OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Onavierda – men Onøya og Onholmen?

 Av Finn Myrvang

Snakkar du Lofot- eller Vesteråls-mål, for ikkje å snakke om Senja-mål, ser du fort at likskapen med normal-nynorsk er stor og systemrett, noko dialektgranskaren Hallfrid Christiansen har peika på. Men det hender at det skjer seg i møtet mellom dialekt og skriftnormal, t.d. i adj. vond: eineform i nynorsk, medan bokmål skil mellom ond og vond. Hallfrid Christiansen kjem i sitt storarbeid om målet i heimbygda Gimsøya inn på den detaljen, at det berre heiter ōn og ont: «Brukes bare i betydningen 'smertefull' og 'ondsinnet', ikkje i betydningen 'sint'» (s. 169). Det gjeld truleg for eit endå større nordnorsk dialektvald: 'fenger'n e on', 'ha ont i hauet', 'han e on' (= ikkje god av seg). Også sagt, unnskyldande, at «det va ikkje gjort av ona».

 

 

 

 

Her gjer eit terrengord krav på å bli vurdert seriøst, og det er sam. vuotna 'fjord', ofte nok i forma vuonna. Eldgammal norrøn påverknad på line med med denne i ull, ulv og orm kan nok ha fått v-en til å falle (står ved lag i engelsk og tysk), men Onafier'da = 'fjordfjorden' blir då ein tautologi, likevel ikkje utenkeleg i møtet mellom to språk. Langt meir tvilsamt er det at Onøya i Lurøy skulle tyde 'fjordøya'.

Målføregeografi går ut på at språkforandringar breier seg ut frå eit sentrum og viskar ut eldre uttale mm. Dette gjer at vi i utkanten av eit språkområde kan finne ordformer og tydingar som er dei mest alderdommelege. Lulesam. vuodna og nordsam. vuotna tyder einast 'fjord', men i greiner av Kola-samisk (austsamisk) kan vun |vonn| både stå for fjord (og stor innsjø), så vel som havbukt og bukt; for vuоn og vuun |vōn| er dei to siste tydingane som gjeld[1]. I forklaringa av begge, omsett frå russisk til engelsk, finn vi nytta ord som bay (noko open havbukt) og gulf (avgrensa sjøområde med trongare opning), og det siste nærmar seg i tyding «fjord» eller kanskje rettare «hop».

Kva då med Onafier'da, normalisert Onavierda? Hognfjorden, som er temmeleg trong utmed Kvalsaukan, botnar i den avrunda og relativt breie Eidbukta, nemnt etter eidet over til Godfjorden. På sjøkartet er avmerkt ankerplass i sørkant av Eidbukta, under Simaneset der den smale sidearmen Sørfjorden tar av. Hognfjorden er, som vi ser, ein godt skjerma fjord, og Ona- synest vere lydrett fornorska frå sam. Vuona- «fjord-», så strengt tatt er dette samiske namnet smør på flesk, som før sagt.

Vinklar vi Onøy-namnet på liknande måte, kan vi komme til å feste oss ved den rund­vorne og ganske djupe Onøyvika i nordkant av øya, skjerma av skjera utafor, og med namn som Skjåholmen, Jektvika og Båtholmen, men det er Lurøy-landet som skaper nordaustre sida av denne fjorden eller botnen, der Knarrosvika også finst. Samanlagt indikerer desse namna i og for seg at Onøyvika har ei lang og interessant sjø-historie.

 

 

 

Likevel ligg Onøyvika halvt på baksida av Onøya og er som sagt vel så mykje relatert til Lurøya. Meir særprega er havsida av Onøya, i sørvest, med fleire djupe, parallelle smale renner innover i berggrunnen, og ved den norde delen, Kyrvika, er ei av desse rennene blitt ei lang, oppdyrka jordstrimle. Vinkelrett i høve til denne og lenger aust på øya finn vi eit par liknande. Her har ein med eit heilt anna ord å gjere, on- = vón f «smal strimmel, mark til skurd el. slått» (Torp, frå Hardanger, Valdres og Telemark), uskarpt avgrensa mot óne m «skogstykke, begrænset rute el. strimmel av skog, merk-stykke = teig» o.l (frå Sunnfjord og bygder austpå). Dette med meir eller mindre rute­forma jordstykke i kontrast til berggrunn elles, gir meining på øyar som Ona i Sandøy og i Øygarden og på Onsteinen i Brønnøy, men strimmelformasjonane er slåande på Onøya og på Onholmen i Vega, som har ei lang og bein grasgrodd utsparing langs­etter, på midten. Eit ekstra poeng blir at Onøya og Lurøya begge heiter som dei gjer pga. særmerkte lægder.

 

 

 

 Fotnoter:

[1] Har også funne kildinsam. skriveform vūnn, skoltesam. vuõnn.