OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Lemetspor – i namn i nord

 "Håløygminne" 2-2013, nyredigert

 

Av Finn Myrvang

Lemen er på fleire måtar eit fengslande dyr, både som naturfenomen og i måten det ter seg på. Det offisielle namnet er lemen, men i min barndom på Andøya var lemet vanleg namn, slik som i Vefsn, medan enkelte gamle sa lemann. Det same gjaldt for nabosoknet Langenes, men òg for Rana, ja i flg. Norsk Ordbok er forma leman(d) kjent i Finnmark, Troms og Nordland, Trøndelag mm. Det samiske namnet på dyret var lemæn (Gratangen)[1], i Gullesfjord og Vesterålen lemet med, i genitiv -edan (Qv 1893: 215). No har forma lemen truleg også ha hatt eit visst rom i daglegtalen her hos oss, men helst i sms. som lemenår ved sida av lemetår[2]

Særskilt interessant er ei opplysning frå Gimsøya i Lofoten om skilnader i seiemåten, t.d. «det va mykje lemmet det året», men «en lemann» om einskilddyr. I norrønt fanst nemleg i tillegg til lómundr el. rettare lomundr som namn på dyret òg ei fleirtalsform lemendr, som tilsa ei eintalsform *lemandi m. Den siste vart avkorta til lemand eller også omtolka til “lemann”, medan flt. lemendr vart til “lemen” i sør. – Eit avvikande namn på dyret, lemming, finst i somme svenske målføre og er det vanlege i dansk, og derifrå synest ordforma å ha breidd seg til engelsk, nyhøgtysk og hollandsk (Falk og Torp, lemæn). Utan tvil er der samanheng mellom formene på -ing og dei samiske på -ege, sjå seinare, og interessant nok har Aasen lemming som usikker form frå Salten. 

Samisk oppslagsform er «luopmeht (med all sannolikhet:) lämmel», alternativ skrive­form luopmiht. Under same oppslag[3] finst lulesamiske former av dyrenamnet på -hk og -k (og sørsamiske på -a): Vi kan slutte at luopmeht, luopmiht er ei nordleg form. I same oppslag er luopmeht knytt til gno. lómundr. Vidare: «i de nordiska språken har detta djurnamn (troligen av affektiva orsaker) varit utsatt för formvariation, och det samma synes vara fallet i lapskan”. Same kjelde har dessutan variantar som lulesam. luopmahk, luomehk, sluopmak, sørsam. sjlomma, sjlamma, jfr. sluöpmak, sluömege, og vi kan legge til, i gjeldande sørsamisk rettskriving: luemieh, luemege, sluemege, sleemege, sluamege, slamma! 

Variasjonsrikdomrnen er upåklageleg i norsk og: Fleirtalsforma lemendr synest gå att i former som lemenner, lemænne(r), lemende, lemenne, lemend, limende – og vidare dissimilert i lemælle, lemældre, lemelde(r), limelde(r) – og endeleg lemmed / lemet / lemette, lømen(d)e, lømen, løm(m)e, lymme! Ei gno. eintalsform *lemandi harmone­rer med dialektformer som “leemanden” (historisk), leman(d), lemann, lemæn(d)[4]. Ja, formrikdommen er nesten like overveldande som inntrykket av endelaus sverm i eit lemenår! Det er nok det Collinder tenker på: affektivt er noko som går på hugen eller kjenslene, og det gjer inntrykk at eit uredd lite kryp til dei grader «set opp kjeften»! I ordet lemen har ein då også prøvd å tolke inn noko lydskildrande, sjå litt seinare. 

Om levemåten til dyret er sagt: «Vintertilholdsstedet ligger oftest i tørrere områder. Stedet må ha nok av planter som kan tjene som føde. Plantene er også viktige for dannelsen av et luftrom mellom bakken og snøen. I dette luftrommet, godt beskyttet mot kulde, lever lemenen vinteren igjennom»[5]. Som ein ser, her er det tale om luft­rommet mellom bakken og snøen. Merk derfor nordsam. loapmi (loapma, loapmu) i primær tyding «Aabning mellem Lag, Hulning under Klippe, Stene eller Torv ved Elvebred, Smuthul» (Friis), kort sagt allslags mellomrom. Særleg illustrerande i sam- anhengen blir den lulesamiske særtydinga “säck som skohöet bildar kring foten[6] i en sko»: Her blir luftrommet mellom fot og fottøy fylt med høy, og eit poseforrna tom­rom står igjen i midten når du dreg foten ut, men aller først var der tomrom mellom foten og innersida av fottøyet, fylt med høy: Parallellen med lemeten som lever i eit plantelag under snøen er tydeleg. Samane og andre folkeslag som levde i nær kontakt med rein, observerte saktens kor og korleis lemen levde når reinklauvane skrapa bort snøen for å nå ned til planteskiktet der lemeten levde, i gangar og bol som låg i dagen når snøen vart fjerna. 

Det best kjende norrøne namnet på dyret var lomundr, jfr. både lomhund (Hemsedal) og finsk låneform lomonti (vsa. heimefinsk sopuli) og umesam. lomonjo (Qv 1844: 223). Vi kan tenke på -und(r) i dyrenamnet som nordisk tilpassing av sam. - med opphavleg nasal, eit suffiks “som betegner noget som skriver sig fra det som grunn­ordet [her loapmi] betegner”. I eit eige oppsett skal vi sjå at også sjølve terrengordet ofte nok kan ha blitt fornorska til Lom-. Merk at loapmi, loapmu «mellomrom (i en klippe)» m.m. i stadnamnsamanheng òg er registrert med endinga -â («dunkel a») frå Polmak og Kautokeino (Qv 1944 nr 523). 

Deminutiv av loabmo (gl. ortografi) er ikkje *loamuš, men lōmuš[7], medan loabmâ og loabme gir loamâš resp. loamaš. Nordsam. deminutiv står i svakstadium i alle kasus[8]. Deminutivendingane -, - hadde i protosamisk nasal -ńž-[9], som truleg heldt seg i stadnamn som vart lånte inn i og tilpassa umordisk på det stadiet. Sørsam. deminutiv på -(e)tje-, -(a)dtje- er i alle tilfelle ei særutvikling[10].

Ei anna ending, ikkje eigentleg deminutiv, er -, -, som «betegner noget som har likhet med eller skriver sig fra det som grunnordet angir» (det liknar definisjonen av -und i nordiske stadnamn). Venteleg var det nasal her og, som i eigentleg deminutiv. Grensene mellom kategoriane er ikkje lenger så klare, i stadnamn heller, for i nokså mange samiske ord med opprinneleg deminutiv form er deminutiv tyding blitt borte. For dei eldste nordiske låneformer av samiske stadnamn har vi lite nok å halde oss til. 

I gjeldande sørsamisk rettskriving er luemie, låemie «liten gressdal, senkning mellom hauger», med anna skriveform loåmie (uttalevar. luä-, luömie). Men tydinga[11] skiftar i sørsamiske målføre, frå «dal» i ei allmenn tyding, evt. «lang brei dal», og til det mot­sette: «trong dal». Aller oftast er det snakk om «lita lægd», «senkning mellom bakkar (lier)», «grunn og flat dal», «slett og flat og lett tilgjengeleg liten dal». - Isolert sett er det interessant at Låmann- i enkelte stadnamn er så likt loåmaan, sørsamisk illativ sg. av det nyss omtalte terrengordet. 

Det sørsamiske låemie, loåmie vil norsk- og svensktalande lett forenkle til låmi eller lomi, som i ein del tilfelle har fått norrøn genitiv loma: I sak er det neppe stor skilnad på gards- og naturnamn som Lome (Vestre Slidre), Lomdalen, Lomeland og Lomnes på ei side og Lomafjellet (Suldal, Strand), Lomamyra (Rana), Lomaneset og Lomalii og Lomatjøm (Kvam) på hi. Talande er at Lomahei, Lomehei og Lomhei kvar på sin stad er nokså like lokalitetar. Namn på vassamlingar held vi heilt utanfor, då det finst ei ovnøgd Lom(s)tjønner o.l. som visseleg har med fuglen lom å gjere; eit tvilstilfelle er tjønn-namnet Lomungen i Hammerfest.

Elles synest varianten luømie i ein del tilfelle å ha blitt til “løme” og genitiv luømie-n til “lømen”. Mang ein luemie/låemie/loåmie er nokså liten, men ei forminskingsform loåmedje (Hasselbrink) fanst også, men ikkje hos Bergsland. Kor som er ser det ikkje ut til at deminutiv opptrer ofte i stadnamn. 

Nordnorsk lemet (lemmet) for lemen ser avvikande ut, av di sørnorsk normalform av dyrenamnet er lemen, b.f. lemen-et: Ordet lemende miste ei staving og kom i klasse med nøytrumsorda leven, vesen o.l., endå vi finn bunden form lemen-en. I nordnorsk gjekk det annleis: Truleg letta det uttalen av eldre bunden hankjønnsform *lemenden å skyte ut -n- i innlyd, og dette skapte variantane lemeden (Nesna, Dønna), lemeten: Kjent er den kuriøse påstanden at «lemmeten e tjukk i sørli ver» (Vett og uvett: 40). Denasaleringa lemende > lemed(e) kan ha falle særleg naturleg for samisktalande. – Den ubundne forma lemede, lemete vart med tida avkorta til lemed eller lemet medan forma lemann (av *lemandi), på andre sida, var med på å halde oppe ei kjensle av at dette var eit hankjønnsord. 

Ein tilnærmingsmåte vil vere å ta utgangspunkt i det samiske ordlagingssuffikset -dh, -dahke, som av adjektiv, verb og nomen (substantiv) skaper nye ord ikkje berre for vind, ver og ferdsel, men òg ord som er av same art som grunnordet eller heng i hop med det på eit vis, td. njåålmedh (-dahke) «elvekjeft; dalmynne» <njaelmie «munn». Skiljet mot suffikset -teh, -takke er uskarp (Hasselbrink b. l s. 167, 176). – Qvigstad skriv heilt enkelt suffikset som -t, heimfesta til Vefsn og Hattfjelldal i den forma, men frå Ofoten har han dessutan «elvemunning» i ei kort form jǫga-njālmut (Qv nr 622). Det er likevel ganske uvisst om låemie, luemie kunne gje ei liknande avleiing lemet.

Norrøn fleirtalsform lemendr føreset ei eintalsform *lemandi bøygd på line med pres. part. bùandí >bóndi: Mest illustrerande blant slike ord er dœmandi (flt. dœmendr) = dómandi “domar”, som beinveges heng saman med dómr m “dom”, ord alle kjente og som i alle sine variantar må ha hatt sterke analogiske verknader på dyrenamnet: Både *lœmandi med flt. *lœmendr og *lómandi med flt. *lómendr er tenkelege analogiar.

Kortare sagt, der er ein grammatisk samanheng mellom former som gno. lemendr og lomundr. Vil du få tak på dei kaotiske og forvirrande målføreformene av dyrenamnet, gir det ei god rettleing å sml. med bøyingsformene av gno. dœmandi (flt. dœmendr) = dómandi “domar”. 

Ei eldre forklaring, ikkje gyldig lenger, er at lemendr kunne vere flt. av eit *lemandi «gøyande, bjeffande» (lydleg påverka av norr. lemja v. «skamslå»). Noko tvilsamt er òg at lómu- i lomundr oppstod ved kombinert omlyd av rota *lā «skrike» via *1ám-u- «gøying»[12].

Vinterspor etter lemen i form av lange smale gangar er eit karakteristisk trekk når det blir snybert. Interessant i den samanheng er hokjønnsordet låm «spor, serleg etter ski eller etter noko som er dregi av stad»[13], også: løype, far, td. frå Hamarøy: «eg såg låmene etter jerven bortetter snøen». Ordet kan lyde både låm(m) og lóm(m) og var på Agder også kjent i former som lómr, låmr, lòmr. Ordbøker viser til loom “stripe i vatn etter fisk” i engelske målføre, i norrøn litteratur er ordet ikkje kjent, og så vidt kjent har visst ikkje låm vore beinveges inne i drøftinga av gno. læmingi[14]: Uklart er hankjønnsordet læmingi, flt. læmingjar, om skapningar oppfatta som fuglar, men vel heller identiske med nyisl. læmingi eller læmingur m “lemen”.

Litteratur om lemen fortel at dyret har vintertilhald i tørre område, med nok vegeta­sjon til at det oppstår luftrom under snøen og til at dyret får mat: “I sommerhalvåret finner vi lemenen stort sett i fuktig terreng som gressrike områder langs vannsystem­ene, i myrer og myrkanter. Slike områder kan lemenen finne både høyt oppe på fjellet og langt nede i fjellbjørkeskogen, ja til og med på myrer i den øvre delen av barsko­gen. Mosen i disse fuktige områdene holder seg også gjennom det tørreste av somm­eren”[15].

Lemenår er ein ting, men for den namneinteresserte fell det især naturleg å lure på om dyret på sine stader lever stasjonært i såpass stor mengder at området kan få namn av det? Spør vi på tilsvarande måte om dyrenamnet mus, kjem vi snart i tvil! Forsøksvis kan vi ta for oss ein stor og relativt kjend lokalitet: Lemmetgáisi alias Lemetfjellet er namnet på midtre del av eit fjellmassiv i Balsfjord. I motsetning til Istinden i nord og Dápmotgáisi i sør er Lemmetfjellet uthola av bratte, tronge botnar frå alle sider slik at der knapt er heiflater tilbake: Lemmetskaret (Qvigstad: Lemetdalen) alias Hanssa- riehppi i vest er litt breiare og lengre enn dei andre innskjeringane, og derifrå kjem så Goddesáhpán-johka “lemenelva”, frå nokre ørsmå tjønner i dalbotnen. Denne elva nemner Qvigstad side om side med Lemetvággi utan særskild merknad og kallar elles fjellet for Lemetvárri og skardet for Lemetvággi, i tillegg til at han fører opp parallell­namna Njoammelvarri og -vággi (njoammil: hare)[16]. Især det siste inviterer til å tolke også Lemet-namna zoologisk, og i så måte skal fagfolk få det siste ord.

Når Qvigstad ingen ting seier om utmerkinga Lemet-, må det tolkast slik at nordnorsk samform lemet (lemmet) for «lemen», i stadnamn òg, er like forståeleg i samisk som i norsk? At slike namn utan omsyn til anna(?) opphav er blitt assosierte med og i form haldne oppe ved påverknad frå dyrenamnet er iallfall heva over tvil. På hi sida er det slåande at fjellgarden Lemmetgáisi er til dei grader sundskoren av brear, især sett frå aust. Det kunne vere nærliggande å skildre han som lemen-eten (sml. motteten, møll-spist), og vinterspor etter lemen i form av smale renner og far når snøen tina kjente jo alle til. I så fall går namnet på innskjeringane (opningane), ikkje på dyrelivet konkret, men det burde vel vore nærliggande å bruke heilt andre samiske terrengord om slike?

Nordpå synest alltid ordet lemmet (normalisert lemet) å bli uttalt med kort e, då også i stadnamn på Lemet-, og det er neppe mykje annleis med namn på Lemen- i sør, men her trengst nærmare kontroll. Dyrenamnet i forma lemann blir derimot uttalt le- med lang e i nord. Slik er det truleg også sørpå - der denne varianten finst - venteleg i den Gratang-samiske forma lemæn med (Skåden 2004: 267). 

Lemetskáidi i Vardø er eit vidt og svært flatt platå eller «hei-nes», avgrensa nordover av Stuorát og Uhcit Lemetávži som er krokute og djupe elvefar (-kløfter). For enden av kløftene og dermed også ved rota av Lemetskáidi er det rikeleg med pyttar og små tjønner. Dei tronge nedskjeringar i fjellflata som elvane lagar er elles ikkje beine, dei har talrike erosjons-”hakk” langs kantane. 

Lemetgur'oaivvit flt. i Tana er namnet på eit fjellplatå med tre ”hovud” eller toppar. Det innforståtte Lemetgurra (gurra: skòr, hakk) er nok den tverrgåande lange sprunga i fjellheia sør for sjølve toppane, og langs denne sprunga står det ei rekke vasspyttar. - Bekkane Máttit (= søre) og særleg Davit (= norde) Lemetjohka ein annan stad i Tana skjer ut tronge renner i austkanten av “Toppfjellet” idet dei renn ned i skoglandet på austsida, men også desse kjem frå fleire småtjønner oppå Toppfjellet, alias Čohkalas, som ter seg “vassrikt” i alle leier.

Lemetgáisi i Balsfjord kunne kallast lemen-ete, breane har laga mang ei innskjering, men slike formasjonar har no samisk mange andre ord for. Det kan derfor godt vere at det primære namnet er Lemetjohka (Lemetelva), som har sine kjelder i pyttane inni Lemmetskaret (Lemetvággi). Lemmetvatnet i Balsfjord er for sin del slett ikkje noko vatn, berre ei tjønn i eit søkk i framkanten av ein smal og grunn dal som ikkje er stort meir enn ei myr-remse.

Lemethellaren («Lemenhelleren» rangt) er ei diger, fråkliven fjellblokk frampå hei­kanten under fjellet Veten, Andfiskåga i Rana; fjellsida under er skogkledd. Inne ved vegen nedanfor låg husmannsplassen Lemetheia (= Konradheia). Fjellvandrande folk vil merke seg at hellaren med sine bergsprunger ligg på fremste snippen av ei veldig ruklut (ruflut) snaufjell-hei, og at der like austafor er mange små pyttar, og ein noko større pytt aller nærmast. 

Lemetskogan på øya Løkta i Dønna er nærmast ein brei og nokså lang bergrygg med sprunger i; uttalen av namnet er både Lemet-, Lemed-, Lemenskogan. I søre halvdel av det dette området står det fullt av ørsmå vasspyttar, delvis i området som er skog­kledd, delvis nordafor. 

Lemetmyra[17] på den avfolka Inner-Ringa gnr 80 i Rødøy er dessverre ikkje kartfesta, men garden har liten jordveg, og lendet rundt om er i høg grad ruflut og ruglut med små sletter og grunne myrar innimellom bergrastene, sml. neste. 

Lemettjønna i Rana er særs lita og ligg i austre enden av ei smal myrstrimle, mellom skog på nordsida og ei bergrast i sør, like vest-nordvest av Finnkåtarabben på gnr. 92 Storlia. Bergrasta skil seg ut frå landskapet på sidene, og ein pytt i enden av ei myr minner mykje om Lemetvatnet i Balsfjord. At ørsmå lokalitetar som desse var tilhald for mykje lemet gir knapt meining. Slåande er derimot at det så langt gjennomgåande er snakk om (område med) vasspyttar, ja det kan sjå ut som om lem(m)et i temmeleg mange tilfelle må ha tydinga “lita tjønn”, endå det utan tvil er dyret folk tenker på når namna kjem opp. Det synest falle å inn i mønsteret at vi langs den meandrerande elva Ljungan i Berg i Jämtland finn Lämmelstranden, der det er full av små kroksjøar (sv. lämmel: lemen). Vi kan òg nemne Lämmellokarna i Åre og tjønnrike lokalitetar som Lämmelflon og Lämmelmyran andre stader i Jemtland, likeins myra Lämmelkölen i Mora i Dalarna.

Interessant framfor noko anna, i samband med alle Lemmet-tjønnene, er at ei lita myr (ei attgrodd tjønn) i Grue på Hedmark heiter Lemmetilamp. I Torsby i Värmland rett over riksgrensa finst også ei tjønn Lämmetilamp: fi. lammi (liksom normalspråkleg lampi) tyder “tjønn”, “dam”, i fleirtal lammet og lämmeti. Har så alle dei nordnorske Lemmettjønn-namna sitt opphav i eit eldgammalt samisk-finsk fellesord? 

Likevel, eit par nordnorske Lemet-namn fell heilt igjennom i det forklaringsforsøket: Lemetholmen ligg i Balsfjord-delen av Takvatnet i Troms. Vi kunne nok gjette på lemetsvermar på søm over Takvatnet(!), men jamført med andre Lemet- og Lemen-namn verkar det lite truverdig, for holmen er smal og delt i to om lag midt på. Såleis er også det veldig langsmale Lemetskjeret på Våge i Øksnes. At desse namna kan ha noko med lemetvandringar å gjere gir inga meining. 

 

Satellittfoto av et skjær. Bølger slår over skjæret. - Klikk for stort bildeLemetskjæret i Øksnes

  

 

Derimot kan i denne samanhengen nemnast eit veldig spesielt ord, sørsam. liejmie, leajme “feil”, då særleg om “veik del av kniv der stålet og jarnet ikkje er rett sveist i hop”, jf. nordsam. leaibmi “sprekk, brest (i metall)”, og leaibmut «bli oppsprukken» etc. I lulesamisk har ordet utvida tyding, ikkje berre lei'mé, läi 'mé “brott på eggjärn» (ljå etc), men òg “splittra, flisa (nomen)” [sv. splittra “lite, uregelmessig skarpkanta stykke”], jf. atter forma på Lemetholmen og -skjeret. Legg så til at ein ås i Jokkmok heiter Liejmek (Collinder 115: Leimek). Namnet blir stilla i hop med nettopp liejmie, leäjme «brott» etc. Nettkartet og især ortofoto syner at åsen ender brått i vest, med ei djup kliva: Namnet minner då også om sørsam. liejmehke “skadet ting”. Det er ikkje vanskeleg å forstå at nordisktalande kunne ha vanskar med å skilje sørsam. luemege, lulesam. luomek, luomeg- i tydinga «lemet, lemen» frå liejmehke, forenkla leimek[18].

Fotnotar:

[1] Asbjørg Skaaden, «Just Qvigstads lappiske ordbok fra Ibestad, Lenvik og Ofoten» s. 267.

[2] Vilhjelm Riksheim, «Ljodvokstren i Vefsn-maalet (Ner-Vefsn)» s. 44, og I-lallfrid Christiansen, «Gimsøy-målet. Fonologi og orddannelse» s. 81,87, l27, 135, og Ragnvald Iversen, «Senjen-maalet. Lydverket i hoveddrag» s. 29.

[3] Bjöm Collinder, «Ordbok til Sveriges lapska ortnamn».

[4] Dette etter Hans Ross s. 992, og NO 7 s. 349, forenkla.

[5].«Norges dyr» b.1 s. 102.

[6] Olavi Korhonen, «Lulesamisk svensk - svensk lulesamisk ordbok» 5, 111.

[7] Konrad Nielsen 1979, «Lærebok i lappisk (samisk)» s. 450.

[8] Konrad Nielsen 1979, § 66, 217 og 224

[9] Pekka Sammallahti 1898, «The Saami Languages. An Introduction» s. 6.

[10] Knut Bergsland 1982, «Sydsamisk grammatikk» § 89 og 108.

[11] I det flg. omsett frå tysk, jf. Gustav Hasselbrink 1981-1985, «Südlappisches Wörterbuch» s. 861.

[12] Sjå Eva Nyman 2000, «Nordiska ortnamn på -und» s. 37, 278f, 382 og 427.

[13] Norsk Ordbok b. 7 s. 965.

[14] Ásgeir Blöndal Magnússon er i «Íslensk Orðsifjabók» inne på låm og eng. loom i drøftinga av lomund(u)r, lómundi, men fokuserer mest på sjølve lemenvandringane: «læmingjar fara oft um landið í stórum flokkum».

[15] «Norges dyr», b. 1 Pattedyr s. 102.

[16] Jammerdalen er utbreidd som namn på små dalar. Kan det ha skjedd omtolking njoammel- > jammel- > jammer-?

[17] Usikkert er om Lemmetmyra og Lemmetdalen i skolebarnoppskrift 1936 frå gnr 89 Tørrbekkmoen er ein annan enn Lemmetdalen på gnr 91Vesterfjellet. Terrenget på sistnemnde er omkalfatra av Norsk Jemverk sine masse-uttak

[18] Lemmekmyra I Trysil er ei langsmal myr langs ein bekk. Ved Lemmiki i Torsby i Värmland finst også ein bekk og små myrar, og frå Laxtjärnen i Ludvika i Dalama kjem Lämmickebäcken. Til grunn for desse namna ligg helst finsk lemmikki: minneblom, “förgätmigej”.