På Dønna – rettare sagt (på) |dȫn~n| – er gardsnamnet (i) Olfoten |"ołfōD˜n| å finne. På 1500-talet heiter det "Vlffoden" (NRJIII: 181) og «Vlfott» (1567) men frå 1610 og utetter får vi det kompliserande førsteleddet «Vgel(l)-», «Ugel-». Ei saumfaring av leidangslister, skattemanntal o.l. på mikrofilm tyder likevel på at det er 'fantom-former': Skrivarane rotar nemleg atter og atter i hop Ugelfor(en) i Vefsn og Olfoten i gl. Herøy. Vefsn-garden heiter Ukkelfora |"ukełfå:ṇ~ṇ|, dat. (i) |''ukkełfå:rä||, skrive «Ugelfod» i 1/2-pundsleidangen 1624-1625, like eins i leidangs- og leiglendingslista 1626. For leidangen 1626-1627 er namneformene for Vefsn og Herøy bytta nesten fullstendig om! Og for Vefsn sin del heiter det i leiglendingslista endå 1644 – 1645 «Ugel-» og «Uggelfotten»; liknande former går igjen heilt fram til 1650.
For Herøy – no Dønna – fanst omvendt «Ugelford» (]eigl.) og «Ugelfuor» (full-lønsdrengar) for 1624. Året etter framleis «Ugelford» (leigl.), men «Ugelfoed» (full-lønsdr.) 1626 er det derimot «Ugelfod» for leiglendingane, og «Ugelforen» for husmennene! Virvaret held held fram til 1633 – 1634. Skriveformene for Olfoten – og Ukkelfora tilsvarande – illustrerer altså avskrivings-'mekanikken' i rekneskapslistene framifrå, sml. med 1500-talsformene og notidsuttalen er dei derimot uinteressante.
Eit elvenamn *Ugla har sannsynlegvis vore til (NE 283) og kunne nok misse g i nyare uttale, ikkje minst som førsteledd i ei sms. *Uglufótr: Faktisk har Aasen 1873 oppslagsform ula f. Men på Dønna heiter det stadig |''uglæ|, så eg trur vi skal våge å «lata den fuglen fljuga». Vil vi plent ha førsteleddet til å vere eit ord knytt til kroppen på ein levande skapning, er gno. *ulf-fótr mest sannsynleg, ut frå 1500-talsformene og notidsuttalen.
Topografisk interessante er desse opplysningane, som stod utan forfattarnamn i Vesterålens Avis 14. september 1926:
«Olfotvandet, eller rettere sagt -vandene (der er nemlig 3 vand av dette navn indenfor hverandre) strækker sig fra yttersiden av Dønna antagelig ca. 5 å 6 km indover øen. – Alle vandene ligger lavt, så lavt at sjøen ialfald på springflo går op i det inderste vand. Jeg har for endel år siden fisket flere gange i del inderste Olfotvand og blev ikke lidet forundret da jeg på min første tur fik en flyndre på stang, samtidig som etpar av mine venner stod på et nes længere nede i vandet og hadde sin fulde hyre med at dra ind sei på størrelse som middelsei. - Avvekslende fik vi desuten ørret, røer og ål, m.a.o. et indholdsrikt vand.
Næste gang jeg var i det samme vand rodde jeg med sluk, da der efter sigende skulde være stor ørret i vandet. Jeg fik et voldsomt nap, håven var parat og jeg glædet mig til å ta ind en pen ørret, men skjønte straks der var ugler i mosen. Fisken fulgte villig med og lignet forsåvidt ingen ørret, og efter en stunds haling stod snøret ret tilbunds. Op av vandet kom omsider hodet på en torsk på størrelse som en veritabel Lofot-skrei. Antaglig var overraskelsen like stor på begge sider av båtripen, for med det samme torsken så min overraskelse gik den sin vei, og glad var jeg, for det var ikke egentlig torsk jeg fisket efter. Vandet er ialfald i overflaten ikke brakt (vi drak av det og brukte det til kaffevand), men rimeligvis står der sjøvand på bunden, siden både torsk, sei og flyndre lever der».
Berre ei av opplysningane er ikkje heilt korrekt: Det øvste av dei tre vatna, kalla Hillsetvatnet etter garden attmed, inneheld berre ferskvatn – med dei fiskeslag som ein ventar å finne der. I det 15-16 m djupe Mellomvatnet er det derimot brakt vatn, endå det 'legg seg' (med is) tidleg på hausten. Størst innslag av saltvatn er i Nervatnet, som er 56 famner på det djupaste og fell ut i Høla |'hø:łä|.
Garden Olfoten ligg ved overgangen mellom dei to Olfot-vatna, på eit område dei visstnok kallar Duken, venteleg er flatt. Ved garden renn Olfotbekken, som tidlegare ein god gytebekk, no øydelagd av vegvesenet, seier heimelsmannen.
Etter det som seiest skal Olfot-vassdraget ha vore høgt verdsett og skattlagt frå gammalt. – Parallelt med hovudvassdraget og bak åsdraget Gylta nordaust for garden Olfoten renn elva «Gaanga» (skrive så på gradteigskarta). Ho var før rik på sjø-aure. Elva fell ut i Øyvågen, berre skild frå Høla med eit nes. Ho buktar i tallause svingar, og etter uttalen l'gåᶇᶇä| å dømme har det meir for seg å skrive namnet som Gonna (dialektisk) eller Gorna (normalisert), <gno. * gǫrn f. 'tarm'.
Som før nemnt har dei brukt å ta mange slags sjøfisk i vassdraget, deriblant ål, men gardsnamnet har nok like vel anna opphav: Her går ei utprega renne – eit lågt smalt dalføre om vi vil – tvers over Dønna frå Dalsvågen til Skagafjorden. Førsteleddet kan då vere gno. áll m. 'djup renne; straumrenne' (jfr. 'straumrenna' blant nordlandsfiskarar om sjølve rørsla), 'havstraum' (L. Heggstad 1963 o.fl.). Vi kan nok nok samanlikne gardsnamnet Olfoten ikkje berre med gardsnamnet Ol i Stod, men óg med Olåa i Tolga og Olvatnet i Bjørnør (NE 178).
Det vil framgå av det som sagt er at vi må skilje mellom 'dalføret' og vassfaret der, med den havstraumen som må ha gått langt oppigjennom frå gammalt av, og den meir avgrensa «ålen» mellom Olfotvatna. Sisteleddet -foten går neppe på sjølve flatlendet der garden ligg – ei heller på neset (eidet) vatna imellom. Samanlikning med tilhøva slik dei er i Ofoten og især i Lofoten viser klart nok at «område kring elvemunning» eller «utfallsområde» er mest tilfredsstillande.