OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Fleskeryggen, Frøskeland og Bitterstad

Frå NYTT OM NAMN 1923, men nyredigert og utvida.
Av Finn Myrvang.

 

Overskrifta minner nok mest om ei tvilsam gastronomisk blanding av hummar og kanari med beisk ettersmak, men kan kanskje fungere som blikkfang! Så var tanken, for desse særs ulike namna inneheld ein samfaktor som kan vere litt ettertanke verd.

Fleskan heiter nokre skjer utanfor Nyksund i Øksnes, og Fleskeleia var ikkje å spøke med pga. attkipp, brimhest og opprota sjø. Det er uklart kva som ligg i namneleddet Flesk-, bergformasjonane i området passar dårleg med flasken ‘flatsida av eitkvart’.  
    Ved søk etter namn på Fleske- i Norgeskart kjem det opp namn som Fleskehella, Fleskeryggen, Fleskeneset og Fleskeskjeret,  ei temmeleg lang liste der nordnorske innslag ikkje dominerer. Usamansett form Fleskan er rett nok unikt for Vesterålen, men kva med Fløsken i Hvaler? Namn frå norsk innland med same forledd kan òg fortene ettertanke.
    Ei enkel forklaring kan vere at då folk i nyare tid, i første rekke under påverknad frå skriftspråket, tok til å modernisere sin uttale frå dajen, majen, fesjen og tosjen til dagen, magen, fesken og tosken, så slo det òg over på ord og namn som ikkje skulle ha vore med! For Vesterålen kan dette vere mest typisk for siste halvdel av 1800-talet, men tendensar i talemålsutviklinga er eitt, for tendensar til velmeint 'retting' av folks uttale av gardsnamn m.m. i skriftlege aktstykke finn ein lenge før den tid.
  I klartekst vil dette seie at i namnekategorien Flesk(e)-, Fleska- er det nok tale om falsk restituering (gjenoppretting) av ein -k- som aldri var til stades i ordet fles, eller endå klarare: Det vart skoten inn ein uhistorisk -k-, især i dei gamle genitivsformene Flesjar-, Flesja-. Dette skjedde trass i at bunden eintalsform Flesi, Flese eller Flesa langs heile kysten burde ha sikra rett forståing av samanhengen, formene imellom.  
    Så nok om fleskeryggar og meir «i den sjøen» og over til dyret frosk: Eidsfjorden i Vesterålen med sine vel hundre matrikkel¬gardar var aldri eigen kommune, men vart likevel vidspurd for sildefiske på siste del av 1800-talet, som økonomisk basis for det nye Vesteraalens Dampskibsselskab. Inst i fjordbotnen ligg grenda Frøskeland, før gnr. 90 i Hadsel kommune, etter 1964 gnr. 39 i Sortland. Namnet skrivst Froskeland 1567 og Frøskeland 1614, men formene med o dominerer. Oluf Rygh ordla seg litt resignert om korleis namnet kan vere å forstå:

«Jeg kjender intet andet Navn, som kunde antages at indeholde samme Stamme som dette Navns 1ste Led. Hvis ikke dette allerede i den ældste kjendte Skriftform har undergaaet nogen væsentlig Forandring, synes der ikke at være noget andet Ord, hvoraf det kan afledes, end froskr n., Frosk» (NG 16: 367).

Frosk var det nok av, iallfall i nabobygda Bø, men moderne jordbruk og tilgroing og / eller drenering av gamle torvdammar har gitt dyret ringare levekår. På Andøya sågst aldri frosken, det nokon veit. Fanst då dyret i slike mengder inst i Eidsfjorden at det var eit 'frøskeland' framfor alle andre stader langs fjorden? Det er tvilsamt, endå det utan tvil er rett at overgangen frå tradisjonelt til moderne jordbruk har fått negative konsekvensar for dyre- og fuglelivet.
    Eit uventa og tilsynelatande irrelevant spørsmål er om utstyret i moderne bilar kan tilføre stadnamngranskinga noko nytt? Etter at det kom ekstern temperaturmålar i dei fleste bilar la folk merke til, at når dei på tur frå Sortland og utover til Bø og Øksnes passerte fjordbotnen, fall temperaturen 8-10 grader på dei opne myrane tett nord¬aust for Frøskeland, og omvendt hin vegen. Vel er slike lokale kuldehol ikkje eineståande, men i Vesterålen er kanskje Frøskeland aller best kjent i så måte.
    Den tanken melder seg at førsteleddet i Frøskeland er det same som i elvenamnet Frysja (no Akerselva), av Sophus Bugge tolka som ‘den kalde’. Ei slik forståing av namnet vil truleg lokalkjende folk finne diskutabel, men verd å drøfte. Ei sak for seg er at eit heilt anna ord, ufrøsje, jf. gno. úfreski ‘det å sjå syner’ har vore særs  kjent i Vesterålen (sagt om eitkvart stygt i sjøen eller om personar som ter seg avskyeleg), den dag i dag nytta i forma ufrøsje, ikkje ufrøske. Merkeleg nok er ikkje ein «hard» k blitt restituert (gjeninnført) her – det ville jo vere med rette – men det kjem vel av at det aldri er aktuelt å bruke ordet i dagens bokmålsopplæring. Ein gammal uttale levde vidare «i beste velgående», skåna for alle forsøk på modernisering.
    Til sist til det forunderlege gardsnamnet Bitterstad bet`teṣṭa gnr. 79 i Hadsel: Rygh tenker seg eit elvenamn *Bitra for di det finst eit par bekkar der. Det er ei tilnærming som fungerer skralt i Vesterålen, endå Bitterstadelva etter lokale mål kan kallast stor nok. Fokuseringa på vassfar er likevel ikkje irrelevant i Bitterstad sitt tilfelle, som ein vil sjå av gamle skriveformer. Dei få skriveformene i Norske Gaardnavne kan vi med fordel supplere med notat (i kursiv) frå leiglendings- og leidangslister:

    Botilstad 1567 (!), Bechestad og Bethestad 1610, Bettestadt 1611, Bechestad,     Beckestad og Bertestad (?) 1614, Bachestad (!) 1615, Betestad og Bettestad 1616,     Bitterstad 1661, 1723.

Samanlagt gir dette rimeleg grunn til å konkludere med at uttalen på 1600-talet var ganske lik den tradisjonelle som er ført opp i NG, og at forleddet i namnet beintfram var genitiv bekkjar-, tidleg nedslite til beᶄᶄe ?> beƫƫe > bette. Den siste uttalen må ha vore så innarbeidd at skriveforma Bechestad alias Beckestad på tidleg 1600-tal ikkje formådde å slå igjennom. Delvis kom vel det av at genitivsforma bekkjer- < bekkjar- forsvann frå «det grammatiske inventaret» lenge før 1600-talet. Men kvifor vart -kkj- her til -ƫƫ- > -tt- i staden for å gå over til -kk- , slik som i dei to første namna? Her kan det nemnast at i konfirmantlista for Hadsel år 1874 er garden kalla både Bitterstad- og Betterstad. Former med -kk- (-ck, -ch-) er derimot ingen staden å finne etter 1615.

Så langt er den eldste skriveforma 'af Bitrexstadom i Aslak Bolts jordebok (s. 99) blitt halden utanfor, men no kan vi sitere Oluf Rygh:
    «Bitreksstaðir er udentvivl ikke en oprindelig Form, men k maa her ved en meget     almindelig Lydforandring være indskudt foran s med efterfølgende Konsonant.     Dette synes navnlig at være Tilfælde med mange med -staðir sms. Gaardnavne,     hvorved endel saadanne urigtig har faaet Udseende af at være dannede af     Personnavne».
  O. Ryghs merknad om innskot av s i visse høve står stødig nok, i og for seg, men i Bitterstad sitt tilfelle kjem eit forstyrrande moment inn. Gardsnamnet Tægan (off. Teigen, med gnr. 10 før samanslåinga med Bitterstad) når frå hovudvegen og opp åt Gurafjellet og ligg på vestsida av Bitterstadelva. 
   Tægan var krongods; lendinga Tægasjøen -ᶊȳen heitte òg Bitterstadfjæra. Det har den nokså uventa konsekvens at Bitrexstad lar seg tolke som *Bekkjerteigstad  når ein legg ei moderat uttaleredusert form til grunn. Berre prøv å uttale begge variantane raskt og som del av ei setning i daglegtalen, og du vil merke at skilnaden er fint liten! 
    Dersom den historiske samanhengen namneformene imellom er som skissert, kan det nok vere t i midtleddet -teig- som skipla den ordinære overgangen frå -kkj- til -kk- som elles ville ha kome. Det inneber at lydutviklinga fram til dagens form Bitterstad er eit særtilfelle, medan namneformene Frøskeland og Fleskan m.fl. derimot står som sikre utslag av ein utbreidd, men upåakta historisk ‘trend’. Rygh var likevel merksam på fenomenet, jf. ein kort merknad knytt til gnr. 85 Dysjeland i Indre Holmedal, no gnr. 185 i Sunnfjord k.: «Alm. skr. Døskeland». Dette svekker slett ikkje Frøskeland-teorien framfor, tvert imot.

Utenkeleg er det ikkje at ein kan finne fleire døme på det same fenomenet, i alle fall kan eitt nemnast med ein gong: I sørkant av Leirbugen sør for Bø på Andøya finn ein Lakeneset |''lākenesse|. Ovanfor dette er det fullt av vasshol og pyttar i våtmyra, kalla Latjønnene |''lāᶄȫᶇ~ᶇ|. Vi kan saktens diskutere om La- er oppstått av orda (høy)lade eller av sam. láddu «dam, tjønn», namneforma Lakeneset har visst i alle fall oppstått dialektisk på denne måten: *latjønneset > *latjeneset, deretter ureflektert misforstått som *lakjeneset  og «modernisert» til Lakeneset, ei namneform som er meiningslaus.