Heste» (Fritzner) = hestasveinn», d.e. hestepassar. Begge orda finst i islandsk og færøysk og er parallellar til gno. sauða- og smalamaðr; jf. også gno. hrossamaðr «Person som giver sig af med at holde, røgte Heste». Gno. bátmaðr og skipamaðr var ein person som fór med båt eller skip, enkelt nok; vi kallar ein båtkjennar eller -interessert for ein båtmann. På Island er det like eins med hestar: hestamaður tyder ikkje berre hestekar og hestekjennar, men god ryttar au, og i færøysk finst ein artig skilnad: hestmaðr er a. ryttar b. mann frå øya Hestur – hestepassar heiter hestamaður.

Når namnet Hestmannen får oss til å steile(!) kjem det vel av at vi – ulikt våre forfedrar – meiner at «ryttar» er einaste naturlege nemninga for mann til hest, men er dette rett? I dag er riding ein typisk jentesport, og dersom det ein eller annan stad vart plassert eit bilethoggararbeid med ei jente til hest, ville det då verke unaturleg at folk kalla statuen for «hest(e)jenta»? Det får kvar og ein tenke over.  

I Teksmona sitt tilfelle hallar Rygh som sagt til teorien om *þǫx «grevling», også brukt i fleire andre namnetilfelle, men fortel ikkje kva samband der er mellom dyret sin utsjånad og levemåte og lendet på desse stadene! Hallfrid Chr. trur meir på S. Bugges Teks- < gno. þeksla «bøkkerøks», at fjellet på Teksmona liknar ei slik krum øks: «Fjellryggen viser en jevn, ikke særlig bratt skråning. Det gamle navnet på en skarøks er velkjent på Helgeland den dag i dag som tekla eller tekkel, hvor s'en er falt ut ved ellipse, mens l'en er falt ut i komposisjonsfugen i stednavnet». Ein skeptikar spør: Er dette ei rimeleg forklaring? Må ikkje øynamnet vere mykje eldre enn den spesielle øksetypen þeksla?

Meir om Hallfrid si tilnærming

Vi bør også ta med kva Hallfrid Chr. seier om Kassmona: «På Onøya i Lurøy herred (Helgeland) er det et lite vatn eller tjern. Rundt tjernet er det en myrkant, og på den ene siden er det en langstrakt, nokså stor haug eller lav ås, som hever seg opp fra grunnfjellet. Haugen er dekket med litt mose og lyng, men her og der ligger fjellet bart. Dette er 'Kasmona'. Tjernet er oppkalt etter haugen, og heter 'Kasmonvatnet'». Ho fortel at det før var mykje fisk i tjønna, også den ofte kalla 'Kastmona', då pga. assosiasjon med det å kaste etter fisk; på ØK er faktisk namnet plassert på tjønna[9]. Hallfrid har også bilete av haugen, som er snau og flatt avrunda oppå, litt brattare på sidene (han ligg likevel ikkje på Onøya, men på den sterkt kuperte, søre delen av Lurøya). – Ho seier vidare:

"Ved tjernet ligger det en liten gård, som er immatrikulert under navnet Solvang (bruksnr. 22 under Lurøygården). Denne gården blir leilighetsvis kalt 'Kasmoen'. Dette navnet grunner seg på en språk­lig misforståelse av samme art som navnet Hestmoen (på Hestmona) og Tekstmoen (på Teksmona), se MM 1951, hvor disse gårdsnavnene blir drøftet. Ikke på noen av disse stedene er det noen mo, som kan ha gitt navn til gårdene" (MM 1956:80f). Sant nok, gardane Hestmonen og Kassmonen har innmark «i revnerne kun», men å sjå på strandflata i Teksmonen som ein mo er mindre utenkeleg.

Kor som er, dativ -monen førte til den kortslutning at mo låg til grunn, og namneformene som røper forvirring er ikkje få: På Lurøya har kartet Kastmoåsen, men Kastmonsletta! På Hestmona heiter det Hestmonhøla, Hestmonkallen og Hestmonskardet, likeins Hestmonflesa og -taren, men på Teksmona Teksmoflaget, Teksmoklubben og Teksmoskagen. Ugreie må det bli, for eit øynamn -mona som krev -mon- i avleidde namn er uforlikeleg med eit gardsnamn -moen som medfører avleiinga -mo-.

I drøftinga av førsteleddet Kas- kjem Hallfrid Chr. fram til at det kan vere kòs f, gno. kǫs «dynge av avfall, helst av småkvist, lauv o.l. som kan samle seg i skog og mark», men innrømmer på same tid: «ordfamilien kòs osv. kjennes neppe på Helgeland, men det hender jo ikke sjelden at ord kan gå ut av bruk som simplica i en dialekt, men bli bevart i sammensetninger».

No er det lite truleg at denne berghaugen, i eit landskap der naturen sjølv har fjerna storparten av all jord, fekk namn av avfallsdungar! Andre stader har saktens ås- og fjellkantar med rotfast vegetasjon fått namn som Bjørk(e)man-, Fur(e)- og kan hende Risman-, så vel som Grå- og Blåman-, Kvit- og Raudman- når det gjeld farge. Tilsvarande går Brattman-, Håman- og Langman- på form, og så sant vi er merksame på det mesta unnatakslause uttaleskiftet til -maᶇᶇ- i nord (Hm. 2013: 76f), er heller ikkje Fjellman-, Åsman- eller Urdman- vanskelege namneledd.

I norske stadnamn med sisteleddet -man, -mån er det jamt tale om lett gjennomsynleg namnelaging som Djupedalsmåni, Grønlimåni, Storlimana, Vasslimana osv., og frå Nord-Gjerdøya i Rødøy skal nemnast Høgmana |-măna| og Lågmana (som på eitt kart er kalla Kvitmona[10]!) Det usms. Mana er heller ikkje noko uvanleg terrengnamn helgelandsk, på landsbasis ei heller Måna, Måni, Månen[11] og Månene. Som gardsnamn er jo Måna vél kjent, medan Mona med trong o i flg. Rygh er dativ av mo m. og burde falle utanfor ramma. Når vi setter slik endefram bruk av terrengordet opp mot lanserte tolkingar for Kassmona og Teksmona og Hestmona, melder tvilen seg trass i semja om at -monen (dativ av -mona) gav mistydde skriveformer «Hestmoen», «Teksmoen» og til dels «Kastmoen». Vi skal no sjå nærare på dei to sistnemnde formasjonane.

Samiske førsteledd?

Kassmona: Haugen som Hallfrid Chr. kallar Kasmona og har foto av, er tydelegvis den som går for Storsteinhaugen på ØK. Det kinkige er berre at folk med god lokalkunnskap ikkje kjenner til nokon haug kalla Kasmona eller *Kasmonhågen, Kassmona er eit diffust avgrensa område ved småbruket (i) «Kasmoen». Heller ikkje kjenner dei Kassmona som namn på Kassmovatnet. Vel kan sam. gacce «karrig, paaholden, knap, nøieregnende» (Friis) vere litt interessant her, t.d. gacis javrre «fiskefattig Indsø», men det rimar ikkje for ei lita tjønn der ingen hadde grunn til å vente storfangst. No er Friis' form gacce dss. nordsam. gáhcci, gáhces svarande til sørsam. gaahtsh «gjerrig, snål», så uttale med lang a var då å vente, men det heiter Kassmona. Om det karrige er å seie at kvart eit berg i området er like fleinskalla, ja det samiske adjektivet er lite brukt i stadnamn, i noka tyding.

Ein lågt, smalt myrdrag – historisk ein vâl – går aust-vest i nordkant av bergområdet Kassmona og skil alle knausane frå Lurøy-massivet i nord. Langt aust, i foten av sistnemnde, ligg Kassmonsletta (også «Kastmonfeltet» pga. granplanting). Frå sletta går det ein trong bekkedal opp til Kassmoåsen, litt vestafor ligg Ørndalen parallelt med den første; alt er i periferien av bruket «Kasmoen». Vi kan tenke på gasse, velkjend uttale av sørsam. garse om stryk eller foss, eller også: trong, djup liten dal, kløft, ravine, slukt. Det høver godt, berre at slik uttale høyrer langt sørlegare dialektområde til. Må derfor tru at sisteleddet -mona har med høgdeformasjonar å gjere, slik tilfellet er med Hestmona og Teksmona: Dei før nemnde knausane på sørsida av myrdaget eller «valen» ligg 4-5 på rad der dei er på det høgaste, med bratt fall mot myrdraget. Vel er det smale kløfter toppane imellom, men på rad ligg dei og utgjer topografisk greitt nok ei mòn = man. Kløftene og lagdelinga i berga går nord-sør i heile strøket, men attmed bruket Kasmoen går òg eit «øksehøgg» på tverra. Resultatet av all denne kløyving er ein bergstruktur som får ein til å tenke på eit kjent namneledd, sørsam. gadtse, lulesam. gadtsa, nordsam. gazza, som tyder nagl, klo, klauv el. hov, med talrike namnedøme: Gazzanjárga = Klauvnes i Nesseby liknar ei krum klo, Gazza-bákti og -mohkki i Kvænangen har djupt nedskorne bekkedalar. Gazz-oaivi ved Kaperdalen på Senja har eit digert klauvavtrykk i blanke berget! Ei bukt Gazzagohppi sørvest på Magerøya ligg ytst på Áksonjárga («økseneset»), der det er talrike skòrer i fjellet til begge sider. - Nordsam. gazzabealli er «klauv-halvdel» og går att i namnet Gatsbelhøgda i Båtsfjord der Klauvvasselva skjer seg ned i sør, men nærare høgda visest eit vinkelrett høgg i fjellet, likt nok det i Kassmona. Slåande er òg korleis Kassmon-knausane og -kløftene liknar landskapet i Kastenøya i Vikna, så vi har talrike norske belegg, attåt dei svenske Bjørn Collinder nemner under kaddsa «nagel, klo, klöv, hov» i «Ordbok til Sveriges lapska ortnamn». Kassmona glir naturleg inn, og uttalevarianten Kastmona kunne oppfattast som ei omkasting av Kads-, jf. likevel neste namn.

 

 

 

Teksmona: Eldst er formene Texmonn og Thexmend år 1567. Den første viser at gardsnamn-forma -monen har lang tradisjon. Attom den andre låg kanskje ein uklar tanke om at øynamnet Teksmona og gardsnamnet Teksmonen kom av eit helgelandsk hokjønnsord *teksmo lik *teksma, som det då  var rett å fordanske til *teksmen? Er så skrivemåten -mend slump[12], eller fanst der også ein vag idé om «mand» (liksom i «Hestmanden»), merk Thexmand 1610 og 1614? Forma Textmon kjem i alle tilfelle igjen i 1661, med t-innskot som vi ser, derimot Texmon på Norlandia-kartet ca. 1745.

 

 

 

Hallfrid tok med foto også av denne litt ruvande, haugforma øya, sedd frå opne fjorden. På nett finn vi òg foto av ho frå landsida, med avrunda kollar skilde av talrike skard. I vest har ho meir taggut strandkontur, og toppen er sundskoren, så det høver å vise til nordsam. doksái adj. «istykkerrevet», jf. dokse, dovse «Skindlap med Haarene paa», også «klut el. tøystykke tullet uordentlig sammen».

Friis har nemleg òg ein var. dæfse: Lydovergangen -vs->-ks- er kjend frå nordsamisk sørvestover til lulesamisk[13], så vi vågar gjette at også ei pitesamisk form *deakse fanst. Det må stå usagt om der er samband mellom desse orda og norsk-svensk tafs, tofs: noko opptrevla, jf. tafse opp. 

Teksdalen i Bjugn og Teksfjellet i Høyanger har svært sundskore fjell, likeins Tekskollen i Siljan og Tekssjøheia ved Tekssjøen i Åfjord, og gardsvaldet til Tekse i Lund er oppdelt av talrike vasstangar. Elva Teks i Eigersund er over ei lang strekke kløyvd i fleire meir og mindre parallelle far. Kva skal vi tenke når tolking og terreng går godt i hop, men ikkje rådande «ekspansjonsteori» for -vs-> -ks-? 

Teks-lokalitetane framfor minner mykje om vestsida (havsida) av øya, innskoren av bergvikar, men òg om den klivne toppen nordvest på Teksmona, der Sarvhammaren stør ei slik tilnærming (sørsam. sarvoeh, sarvah «oppflisa, frynsut» så vel som norsk sarv n og forsarva i same tyding).

Almdalsfjellet i Vefsn heiter Deavstantjahke på sørsamisk no. Enten Deavst- her har fått t-innskot som Tekst- og Kastmona iblant, eller ordføyinga er ei anna, fjellkanten mot Almdalshola i sørvest liknar mykje på havfronten av Teksmona.

Parallelt med Teks-namn i sør går dei på Toks-: garden Toks i Sokndal ligg midt i eit særs sundklive fjellparti, medan elva Sul(u)a skjer seg ovdjupt ned ved Tokse i Nord-Fron. O. Rygh koplar Teks- og Toks-namna til gno. *þǫx «grevling», men topografisk grunngjeving manglar. Dyret lagar vel ikkje far som minner om djupe kløfter i hardt berg? At namn på Toks-, Doks- kunne minne norsktalande om dyrenamnet blir noko heilt anna. Rygh oppfatta for sin del namneforma Teksmona som vriden.

Hestmona: Gamle skriveformer er Hesmaenn ca. 1521, Hestmonnd og Hestmonn (eller Hestmann) 1567, Hestmandt 1610 og 1614, Hestmand 1661, Hestman 1723, Hestmon på Norlandia-kartet ca. 1745. Skrivande folk har bala med dette gardsnamnet i eit halvt tusenår!

Hallfrid Chr. presenterer *hestmona = hestmana som forklaring på fjell- og øynamnet. Problematisk er at -mona då får eit forklarande tillegg hest- som manglar i namnelagingane med man, mån sørpå, og som talemålsord er det litt «overtydelege» ordet hesteman f. berre registrert på Lista og Nøtterøy (Norsk Ordbok). Annleis i fall fjellet (øya) i utgangspunkt heitte kun *Hesten, og Hestmona så kom til som namn på ein del av fjellet, jf. Elg(e)mannen på fjellet Elgen ved Elgsnes. Sør på Dønna ligg Dønnmannen: Det namnet vedkjem neppe gardsnamnet Hestad eller andre «hesteformer» på øya.

Men søker vi lenger nord, får vi overraskingar: Festvåg i Bodø har ein formasjon Hestmannflogan i framkant av ei aksel der det nok var tenkt på ei hestman. Meir uventa er å finne – i Persfjorden vest for Vardø – Hestmana |-măna| (òg skrive Hestman, Hestmann), ein sundriven fjellkant, oppå flatare: «Hestmana, et høgt fjell, er en god landkjenning eller segelmærke, fordi det altid har en snebar svart kam lig en hest-man»[14]. Der har dei òg Hestmannes, ein smal tange. Nordnorsktalande oppfatta sms.  hest(e)man f. som heilt naturleg, er det likt til, så Ryghs tvil om forstavinga Hest- tør vi sjå bort frå.

Tvillaust er òg at măn f påverka av mann m no er blitt mān, b.f. mānen m i talemålet. Tilsvarande er gno. mǫn f blitt mōn, mōna>mōnen, truleg påverka av mo m., men sørlegare namn Mona o.l. viser at dette neppe er heile forklaringa, sjå slutten på denne artikkelen.

Hestmonkallen

Kallen eller Hestmonkallen, i friare namnebruk Hestmontippen, er høgaste piken på øya Hestmona.  Det ligg nær å tru at Kallen og Hestmannen er synonym, men forvirrande nok er Kallen hovudet på Hestmannen! At kall her svarar til gno. karl «mann, gubbe» burde vere sjølvsagt, men er det ikkje: I Vågan har dei Vågakallen – til dagleg Kallen – med Litlkallen attmed, likeins har dei Olsaneskallen i Raftsundet. I Meløy markerer fjellframspringet Riskallen kor langt opp skogen går. Hagakallen på Dønna er ein bergodde, men Kinnkallen ein bratt djupgrunne. I Vesterålen er Hårkallen ein fjellpik,  men andre stader er det namn på sjøsteinar. Nordsam. gál'li, lulesam. gál'lo (Collinder: kál'lú) «stor stein, steinblokk; berg, klippe» er då ord vi ikkje så lett kjem unna, i samband med slike bergkallar.

Mange andre stader står berg- og fjellformasjonar Kallen og Kjerringa attmed einannan, namnepar som alle er tvitydige pga. at vi kan velje mellom no. kjerring (gno. kerling) eller skiftande samiske låneformer av same ordet (Lehnw. 186) – kontra terrengordet sørsam. gierege «topp-ende», i ymse tydingar, lenger nord giera, gierrag-. Like tvitydig er terrengordet kall, som vi nyss var inne på, og det er svært tvitydig i sms. Hestmonkallen: Som før sagt er den langsgåande hestemanformasjonen med hesteøyra lett nok å oppdage, frå havsida, så vi kjem neppe unna at øynamnet Hestmona tyder  «hesteman(k)en». Men kva blir då den aller rimelegaste tolking av namnet Hestmonkallen: «berget på Hestmona» eller «mannen på Hestmona»? Også det spørsmålet er verd grundigare ettertanke.

Visst er at garden tradisjonelt heiter (i) |''hæssmōn~n| og øya (på) |''hæssmōna|. Derimot ser vi ikkje noko opplagt spor etter seiemåtane Hæssmana og Hæssmankallen, som J. Hestman insisterer på i si innleiing, for så å slå fast at mana har han aldri sett! No kan det jo vere meir enn ei meining om det siste, som før nemnt. For øvrig ser vi at det «umulige» fjellnamnet Hestmannen har «vikariert» for gardsnamnet Hestmonen eit halvt årtusen: Hesmaenn ca. 1521, Hestmonnd og Hestmonn eller evt. Hestmann[15] 1567, Hestmandt 1610, 1614, Hestmand 1661 og Hestman 1723.

Namna Hestmonkallen og Hestmannen synest vere det som matematikken kallar inkommensurable, ved at Kallen tradisjonelt er namn på høgaste knausen på Hestmona medan Hestmannen er namnet turistane brukar om heile øyfjellet, postkortvarianten slik han fortonar seg frå innerleia. Det var jo å forvente at «kall» og «mann» stod for det same, men ikkje såleis i dette tilfellet, Hestmannen kunne tilsynelatande også fungere som namn på garden, (Hestmon-)Kallen ikkje! Det er eit paradoks som vel berre kan ha ei forklaring: Det fanst før to uttaleformer av øynamnet, *Hestmana |-măna|, dativ *Hestmanen |-mān~n| ved sida av Hestmona |-mŏna|, dativ |-mōn~n|, det siste om garden. Lang o i øynamnet kan ha kome opp m.a. ved påverknad frå dativ, medan Hestmana, -manen gjennomgjekk den vanlege omforming til «-mannen» med palatal n, det passa med fjellfortoninga frå innerleia.

Gno. *hestmǫn gav altså opphav til namnevariantane Hestmona og Hestmana, men denne siste vart i nyare tid omtolka til Hestmannen. Litt annleis har det gått med gno. *hrossmǫn: Ei langsmal lita øy i Bømlo heiter Rossmannsbleikja, og i Vefsn er Rossmannshågen ein slakt hallande åsrygg, men formasjonane Rossmålen i Båtsfjord og Karlsøy råka ut for meir avsporande dissimilasjon -månen > -målen. Derimot finst visst ikkje namneforma *rossmona nokon stad i landet.   

Ambota

I sin Hestmon-artikkel tar Hallfrid Chr. med ei interessant profil-skisse som Jørgen Karlsen laga av Hestmona og Ambota, med det djupe Hestmonskardet imellom. Som Ivar Aasen tolkar ho Ambota til ambátt f  'trælkvinne' og seier: «Navnene Hestmonkallen og Ambota kunne tyde på, at toppene i folkefantasien har vært sett på som et jutulpar, og at det engang har vært et sagn om disse to». Trur nok ho tok teikninga med av di ho leita etter ein samanheng dei to namna imellom.

Ambota er ein kjegleforma ås vis à vis Hestmonkallen, på hi sida Hestmonskardet. Frå havsida gjer åsen lite av seg, Hestmonkallen dominerer derifrå. Ambåtta er blitt ein prestisjefylt skrivemåte av di Aasen under oppslag ambætta (NO) skriv fjellnamnet så. Etter uttalen kunne vi òg tenke på hombot f. «kalvbot, knehase», men nordnorske feste for ei slik tolking[16] er det smått med. Frå visse sider er åsen veldig lik ein ambolt med sitt typiske horn, så ei gammal ordform tilsvarande glhøgty. anabôz «ambolt» synest ha mest for seg, noko også Amund Helland slo frampå om.

Hallfrid Christiansen halla mot at Hestmonkallen og Ambota eingong vart oppfatta som eit jøtulpar, minnest vi, og kvifor ikkje? Dei som best likar turistversjonen, med Hestmannen på sin gangar, finn det visst fengslande at gno. ambátt, ambótt bl.a. vil seie «trælkvinne», for ho måtte sjølvsagt traske til fots! Men ordet tyder òg «frille»: Ei slik ville vel få plass oppe på gangaren, attom Hestmannen? Det er berre det at Hestmannen etter segna var rasande over at Lekamøya var så utilnærmeleg. Kom han galopperande med eit anna kvinnfolk når han var ute på hemnferd? Det blir i så fall ein heilt ny versjon, fritt fram om du vil dikte meir!

At namnet «Hestmannen» både nører fantasien til turisten og fortsetter å utfordre namnegranskaren er berre positivt, men dei som frå hurtigruteleia innom «Hestmannøya» ventar oppklaring av saka er på rang stad, Kallen og Hestmona må studerast frå havet, der gno. hestmǫn f  «hestemanke» passar udiskutabelt, og nordlegare namn på Hestman(n)- stør opp under ei slik forståing, då især Hestmana vestom Vardø.

Namna Kastmona og Teksmona blir for sin del viktige for å forstå sisteleddet i øynamnet Hestmona, men ei rad liknande namn lenger sør treng òg nærare utgreiing, særleg dei trøndske Mona-namna. I den store samanhengen må vi også vere merksame på kvantitets-motsetnaden mellom sør og nord i Nordland: Først eit ord som i vår tid overalt er lite brukt, nemleg ei kona, med lang å-lyd i sør, men kort i nord. Endå viktigare er Lånan om avfolka gard i Tjøtta (no Vega) med lang å (Rygh: halvkort-kort), gno. lǫn f  "Husrekke, lang Bygning, Hovedbygning, Vaaningshus" (NG 16: 62)[17], i talemålet elles lang til halvlang å (Vefsn) – i nordfylket derimot alltid lånn f.

Så kjenner vi alle verbet å mone, monne «ha effekt», tradisjonelt uttalt med lang o i sør[18] (der fanst òg varianten mūnä), mot kort o i nord[19]), gno. muna. Til verbet svarar gno. munr m «interesse, glede, hugnad; hjelp; fordel; skilnad» kjent frå uttrykk som «han såg mon i det», «det er mon i mindre» = er nøgd om det ikkje blir fullt så mykje, «det gjer ingen umon» osv.: I Vefsn blir ordet uttalt mon og langt sjeldnare mån (lang vokal i begge tilfelle), i nord er det derimot monn.

Det seier seg sjølv at pga. lydleg analogi må det ha vore sterk innverknad frå dei sørlege formene av munr m «mon» på dei tidlege helgelandske formene av mǫn f «manke», til stades i Hest-, Kass- og Teksmona. Slik vart det lang, trong vokal i hovudleddet -mona. Dativforma -monen hadde saktens litt å seie, men er neppe heile forklaringa.

Fotnoter:

[1]     Fødd 15.3.1889 på garden Hestmona, som foreldra dreiv 1886-1009, og eldst i ein søskenflokk på sju, men berre han og broren Hilmar tok Hestman til etternamn. Han skreiv flittig i Helgelands Blad, opplyser lokalhistorikar Rune Bang - men òg i Håløygm.

[2]     'Stor-setóya' er sjølvsagt trykkfeil.

[3]     Norsk Ordbok b. 7: 1046 heimlar slik uttale til Valdres og Indre Sogn.

[4]     Opplysning frå Kjell Øksendal og Inge Strand.

[5]     Mangåan ved Okan i Brønnøy kjem frå Mangåvatnet; der går ei markert man i landskapet. Mangdalsøya i Vega er låg, men har ei lita høgd i norde halvdelen. Det er òg manformer ved Mangholmvatnet i Rana, og sistpå kan nemnast holmen Brattmangvarden i Lurøy. Er măŋ for măn ei gammal «overtydeleg» form, utvikla i opposisjon til palatalen i măᶇᶇ og liknande ord, eller skal vi leite etter særskild forklaring i kvart tilfelle? 

[6]     Her bør nemnast ein haug i Vefsn kalla både Manen og Månen, på karta, og at fjellnamnet Rossmålen (Inner-,Mellom-,Ytter-) i Båtsfjord sannsynlegvis kjem av *Rossmånen. Det siste er endå meir sannsynleg på Nordkvaløya i Karlsøy, der Rossmålen ligg aust for Manen = Mannen: Desse to langstrekte fjellformasjonane er mykje like (Hm. 2013: 77).

[7]     I sin første artikkel fortel Hallfrid Chr. med stud. philol. Inger Sollid som kjelde: «I Vegårshei kaller folk den skarpe kammen på en snøskavl for mån, og de sier det er mån på åkeren når den er pløydd mot midten» (s. 130).

[8]     Takk til Hans Peder Pedersen, Sifjord.

[9]     Er blitt noko uttørka i nyare tid, men det har vore på tale å demme tjønna opp igjen.

[10]   Lokalkjent folk veit berre av eit eldre parallellnamn Kvitmana.

[11]   Bergholmen Månen utanfor Fenes på Landego er  noko oppdelt og fleire stader brattkanta og jamhøg på havsida. Er kanskjefleirtal av mån f.

[12]   Finnkondalsmennen(e) på Andøya er ei fjellside full av skarpe, tilnærma parallelle ryggar. Høgaste toppen av desse i vest og aust blir kalla Trollet o.l., og den austre er méd for tilroren Mannen på Bø- og Sørmela-havet.

[13]   P. Sammallahti 1998, «The Saami languages» s. 197 (7).

[14]   K. Akre i «Finmarkens Amtstidende» 4. aug. 1883. Takk til Thor Robertsen.

[15]   Lesemåten tvilsam, sjå Hm. 4: 449.

[16]   Jørgen Karlsen kallar Ambota eit lite tilheng austafor Hestmonkallen som nærmast liknar ein stor knehase (Hm. 1939: 369).

[17]            Brynhild Engen i Vega bygdebok b.3: 454: "Lånan er ei rekkje med låge, små holmar. Når ein kjem eit stykke frå landet, ser det ut som husa står i havet eller veks opp av det".

[18]   I Vefsn mōn m (frå Forsjord likevel mån med lang å), og verbet tilsvarande mōna (frå Langvatn likevel mūnä),  i nord derimot kort o i både mon m og mone vb. (Vefsn-målet,Gimsøymålet o.a.)

[19]   Kvinnenamnet Mona er ikkje gammalt i nord, men ei frå Andøya som var fødd 1918 og offisielt heitte noko anna, gjekk all sin dag under namnet ho Monna, og ingen kjente henne under anna namn.