OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Fabro og fabro -

Av Finn Myrvang

Å slå opp på stadnamn som fortel om slektskap, gir – om ikkje direkte spennande – i alle fall ein del uventa resultat. Kartverket kjem opp med to tylfter tilslag landet over når du søker på utmerkinga Bestemor- el. Bestefar-, og då må vi tru at endå fleire slike finst. Ei sak for seg er at «Bestefar-» i enkelte fall kanskje er ei omskriving for bamsen. At akkurat desse utmerkingane er talrike, kjem kanskje av at bestemor og bestefar i høgare grad enn andre slektsskapsord er allmenne appellativ, dvs. når vi ser bort frå far og mor, bror og søster? Tilsvarande søk på synonym til bestemor og -far gir magrare utbyte, nemleg Mormortjønna i Steinkjer og Farfarhaugen i Sørreisa. Ingen synest å ha æra morfar og farmor i namnevegen.

Namn av denne art høyrer til ein stort sett privat sfære som no og då har sett avtrykk i gardens eller rettare sagt brukets namn. Dei gir meining for første generasjon, men er lite meiningsberande ut over det. Få av dei får eit «langt liv», dess mindre av di det i mange tilfelle er tale om så små lokalitetar. – I skolebarnoppskriftene frå 1936 finn vi ein del stadnamn med slike utmerkingar, og frå den største kommunale databasen frå Nordland kan nemnast Bestefarslåtta, Pappalia, Mormormyra og «Han morfar».

Dei som har arbeidd med namning av kart har nok vore restriktive i å akseptere slike namn, som i vid samanheng framstår som inkjeseiande. Derfor er det ikkje å undrast at Norgesglasset ved søk på «tante» berre kjem opp med Tante Ulrikkes vei i Oslo, mens «onkel» er utan tilslag. For «faster» og «moster» får vi ikkje meir enn 4 tilslag (øynamnet Moster og visse andre på Moster- som er tvilsame i høve til slektskap held vi naturlegvis utanfor). Søker vi «morbror», får vi berre opp Morbrorsmyra i Iveland.

Overraskande er det derfor at eit tilsvarande søk på «farbror» gir tilslag på om lag eit dusin namn landet over! Eg legg då til Fabbrotjønna ved Femunden og supplerer frå stadnamnprosjektet i Nordland med Farbrordalen i Grane, der det var grassletter og gammalt slåtteland. ØK har oftare eit unormalisert Fa(b)bro- i slike stadnamn, og for appellativet farbror er uttalemåten fab(b)ro den vanlegaste (NO 1: 985). Skilnaden i frekvens for Morbror- og Farbror- som utmerking blir då altfor stor til å vere tilfeldig.

Tar vi for oss stadnamn der Mor- og Far- er utmerking, veit vi at langtifrå alle dei har med slektskapsorda mor og far å gjere. Noko mindre fleirtydige er nok utmerkingane Bror- og Søster-, men i tillegg til si eigentlege meining er desse ikkje så sjeldan brukt overført, om to eller fleire lokalitetar av same slag som ligg attmed einannan, t.d. «De syv søstre», for å ta eit litterært døme. Kan då også Farbror- tyde meir enn ein ting?

Liksom utmerkinga Farbror- klart skil seg ut frå det praktisk talt fråverande Morbror- er det påfallande at vi fleire stader finn Farbror-namna i sætermiljø: Fabromyra ligg tett nordom Fjellisætra (d.e. nordaust for Søndre Metsjøen) på gnr. 36 i Trysil, medan Farbrosmyra (Fabrosmyra) ligg søraust for Kvernmosætra. Farbrorsmyrane ispedd lange rabbar av fastmark ligg i utmark i Stor-Elvdal, i sør av Styggberget. Liksom Trysil har Åmot k. i Hedmark to Fabro-namn. Det eine er Farbrorsætra, rett fram, det andre Farbrorsbua rett sørom Stenersætra. Då er det heller ikkje særleg dristig å tru at Fabbrotjønna tett ved Femund park også er eit minne om sætring i eldgammal tid. Lierne i Nord-Trøndelag har Farbrorfloen midt mellom Juleshaugseteren i vest, Bakkeseteren i aust og Gårdtjønnseteren i nord.

Vi finn altså Farbror- eller Fab(b)ro-namna med overvekt i grensestrøka mot Sverige. Ein kan komme i tankar om ein samanheng med svensk fäbod «sæter, støl» som i sørsamisk låneform lyder feäbbuor og feäbbure (Hasselbrink), andre stavemåtar feabpore (Bergsland) el. febbore (Mankok-Nilsson). At eit norsk øyre synest å høyre «fabbro» eller «fabbror» er lite å undrast, og det er interessant å jamføre med «fæbru» som uttalevariant av farbror, frå Åseral i Vest-Agder (NO 1: 985).

Sørsamisk har sitt feabpor(e) frå svensk, men på norsk heiter det vel alltid sæter eller støl, støyl, stul? Jau, det stemmer stort sett, endå febu «bu til å vera i for fegjætarar og fekarar» (Norsk ordbok b1:1042) ikkje er heilt ukjent. Frå gno. har vi berre sætrbúð f, men visse stadnamn tyder på noko meir: Agdenes har Fabolisetra, med Fabolia og Fabolimyran tett ved. Febua i Gausdal har gitt namn til Febutjørn og Febuvika. Aust og nord av Nørdre og Søre Stulen i Nord-Fron (det òg i Opp­land) ligg Febuknappen i skilet mot Sør-Fron, og Febutjenn i skilet mellom Birkenes og Grimstad i Aust-Agder skal heller ikkje oversjåast.

Formelt meir usikre er 2-3 namn frå Telemark, nemleg Febostjønn (*febols-?) nord-vestom Fjellstaul i Seljord, og frå Notodden Febottjønna og Febotdalen (her kjem vi også i tankar om bot = grasbot). Februmosen i Aremark og Februsmyr[1] i Halden k. kunne òg gå på eit lett omkasta norsk førsteledd *Febur-, Feburs-, men norske ordbøker kjenner visst ikkje til ordet *febur n, det eg veit. Feboshola også Febushola på Unnstad i Vestvågøy i Lofoten er eit fuktig søkk under fjellet der graset alltid var grønt, også kvilestad for husdyra, Febora på Sørmela på Andøya står i samband med Febo(ra)tjønna, ein ulukkeleg stad med grønt sev som lokka til seg kalvar og kviger. Også her kan det vere tale om opphavleg *febol-. 

 Avsnitta nærmast framfor handlar om norske tvilstilfelle. Litt usikker kan ein også bli når det gjeld sørsamisk feäbbuor, feäbbure osv.: Kan vi slå oss til ro med visinga til sv. fäbod (jfr. det sjeldnare norske febu < *fébúð), eller var der kryss-påverknad frå bur n (jfr. sørsam. buvrie «bur, stabbur» og bovre «bu, krambu, butikk»)? 

Eit poeng er at talrike Fabbro-namn finst i bygder nær svenskegrensa og at fleirtalet kan knytast til sætermiljø. At ev. sørsamisk sætring var av anna slag enn den norske og mykje eldre må vi berre gå ut frå. At Fabbro-namn kan vere meir meingsberande enn ein hittil har rekna med burde inspirere til nærmare lokalhistorisk gransking.

Nokre namn er utelatne i denne gjennomgåinga: Om Farbrorskjeret i Bøverøysundet ved Nessaplassen i Smøla tør eg ingenting seie, ei heller om Farbrors som namn på eit gardsbruk i Åmot anna enn at det ligg på ein lang, bratt brink. Fabrosfjell fell brå­bratt av mot Eikelandsvatnet i Vennesla, jf. sørsam. feäppures, feahperes «bratt», og Fabrohaugen bnr. 152 i Røros ligg like sør for Bratthaugen (bratt på søraustsida), medan Fabrohaugen ved Austre Finneid i Hemnes er ovbratt mot vest. Fabrohælen synest vere namn på ein bratt nabb på Ringerike, og Farbroåsen i Os i Hedmark er eit gardsbruk ved Åsberget, som er svært bratt på austsida. Det er også bratt terreng ved Fabbrobekken i Nordre Land. – Som vi ser, eintydige er «fabbro»-namna ikkje.

 

 

Fotnoter:

[1] brusk m kan tyde «tett krull av strå eller andre vokstrar», heimfesta til Austfold, Telemark, Valdres, Bjørgvin (NO 1: 982), men *februsk gir neppe meining.