Rolv Straume fortel om korleis det hadde seg at Jørland og Verhalsan vart overført frå Øksnes prestegjeld og Barkestad fjerding til Bø sokn på nyåret 1866. Sentralpersonar i den soga var den namnkunnige Karen på Jørland og presten Fredrik N. Jensen i Bø. Øksnes kommunestyre samtykte faktisk i overføringa, men likevel, «gaardene Kroghougen, Sørrygge, Sommerland, Krogbjerget, Andsletten og Mykland bør som hidtil henhøre til Øksnes præstegjeld» (Bø bygdebok b. 1 s. 240). Slik vart det som kjent også, men i 1964 fekk Bø alt det som Øksnes sa nei til ca. 100 år tidlegare.
Enden av Tollarneset peikar mot Oppsåta.
Børre M. Albrigtsen
I dag vil få eller ingen meine at Jørland og Verhalsan burde høyre Øksnes til, men i ei veglaus fortid var ferdselsmønsteret eitt anna, og aksen mellom Jørnfjorden i sør og Sommarlandskjosen i nord er lett nok å oppdage når ein tar kartet til hjelp.
Den som frå Rottåskrysset setter kurs for Guvåg, passerer – like før det ber ned til Jørnfjorden – det såkalla Prestvatnet alias Oppsåtvatnet på venstre hand og kjem til Oppsåtskardet – det namnet finst også ved Straumsjøen – og får då, like før Fembøringsbukta, Oppsåta til høgre og Verhalsholmen rett fram, før vegen gjer ein stor venstresving i retning Verhalssjøen. Svingen er i dagleg tale kalla Tollarneset, men neset det eigentleg er tale om, er ein odde ved Fembøringsbukta som peikar mot fjordkråa Oppsåta i vest, alt nemnt.
Fembøringsbukta er ikkje eit namn som treng til forklaring, med mindre du tviler på at vika faktisk rømte ein fembøring? Oppsåta er heller ikkje noko vanskeleg namn, der må det jo ha vore oppsett (gno. uppsát) for jekt, usagt kor stor eller lita. Verre er å forstå kvifor Tollarneset, Tollarneshaugen og Tollarnesmyra heiter som dei gjer? Rett nok fanst det langt att i norsk soge noko som heitte skipatollr (også kalla skipafé), ei skipsavgift som gjekk til å bygge eller utruste leidangsskip. Innkreving av toll knytt til skipsfarten har dei fleste høyrt om, men det gir inga meining for ein utkant i utkanten som Verhalsan og Jørland.
Derimot er prost Erik A. Colban i si skildring av Lofoten og Vesterålen frå året 1814 i sjuende og siste kapittel inne på innkreving av toll av eit ganske anna slag, av di det gjeld villdyr: "Bjørnen er den farligste gjest, som ikkun etterstrebes af Finner, der ei allene erholde Præmie af Kongens Kasse for hver Bjørnehud, de paa Tinget fremvise, men og reise allevegne omkring i Bygderne, og faae Bjørnetold hos hvem de komme, naar de kun give sig Navn af Bjørneskyttere, enten de ere det eller ikke". Dei samiske innslag i grenselandet mellom Øksnes og Bø som Jørland og Verhalsan var ein del av, var sterke nok, slik sett kunne 'tankar om toll' seiast å ha ei forankring. Det var berre det at dei som slik toll ville ha, dei reiste rundt med bjørnen eller skinnet av bjørnen, men ingen av dei vart dermed kalla tollarar, det vi veit. Dermed kan ein ikkje tolke Tollarnes-namnet truverdig på det viset heller.
Det siste gjettinga heilt i blinde går på eventuelle gamle barskogressursar, nemleg toll (gno. þǫll) "ung furu", vél kjent på Helgeland pga. namn som Tollkrullen i Vefsn og Tollskogen i Bindal, men at Jørnfjorden noka tid har hatt barskog saknar historisk forankring.
Utsynet mot Verhalsholmen og inste del av Jørnfjorden i sol har sin sjarm, men strandpartiet eller fjæra mellom Oppsåta og Tollarneset er strengt tatt inga stor naturoppleving – snarare tvert imot, for å vere heilt ærleg. Derfor vil det nok, etter all denne problemdrøftinga, komme litt brått når folk får vite at vi kan løyse namnet Tollarneset opp i tre delar, nemleg nordsamisk duolva «smuss, ureinske»+njár(ga) «nes» + eit forklarande (= epeksegetisk) norsk -neset. Med det samiske ordet duolva har det same skjedd seinare som med enkelte norske ord: Vi seier "sånn i tålltia" (12-tida), "hallparten kan vere nok", "gållkaldt" og "søllsmed". I det samisk-norske duol'njár'nesse greier vi heller ikkje å uttale ein tydeleg nj i midten, han blir kamuflert eller eten opp av den siste n-en slik at det låter tåᶅᶅarnesse eller rettare sagt tåᶅᶅaṇesse.
Tollarneset var då opphavleg eit samisk Duolvanjárga "smussneset". Namnet er ikkje eineståande, for den nordaustre delen av øya Liss-Vandve i Dønna kommune går under namn av Tollerneset og Tollernesodden: Der er avgrensinga mot vest ei lang rekke skittengule tjønner som utan større tvil er årsaka til valet av namn, i det tilfellet.
Det aktuelle ordet i første del av namnet får normalisert form duolva i både nord- og lulesamisk, jf. pitesamisk duolvas adj. 'smussig, urein', men blir likevel skrive tuol´va i Harald Grundströms lulesamiske ordbok og i Björn Collinders 'Ordbok till Sveriges lapska ortnamn'.
Tollerneset på Liss-Vandve i Dønna er den grøne strimmelen til høgre, med grunne tjønner til venstre
Kartverket