OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Juvelen blant fiskeplassar

 "Bøfjerding" 2008, omarbeidd 2018

 

Av Finn Myrvang.
 

I «Norske Fiskeméd» (1961) tek Per Hovda sitt utgangspunkt i den historiske bakgrunnen for fiskemédene, eller tilrorane som vi tradisjonelt brukte å seie. Hovda peikar på at skildringa av Tor og Hymes fiskeferd i Hýmiskviða har stor kulturhistorisk interesse og at same forteljinga står i Snorre-Edda. Då eg tidleg i 1961 sendte inn til Håløygminne nokre få liner om det særmerkte ordet eller namnet «vots», som eg då skreiv det, var det just forteljinga frå Edda som var utgangspunktet:

Tor og Hymes fiskeferd i Hýmiskviða

Åsa-Tor, som berre var ungguten då, låg eingong over hos jøtulen Hyme ei natt: «I dagninga stod Hyme opp og kledde på seg. Han budde seg til fiske. Tor spratt opp og var klar med ein gong, han bad om å få vere med. Men Hyme meinte på at det var vel lite gagn i å drage med seg Tor, ung og liten som han var, ”du kan lett få kyld i deg om eg set meg til så langt ute som eg brukar”. Men Tor sa at for den del måtte Hyme måtte berre ro så langt han ville, det var ikkje sagt at han kom til å be om landror! Han fekk då jøtulen så arg at det var like før han måtte klappe til han med hammaren. Men han la band på seg, for han hadde anna å bruke kreftene på. Så spurde han Hyme kva dei skulle ha til beita, men Hyme svara at det fekk han skaffe seg sjølv. Då gjorde Tor seg ein snoptur bortåt ein okseflokk som kom Hyme til og sleit hauvet av Himinhrjoðr, den største oksen. Så bar det ned til støa der Hyme hadde skuva ut båten. Tor gjekk om bord og sette seg i ausrommet, tok eit par årar og gav seg til å ro. Hyme tykte han rodde fort nok; han sat sjølv frami halsen og rodde med, så dei seig godt i veg.

Om ei stund sa Hyme ifrå at dei var komne til dei tilrorane der han brukte å drage flatfisk: «sagði þá Hymir, at þeir váru komnir á þær vaztir, er hann var vanr at sitja ok draga flata fiska» (kveite, flyndre). Men Tor ville mykje lenger ut, så dei tøygde på endå ei stund. Då hadde dei nådd så langt at det var fare for at dei kom til å sitte rett utom Midgardsormen, sa Hyme, men Tor ville ro endå eit stykke, og han så gjorde. Då vart Hyme forferd. Men Tor, han la inn årane og laga seg eit gagneleg snøre – og ikkje var ongulen mindre eller veikare. Så krøkte han okseskolten på og kasta, og ongulen fòr til botns. Midgardsormen beit på og gapa over okseskolten, men då hogg ongulen inn i ganen på han. Då han kjente det, brådde han med så hardt at Tor sine nevar først small nedover båtsida. Men då vart Tor så vreid at han brukte åsastyrken sin, og han tok eit spenntak så hardt at han rente begge føtene gjennom båten og spente ned i botnen. Så drog han ormen oppunder borde. Det er sant, så fæl ei sjun har ingen sett som dei auga Tor kvesste i ormen! Men Midgardsormen, han glana nedan av og sendte eiterblåster imot. Hyme, han bleikna og vart redd då han såg ormen og sjøburden som fór inn og ut av båten, og i det same at Tor tok tak i hammaren og løfta han til vers, fumla Hyme etter agnsaksa og hogg Tor si snor av på ripa. Ormen søkkte seg i havet, men Tor kasta hammaren etter han. Så letta han knytneven og dreiv til Hyme under øyrstolane så han fauk over bord med skrærne i veret. Men Tor vassa til lands”.

Vaztir

er fleirtal av det norrøne hokjønnsordet vǫzt som tyder fiskeplass. I ytre Vesterålen opptrer ordet i namn på ei lang rad fiskeplassar, no som hankjønnsord, voss, vossen. Uttalen i sentralområdet i ytre Vesterålen (Øksnes, Malnes og Bø sokn) er «våss, våssen», men likevel «vauss» og «vaust» i utkantane av området, dvs. i Andøy, Langenes, Hadsel. Lofoten er her svakare representert, sjå seinare.

«Norske Fiskeméd»

kjente eg ikkje til i 1961, men så blir då heller ikkje vossane omhandla der. I det første, raske oppsettet i Håløygminne kom eg elles i skade for å ta med ein voss som ikkje finst, nemleg «Gottingskjærvossen», ei misforståing for Gotråsa, som både var juksaplass og garnsett og ligg sørvestom Kugrunnen, og sistnemnde igjen ligg sør av Fyllingan ved Bøværøya. Gotråsa er lang og har derfor inga fullgod méd sør-nord, men méd ut-inn er «Fyllingan i Berget» (Skorvågberget).

Got

Namnet går på got n (gått), det som er gote (gytt), dvs. rogn og iselja, noko vi kunne jamføre med goððu ”gyting”, i samansett form goððo- i talrike samiske stadnamn, særleg langs elvar, jamfør også Gotfiskbukta i Tana og Gotfiskvatnet i Lebesby. Lensmannen i Været (Neset) på Værøya i Bø ville forresten ein gong i tida bygsle Gotråsa, men fiskarane slo ring om allemannsretten og sa nei. – Gåttingskjæret lenger bort på det same havet har derimot neppe med gyting å gjere, snarare med gåtting som avleiing av gått, gno. gátt «innskjering». Vesterålingar flest veit visst enno kva dørgåtta er for noko, men ikkje så med ordet voss.

Steinsvossen

Den synste og første er Steinsvossen, ein djup vårplass utom Litløya i Bø. Médene er «Steinsfjellet (= Klubben på Steine) på Kyllholmsnaget» og «Vettmålsskjeret med Skaftet» (ein tange på Fyllingan). At Klubben i dette eine tilfellet blir omtalt som ”Steinsfjellet” er eit indirekte, men framifrå vitnemål om at Klubben opphavlegare heitte *Steinen og gav namn til både Steine og Steinsvika.

Meir dunkelt er namnet Kyllholmen, som naturlegvis ingenting har med kyld lik kulde å gjere. Derimot kunne vi vel tenke oss at han liknar ei kyll, ei lita gogn til ribbing av snørefals til jarstein, men ei slik samanlikning er temmeleg langhenta. Kyllholmen har derimot dette til felles med Kyllholmen i Øksnes at han ligg svært utsett til for sjøburden, jamfør kylla 3. ”vælde frem med kraft, strømme voldsomt til eller over” (Torp).

Vettmålsskjeret ligg innom Utflesa. Vel nok kunne det namnet ha med vetting (vinding, oppheising) av segl å gjere, at dei var «i vettmål» når dei kom så langt ut, men det rimar ikkje at dei venta med å heise segl heilt til då. Det gir heller ikkje meining å tenke på *vettemål, røysta til gode eller vonde vette, om enn fiskarar med kvart meinte å høyre drågen! Endå mindre rimeleg forklaring gir (moderne) islandsk vitamál «fyrvesen»; det er heller ikkje truleg er at vettmål kjem av norrønt vaztamál, eit ord vi vil vende tilbake til.

No finst namnet Vettmålskjeret i Værøy i Lofoten med. Der òg ligg skjeret slik til at eit omforma gammalt sjøsamisk viepmal(is) ”tverrdjup, brådjup” gir best meining, iallfall blir dette viep- uttalt vet- på lulesamisk tunge.

Fyllingvossen

heiter neste vossen, «på Nordhavet», som øyværingane sa – iallfall dei i Skjerdingstad. Han strekker seg frammed Fyllingsteinan og nordvestover til innersida av Siribøen og heiter derfor Siribøvossen med. Innan av Føre og Fjærvoll ser Fyllingan ut som to kuplar, men det er opplagt at folket i Værøya, som dagleg såg desse på nært hald, var dei som la namnet: Truleg heitte dei frå førstan *Fyglingan etter det yrande fuglelivet. Uttaleslitasje førte så til forma Fyllingan.

Fyllingvossen lik Siribøvossen er ein gammal og god heilårs fiskeplass og var ikkje minst namngjeten som juksaplass etter sei på våren og sommaren. Méda ut-inn er «Vettmålsskjeret i Skarholmen», andre vegen «Nyken på Andholmen»: Skarholmen (rettare Skarv-) finn vi vestom Skorvågen, men Andholmen ligg tett nordom Været i Værøya, mens Nyken i dette tilfellet er Hoklandsnyken på Hadseløya.

Klakkvossen

Lenger nord, på Klakkan utfor Skorvågen, ligg den såkalte Klakkvossen. Det er nokså sørhallt her, på Klakkgrunnen dei kallar. Sørkanten eller - stupet av Klakkvossen blir kalla Vossbrottet: «Vi låg i Vossbrottet», kunne dei seie, men skjelna ikkje klart mellom Brottet og sjølve Vossen. Méda er «Tussen på Breinyken» (ut-inn), og sør-nord er det «Lasset med Søberg» (Søbergsfjellet). Lasset er bergformasjonar sørom Lynghaugtinden. - Breinyken skal vere Gårdsnyken i Nykvågen. Lasset (eit gammalt sjøsamisk ord lássa "slett berg, stor jordfast stein", eigentleg same ordet som fles) er sjønamnet på berghumpar på heia sørom Lynghaugtinden.

Når folket på Søberg skulle undersøke om oppsigfisken var til svars, i adventa, brukte dei først å prøve på Vossen. Dei tok berre «dragarfisk» der (dvs. med handsnøre) og især skråp om våren. Men der var også mykje sei og kveita, og longa litt lenger sør. — På denne same tilroren har dei eingong fått opp ein søkkestein som på form var som eit bryne, med hol i eine enden, mellom eit halvt og eit heilt kilo i vekt, og Gimstad-karane fekk eingong opp ein søkkestein av same slag for Utflesa.

Vossen

Det kan forvirre at Steinsvossen, Fyllingvossen - Siribøvossen så vel som den sist omtalte fiskeplassen alle blir kalla berre Vossen innimellom. Men det kan tyde på at fiskarane frå Litløya, frå sjølve Værøya og frå Søberg – Skorvågen hadde kvart sitt eldgamle fiskehav, kvar med sin voss. Det var likevel så at når værøyingane snakka om Vossen, meinte dei helst den som ligg nordafor, og det kan forklare at Siribøvossen – Fyllingvossen også blir kalla Sørvossen. Aner vi ikkje ein ubroten tradisjon attover til førhistorisk tid då vǫzt lik fiskeplass var eit ord alle kjente og brukte?

Besningsvossen

Bestings- eller Besningsvossen ligg ei kvartmil nordnordvest av Hovden, og her ser det ut til at uttalen har vakla. Men når tilrorsnamnet ein stad er stava «Beslings-», er nok dette feiltrykk for Bestings-. Fiskeplassen ligg litt austafor Bældjupa og Skredingen. Méder er «sørkanten av Jennfjellet med Malnesberget» og «ytterkant av Spjøten i innerkant av Gårdsnyken». Tilroren var søkt etter skrei om vintrane (garnsett) og etter kveita, longa og hysa om somrane. – Sørom Bestingsvossen ligg Vossanden, ein fiskeplass det òg.

Uttalevaklinga Bestings-, Besnings- fortel sannsynlegvis at namnet må ha fortona seg dunkelt i lange tider. Begge uttaleformene kan vere forsøk på å «reparere» ei namneform Bessing-, opphavlegare *Bergsend- med utspring i den første meda? Alternativt kan vi tenke på ein basse eller besse, eit ord som andre stader i landet står for ”sværing, storing, velnært individ”, og i så fall må det jo vere tale om torsken dei tok på *bessingsvossen? Jamfør namnet Gåttingskjeret, der ordet gått er blir utvida til gåtting.

På Bestingsvossen er uthallt, ca. 80 famner djupt, men på yttersida er egga så bratt at det skil 40 famner på eit lite stykke, det er mykje meir enn på dei neste to vossane.

Fruggvossen

har namn av øya Frugga rett nord av Malnes og utgjer ytste punkt av Malnesfjorden, på vestsida. Øya vart fredlyst 1897, men der var lenge utslåtter, og dei fekk opptil tolv kufôr der, og innimellom var øya også beiteland (Bø Bygdebok I:177,353), og det stod ei tid høyskjåar på yttersida, på Høysåta dei kallar. Men der var mykje daudséna, og dertil vanskar med å passe høyet, og det vart ofte dårleg berga fôr dei førte i land på fembøring, så vi kunne tenke på isl. frugg f "dårleg fôr, muglahøy", jamfør isl. fruggi m "mugla høyvisk". Men øya har også ein særmerkt kontur, jamfør ei frukka ”skrukke, rukke, fald” likså vel som ”søkk eller framstikkande kant i ei fjellflate” (Telemark,Setesdal): t.d. is kan frukke seg, jordskorpa det same (Norsk Ordbok b. 3). Det passar slett ikkje dårleg her.

 

 

 

På Fruggvossen fiska dei i alle tilfelle skrei vinter og vår, og om somrane same slag fisk som på Klakkvossen. Méa ut-inn er «Skarvbarden (ved Frugga) over-rett med Sandvikhalsen», og «3. tuva på Dyrøyfjellet unna Tåa». Sandvikhalsen er ein fjellrygg mellom Sandvika og Kvalvika, og tuvene på Dyrøyfjellet er tre fjellspissar aust og ned mot Dyrøyskaret-Bjønnskaret, samnemnt «Tuen’».

Lyngøyvossen

ligg i flg. Norsk Fiskeritidende 1897 ca. ei kvartmil nordnordaust av Lyngøya, ei øy (og tidlegare buplass) på austsida av Malnesfjorden om lag rett overfor Hovden, berre litt lenger ut. Her er meda ut-inn «Stor-Skata (inni Malnesfjorden) over høgaste Lyngøya» medan méda sør-nord er som for Fruggvossen. Fiskeslaga er som for Fruggvossen. Botnen er slett, og djupna er 60 famner.

Breigrunnvossen

har namn av Breigrunnen nordaust for Floholman, så vidt over grensen til Øksnes og eit stykke ut. Médene er 6 «Litjenyken i steinen på Flesa, og høgaste Resula til Kyllsundstien» (”Sørsandstien”). Litjenyken er truleg berre eit taknamn (ad hoc-namn) på Måsnyken, som ruvar lite. I si hovudoppgåve om stadnamn frå Øksnes nemner Johan Vassbotn at Nordvossen og Sørvossen er tilrorar på Breigrunnleia: I så fall er det médene for Nordvossen som her er nemnt, sjå lenger ut i teksten.

I alle fall er det nok Breigrunnvossen som blir kalla «Vaassen» i årg. 1897 av «Norsk Fiskeritidende», der sagt å ligge om lag 26 km nordvest for «Hjeldsund» (Hjellsand), dvs. ca 4 km lenger ut enn Breigrunnen. Kor presise desse distansane er veit eg ikkje.

Det er garnsett under torskefisket, står det berre, med ruglbotn på 40-80 f. djupn – «Vestre Med: Tussen går i en stor Sten på Flæsa. Indre Med: En Sten i Fjeldet Hornet går i Stien». Her er det nok eigentleg tale om Sørvossen, for den førnemnde Resula ligg på halvøya vestom Romsetf jorden (nær Saltberget) medan Hornet er på austsida, så i høve til Stien gir Hòrnet ei sørlegare médline. Det høver òg med at ein annan informant for Sørvossen gav médene ”høgaste Snykolla unna Kyllsundstien og Tussen på inste Flesenden”: Snykolla ligg endå lenger aust/inn enn Hòrnet og gir nok mest presis peiling, men i relasjon til Stien gir Hòrnet og Snykolla praktisk talt lik medline. Breigrunnvossen er truleg då det same som Nord- og Sørvossen, eller kan hende vel så korrekt: vossen utgjer så vidt eit område at todeling er naturleg. Det kan harmonere med ein annan merknad frå år 1897: «Breigrund, Mikkelsbakken og Vaassen er egentlig Eggen, hvor Garnlænker sættes under Skreifisket». Då spørst det berre kor langt inn på eggakanten dei méda i kvart tilfelle.

Vosshammaren ligg visst rett vest av Breibøen og er ein fiskeplass på Breigrunnleia, heilt ut mot Djupta på 104 meters djup. Namnet kjem sannsynlegvis av at han ligg ikkje langt frå den før omtalte Breigrunnvossen. Såleis i flg. Johan Vassbotn, som òg slår fast at ”dette er det eneste eksempel på hammar brukt i navn på fiskegrunner innenfor området".

Auorsvossen

er i også «vesterleian» ein stad, visstnok oppimellom Floholman. Her manglar medene, og kanskje er vossen så lett å finne for lokalkjent folk at dei ikkje trengst. Derimot kjem det fram ei interessant opplysning at «auorsvoss» har vore brukt som samnemning ved sida av vanlegare ord som auorsstø eller auorsmed, auorsplass. 

Børrøyvossen

eller berre Vossen er ein god gammel seiplass (handsnøreplass) ytst i Børrøyfjorden, omtrent 200 m rett nord av Vardhaugan på Børrøya og like sørvestom den Børrøyskallen som ligg nærmast Børrøya. Méder er «Børrskjeret (ved åsen Børra) unna Børrøya» ved varden på vestsida og «kvitsanden (i Bergsengneset) i Børrøyveggen». Tilroren har vore viktig også for folk i Dalen (Saltbergdalen) og det er uvanleg lett å kartfeste han presist.

Straumvossen

ligg endå lenger sør og inn, i hallinga nedover frå Børrskjeret på nordsida, på Straumen mellom Dyrøya og Tindsøya. Det er seiplass, og meder manglar her liksom for Auorsvossen, jamfør også neste voss.

Vossen

Dei hittil omtalte vossane i Øksnes ligg alle vestafor Skogsøya, men når vi forflyttar oss til austsida, finn vi kloss utom Gåsøya ein tilror som òg heiter Vossen kun; han var garnsett og høyrer til Myre i dag, men i gamle dagar var det båtar frå Sørsand og Gåsøya som låg der. I Gåsøya rodde også hadselværingar og eidsfjerdingar. Men Vossen var òg ein gammel handsnøreplass: Der og på den spisse Hallvardgrunnen (iblant «Haillværr-») drog især Kråknes- og Vottestad-folk oppsigfisk i adventa. På ein tilror så nær land hadde heimefolket lite bruk for méder, men dei fanst: At den eldgamle fiskeplassen tett ved land var viktig, viser det faktum at ein haug på Gåsøya heiter Vosshaugen og det at du kunne bruke «Vosshaugen og Gylta» til méd – medan det vestover var «3. Kulen på Tinden unna Vågsberget». Så i flg. Johan Vassbotn, og han føyer til: ”normalt er det slik at médmerket på land kan bli tatt med i navnet på médet – men i noen tilfeller går det andre veien”. Gylta er i dette tilfellet ein kolle ved Høydalen.

Vaussen

Når vi så rundar Langenes-odden, finn vi ute i Gavlfjorden ein tilror som vel å merke ikkje heiter Vossen, men Vaussen. Det er mellom Klo i Langenes og Sørmela i Bjørnskinn – i bakkan litt nordom den grunnen som andværingane kalla Vaussbøen, men som langenesfjerdingane kalla Vaussflua, og til med brukte dei i alle tilfelle Vausskjeret:

«Vausskjeret i Holm» (for Vaussen sjølv), men "Vausskjeret i Brømnes", for Vaussbøen. Méa oppføre for Vaussen er «Gryta unna [: unna Orkleiva på Sør-Anda]». Holm og Brømnes (skrive Bremnes) er gardar i Sortland; men her er det tale om dei landemerka som har gitt sjølve gardane namn. Gryta er daglegnamnet på Grytøya i Troms, jfr. Anda for Andøya. Mellom Vausskjeret (også -skjeran) og Skarvhausan er det farande.

Vaussan

Lenger nord, der Gavlfjorden sluttar og storhavet tar til, ligg det på yttersida av Vausskjeran ved Børrvågen tre tilrorar kalla Vaussan. Dei har òg særskilde namn – Staden, Borterstaden og Høgget (i det siste tilfellet kunne vi heller vente *hiterstaden. – Méda oppføre eller innerméda (ut-inn) er den same for alle tre, nemleg «Hågen og Aksla, rør i rør i nordkanten». Hågen er då Litjelandshågen nordom Børrvågen medan Aksla er Kinnfjellaksla litt lenger sør. «Méda sørføre» for Høgget er «Knausen i Høgget», men for Staden er det «Orkleiva med Rònkollen». Få årtak lenger ut ligg Borterskallen, med meda «Litje-Orkleiva med Rònkollen».

Høgget er eit hakk eller skår i fjellet ved Rònkollen sørom Nøss (alternativ: Rølli- eller Bøkollen på Bø). Eit liknande namn er Høggan mellom Bleik og Stave, og islandsk brukar tilsvarande hogg n. om «dybt Skaar» i fjellet. Rònkollen sørom Nøss blir i dag oftast sagt Rognkollen, men har nok namn av dei djupe rònene som er der. Treet rogn har det neppe vore tale om, i dette snaue og nordvendte fjellpartiet, men namnet er mistydd.

Staden

På Staden osv. pla Nøss-karane å prøve om oppsigfisken var til svars, på førjulsvinteren. – Norske Fiskeméd har berre få døme på tilrorsnemnet «stad» frå Nordland, men i røynda er desse talrike, òg brukt om fiskeplassar i ferskvatn. Når det gjeld fiskeplassar i saltvatn er stad ”produktivt” framfor alt i Rødøy og Vega. For Anda sitt vedkommande kan også Gapøystaden i Andfjorden nemnast, men i usamansett form Staden er det eineståande for Vaussan og minner mest av alt om eit såkalla tabunamn.

Vaussar i Hadselfjorden

Vossar – vaussar lenger nord enn Børrvågen i skilet mellom Bjørnskinn og Dverberg kjenner eg ikkje til. Derimot dukkar dukkar namnetypen opp også på sørsida av Hadselfjorden, tett vestom Fiskebøl eller på Strønstadvika om vi vil:

Grøtøyvaussen

ligg lengst aust og har médene «Løkta i Gommarlia» (på gnr. 31 i Hadsel) og «Husbyhaugen (gnr. 32) i Sandsmelen» (eit fjell på gnr. 36). Første del av namnet Gommarlia på gnr. 31 Fiskebøl må vere sam. gobmar adj. utoverhengande, framoverbøygd, altså "hengelia" el.l.

Seløyvaussen

er litt vestafor. Er avméda med «Gommarlia i Husbyhaugen» (som er på Hadseløya) og «Delpen (så vidt over i Vågan) unna Sandsmelen» (alt nemnd).

Litlvaussen

Dette er gamle handsnøreplassar (etter sei m.m.), og det same gjeld sikkert for Litlvaussen (lihkj-), avméda slik: «Husbyhaugen i austerkant av ei røne opp av Vollan» og «Seløykalven i Saufjellet» (på gnr. 35).

Yttersida av Lofoten

Desse vaustane fell det formelt og reelt naturleg å rekne med til Vesterålen, om enn Austvågøya er ei Lofot-øy, strengt geografisk. Dette så mykje meir som ein frå Vågan storkommune ikkje kjenner til noko tilrorsnamn som går tilbake på norrønt vǫzt. – Det same ville vere tilfelle for Vestvågøya, om det ikkje var for eitt einaste namn i Buksnes, nemleg Vausskjeret like nordvest av Grænholmen: Det viser til fiskeplassen Vaussen sør-sørvest for skjeret, i Nappstraumen mellom Vestvågøya (Lófót) og Flakstadøya (Vargfót). Det er kunne sjå ut til at uttalemåten vauss for voss er typisk for utkant-områda for namnegruppen, men på yttersida av Flakstad dukkar det opp ein ny variant:

Holsvostret

(hålsvåstre) er eit havområde (travlfelt) nord i Flakstad, og méd inn-ut er «Ytterholmen i Mulstøneset» (Lundhalsen), el. også «Ytterholmen i Berget». Tverrmed er «Holsråstuva for Tjeldsneset». Hols- i namnet må ha oppstått ved bortfall av -m- i Holms-.

Einangsvostret,

kortform Vostret, heiter eit anna havområde (travlfelt) som tidlegare truleg var handsnøre- og linefelt. Méd ut-inn er «Svartoksen under Klauvan», tverrméd «Flesa like langt aust for Skarvholman som det er breitt mellom begge». Fleire enn desse to «vostran» har Flakstad ikkje, så vidt det er kjent. Ivar Aasen har nettopp frå Lofoten einang m. "et Bjergpas, en dyb Tværdal". Han viser til gno. einangr "knipe". I sms. namn andre stader ser det ut til at Einangs- lett blir til Einars-.

Sandvosteren

heiter derimot eit travlfelt på yttersida av Moskenes, det vil seie, det blir oftast uttala «Sandvoksteren» med ein nyutvikla overgangslyd - k- mellom s og t, og dermed har namneforståinga spora fullstendig av! Det finst også ein lokalitet «Sandvoksterskallen».

Méd ut-inn er «Skjelva unna Horseidmulen», eller ”Kneet på Smeden kjem fram; [og] det går igjen i Horseidet». Tverrmédene er «Sandvokstertinden (Storurdtinden) unna Kjerringa» eller «Landsenden for Berget». Alle desse tre «vostran» kjenner eg berre via Jan K. Myrset og hans informantar, men det kan sjå ut som ”vostran” i Flakstad og Moskenes gjer mindre av seg enn vossan i Bø og Øksnes. Endinga -er- i dei tre siste namna viser likevel at det i tillegg til vǫzt f må det ha eksistert ein hankjønnsform *vǫztr m.

Generelt er det eit faktum, at det oppstod talrike avspora namneformer etter kvart som urnordisk og gammalnorsk formverk vart meir og meir forenkla. Innarbeidde eller såkalla nedervde stadnamn stod igjen som isolerte språkminne, utan lenger å følgje med i utviklinga av talemålet i vedkommande region. Stadnamn i form av isolerte språkminne har ikkje så sjeldan halde på si opphavrette form, andre er blitt forenkla på grunn av uttaleslitasje, og atter andre er mistolka i ettertid og forvanska av den grunn, jfr. «Sandvoksteren».

Former som -vosteren og -vostret minner klart nok om fleirtalsforma vaztir av vǫzt f så vel som genitiv eintal vaztar. Især det siste gjer at vi òg må vere 10 opne for at kortare variantar kan dukke opp:

Vastholmen

på nordsida av Vega (eller hyperkorrekt ”Storvastholmen”) har sannsynleg nok med vǫzt å gjere: Utom Vastholmen er det ein velkjend seitare. Meir tvilsamt verkar det når prof. Magnus Olsen vil tolke øynamnet Alǫst = Alsten som gno. *Álvǫzt i tyding ”ålfiskeplass”. Fiskeplassar på hav eller land som har med ål å gjere kjenner vi ikkje, her nord i alle fall. Dessutan ville det vere underleg om eit fiskeplass--namn med tida skulle gå over til å bli namn på ei stor øy.

Alvastra

Rett skal likevel vere rett, Olsens tolking har dukka opp i ein samanheng der det fell vanskelegare å avvise han: Alvastra i Västra Tollstads sokn i Lysings herad i Östergötland i Sverige var eingong klostersæte, omtalt som (in) Alvastro 1208, og staden ligg ved Vättern. – Svenskt Ortnamnslexicon opplyser: «Namnet innehåller sannolikt ett fornsvenskt *vazter ’fiskeplats’. Al- skall troligen sammanhållas med förleden i Ål(e)bäcken, namnet på en bäck som genom Alvastra rinner ut i Vättern. Detta Al-/Ål- kan innehålla fiskbeteckningen ål». Her er det likevel, som vi ser, ikkje tale om ei øy.

Vadstena

I Östergötland ligg òg Vadstena by og kommune, med historisk form (de) Wastenum på siste del av 1200-talet. Også her reknar dei med at det er tale om eit fornsv. *vazt ’fiskeplass’ og sisteleddet sten: «Betydelsen kan vara ’stenarna där man fiskar’» el.l. Meir usikkert er om også øynamnet Orust i Båhuslen har med vǫzt å gjere.

I svensk må dei slutte attover til den fornsvenske forma *vazt, ho er ikkje skriftleg overlevert, slik som norrønt vǫzt er det. Heller ikkje frå færøysk er ordet kjent. Meir uventa er det derfor, så lenge ingen voss- eller vaussnamn er kjent frå Finnmark eller Troms, at skoltesamisk hadde ordet vöhs ”gyteplass”, det har så vidt kjent ikkje motstykke i andre samiske språk.

Vöstin

Alle dei omtala namnevariantane frå Nordland går altså tilbake på norrønt vǫzt f, flt. vaztir «fiskestad på sjøen». I tillegg er overlevert eit samansett vaztamál med same tyding, dvs. med –mål som forklarande tillegg, så vi kan nesten tru at ordet alt i gammalnorsk tid var avleggs! Det kan passe med at det især høyrde skaldemålet til, i tydinga «hav», jf. vast n brukt i islandsk i tydinga ”hav, rom sjø” på 1600-talet. Elles er no vǫzt blitt heilt avleggs som samnamn (appellativ), det er avløyst av ”fiskeplass” i alt norsk mål. I islandsk fanst vözt «høg båre», reint poetisk, men er likeins ukjent i tydinga fiskeplass: Berre i fiskeværet Bjarneyjar finst ein fiskeplass Vöstin.

Naust

Det er gjengs syn at gno. vǫzt går tilbake på ei urnordisk form *wada - stō ”(stad) der vaden står”. Om vi jamfører eit anna ord som er typisk for kystkulturen, så skal naust komme av urnordisk *nawa-sta «(stad) der båten står». Vi kan innvende at det er vanleg å kaste og derpå hile eller jage med handsnøret, ikkje la det henge eller ”stå”, det stemmer likevel ikkje for fiskeslag som longa eller kveita. Elles kan det å egne og sette ut ein enkelt utforma vad for å la han stå ei tid vere ein langt eldre framgangsmåte enn det vi i utgangspunktet vil tru.

Vesterålen er utbreiingsområdet

Ut frå det vi veit i dag, kan vi seie at Vesterålen og i litt mindre grad Lofoten er utbreiingsområdet for tilrorsnemnet voss - vaus(t). Fiskeplassane kalla så ligg ikkje så langt frå land, men gjennomgåande langt nok ut mot havet til å vere gode «prøveplassar» for oppsigfisk, for fisken støddest der. At dei i utgangspunkt var handsnøreplassar hindrar ikkje at enkelte har vore populære garnplassar seinare: på vossane i Malnes og Øksnes var det meir enn ein gong at fiskarane sette ned for kvarandre.

Utforsking av vossane – vaus(t)ane etter andre kriteria enn dei språklege vil måtte ta utgangspunkt i skreivandringa langs kysten frå dei eldste tider. Her høver det bra å sitere sitere Per Hovda i «Norske Fiskeméd»: «Skreiferda kjem inn Bleik[s]djupta og sig sørover til Vesterålen og Lofoten. Må-henda at ordet skrei er vakse fram i dette distriktet, for ingen stad i landet er skreia så merkande som der» (s. 212).

Vesterålsfjorden

Den renneforma havdjupta Høla strekker seg frå Vesterålsfjorden og nord til Hovden på lag, og det er ein ”besnærende” idé at kystområdet innafor kan ha blitt heitande *vaztarálinn ”fiskeplassrenna”, på grunn av det, men som vi har sett, ligg det for mange vossar/vaussar nordom og sørom dette kystområdet til at det rimar. Den mest alderdommelege namnebruken i Vesterålen og på Andøya tyder tvert imot på at Vesterålen opphavleg er det same som Vesterålsfjorden (sjå Bøfj. -99). Dessutan blir distriktsnamnet skrive «i westraal» og «j westralom» alt på 1400- tallet (Aslak Bolt), og vi saknar prov på at vaztar- i noko tilfelle har gått over til vester-. Heller ikkje har Vesterålsfjorden så mange vossar å briske seg med – faktisk berre ein.

Hýmiskviða

Når eg også i avslutninga nemner Hýmiskviða, kjem det av at professor Johan Fredrik Paasche (fødd i Bindal 1886) sa flg.: «Hvor Hymeskvida ble til, vet vi ikke. Om vi tør slutte noe av naturbilledene: frost og stort hav, hvalfangst og «berghvaler», og allikevel skog ved bøen blir det fristende å tenke på nord-norsk opprinnelse. Men islandsk, endog grønlandsk, måtte også være en mulighet» (Norsk Litteraturhistorie 1: 67). Dette sa han sikkert utan å ane at vǫzt var levande som tilrorsnamn i nordfylket. 

At namn som Alvastra, Orust og Vadstena lyder eksotiske i våre øyre er neppe for sterkt sagt. Men den vesterålingen må vere mykje ”hemblind” som ikkje undrast over at våre eigne steinute strender er kjerneområdet for same nemnet på vår side av Kjølen. I eit slikt historisk perspektiv må vi ha lov å kalle det eit edelt arvestykke.

Kjelder og innformantar:

Det er så lenge sidan eg først fatta interesse for emnet at det er vanskeleg å hugse alt og alle hjelparar som nemnast bør. ”Norsk Fiskeritidende” 1897 har vore til stor nytte, så vel som stadnamn innsamla av Jan K. Myrstad, Jan Sund, Arthur Johansen og Johan Vassbotn. Ikkje få av mine eigne informantar har gått ut av tida, men regelen ”ingen nevnt og ingen glemt” blir noko for lettvint. Lista må bli mangelfull, likevel vil eg nemne Sigurd Martinsen, Egil Roarsen, Oskar Olaisen, Arne Tobiassen, Johan Lauritzen, Petter Jakobsen, Johan Ellingsen, Alfred Ellingsen, Magnar Hansen, Martin Hansen, Johan Antonsen, Randi Eide, Olaf Hjellsand, Fritz Berg, Reidar Berg, Abel Kristoffersen og Emil Isaksen.