OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Vargfot – ei øy?

  «Namn og Nemne» 1987, nyredigert.
Av Finn Myrvang

Det går klart fram av Aslak Bolts jordbok (AB) frå ca. 1430 at «i Lofota syslo» –  Værøya medrekna – svarar til området vi kallar Lofoten i dag òg, geografisk også Foxstrondh (=Strandlandet), som like fullt høyrer Hadsel i Vesterålen til[1].

Eivind Vågslid (NoB 48.25-33) såg det såleis, at under erkebisp Gaute Ivarson (1475 -1511) omfatta «Stoolsens jordher i Lofothen» gardar på Moskenesøya, Flakstadøya og Vestvågøya. Vågslid seier dessutan at «Vargfot høyrde med til Lofotsysla, og alt under overbisp Olav Trondson i tiden 1459 -1474 hev Vargfot høyrt beinveges med til umkvervet Lofot. For då er det i fyrrnemnde jordbok AB tilskrivi etter bolken J lofot og under J lofota syslo: 'af yzta sandhe j flogx­stade sokn a wallastrand'[2] (AB 97). Det gjeld garden Ytre Sand og Vallastrand på Moskenesøy, som då hev høyrt til Flakstad sokn.»

Her pressar Vågslid den seinare tilføyinga når han seier «høyrt beinveges med», då systemet i overskriftene tydeleg viser at dette er ei usystematisk tilføying, for endå alt i hop var Lofota sysla, skulle garden Yttersand ha vore ført opp under Vargfot som område, og ikkje Lofot. Dessutan er også Vallastrand eit (mindre) område, ikkje ein gard. Rygh forstod dette: «Da det paa de anførte Steder i AB siges, at baade Hovden og Sand ligger her, maa Vallestrand have omfattet hele det flade Kystland nordlig paa Moskenesøen til begge Sider af Valle» (1905: 350). Den dag i dag er strekninga Yttersand - Valle - Torsfjorden kalla Stranda, og folket går for strandværingar.

Gustav Indrebø er òg inne på at distriktsnamnet Vargfot grip over på Moskenes­øya: «Jordeboki nemner under yverskrifti Vargfót 7 gardar på Flakstadøy. Ho nemner dertil Selfjord og Hovdan på Moskenesøy. Kann henda skal me skyna dette soleis, at Vargfót forutan å vera øynamn hev vore inndeilingsnamn (sokne­namn eller fjordungsnamn) og hev vore brukt soleis um Flakstadøy og Moske­nesøy til saman. Flakstad og Moskenes var ei sókn i 1589 (med l kyrkje og l krosshus). – Eller og er det berre tale um ei gåløyse av jordebokskrivaren» (1935: 60, fn. 25).

Her er Indrebø sjølv gålaus, for jordboka nemner 5-7 gardar på Moskenesøya. Desse er Selfjorden, Hyrna, Moberget, Finnafjord, Hovdan, dertil Innersand og Yttersand «uordentleg» tilføydd. Tenker vi på fjella som stengsler og fjordane som farvegar – som rimeleg er –  blir det temmeleg utenkeleg at desse gardane noka tid har høyrt Moskenes til. Ingen postar i AB tyder på noko slikt, heller.

Røssøya «etterlyst» på seddel 21b i AB er etter alle merke eit tidlegare namn på Torvøya, med Røssøystraumen innafor. Ho ligg liksom eggværet Kobbeskjeran – Kubbholmen i fjorden mellom Moskenes- og Flakstadøya. Frå sistnemnde er nemnt 6 gardar: Ramberg (eggværet utanom), Knutsfjord, Napp og lengst nord Sandnes, pluss ein gard Vordland (igjen seddel 21b), utan tvil Land = Vorland nord og ned av Vorlandstinden. På seddelen er òg nemnt det forsvunne Yriestad:  Namn på Ørje- fortel som oftast om ureine utgrynne med grums av mange slag, og tankane kan gå til Osen nord i Skjelfjorden og til Spengerleira på austsida av Rambergvika, så vel som til Kilanleira på søraustsida av «Flakstadpollen», men like snart kanskje Øyra med Plassen lengst nord på Vikten, altså *øyrplassen?

Hyrna lik Hynna vågar vi ikkje plassere eintydig, men kvalifisert(?) gjetting blir den langsmale aksla av Krystadåsen som som skyt seg fram imot Krystadvatnet,  det vil seie nær (eller på) Litl-Krystad. Moberget ligg litt lenger mot nordaust. 

«Af Finnafyrde vid Rekeid» kan i teorien lesast «av ein finnefjord ved Rekeid»:  Nemninga *finnafjǫrðr er ikkje kjend frå glno., derimot frå lensherren Hartvig Billes pålegg på tidleg 1600-tal til sjøfinnane «i Loffoden, Westerollen och paa Anden [som] erre nu thilsagttt, at schulle brugge nordmendttz habit, huilcken the her thill dags icke brugt haffue. Ellers schulle the begiffue thennum indtt igien i findefiordene, thill the andre, som the erre frann kommen»[3]. Rimelegare er likevel å lese det som stadnamn, og då kan Finnefjord vere eit anna namn på Torsfjorden, for her går ein velbrukt gangstig opp Høgåsen og innover dalflata mot den tronge Skoren, som fører over til gnr. 44 Kvalvika. Skoren er så avgjort eit raiki (Lex Lap) lik ráigi «hol, opning» o.l, og den samiske låneforma av eið, ai'dē, er bl.a. frå Vesterålen overlevert i tydinga «overgang fra en fjord til en annen» (Qv nr 12). 

AB fortel om samanhengande busetnad eller i alle fall aktivitet i fjordbassenget sør for Røssøya (Torvøya) så vel som meir spreidd på havsida, frå Yttersand og austover til Flakstad og Vareid. Der er noko meir grissen busetnad på austersida av Flakstadøya mot Nappstraumen, så vel som i den oppsplitta «geografien» inn mot Vestfjorden. Fjordbassenget vi nemnte nyttar flakstadværingane ikkje noko samlande namn på. Det er også ei geografisk bisak at austlandet i bassenget blir skore i to av den ovtronge Sundsstraumen mellom dei to øyane. Selfjorden blir rekna ut til Øra vis à vis Sundsstraumen, så er det Krystadvika vidare. Lenger ut kjem Hovdavika, med Torsfjorden innafor. Rambergvika ligg meir for seg sjølv lenger ut og aust.

 

           

 

Indrebø er inne på at Vargfot som distriktsnamn kan ha omfatta Moskenesøya –  ja Vågslid seier kort og godt at «det hev ei tid vori nytta til samnamn på dei tvo øyane», men som gjennomgåinga skulle vise, har namnet Vargfot ikkje omfatta meir av Moskenesøya enn det som stadig kjem Flakstad til, med andre ord vore det verdslege namnet på Flakstad sokn. Problematikken knytt til namnet minner då delvis om det gåtefulle fjerdingsnamnet Barkestad kontra Øksnes som sokn.

AB gir oss berre éin grunn til å tenke på Moskenes, og det er at garden Ånnstad tilsynelatande er nemnd under Lofota sysla, men dette er forhasta, for i Buksnes har vi framleis Annstadheia og Annstadsjøen, jf. "af Andastader" i AB, så vi kan sjå bort frå at det er tale om Ånnstad i Moskenes.

Derimot er det så at alle dei gardane som AB med sine tillegg nemner, ligg ved den før nemnde 'fjorden' mellom Valle og Ramberg, med unnatak for Sandnes, Napp og (K)nutsfjorden). Er Vargfot namn på fjordbassenget? Så usikkert som det synest å vere med 'fot' som ordinært fjordnemne, blir det ei laus gjetting.

Kor som er, viser gardsnamna og dei naturgitte tilhøve at Flakstad sokn, liksom Vestvågøya, må ha hatt sitt geografiske tyngdepunkt i nord, ha lege "vendt mot storhavet" på ei tid då kommersialiseringa av lofotfisket høyrde framtida til. Så er det då berre her at Flakstad har strandflate (eller skal vi seie 'fot'?) brei nok til å ekspandere på. Nord-orienteringa kjem òg til uttrykt i namnebruken, den ytste Skjelfjord-grenda ligg i botnen av Skjelfjorden!

 

 

 

At Vargfot er eit samlande namn for Moskenes-øya og Flakstadøya må vi kunne sjå bort frå. Men i Fornaldarsögur er Varga med variant Urga nemnt som namn på ei øy i Nordland (Heggstad 1963). Var det naturleg  å sjå desse to øyane som eitt område – eller må vi søke Varga ein annan stad?

 

 

 
 

 

Kva tyder førsteleddet i Vargfot?

Distriktsnamnet Vargfot innbyr unekteleg til bokstavleg fortolking: likskap med ein ulvefot. Tilsvarande har førsteleddet i Lofot vore jamført med sv. lo 'gaupe' (Rygh 1905:342), da. los, og det er neppe eit avgjerande motargument at denne dyrenemninga er ukjend i nynorsk og litterær gammalnorsk. Men kor har vi den ståstad der det fall naturleg å gjere slik samanlikning, for dei store, sundskorne øyane det her er tale om? Om ein innskrenkar dette til noko mindre omfattande, til korleis kystlinja framstår på ei eller anna side av Flakstad- el. Moskenesøya, er det framleis ei vag namnetolking: Folk la namn på strand og fjord, nes og øy ut frå sin vanlege ferdsel, helst i båt, dei klevja ikkje opp på dei høgaste toppane  for å sikre seg ovstort panorama! Sml. Kåre Elstad si spissformulering: «Jamvel dei argaste Lofot-patriotane ville aldri våge seg til å hevde at forfedrane deira hadde komme dalande ned frå himmelen» (1982:35). Snarare kunne då Vargfot og Lofot vere opphavlege fjellnamn, men heller ikkje det har vi haldepunkt for.

J. Sahlgren (1918:11) peikar på at gno. vargr 'illgjerningsmann, røvar, fredlaus' opphavleg må ha vore berre eit noaord når det vart nytta om ulv (ulfr). Godtar vi det, må vi òg rekne med at eldgamle stadnamn med førsteledd Varg- kan ha litt anna innhald. I alle høve er det visst etymologisk semje om at ein kan føre vargr 'illgjerningsmann' osv. tilbake til ei indogermansk rot *er- med *ergh- 'dreie, snøre', ei utvida form blant fleire, sml. glfris. wergia og mhty. erwergen 'strøype, kjøve'. Gno. urga vb. 'klemme, presse, gnike' og det poetiske yrgja vb. 'kjøve, strøype' kan vi samanlikne med mlty. og nederl. worgen, gleng. wyrgan, ghty. wurgen og nhty. wiirgen 'strøype, kjøve'. Jf. dessutan gno. urga f. 'tauende, reip' og virgill, virgull m. 'reip å henge folk etter'. I forlenging av alt dette må vi få med oss at visse stadnamn tyder på at der eksisterte ei topografisk nemning *varg- o.l. brukt om 'trong, avklemd, strøypt stad':

Vargeyjar (1307), i gen. flt. «Varghoeyja» (1340) er eldste namnet på Vardøya i Finnmark, gl. uttale Vårøya (merk at namnet Vårberget enno er til). Ca. 1520 er skriveform «Var-», « War-» gjengs (NRJ), men også formene «Vaar-», «Vord-», «Vorde-», «Worde-» (labialomlyd). – Berre eit eid (Valen) bind dei to delane av øya saman, så fleirtalsform i gno. er slik sett logisk, jf. også fleirtalsform i sam. Vargak. På russ. Vargav, seinare Vargajef (Rygh 1924:301,318). – Vargsundet i Karlsøy er for sin del trongt just ved Vårøya. Vargsundet i Alta er berre smalt og beint, vel nok trongt samanlikna med dei opnare farvatna på kvar side, men den eigentlege bakgrunnen for namnet verkar mindre klår i det tilfellet.

 

 

 

Vargeskaret |"varge-|, før sikkert også |'varje-|, er i Bleikskleiva på Andøya. Det ligg litt innafor Gongskaret, som er etter måten breitt, medan Vargeskaret er så trongt at fiskarane kalla det Trekta når dei brukte det til méd.

Varg- om tronge lokalitetar kan forvekslast med ein annan kategori: Varghólen |''varg(h)ōl~n| midt på Andøya ligg i eit område med tjørner og døsjemyr, og det minner langhenta nok om shetl. varg «dynd, søle, snavs» – attåt det shetlandske stadnamnet Varg (Jakobsen 1901:185). Varghólen ligg som ei lita høgd attmed ein fastmarktange i myrhavet med Varghóltjønna på ei side og Rottjønna på hi.

 

 

 

Vargfjorden |'var-| i Ballangen er trong ytst og berre litt vidare innafor. I det kan han minne om «Flakstadpollen». Folk meiner namnet kom av villdyrherjingar i gammal tid, men ingen vedkjenner seg kartnamnet «Varg(fjord)fjellet» innafor, det svekker villdyrteorien. Trong er fjorden, men også grunn, og merkeleg godt passar varg-jord «eit slag gråaktig jordslag» som Aasen noterte seg frå Orkdal (NO 12: 610). Det passar også godt for Kilanleira inst i «Flakstadpollen», som i tillegg har rikeleg med «dynd, søle, snavs» over det heile.

Vargvika i Lebesby er lang og trong, men er også særs grunn og urein i botnen,  Vargvika i Berlevåg og i Meløy er derimot vidopne bugar med mykje ureinske i sjøen utafor. Truleg har då at Varg- i alle desse tre tilfella med det same å gjere.

Vargeneset er eit namn som krev særskild omtale: Så heiter ei «skittenøyr» tett aust for Tenneset i Espenesbogen i Dyrøy, men merkelegare er at same namnet i flg karta finst tre ulike stader i Ramsundet, som skil Tjeldøya frå fastlandet. Her er det i alle tre tilfella tale om utgrunne og ureine utstikk. Det midtre og største er gardsnamn òg: Det opptrer med avvikande skriveformer: «Worgenes» 1567, «Vargenes» 1610, «Wergennes» 1611-1612, seinare atter «Varge-». Formene er rett nok ikkje særleg gamle, men sjølve namnefrekvensen kunne mesta indikere at Tjeldøya er den øya som i flg. Fornaldarsögur bar namnet Varga, var. Urga?

At Flakstadøya og Moskenesøya er sekundære øynamn er i alle fall innlysande. Det ligg elles nær å meine at alt frå Nappstraumen til Mosk(enes)straumen må ha vore oppfatta som éi øy, utan omsyn til Sundsstraumen: Denne kan rett nok oppfattast som skilsettande når ein resonnerer ut frå eit kart, men opplevd ved sjølvsyn er han meir ei «saltvasselv» enn eit sjølvsagt skil mellom bygder. Han var lite farande på fjære sjø og vart mudra to gonger på 1900-talet.

No er «storøya» mellom Lofotodden og Napp avsnørt fleire stader: Flakstadøya framfor alt av Skjelfjorden, men også av «Flakstadpollen» (:Kilanpollen pluss Bøpollen) og på hi sida Nusfjorden. Moskenesøya tilsvarande av Kjerkefjorden med Bunesfjorden.

Vareid |''vāri| nord på Flakstadøya blir skrive (paa) «Varg» (og «Vargh») l567. Fisket etter aure og røyr og kanskje også laks i Vareidvatnan var høgt verdsett, og der har vore tvist om fiskeretten. Teoretisk kunne derfor førsteleddet skjule eit elvenamn, jamfør Ulva og Varga osv. andre stader i landet (NE, NoSt), men Lofoten og Vesterålen har av naturlege årsaker magre elvenamntradisjonar, og elvestubben på Vareid gjer lite av seg. Det kunne nok vere at vi burde fokusere meir på dei to vatna på Vareid på line med dei som kjem i fokus ved Borgpollan og i Olfoten på Dønna, men sjøvatn kjem ikkje inn i det nedste vatnet på Vareid slik som på dei to andre stadene, ikkje i småvatna inst i «Flakstadpollen» heller.

Skriveformene frå 1567 tyder på eit usms. gardnamn *Varg, men nyare former av gardsnamnet sprikar: «Warriæ» 1610, «Wariæ» 161l – 1612, «Varrie» 1614, «Vaar-» og «Vaardeid» 1647 og «Waræid» 1667. Fanst det då ein uttalevariant -g/ei(d) > -jæ kring 1600, noko likt t.d. mannsnamnet Torgeir > «tårrjær»? Kåre Elstad meinte at 1567-formene og nokre av dei yngre kunne tyde på eit genuint *Varg, dat. Vargi, og at Vareid(e) var eit sekundært lokalitetsnamn som seinare gjekk over til å gjelde heile garden (1982:35).

Formene frå 1647 er i alle høve interessante jamført med notidsuttalen, og som parallell til desse for Vardø kring 1520: Ein sterkt palatal, men framleis tydeleg gj som nærma seg palatal d medførte tendens til nytolking av namnet og gjorde at g-en sistpå vart borte, det kan forklare skriveforma med -rd-?

Det mest markerte eidet på Flakstadøya er elles dette nordom Skjelfjorden, om ein går etter kartet. Men orienterer vi oss etter gardsnamna og geografi, går det  opplagt ein 'innfallsakse' over Vareid frå Bø og Holand/Oppdøl utover Straumen forbi Offersøya over til Napp og Vareid. Tenkt såleis gir *Vargeið grei meining, med tanke på ferdselen til Flakstad som senter. Med visse rekonstruerte øynamn som *Fǫnn, *Hǫm, *Rǫð, *Þǫmb og *Vǫrn i tanke (O. Nes i NoSt 43) kunne vi òg tenke oss eit øynamn *Vǫrg, men som før nemnt er det meir truleg at *Varg var gardsnamn.

Vareidsundet  blir rekna frå Vareid og innover til Prestneset (på austsida) og på vestsida til Silsandneset: Imellom desse går det ein trong djupål (på fjære sjø) som synnafor utvidar seg til ein fjordpoll med noko makkeleire, men og mykje søle- og rottbotn og bratte marbakker mot djuppollen i midten. Det er Kilpollen kalla så etter garden Kilan, med Bøosen eller Bøpollen som ei lita grein for seg. Kartnamnet «Flakstadpollen» blir ikkje brukt i dagleg tale.

Kåre Elstad rekna med at Flakstadpollen er den opphavlege Vargfótr (1982:35),

merk at 'poll' er ein ung stadnamn-term. Dessutan ser vi av namnet Mesundstad tett utanfor Silsandneset at Var(g)eidsundet frå først av må ha vore rekna heilt inn til Kilan og Bø. Frå Mesundstad og vestetter ligg ei heller vid strandflate, og her kjem først Flakstad, lenger inn også Ramberg. Lenge tenkte eg at den flata var den eigentlege *Vargfótr: 'foten på Varga' = 'Urga', jf. omtalen av namn som Lurøyfoten, Grytfoten,  Årsteinfoten o.a. i eigen artikkel. Uvissa kring namnet Varga er alt drøfta. Ut over det må vi legge vekt på samfaktorar med landskapet kring Borgpollan og i Olfoten: Bekkefaret som osar i Kilanleira (frå Mevatnet, Bjønnvatnet og Himmelvatnet) gjer rett nok lite av seg, men like fullt liknar no «Flakstadpollen» på utfallsosane i Olfoten og Lofoten. Slutninga må bli at Kåre Elstad si plassering av Vargfot-namnet er den rimelegaste.  

Forma« Varg(h)-» for Var(g)eid 1567 kunne ein forklare slik: Liksom Finneid |''fiᶇᶇi| i Hemnes og likeins Finneid |''fiᶇᶇi| og Oldereid |''åᶅᶅri| i Skjerstad fekk også *Vargeid pga. palatal ein uttale |''varji| , her feiltolka som dativ, og dermed oppstod tilbakeslutninga 'varj' = varg! Også reduksjon av -ei(d)- som midtledd i trikomposita som t.d. Var(g)eidsundet kan ha vore medverkande.

I Kilpollen er som sagt mykje søle- og rottbotn, i Borgollan like eins. Tør vi då kople -fot med nordsam. vuođđu (Ofoten: vuoddu) og lulesam. vuodo «botn», i sak også med lulesam. vuodos «botnfall»?

 

 

 

Det verdslege distriktsnamnet Vargfót(r) synest tidleg å ha gått av bruk, truleg av tre grunnar: Det framgår klart av AB at det låg innafor Lofoten sitt influens­område. I tillegg gjekk det jo her som elles at soknenamnet vann statustevlinga, sml. Flakstadhæ sokn 1430 (i DN V: 418), Flogxstadha sokn i AB. Like viktig var at lokalitetane Varfot og Flakstad låg veldig nær einannan; Namnet Flakstad har tydelegvis sklidd inn overalt der namnet Vargfot rådde tidlegare så der ikkje var bruk for det siste i nokon samanheng.

Førsteleddet i soknenamnet er kan hende det velkjende nordno. flag n. 'ope hav­stykke': Flakstad i Senja ligg ved eit slikt (Selfjorden), og tilhøva på Flakstad i Lofoten liknar, men vi skal ikkje gløyme at vi eigentleg saknar sjølve *flaget i begge tilfelle. Dette så mykje meir som flak 'vid flate' (på land) òg kan komme på tale, både i Senja og her Lofoten: Attom førstnemnde ligg Flakstadmyran.

Fotnoter

[1]Under overskrifta «Foxstrandh»  i AB er  tilsynelatande også rekna med to gardar på Mola og to i Austnesfjorden, men det  er i det minste tvilsamt at også desse områda verkeleg høyrde Foxstrand til.

[2]I nyopptrykk frå 1997 av AB står:, i hakeparentes: «Af yzta Sandha i Flogxstadha sokn a Vallastrand» osv.

[3]Etter J. Qvistad, «Sjøfinnene i Nordland» s. 36.