OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Femtegjeld

 Av Finn Myrvang

Artikkelen handlar om det særmerkte gardsnamnet Femtegjeld i Våler i Østfold, og kjelde­grunnlaget er det omfattande oversynet over historiske skriveformer som finst i Kåre Hoels «Bustadnavn i Østfold» b. 3 og dei tolkingsforsøka og synspunkta dette verket presenterer, men det finst endå fleire tilnærmingsmåtar, og dei peikar mot ei namnetolking som ikkje er topografisk oppsiktsvekkande, men som av andre årsaker vil bli motsagt.

Femtegjeld |''fæmtəjel| gnr. 86 i Våler i Østfold er eit merkeleg gardsnamn. Bnr.1 ligg på ei hylle lengst nord på ein ås-ende som stikk ut i ein myrlendt dal. Bnr. 86.5 «Femtegjeld nedre» ligg berre litt lågare, på eit fastmarkpall som stikk litt ut i den same myrlendte, forgreina ådalen til Femtegjeldbekken.

Bak utmerkinga Femte- må det skjule seg eit anna ord, som med tida er blitt assosiert med talordet fem, noko som har påverka uttalen i retning av open e, evt. med sekun­dær verknad på hovudleddet, kva no dette kan ha vore. For at det skal vere sagt, det ville vere merkeleg at avbregda skriveformer som «-gildi» og «-gjeld» kunne oppstå av eit hovudledd -hjallr m «hjell», eit tolkingsalternativ som Hoel ikkje såg grunn til å nemne og som skriftlege kjelder heller ikkje gir dekning for (Hoel: 138). 

Namnet er skrive j Hwimthergilde år 1414 (DN VII 362), også påteikna Hwi(m)m­tergille og Femtegilde, jfr. Femtegild og Feinnptegilde 1575, men frå då av er det slutt med dei firestavings formene av namnet, hovudleddet blir no skrive -gild, -gield, -giæld eller -gjæld: «Efter Brevet fra 1414 maa den gamle Form antages at have været Hvimtar-gildi eller noget lign., uagtet Overgangen fra hv til f er høist usæd­vanlig og påfaldende. 1Ste Led har man mulig ogsaa i det nu forsvundne Navn Hwinte i Askim, se nr. 84 der» (NG 1: 369). Sistnemnte er heller ikkje nærmare tolka.

Kåre Hoels «Bustadnamn» gir ei fasettert drøfting av namnet Femtegjeld, og valt utgangspunkt er at Ingeborg Hoff «ser i forleddet genitiv av et elvenavn *Hvimt, en t-avledning til stammen i det norrøne verbet hvima 'nøle, drøye', som tilsvarer nynorsk dryga, 'vimse, sveve hit og dit, gjøre mange svingninger', og peker på at elva som renner forbi gården, Femtegjeldelva, -bekken, «bukter seg i ustanselige svingninger» [«Skjetve og noen andre stadnavn fra Østfold, MM 1946: 42-48]. Etterleddet for­klarer hun som gildi n i betydningen 'gilde, sammenslutning, lag av sosial eller selskapelig karakter'»... Hun viser til navn som Gilhus i Lier (gnr. 19; NG V 310) og andre som der er nevnt. Etter dette skulle betydningen av gårdsnavnet være «garden ved elva Hvimt, der gildet pleide å bli holdt». Overgangen *[vemtə-] til [''fæmtə-] forklarer Hoff som resultatet av en omtydning av det uforståelige forleddet, der også dissimilasjonstendens ved de to stemte labiallydene kan ha grepet inn» (Hoel 139).

Kåre Hoel finn Ingeborg Hoffs forklaring språkleg lytefri, men er likevel ikkje over­tydd, då garden ligg for avsides til å vere ein naturleg gildestad. Utgjevarkommen­tarane ved Tom Schmidt har i tillegg ei formell innvending: «Ingeborg Hoffs tolk­ningsforslag ville innebære at gildi n i norrøn tid kunne brukes om selve gildestedet. Noen slik betydning er ikke belagt, og gildi synes heller ikke andre steder å fore­komme som etterledd i navn. Som forledd, ofte sammensatt med etterledd som húsbýrvǫllr o.l. er det derimot vanlig» (op.sit. 139). Jf. her også artikkelen om Gildeskål.

Hoel er jo alt i utgangspunktet og av omtalt årsak tvilande til Hoffs hovudledd -gildi, men føyer til: «Noen annen og nedre forklaring kan likevel ikke gis. Det skal bare pekes på at etterleddet etter uttalen teoretisk også kan gå tilbake på norrønt gil n, 'gjel, bergkløft'. Korkje han eller Tom Schmidt er framand for at det kan vere hyper­korrekt når hovudleddet i gardsnamnet er skrive med ld, det vil seie at «-gilde» nok kan oppfattast som -gille og forståast som norrønt -gili, dat. sg. av gil n 'gjel, berg­kløft', ettersom dette ordet i Østfold-mål har «tynn» l etter gammal kort i. – Tom Schmidt avrundar namnedrøftinga med å seie: «Saklig sett er Hoels alternative tolk­ning av etterleddet å foretrekke. Femtegjeld skulle altså bety '(gården ved) gjelet i (elva) Vimt'».

Varsame konklusjonar, merkar vi. Tvilen skin igjennom på fleire punkt, og endå fleire innvendingar kunne reisast: Vi finn neppe andre døme på namnelagingar knytte til det abstrakte norrøne hvima v. «tøvre, nøle, dryge», og i tillegg må det kallast ei sanning med store modifikasjonar at Femtegjeldbekken «bukter seg i ustanselige sving­ninger», for det er berre eit godt stykke nordom Femtegjeld og så ved nabogarden Kastet i aust at der er bekkekrokar verd å nemne. Det tør seiast at Hoff på dette punkt pressar topografien eit grann. At ein så liten bekk kan ha vore tilgodesett med eit så klassisk norrønt namn som *Hvimt fortonar seg med andre ord dobbelt tvilsamt, og på det grunnlaget treng vi knapt gå nærare inn på kva omtydingar som evt. førte til overgangen Femte- <*Vimte- heller.

Annleis med hovudleddet oppfatta som gjel<gil: Det kan ikkje med rimeleg grunn seiast at det som ØK kallar Femtegjeldbekken, renn i eit gjel, men bekken har tilrenn frå aust, og første delen av denne bekkegreina renn nordover-nedover i austkant av Femtegjeldåsen der det etter ØK å dømme er eit relativt djupt gjel. Problemet er like vel at også denne lokaliteten ligg mykje nærare nabogarden Kastet enn sjølve Femte­gjeld-gardane, ja frå sistnemnde kan du ikkje eingong sjå dette gjelet. Heller ikkje gir ØK til kjenne at dette bekkefaret blir rekna med til Femtegjeldbekken – utenkeleg er likevel ikkje akkurat det.

Det er freistande å distansere seg – i dobbel forstand – frå dei refererte tolkingane og heller stille utmerkinga *Hvimtar- (genitiv) saman med gardsnamna Kvipt i Fyresdal (Quiptte 1611) og Kvifte i Vegårshei (Quiptte 1610-1612), vel òg Kvepto i Sogndal. I hovudsak peikar desse tilbake på gno. *hvilpt, hvilft «kvelv, dokk, søkk» – i Þulur faktisk med forma hvilft (hvilmt) f. «kvelv [fordypning], hole», i flg. Norrøn Ordbok. Det kunne tilseie ei lydutvikling *hvilpt >hvilmt >hvimt. Uvanleg til norsk å vere, men ikkje usannsynleg. I sørleg sørsamisk var det derimot dialektrett å uttale nordleg -bt- som -mt-, td. domtedh for dobtedh «kjennes, føles», fuemtie for fuebtie «noko ovstort, uhyre» o.l. (Bergsland 1982: 24 merknad 1), og samisk har framlyd f- i ei rad låneformer av norrøne eller urnordiske ord på hv-: hvalr «kval», hvammr «kvam», hverr «kjel», hvǫnn «kvann(e)» osv. Både overgangen hv>f og innlydsendringa pt >mt i Hwimtergilde>Femtegilde er seg derfor regelrett så lenge vi legg eit sørsamisk perspektiv til grunn, og skriveformene Femptegild, Feinnptegilde 1575 og Fembte­gield 1647 (Hoel 138) gir all grunn til ettertanke under ein slik synsvinkel.

Tar vi så for oss dei eldste skriveformene på -gilde, -gille, er ikkje alternativet dat. sg. gili <gil det einaste, for med sørsam. gille, gylle «gressbevokst, skogløs bakkeknaus» (Bergsland og Magga) får vi eit i høg grad topografisk interessant alternativ. I så fall kan gardsnamnet Femtegilde <*Fimtegille oppfattast som sørsamisk fullt ut. Annleis er det knapt med sisteledet i Holmgill (Holmegil) i Aremark eller med Gylder i Våler.

At nokon i ettertid visste el. forstod at «Femtegilde» og Hwimtergilde var same namn er neppe oppsiktsvekkande. Merkelegare er at den tilsynelatande samiske framlyden kunne vinne fram også i skrift, når det så tidleg som 1414 er skriftfesta ein (frå norsk synsvinkel) så etymologisk korrekt skrivemåte som Hwimter-. Så karakteristikken «høist usædvanlig og påfaldende» blir ståande.

Topografisk særs tilfredsstillande er det å oppfatte Femtegilde som ei sms. av *fimt-< hvi(l)mt, *hvilpt «kvelv, dokk, søkk» og gille, gylle «gressbevokst, skogløs bakke­knaus», noko ØK klart nok vil vise. Problemet ligg snarare på det psykologiske plan: Denne namnetolkinga føreset at det òg er gammal samisk influens lengst sør i landet, og det er lite å undrast at stadnamntolkingar som er språkgeografisk kontroversielle blir ignorerte. Enn så lenge er Femtegilde ei einsleg svale, det skal mange fleire til før eit «grensesprengande» ordskifte kjem i gang.

 

 

 

Litteratur:

  • Hoel, Kåre 1999: Bustadnavn i Østfold 3 – Våler. Seksjon for navnegransking ved Tom Schmidt. Oslo.
  • Rygh, O. 1897: Norske Gaardnavne Bd. 1 Smaalenenes Amt. Kristiania.
  • Heggstad, L. o.fl. 1975: Norrøn Ordbok. Oslo. Det Norske Samlaget.
  • Bergsland, K. 1982: Sydsamisk Grammatikk. Universitetsforlaget. Tromsø – Oslo – Bergen.
  • Bergsland, K. og Magga, Lajla M. 1993: Åarjelsaemien-daaroen baakoegærja/Sydsamisk-norsk ordbok. Oslo – Kauokeino.