OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Drutvika

Av Finn Myrvang Trykt i  Namn og Nemne 1 - 1984

Ytst i Malnesfjorden i Bø i Nordland er det ein stad som ber namnet Drutvika
|"drūtvīka|. Det er på austsida av fjorden, motsett fiskeværet Hovden, like utom den fråflytta garden Godvika. I Drutvika går fjellet rett i sjøen, så å seie, og i dag er det lite aktuelt å ta seg fram her til fots – det var det neppe tidlegare heller. Elles er det lite til vik å snakke om – ein ørliten bøyg i strandkanten berre. Det einaste auga festar seg ved på staden er ein ganske kort, gulkvit rullesteinsbanke som skil seg skarpt ut frå langt mørkare og grovare gråstein på nordsida; til motsett kant er det ein grasgrodd flekk under bratthenget. Denne banken eller mola synest å vere einaste særmerket ved staden.

Rullesteinsfjære i ei lita vik - Klikk for stort bildeDrutvika i Bø Finn Myrvang

I bømål finst ikkje noko ord som gjer førsteleddet i stadnamnet forståeleg. Typisk nok kan ein blant dei unge av og til høyre |"trūtvīka|, utan at det på noko vis er tvil om genuin form. I Værøy i Lofoten har det derimot fram til våre dagar vore brukt ein særskild type fløyt på garn, når dei ville ha desse søkkte så mykje at farkostar fritt kunne passere (Lofot-havet). Ei slik druta |"drūta| var rett og slett tre 5-toms glaskavlar festa etter einannan oppe på garntelna, med stein nede på ilen som motvekt. (Opplyst av fiskar frå Nordland på Værøy).

Det ligg nær å tru at ordet også kan ha vore i bruk den tid trekavlar var vanlege, men her har eg ingen sikre opplysningar. Jfr. elles drutar m. 'kavl av (2 el. fl.) samanbundne glaskuler' (Hellevik 1978: sp. 172, ved medarbeidar frå Lofoten).

I Ivar Modéers bok om fisketerminologi (1953) er innretninga ikkje nemnd.
Nokon innlysande samanheng mellom den nemnde fløyttypen frå Lofoten og storvoren og rundslipt nevestein kan ein neppe seie det er. Det måtte einaste vere dette med forma, ettersom også gammaldags trekavl var rund. Derimot fall det ein brikke på plass då eg hos Ross (1895:116) fann «Druta (uu) Stenlod paa Fiskesnøre», heimfesta til Sunnhordland. Og Hellevik, som har same ordet frå Austevoll, omtaler det som 'steinlodd (festa midt på ei tverrstong) på fiskesnøre' (1978:sp. 172). Dersom eg oppfattar dette rett, kan funksjonen ha vore noko lik den som ein moderne jar[n]stein med strengfalt (-fatle) har. Men det kan vere ei for rask slutning.

I alle tilfelle: Var Drutvika ein stad der fiskarar frå Hovden og Malnes og andre gardar i Malnesfjorden henta seg søkkesteinar til særskild bruk? Tradisjonen teier om det. Rullesteins-samlingar eller mòl finst det fleire stader i omlandet, men steinen i Drutvika er som nemnt påfallande lys i leten, og eg gjettar at det kan ha vore lettare å lage snøre-for eller hol i denne enn andre sortar.

I målføret er dru- i framlyd særs uvanleg, ja truleg kan ein berre nemne drusing m. 'tungt slag, dryling' o.l. som døme ved sida av stadnamnet. Dette er utan tvil gammalt, og så lenge ein held seg til druta i funksjonen 'fløyt', kan ein tenke på både trefløyt og fløyt av skinn og bli mint om gno. þrútinn 'utvida av væte; opp¬blåst'. Men lydleg verkar forklaringa heller søkt. Og kva med druta som søkke?

I staden for å tenke seg ei overføring i namnebruken frå fløyt til søkke eller omvendt kan ein velje å gå ut frå at druta er eit lånord, t.d. med tyding 'drag, trekk',  jfr. gno. dráttr m og ghty. traht, truht 'ziehen, tragen' (de Vries 1962: 81). Rimelegast er det vel at eit slikt ord kan ha kome til oss frå lågtysk, men mitt tilgjenge på hjelpebøker er her så avgrensa at detektivarbeidet får ligge. Eit meir nærliggande spørsmål i første omgang er om ordet verkeleg berre er kjent frå Lofoten og Sunnhordland.

Svaret på siste spørsmål dukkar opp 28 år seinare, då det viser seg at gnr. 105 i tidlegare Tune hd., no gnr. 705 i Fredrikstad heiter Druteng. Ryghs kommentar: "Oprindelse og Betydning ukjendt. Intet lignende Navn bemærket". For så vidt ikkje noko veldig framsteg, men kart og ortofoto tyder på at det på innmarka på denne garden ligg strødd – med god avstand – stor og små jordfaste steinar eller steinknutar, så kan hende fanst der mykje meir den tid denne garden vart rydda.

Fotnoter:

  • Hellevik, A. (red.) 1978: Norsk Ordbok.2. Oslo.
  • Modéer, I. 1953: Norska Ordstudier. Uppsala.
  • Ross, H. 1895: Norsk Ordbok. Christiania.
  • Vries,. J. de 1962: Altnordisches etymologisches Wörterbuch. 2. Aufl. Leiden.