OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Kvemleida

  Av Finn Myrvang

Mange vil kjenne igjen frå litteraturen det danske uttrykket lede «ulyst», t.d. «fylt av livslede», endå vi elles vil seie «lei av», så som matlei. Har sjølv minnet om ein nabo heime på Andøya som snakka om ein matrett, servert så ofte at han «åt seg leida» på sorten, sml. gno. matleiði m. Ordet lei(d)a er blitt sjeldhøyrt, for alt at Aasen og Ross nemner både livleida «livslede», kivleida «trættekjær, ubehagelig Person», og likeins kvemleida «en besværlig Person, En som gjør Fortræd eller plager Folk» (Sogn,Nordhordland, Voss, Ryfylke) – men òg: «plagsomt Arbeide» (Sunnhordland). Tilsvarande vil adjektivet kvemleid i flg. Aasen seie «kjedsommelig, ubehagelig, især om en tvær og vrangvillig Person». På Stavanger-kanten har attesten «di kvemleida!» vore kjend nok. På Island er det å vere hvimleiður ikkje det slag likare, like så lite som som gno. hvimleiðr «mislikt, hata», eigentleg hveimleiðr: lei for kven som helst.

"" - Klikk for stort bilde  

Tankevekkande er det derfor å ha med seg minnet om Kvemleida |''kvæmmleia| som namn på eit farleg område like sør og ut for støa i mi barndoms grend. Det var om å gjere å ikkje ro seg på Kvemleida, hamne bortpå Kvemleida – og ikkje minst: «I dag bryt han på Kvemleida» (sjå foto). Så var òg sagt, at gode naboar på Klo på hi sida av fjorden erta folk i vår grend med at «di har berre ei lei på Bø, og det e Bekvemleia».