OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Du er her:

Harpa kan bli - herpa

“Håløygminne” 3-2015

Av Finn Myrvang

Det går ikkje lenger bilferje mellom Stokmarknes og Straumsnes i Bø, det tok slutt då Bø fekk veg gjennom Ryggedalen tidleg på 1980-talet. Men den tid der endå var bilferje, hendte det ofte nok, når det var for ruskut å legge rett ut på Langøysundet og Vesterålsfjorden, at dei tok over til Eidsfjord-sida, for så å legge kursen mot vest gjennom den såkalla Harparleia, men også der kunne det huske godt nok. Leia går ut på nordaustsida av skjera Litje- og Stor-Harparen. Både den tid og seinare har eg undra meg over desse namna.

Utom Harparen var ein god fiskeplass, fortalde Ketil Ramberg frå Bø. Rett nok var det og til tider sild nok i Eidsfjorden, og ein kan drage seg til minnes at det var noko som heitte å harpe eller hekle sild, men lite talar for at akkurat dei lokalitetane har fått namn av slik aktivitet. Har elles hørt at på Harparen røska dei tungtørka, salt sjøgras til fôr åt krettura.

 

Lett å finne løysinga på denne namnegåta har det ikkje vore. Heller ikkje Norsk Stadnamnleksikon er til stor hjelp. Der er nemleg sagt om stasjonsnamnet Harpefoss i Sør-Fron i Oppland, at det «har namn etter Harpefossen (25 m høg) i Lågen. Førsteleddet er kanskje eit bortkome elvenamm. Det er spor etter eit elvenamn *Harpa i fleire sms. namn på gardar og vatn. Elvenamnet kunne høre til gno. harpa vb 'spela på harpe', jf. namn som -> Songa og Kvæda. Ein slik samanheng er i dette høve mykje rimeleg fordi fossegrimen, eit overnaturleg vette i fossane, også brukte å spela harpe». Sitat slutt.

Hm, endå ein elvenamn-teori? Då er vel fossegrimen i Harpefossen eit turistmål som får reiselivsfolk til beintfram å gni seg i hendene? Kanskje litt utidig å innvende at Harpefossen har dei og i Eid i Sogn og Fjordane, medan Ørsta har Harpedalsfossen. Så kva skal vel ein arming tru om den speleglade fossegrimen, trakterte han både fele og harpe og meir til? Det gjer ikkje saka enklare når det viser seg at smådalar som Harpedalen i Audnedal så vel som ein med det same namnet ved Bøgrend i Vinje i Telemark - dei er berre ørsmå dalkrær utan eit einaste bekkesike, om vi vågar lite på kartet.

Vanskeleg er det og å sjå noko særskilt i Harpetjennet i Kongsvinger og Lunner, eller i Harpetjønn ved Sommarland i Bø i Telemark likså lite som i det i Nome i same fylke: Sistnemnte er beintfram attgrodd og attfinnande berre pga. Harpetjønnåsen tett ved. I slike tilfelle kan vi kanskje som O. Rygh tenke at det var tale om harpr, «Navn paa en Ferskvandsfisk, mulig Harr, Horr (thymallus vulgaris, se Aasen), som dog kan foreligge i Indsønavnene af Stammen Harp-». Lat det vere usagt kor godt den omtalte fiskearten trivst i attgrodde myrtjønner, det er ein vesteråling lite kvalifisert til å uttale seg om, sjølv om vi i nord har fått uventa innvandring frå sør i form av elg og anna i dei seinaste år, men forklaringa i leksikonet etterlet unekteleg tvil. 

Saktens og i alle fall har harpa som instrument eit rom i norsk folklore, det kan vere nok å vise til visa Horpa, også kalla “Dei tvo systar”, men dersom ein spade skal få vere ein spade, må vi likevel ha lov å påpeike at det som står om Harpefoss-namnet i Norsk Stadnamnleksikon kunne ha vore litt meir - djuptpløyande? Vel nok heilgarderer leksikonet med å avslutte med noko O. Rygh sjølv var inne på: «A. Kjær har tenkt seg samband med islandsk harpa vb. 'knipe saman' (NG XII s. l47)». På Ryghs tid var vel karta ikkje gode nok til å etterprøve det framlegget, men tilføyinga viser i det minste at Rygh var varsam med å gå god for harpespel-teorien. 

Når ein går ut frå dagens kart, er det slåande at Harpedalen i Notodden er ovsmal og lang, og aller trongast midt på. Harpedalen i Ørsta er like trong, nærmast avsnørt i begge endar. Vidare er Horpedalen i Sogndal pine trong, især ytst, i så måte naudlik minidalen Horpegròv i Ullensvang. Sterkt avsnørt er også Harpskaret i Kristiansand.

Hermansverk i Leikanger i Sogn har ein fjellformasjon som heiter Horpa: Isolert sett er det eit stup, men stupet ligg øvst (inst) i ein trekanta fjellformasjon, skapt av hammarfall som knip seg alt meir og meir i hop. I Steinkjer har dei ein bergrygg kalla Harpa, som skyt seg fram og klemmer av faret til Liabekken, som fell ut i Moldelva. 

Horpestad i Klepp på Jæren ligg ved Horpestadvatnet, som står i samband med Ergavatnet via smal opning i ei landtunge. Her ligg Nedra Horpestad: Rygh viser til innføringar som «N. Horpestad med Miaasund 1668» og «N. Horpestad 1723». Han trur «Miaasund», neppe mere i Brug, er *Mjá(va)sund, det smale Sund, af Adj. mjár (mjór)» og at det må ha vore sundet mellom Horpestadvandet og Orrevatnet. Dette er saktens rett – no er der kanal – men Nedra Horpestad ligg tett ved begge opningane, så vi har med forsnevring å gjere kor som er.

Horpestad (-stå) i Bø i Telemark er ein gard som ligg tett ved Skogtjønn, ein gammal og nesten heilt avsnørt lomme av Bøelva. Namnet Horpestod kan verke uforståeleg, men fortel eigentleg berre om eit vass-støe knytt til ei forsnevring, eller omvendt.

Harpvika i Ringsaker ligg tett innafor Framnes, som lagar den såkalla Bot(n)senden ved halvvegs å snøre av Furnesfjorden, ein nordleg arm av Mjøsa. Tett innom Harpvika i Sagahaugfjorden, Øystre Slidre, er det ei blautmyr som er smal ytst, men mykje vidare innafor, tydeleg nok ei attgrodd tjønn. På Ringerike, få meter før Spålselva fell ut i sjøen Kattnosa, knip elvefaret seg i hop, og akkurat der fører ei bru over. Aust for denne forsnevringa er det ei halvøy som kan ha heitt *Harpeland, for vika som skjer seg inn på austsida og skaper halvøya, ho heiter Harpelandsvika

I austlandsk vil å herpe seie at ein ting blir øydelagt, og i den tydinga har no ordet breidd seg landet over, men tradisjonelt har det mange stader også tydinga hørpe eller snørpe i hop, i så måte likt med islandsk herpa. Legg vi den tydinga til grunn, verkar det naturleg at myrtjønner i ferd med å løype i hop blir kalla harpetjønner (-tjern). Så er også tilfelle med Harpentjern på Modum.

 

Det står att å nemne at ved Harparleia i Hadsel ligg Harpargrunnen, eit overflødd skjer, og når han braut, var det eit merke på at leia ikkje var farande. Trong er den leia, og ikkje det slag vidare er Harpefossen i Eid – eller den i Sør-Fron. I flg. Norsk Ordbok b. 5:609 vil å horpa seie å fara ustyrleg, m.a. med vising til Johan Hvedings håløygske ordsamling, og dessutan finn vi døme som at «elva kjem horpande ned gjennom». Ser vi ikkje for oss den styrlause fossen i eit trongt gjel, eller bårene som trøskar inn gjennom ei trong lei? 

Er Harpe-namna si gåte løyst? Neppe brennsikkert – ikkje berre er namnegranskaren i utakt med Norsk Stadnamnleksikon, i tillegg vil folkeminnesamlaren herpe harpa til fossegrimen! Kall det kva du vil, musikalsk er det iallfall ikkje.