Ordet geit får oss til å tenke på mekring, på horn eller stanging: Geita heiter ei farleg flu tett vestom Fesundhaugen, Vågen i Bø-Værøya, ei på Skorpa like eins. Eit namn som Kjerringa skulle også vere enkelt, men det kan komplisere at det finst eit sørsam. gïerege „toppende, øverenden av noko" (om vassfar, dalformasjonar, kløfter eller bratte kleivar), og i lule- og nordsamisk er eit kortare giera, gierrag- brukt om til tretoppar o.l. På hi sida har jo samisk fleire variantar av ordet kjerring frå norsk, så lån har der vore begge vegar.
I ei lita utgreiing om ei rekke kvinnelege ord som vi møter i namnebruken for Svolværgeita og fleire andre fjell skriv Hans Eidnes i Håløygminne 1955: “Frå gamalt har vi også andre namn, såleis Svolvær-Gygra og Svolvær-Juret. Søstrene har og vore nemnt”. Han peikar på at geit har vore eit gjengs ord for kvinnebryst i Troms, Vesterålen og Lofoten, då særleg i uttrykket "få seg geit" om å die; han meiner at fjellet har bryst-form frå ein viss vinkel. Den forma var nok endå tydelegare for Geitberget på Langenes, før der kom installasjonar oppå som forkludra profilen.
Eidnes var òg inne på Juret andre stader, såleis ein fjelltopp på Svartisen i Meløy, “og ved Leirvåg i Bjarkøy har vi Juret og Jurøya. Der er Juret ein liten holme, mesta halvkuleforma, som ved ein smal tange er skilt frå sjølve Jurøya”. Eidnes resonnerte geit - bryst - jur, men var òg inne på forveksling av gyger og (g)jur.
Mest slåande for landskapet på Jurøya er likevel ei litt uryddig slette midt på, kransa av 3-4 flate, men svært uslette bergparti, med strandkløfter især i vest og sørvest. Gjuret i Meløy er på liknande måte eit snaufjell med djupe kløfter på vestsida. Gjura ved Løp i Bodø er ein spiss knatt, med hakk mot nord og ei trong krå på sørsida. Merk også at Landegokjerringa alias Landegogjura alias ho Lainngo-Besta er skoren laus frå fjellet attom av to kløfter, og Gjura ved Græna i Lofoten, Ballstadgjura kalla, har i alle fall éi djup kliva. Gjura i Våge i Lødingen er eit strandområde med bergriver og eit par djupe kløfter, og Gjura på Værøya i Lofoten er eit overflødd, stygt bergnes – med ei diger flytteblokk på mòla tett innafor.
Så lenge vi held oss til Landegogjura, Ballstadgjura og Svolværgjura fell det naturleg nok å assosiere -gjura med -gygra. Det må understrekast at just gyger "trollkjerring" har ei rekke ulike uttaleformer landet over, som gjyvra, jyr(a), gjugra, jura. – Når trollkjerring(a) på sine stader heiter jyvr(i), må vi notere oss at Landegogjura òg har vore kalla Landegojuri, og at Kautokeino har eit fjell kalla Juvri med ein trong botn i nordkant. Jurirabben på Kvalnes i Vestvågøy er kvass, og Jurislåka attmed er eit rapfar med flog på begge sider. Problemet er berre at i fleirtalet av tilfelle er det så vanskeleg å forstå kor sjølve trollkjerringa er å finne!
Temmeleg mange andre nordnorske namn av same art kan fortene nærmare omtale, som flg.:
"Gjursteinen var navnet på en høg stein nede ved sjøen vest for Langneset ved Tangstad. Det opprinnelige navnet har trulig vært Gjura, altså Trollkjerringa. I sjøen nedenfor henne ligger avkommet hennes i form av noen steiner. Det er Gjurbornan (utt. jurbåinnan). Disse er nå morlause, for i 1977 blei Gjursteinen sprengt i stykker", fortel Jan Sund (Lofotboka -86: 8).
Dette hang saman med bygging av molo på staden, opplyser andre. Her passar det å nemne dei frittliggande Gjursteinan (Jøtulsteinan) på Åsemyran på Andøya – og ved Pollåsen i Bø Gjurglunten lenger ned enn Gjurmannen, som vi snart skal seie meir om.
Gjura (Juvåggjura) nordvest av Fjellgrimstad i Øksnes er ein frittståande, delt tind mellom to djupe botnar med grov urd; den søre toppen er særleg spiss. Namnet kan vi forstå i "gygre-kontekst", men det er no litt merkeleg at vi i same område også finn Gjurtinden sørvest for Fjellgrimstad. Han er stupbratt og full av urdar i sør, har ei trong kløft i vest og ei litt vidare i aust. – Ikkje uventa har òg Gjurtinden ved Slåttnes i Eidsfjorden ei mektig kløft i nordkant.
Gjuraheia ved Stø i Øksnes har djupe gjel på nordaustsida, og her sluttar det seg til ein topp kalla Gjurakjerringa, medan Gjurmannen ved Pollåsen i Bø i dag er namn på ein fjellpik midt i eit djupt og vilt skard, men i dette tilfellet er det liten tvil om at det eigentleg var heile den lange fjellkanten som var manen, i ettertid mistydd som "mannen". Her nord er nemleg regelen den at fjellnamn på -manen går over til "-mannen", sml. Bergens-uttalen av ordet.
Den opprivne, "hamråte" Gjurdalen i Flakstad liknar mykje på den nyss nemnde Gjuraheia i Øksnes, så vel som om nokre formasjonar i sørkant av fjellet Elgen som i flg. Tore Ruud på Elgsnes heiter Elgejuren i ei skifteforretning frå 1842.
Samanlikningsvis har åsen Gjura både i Rødøy (Telnes) og i Gloppen kløfter, Gjuratinden i Bremanger det same, og dess fleire er det i Gjuratinden i Rauma og Gjuratindane i Ørsta. – Gjuråsen ved Tiltvika i Hamarøy har ei djup kløft på austsida. På åsen stod det to steinar før: Den eine skulle vere ei gyger, den andre ein rise. Folk sa det var runeteikn på dei, no er dei forvitra. Over Gjuråsen på Nordlenangsneset i Lyngen går ei lang kløft på skrå frå sørvest.
Gjursteinan i ei fjellside i Ersfjorden i Berg er etter kartet å dømme trollstore: Dei står frå ei side sett i klart tematisk samband med Huldersteinen og Kjerkesteinen i næraste grannelag, men ligg også i ei umåteleg steinut fjellside, jamfør gno. gljúfróttr „bratt og urdut, steinut“. Ikkje det slag likare er det kring Gjurhaugkjerringa på Gjurhaugen, som ligg tett vestom ei lang fjellkløft utom Falkfjorden i Hadsel.
Landskapet på svært mange av desse gjur-stadene er i det heile av den art at forklaringa gjur = gyger skurrar. Betre meining gir gno. gljúfr „fjellkløft, bratt sundrive berg eller gjel“, eller i alle fall "uslett berggrunn". Vi kunne skrive Gjuvret/Gjuvra for å understreke nettopp dette, sjå litt seinare, men på karta går det heller i ei regellaus blanding av Gjur- og Jur-, noko det er viktig å vere klar over for den som utfører kartsøk.
Samanhengen orda imellom er innfløkt, då eit isskura landskap sjølvsagt har både urdbotnar og kløfter, så vel som pikar og tindar som er trolske, for den som vil bruke fantasien! Vi kan godt seie, at i fall du i di eiga bygd har ein gjurdal eller gjurås, ei gjurahei eller ein gjuratind – men ikkje ser noko til sjølve gygra (gjugra) – bør du undersøke om det i området finst eitt eller fleire „juv" og kva særmerke desse i så fall har. Om sambandet mellom gljúfr og juv og gyger er det for resten meir å seie, med fokus på lydutviklinga.
Forgreiningar av gammalnorsk gljúfr.
Det finst visse lyd- eller bokstavpar som vi opplever som litt uvanlege i dag, og som er blitt forenkla i dei fleste målføre. Gno. njóta v. lydde nýt i presens, no har det blitt nyte i infinitiv med. Velkjent i min oppvekst var uttrykket «få nysen om» el. «i»: bli klar over, få kjennskap til. Først litt ut i vaksne år forstod eg at ordet beintfram er gno. njósn "underretning, tidend", og det tilsvarande verbet njósna finst i nordnorske former nysne og nosne, men også (n)jøsn’ (Norsk Ordbok 8: 437). Slike lydobservasjonar har òg interesse i møtet med samisk, for ved fornorsking av ord som njal(b)mi "munning, kjeft", njunis "fjellnase" o.a. vart resultatet tidt ein forenkla framlyd j, jamfør her namn som Jalmaus i Tysfjord og Jonsåsen på Snarset.
Noko liknande gjeld for framlyd lj i norske ord: gno. ljóð, ljós og ljúga er blitt til lyd, lys og lyge, men gammalt hos oss var at det jøa (ljoda, gav gjenlyd), andre stader seier dei juge og til dels jøs, og ljá (å slå med) er gjennomgåande blitt til jå, ljóm (klang) til jom, medan ljóri (lysopning i taket) på våre kantar heitte jøre eller jore. Vi lærer tidleg å lese framlyd lj som j.
Med så mykje påpeika om framlydane nj og lj med ibuande tendens til lydleg forenkling vil vi gå tilbake til terrengorda: Nynorskordboka fortel at juv tyder "djupt søkk i jord eller berg; rivne i berg, djupt gjel (ofte med elv i botnen)", men at ordet elles har uklart opphav. Norsk Ordbok b. 5 seier det same og nemner mogleg slektskap med fleire andre ord, men reknar eit samband med gno. gljúfr n „fjellkløft, juv, bratt sundrive berg eller gjel“ for minst truleg.
Framlyden lj blir i nokre tilfelle l, i andre til j – beste dømet er ljúga "lyge, juge". Tydelegvis har gått likeins med gno. gljúfr n, resultat gluv(er), glyv(er), gløv(er), i bunden form gluvret, glyvret, gløvret. Slike uttalevariantar på Gl- har vi i stadnamn frå området Agder - Rogaland - Hordaland, Sogn og Fjordane. Her har det stort sett gått slik at Glj- vart Gl-, som i Gløv el. b.f. Gløva el. Gløvret – vidare Glyvra, Gluvra, Glovra (jfr. gluvre i Norsk Ordbok b. 4: 438). Den siste varianten finst i Johan Hvedings "Håløygsk ordsamling" (1968): gluvra f (gluvra, glovra) "stor klypa, stor bratt grop. Og om ein for stor (vid) munn". Hveding heimlar ordet ikkje berre til Målselv, som jo har innflyttarmål, men til Senja og Salta med. I Norsk Ordbok er han likevel den einaste informanten for ei slik nordnorsk ordform.
Dei sørlege uttalevariantane på Gl-, kva terrengformer representerer dei? Gjennomgåande er det tale om kløfter og djupe minidalar, nærmast noko skakke skard, dvs. innskjeringar i berg og fjell der den eine sida er nokså bratt, medan hi sida er slakare og med kvart så avflata at denne blir som ei hylle eller ein lengre benk. Dette medfører at lokaliteten i enkelte tilfelle kan te seg „einsidig“, dvs. framstå som ein enkelt bratt og ulendt bergvegg, utan at dermed momentet kløft eller gjel er heilt fråverande. Gno. gljúfr n er av Falk og Torp forklart som just "steiler abhang" = bratt hall (om bakke, li el. fjellside), nyn. gluver o.l. tilsvarande som "scharfkantige unebenheit an einem felsabhang". Variantar av halling er det for så vidt ofte tale om: Jfr. bratta på begge sider av Gjurmannen, lendet på begge sider av Gjurhalsen og brinken mot sjøen på Gjurvollen, men samnemnar for Gjur-lokalitetar er no berggrunn med små eller større kløfter, eller variantar av urd med blokkstein, eller rettare kombinasjonar av alt dette. Terrenget er alltid uslett, men treng ikkje alltid vere så bratt, det kan til og med vere bortimot horisontalt.
Namnevariantane med framlyd Gl- får ikkje bortfall av G-, slik dei nordlege på Gj- får. Det er berre desse siste som blir forveksla med gno. gýgr „trollkjerring“, rettare „jotunkvinne“ – eller òg med gno. jú(v)r jur(e), på ku. Litt avstikkande er ordføyinga Gjura- i mange namn, som truleg kjem frå gno. genitiv fleirtal Gljúfra-, ulikt overgangen Gljúfr-> Gjuvr- > Gjur-, Jur- i eintal. I sør kan som før nemnt utlyd -r falle bort så vi får t.d. Gløv i staden for Gløver, i nordlegare område ser vi tilsvarande ei utvikling Gljúfr-> Gjuvr- > Gjuv-, Juv-. Vi kan nok i tillegg gå ut frå at framlyden gj- i periodar tenderte mot ein uttale dj- på sine stader, iallfall ser vi av og til ein avstikkande skrivemåte djuv – langt meir uvanleg er "djur" for gjur!
Fleirtal vart til eintal
Bunden form fleirtal av gno. gljúfr n var gljúfrin – og likeins*gjúfrin av det forenkla *gjúfr. Men -in var også artikkelen for bunden form eintal av hokjønnsord, og i begge funksjonane gjekk -in med tida over til -a over det meste av landet, men som kjent har dei framleis i-mål mange stader. Målet i Vega i Nordland står på mellomstadiet -e.
Bunden fleirtalsartikkel inkjekjønn -a vart seinare til -an i nordnorsk, likt hankjønnsord, dvs. både fjellan og fjordan(e): Terrengord og stadnamn i stivna inkjekjønnsform fleirtal -a vart frå no oppfatta som hokjønnsord i bunden form eintal. Iblant er der vakling mellom gammal og ny fleirtalsform, t.d. støa og støan i tyding „fiskeklakkane“. Gjura, som vi oppfattar som eit hokjønnsord i bunden form eintal, er nok ofte den gamle fleirtalsform gjuvr-a < gljúfr-in, som terrengord. Ei yngre fleirtalsform har vi i Gjuran (gjuvran) som namn på ein bergvegg under gnr. 46 Værnesosen i Rødøy. I ei skolebarnoppskrift frå 1936 heiter det: "I et flåg som kalles Juran finnes to berghomper som begge har ansiktsform. Den ene kalles Ressajura og den andre Ressen. Et gammelt sagn forteller at ressen bodde på Rødøy. Han skulde på nattbesøk til Ressajura. Han var sent ute og tok benveien gjennom Ressmålskalet. Men da han nådde Juraberget, steg solen op over Værnestinden, og han blev til stein". Den namnesegna illustrerer framifrå korleis terrengordet er blitt omtolka til gjur = gyger.
Stadnamna vitnar om at terrengordet gljúfr eingong var veldig vanleg – likevel gjekk det av bruk. Samrøre med orda júgr = júr på eine sida og gýgr på hi fekk folk til å gløyme kva det eigentleg stod for. Der i-mål vart til a-mål synest det iblant å ha gått slik til at gjuvr-i (uttalt „jur-i“) som terrengord for steingrunn – med forventa overgang til ny artikkel -a som andre – i staden spora av og vart omtolka til eit personifiserande namn "ho juri", om ein særmerkt bergformasjon i det same steinområdet. Dermed hamna det i same ord-kategori som ho kari (kråka), ho kliksi (havørna), ho pøni (eit kjent kjælenamn for småjente i Bø) og endå fleire.
Med så mykje sagt skal vi tilbake til det trolske: Edvard Ruud har i Håløygminne 1932 fleire namnesegner frå Vesterålen. Den kortaste er om "Ur-mannen på Veafjellet", sjølvsagt feil for Jurmannen = Gjurmannen, ei anna har overskrifta "Trollet i Djurskrævet":
"Oppe i Djurskrævet budde det eingong ei trollmøy. Eingong ho skulde sende jekta til Bergen, tok ho tidleg heimanfrå for å nå jekta. Då ho kom ned av fjellet, såg ho at dei på jekta hadde rodd trossa i land på Fest-tilen. Best som ho ventar på at jekta skal bli ferdig til seglings, renn sola over dalen, og ho vart til stein. I landvindsstormen dreiv jekta av og ut på Utflæsa. Der ligg ho enno, og heiter Skarholmen. Trollmøya blei til stein, ho står tett attmed Fest-tilen og heiter Steinkjerringa".
Dette er ein forenkla variant av segna om gjura i Skårvågberget som O. Nicolaissen tok med i Sagn og eventyr fra Nordland, 1879:
"Oppe i Skårvågfjeldet på Langøens vestlige kant boede i gamle dage en gygre (gjure), der havde en tjenestepige, som var så sterk, at når hun var ude at ro, kunde hun tage
en mil i maget,
to i taget,
tre, når det rønte på.
Samme gygre ventede engang sit skib hjem fra en reise og begav sig derfor om natten ned fra fjeldet for at tage imod det. Hun løb på ski ned over fjeldsiden, og endnu kan en i fjeldsiden se to dybe furer, som er spor efter hendes ski. I hver hånd havde hun et stort flaskefoder, som hun imidlertid satte fra sig ude på åsen i nærheden af gården Strømsøen. Men da dagslyset overraskede hende, blev hun til en sten og står nu som en uhyre stor sten nede ved fjeldets fod. Skibet, der ligeledes blev til sten, sees nu som en stor holme, Skarholmen; skibsankeret blev til en skjær, der endnu fører navnet Ankeret, men Flaskefoderne er to svære firkantede stenblokke, der fremdeles kaldes Flaskefoderne. Rabben mellem skisporerne går helt ud i søen, og ved rabbens ende står hun den dag i dag, sort og forstenet".
At folk laga namnesegner som liksom skulle forklare kvifor visse landemerke heitte som dei gjorde var vanleg nok, men "hver fugl synger med sitt nebb", så dei to nedskrivarane hadde sikkert nok høyrt kvar sin variant. I ettertid kjenner alle til Skarholmen, truleg rettare Skarvholmen, og Festelen, som festra til jekta var lagt om, er synberr for alle som kjenner til området i Bøle og der omkring. Eit ope spørsmål er kor Steinkjerringa attmed Festelen er å finne, men ut frå samanhengen er Gjurskrevet[1] skardet eller kløfta ovanfor. Ankeret må vere det avlange skjeret like aust for Festelen, rett under Kamsmauan på høgaste Skorvågsberget, og då kan det hende at sjølve Gjura alias Steinkjerringa er den stupbratte knausen tett attmed. Ikkje alt er like godt avfotografert hittil, området er ikkje lett tilgjengeleg.
Om gygra sa Nicolaissen at "i hver hånd havde hun et stort flaskefoder, som hun imidlertid satte fra sig ude på åsen i nærheden af gården Strømsøen .... to svære firkantede stenblokke". Ordet "imidlertid" er ei indirekte innrømming av at Flaskforan ligg for langt unna til heilt å høve i den geografien segna legg opp til, for dei ligg nedfor Gjurhalsen på hi sida fjorden, i fjæra like sør for fyrlykta. Eit flaskefor var ei forseggjort lita kiste oppdelt i solide, firkanta rom for flaskene, så blokkene – godt synlege på andre foto – vart venteleg samanlikna med partane av eit noko ramponert flaskefor.
Elles burde namnet Gjurhalsen, spontant oppfatta, vere halsen på ei gyger, og tilsvarande er eller burde Gjurhauvet i Vefsn, Gjurkjeften i Steigen og Gjurryggen i Flakstad vere å forstå, men eigentleg er det berre ein hals (ei senkning) i lendet rett opp for Flaskforan, inga gjur = trollkjerring er å sjå. Derimot er det på begge sider av halsen mykje berg og urd, som også i Gjurhalsfjæra, ei mòl som rekk sørover til bergsøkket Gjurspranget. Det villaste berglandskapet finn vi likevel nord for Gjurhalsen, der det òg er innskjeringar i stranda som vi med full rett kan kalle gjuv. Også i dette tilfellet står altså Gjur- for norrønt gljúfr „fjellkløft, juv, bratt sundrive berg eller gjel". Det er rett nok å skrive alle desse stein- og fjellnamna Gjur-, dei har ingen ting å gjere med gno. júgr, júr ku-jur, ei heller med gýgr "trollkjerring".
Fotnoter:
[1] Gjurskrevet lyder veldig "troll-anatomisk", liksom Møyskrevet med Resajuret i Skard på Dønna, men på svensk er ei skreva ei fjellkløft, og når gjur kan tyde uslett fjellgrunn, forstår vi at skrev liksom sula også kan vere terrengord, så namnet Gjurskrevet kjem snarare i klasse med Skredskrevet, eit rasfar på Myrland i Kvæfjord, no under Sortland.