OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Spjelkvågen

Heller heng i bergveggen i Kleiva, klare til å ramle ned, andre har alt hamna i sjøen. - Klikk for stort bildeHeller heng i bergveggen i Kleiva, klare til å ramle ned, andre har alt hamna i sjøen.

   «Bøfjerding» 1984, nyredigert.

 

Av Finn Myrvang

Spjælkvågen |''spjælk-| er gnr. 42 i Bø, ved ein liten fjord, Spjelkvågpollen, som nok er den opphavlege beraren av namnet. Det heiter Spilkelluog (også Schipelluog) i 1610, Spielkeluog 1612 - og 1613, men òg Spiekelluog dette året – og 1614 Spilckelvog. Dertil også eit forskrive «Spielckeluige» i 1612. Garden synest då nærmast å ha heitt *Spjelkelvågen på den tid, eller litt før, om vi her som elles reknar med at avskriving frå eldre kjelder kunne skjule endringar som måtte ha gjort seg gjeldande i namneuttalen i mellomtida.

Korleis dei eldste skriveformene måtte vere å forstå, namnet får lenger ut på 1600-talet ei form som er meir lik notidsuttalen, nemleg Spilche- eller også Spilcke- både i 1622, 1628, 1638, 1647 og 1723: Spilkuogh 1639 og særleg Spielchewogh 1630 stikk lite av frå dagens namneform. Det er berre at norsk spjelk- og endå mindre spilk- er til noka hjelp når vi vil tolke namnet.

Nær hustuftene ovanfor vågen rislar ein liten bekk med bra vassføring sving i sving gjennom oppstykka våtlende (Spjelkvågtjønnene). Ved vågen er ein nokså smal strandvoll, og attføre er eit grunt vatn som ofte fløymer ut over flata og gjorde det vanskeleg å «stilke» seg fram frå stein til stein og frå tuve til tuve, før der vart lagt opp veg. Bekken var fram mot vår tid ei bra fiskeå, med litt djupare høl her og der, så mellomstavinga -kel-, -kell- kan få oss til å tenke på *kjel, men gno. kelda «vasshol i myr, myrsike» passar også greitt, i sak. Det gjer for så vidt også sam. spælča adj «vassen, oppblanda med vatn» om ein tenker på det som innmark skulle vere. Vi kunne omvendt også tolke dei gamle skriveformene som *Spjelkelv-vågen, berre at namnet Spjelkåa er ukjent, her og andre stader.

Ei avstikkande skriveform frå 1620, Spiellschenwog, må takast med ei klipe salt, men minner om det hypotetiske hokjønnsordet *Spjalkund i overgang til seinare Spjalkandarvágr som S. Bugge trudde kunne vere det opphavlege namnet på Spjelkvågpollen (NG b. 16: 410). Han tenkte då på Spjelkavik på Sunnmøre, skrive Spjelkande-wiik ca. 1430. Det er til lita «draghjelp», for på den staden er det no heilt uråd å vitee korleis landskapet var i gammal tid.

Fokuserer vi på sisteledd -vågen i gardsnamnet, er det rimelegast at Spjelkel- fortel noko som har med Spjelkvågpollen direkte å gjere. Våtmarkene ovan­ for garden er kort og godt ugjestmilde, det naturlege for Spjelkvåg-folket må ha vore å bruke båt, same kor dei skulle, og når dei kom dit med båt, var det ikkje blautmarkene ovanfor garden dei merkte seg, men bergveggen i Kleiva mellom Naustvika og Jektberget: Der har digre heller løsna og ramla ned, og andre er på nippet til å gjere det same.

 

Heller heng i bergveggen i Kleiva, klare til å ramle ned, andre har alt hamna i sjøen. - Klikk for stort bildeHeller heng i bergveggen i Kleiva, klare til å ramle ned, andre har alt hamna i sjøen.

  

 

 

Heller som har ramla i sjøen - Klikk for stort bilde

  

 

På stiv fjære skimtar du òg nedramla heller på botnen av vågen. Heller ikke her fungerer norsk spjelk- eller spilk- som ei brukande forklaring, men det gjer lulesam. spielkasit "sprekke, revne (av)" og det nærslekta sørsam. spïelhkesidh el. spealhkesidh "sprekke slik at delane skil seg".

Unekteleg er *Spjelkhelle-vågen ei rimeleg, ja sannsynleg opphavsform til namnet Spjelkvågen, og sjølve ordet helle er for lengst lånt inn i nordsamisk i former som heal'lu og heal'la. Det finst vel berre ei innvending, og det er at namnet Spjelkvågen har bunden form, for då skulle det vere mindre truleg at noko samisk ligg attom, men avgjerande er ikkje det. Spjelkvågen har helst vore ein lite attraktiv gard samanlikna med Vinje o.a. inne på «blankbygda» i Bø, så det er nokså tenkeleg at denne isolerte buplassen har delvis samisk soge. Som matrikkelgard er ho kan hende ikkje så lang, for Spjelkvågen skal etter det tradisjonen seier ha lege under Åsand før.