OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Avløysa og Brokløysa

"Håløygminne"   2-2012

Av Finn Myrvang

Avløysa som namn på oddar og landnære holmar finst mange stader, bl.a. på Hornøya i Vardø. Særskilt vanleg, kan det sjå ut til, er det i Vesterålen og Lofoten. Avløysinga eller også Avløysingen er ein velkjend variant i andre distrikt. Sjeldnare ser du drøfta kva namnet tyder. Jamføring med med meir eller mindre nedsettande husmannsplass-namn o.l. som Gardløysa, Grasløysa, Matløysa, Mjølløysa osv. er meir villeiande enn rettleiande. Rygh var likevel på rett spor i si drøfting av gardsnamnet Avløs i Bærum: «Gaarden Afløisa paa Frøien er maaske ogsaa benævnt efter en udenfor liggende Hol­me; om Avlesbugen, Gaard i Hevne, er at opfatte paa samme Maade, tør jeg ikke sige. Man kunde tænke sig, at ved de sidst anførte Navne Forestillingen om Holmen som noget, der løser sig fra Hovedlandet, laa til Grund».

Alle går jo ut frå at Avløysa fortel om noko som blir løyst av, slik Rolv Straume gjer i Bø bygdebok: «Ved Rambergneset er Avløysa. Hi Avløysa er ved Farveisa, så kan ein vite kor langt dei måtte sitte med årane den tid dei var i bruk». Ved sistnemnde loka­litet blir dette gjentatt: «Ute ved Farveisodden er Avløysa, der dei løyste av ved årane. Hi Avløysa er inne ved Ramberg» (b.1:21, b.2:38). Problemet med denne forklaringa er at ho berre fortel det som synest å ligge i namnet sjølv, utan å seie i kva samanheng det skjedde rorskifte på akkurat desse stadene, som ligg såpass nær einannan at rors­etappen blir merkeleg kort. Går vi nærmare inn på avløysene andre stader, får vi også vanskar med å få dei til å høve med tenkeleg skyss-inndeling, den tid skyssplikt fanst.

 

Slik vi no brukar verbet å løyse, må vi ha med objektet, det er som blir løyst. Annleis i gammalnorsk, der «leysir» m.a. heilt enkelt kunne tyde at «(noko) går sund» = går i stykke, løyser seg opp, rivnar osv. Typisk for ei slik avløyse, så vidt kjent, er at ho er landfast på fjæra sjø, men kjem laus av landet (løysest frå landet) på flo, såleis at det oppstår ein opning der det er roande igjennom. Namnet fortel nettopp det, korkje meir eller mindre. Vi tør kanskje samanlikne med den gamle tilrorsnamnet Rivningen eller Rivningan (remningan) i Saltabakkan på Andenes-havet: Namnet går på eine méda, det at «Stavan remna'»: Der ser du fjellrekka så mykje frå sida at du skimtar opning mellom tindane.

Rygh var inne på den uttalereduserte varianten Avles-, som vi ikkje berre har i Hemne (Avlesflua) og Hitra (Avlesa), men også i Harstad (Avlesholmen i Brokvika). Annleis med skjeret Avlusa ved Avlusbukta i Steinsfjorden i Vestvågøy, der må det snarare ha lege ei form *Avlausa til grunn. 

Brokløysa heiter ein gard i Sortland. Det namnet har mange undra seg over, og Rygh oppfatta det såleis: «Dannet av brók f, Buxe, Buxeben, og løysa f, af Adj. lauss, som forekommer som 2det Led i mange Stedsnavne med Betydning af en Mangel paa det, som lste Led betegner. Denne Sammensætning, som kun forekommer her, kan nærm­est samrnenlignes med Klædløysa, forsvundent Gaardnavn i Varteig». Som vi ser, vi får meir ei gjennomgåing av namnestrukturen enn ei eigentleg tolking av namnet.

Folkeleg, for ikkje å seie fargerik er den tolkinga Per Hovda lanserer i «Norske Fisk­eméd» 1961: «Mange stader på kysten møter ein namn på små vikar og attlatne sund med namn som Skjortelaus(hamn) i Tysvær, Broklaus hamn i Fitjar og Lusahamn i Åkra. Dette var namn på gode hamner. Dei kunne klæ av seg både skjorta og broka og 'pela lus' i kleda sine» (s. 302). Den forståinga har visst få eller ingen andre gjort seg til talsmann for, så namnet har halde fram med å vere ei utfordring. Ein særskild vanske er at lokalitetane Skjortelaus(hamn) og Broklaus, nemnt av Hovda, ikkje er til å finne ved vanleg kartsøk. Derimot finn vi Lusa- eller Lusehamn i Årdal.

Robert Skaug frå Sigerfjord skreiv i eit privatbrev frå 1966 litt om Brokløysa i Sort­land: «Under reise til Lofot-fisket kunne der ligge fullt av farkoster som søkte ly for stormen i denne gode hamna. Der var så trygt å ligge i Brokløysa at fiskerne kunne ta av seg buksa, løyse buksa. Noen har også ment at båtene der kunne ligge uten brok, ei slags bakfortøyning».

Kåre Glad, sjømann og fiskar, tok opp den konkrete forklaringsmåten mange år sein­are: «For båtfarende folk/fiskere er det viktig med gode havneforhold, og det er svært god havn både i indre og ytre Brokløys. I gammel tid, før motordrevne båter, var det viktig at havneinnløpet var mest mulig rent (ingen skjær) og rett, sånn at båten kunne seiles direkte inn til en ankerplass. Aller helst burde en slippe å sette ut anker for å fortøye. I Brokløys kunne en seile direkte inn på havna, der var full dybde for den tids båter helt inntil land. Det var å sette fast et tau, for så å falle tvers over Vågen til andre landet, og så sette fast der. Så var det å hale seg til midten av tauet og legge båt­en i såkalt brok - et ord som enda brukes, og som har vært brukt så lenge vi har skrift­lige kilder. Når de sjøfarende forlot havna var det bare å kaste løs broka, og de var seilklare» («Vesterålen» 8.1 .1983).

 

Dette er ei likanes tolking, for så vidt at vi kan skrinlegge meir fantasifulle teoriar, og vi kunne saktens gå nærmare inn på det maritime ordet brok. Men det finst visse inn­vendingar som veg tungt: Stadnamn er ofte langt eldre enn kva mange vil tru. Var sjømannsgogna brok faktisk i bruk på den tid namnet Brokløysa oppstod? Om så var, burde då ikkje staden heller ha blitt heitande *Brokhamn eller *Brokvåg, jfr. namn som Djupfest og Hammarfest? Poenget måtte vel vere at dette var ein stad der det var greitt å ligge for brok eller rettare sagt utan – at dei måtte løyse den same broka når dei fór sin veg, måtte no vere for sjølvsagt til at dét skulle gje hamna namn?

Då er det meir tiltalande med Rygh å forstå -løysa i dette tilfellet som eit uttrykk for «Mangel paa det, som lste Led betegner», men same kva slag brok vi då prøver med, får vi store vanskar med å meisle ut ei tolking som blir konkret og truverdig nok.

Rygh har rett i at Brokløysa er eineståande, då vel å merke som gardsnamn, men som namn på vik-formasjonar finst det også i Gulen og Radøy, merk dertil Broklösen i Västerås i Västmanlands län i Sverige, i det tilfellet namn på eit nes. Brok i tydinga bukse er, i motsetnad til det maritime «brok», kjent frå garnmalnorsk, men då helst om eine bukselåret. Stadnamn på Brok- fortel elles greitt om lokalitetar som er delte i to: Broka i Fitjar er ein delt holme medan Broke i Nome i Telemark er eit vatn med ein rundvoren hovuddel og to lange armar: den eine av dei «stikk inn» i Drangedal kommune. «Eksemplariske» i si todeling er også Broklia i Skorvågen i Bø, like eins Brokvika i Harstad, ei temmeleg stor vik der det i midten er ein odde med eit grunn­snag utanfor. Brokvika i Steigen er ein mykje mindre lokalitet enn vika i Harstad, men er nærmare studium verd, i det som har med høg- og lågvatn å gjere: På kvar side av vika er det eit nes, det eine breitt, det andre meir oddeforma. Men i rota av neset går det i begge tilfelle ein val langsmed land, og ved full flo blir dei to nesa til holmar, og opningen mellom nesa, som var ei vik, blir no eit kort sund. Det viser seg å vere særs relevant for dei eigentlege Brokløysene òg: Brokløysa i Gulen er ein lang bergholme med eit smalt midtparti, med ein val som flør over. I Radøy har namnet Brokeløysa nærmast med ei lang, trong og delvis delt saltvasstjønn å gjere - på fjæra sjø, men fjord-sida av tjønna er ein tange (kalla Brokeløysa han òg) som til helvta flør over. Då ligg saltvassbassenget innafor meir ope for ferdsel, ser det ut til.

Brokløysa i Sortland er frå naturen si side utforma på liknande vis: Her er det tale om to vikar, Ytter- og Innerbrokløysa eller Ytter- og Innerhamnen, med Brokløysholmen som bolk imellom. Men ved rota på sistnemnde går det ein tidlegare val tvers over: Vi ser lett at landhevinga må ha tørrlagt valen i relativt sein historisk tid. Før den tid vart dei to vikane på full flo til éi stor vik eller strandstrekning, med ein stor holme tett utanfor. Sagt omvendt, ved fjære vart dei to vikane med neset imellom ei naturleg «brok» i landskapet, men broka løyste seg opp når det flødde, så neset vart ein holme.

 

Heilt eineståande er ikkje namna Avløysa og Brokløysa og variantar av slike: I Smøla finn vi Steinløysa, ein holme som har ein stein-odde i austerenden, dvs. dette skjeret er skilt frå holmen ved flo, men blir landfast når sjøen fell. I Hol i Vestvågøy har dei attmed Foldværingsøya (Foldværsøya) ei mindre øy kalla Værløysa, som tilsvarande er øy ved flo og halvøy ved fjære. Noko heilt for seg er Landlausa i innsjøen Feren i Meråker, ei øyr eller ein banke som skild frå stranda ved ei grunn renne. Vi tør rekne med at det berre er i tørrår at øyra har kontakt med moderlandet.

At det er knytt nokså mange og sprikande tolkingsforsøk til namnet Brokløysa er før nemnt. Grunnen til dette er sjølvsagt at kvar og ein heilt naturleg legg brok = bukse til grunn for sitt resonnement, og det å «løyse broka» innsnevrar assosiasjonane endå meir! Stadnamn landet over – vi har berre omtalt nokre av dei – viser snarare at vi må tenke på brok i ei meir grunnleggande tyding: tvidelt tilstand, eller lokalitetar som er naturleg delt i jamstore halvdelar. Kva hovudleddet -løysa gjeld, er det nyttig å vere klar over at det norrøne «leysir» som før nemnt også kan vere intransitivt og ganske enkelt tyde «går sund», «rivnar», «fell frå einannan» o.l.